Tag Archives: humor

Banken som reiste til seters

untitled

Gunner Paulsrud

ASBJØRN RINGEN: Gunner Paulsrud var en institusjon i sparebanken og bygda. Han ble ansatt i Sør-Fron Sparebank i 1965 og var i banken til han døde noen få måneder før han skulle gå av med pensjon i 1990. Han var mer enn alminnelig innstilt på å yte service og hjelpe sine medmennesker. Dessuten var han en humørfylt kar. En typisk historie: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

-Neiggu om det går an å drepa denna kar’n

Fløytinga nedover Vinstraelva var eit farefullt arbeid

OLE CHR. RISDAL: Fløytaren Anders Brustugun kom frå ein liten plass attmed Skåbyggja som heitte Brustugu. Han vart vitne til ei dramatisk hending. Ein dag hadde ein tømmerlunne festa seg like ovanfor Hinøgelsbrua. Elva gjekk grøn og stri i vårflaumen. Fossefallet utanfor brua mulla og mol så det høyrdest lang lei. Fleire karar dreiv utpå lunnen og skulle freiste å få den løyst. Mellom dei var Kristian Finnsand, ein østerdøl som var tømmerhusbond hos Carlson Foss. Rett som var losna lunnen og utover fossen bar det med bulder og brak. Det var som heile lia skolv og vasspruten stod himmels høgt. Det var eit leven så voldsomt at ein kunne tru domedag var komen. Alle hadde kome i land, så nær som Finnsand, for han vart med utover fossen. Les meir

Éin kommentar

Filed under Verksemder

Gålå-sprinten retro i 2019!

ski5

Slik blir Gålå-sprinten 2019.

Nei, han blir ikkje det.

Skjermbilde 2019-11-25 kl. 15.21.11

Ser ut til at arrangørane ikkje bryr seg om denne saka frå 1. april. Akk ja:

Rennleiinga har vedteke at Gålå-sprinten 2019 skal vere økologisk retro, for å markere ei haldning mot utstyrshysteri, konsum og usunn idrett. Pål Egil Rønn fortel at det blir påbod om treski med hælbinding, bambusstavar, inga klesplagg i kunststoff og ikkje skismøring utvikla etter 1950. Løypa blir ikkje køyrd opp maskinelt, men tråkka i enkeltspor, slik at løparane må rope «løype» når dei vil forbi. Bjørnar Bakken har vore i kontakt med Vegard Ulvang i det internasjonale skiforbundet, som er positiv til idéen og går inn for at Gålå får arrangere verdscuprenn i retro i mars 2020.

Men hadde nå vore morosamt, da.

 

Éin kommentar

Filed under Idrett

Om Benet, Hetta og Sølvreven

Klengjenamn på Kvam

tavle

På Vertshuset Sinclair var det tidlegare seks store tavler med nesten 150 klengenamn på kvamværar. Foto: Fredrik Weikle

HÅKON SVEEN: «Døm frå Kvam e någgå for seg sjøl!» Kor mange gongar har du hørt det utsagnet? Som gamal kvamvær har eg møtt det mang ein gong gjennom livet. Så følgjer det oftast ei rekkje historier som forel kor spesielle vi var, eller kanskje er ôg. Fyrst er det humoren vår, så kor direkte kvamværen er – vi pakkar ikkje inn bodskapen – og sist, men ikkje minst: kallnamna, eller «oppnamna» i bygda!

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kunst og handverk

Klengenavnet Hyttebyen

Pål Kluften om «de velhavendes folkevittighet»

44715836_2109167425814541_7070770411335581696_n

PÅL KLUFTEN: Ved Kongeveien mellem Sør-Fron kirke og Hundorp er et strøk som før i tiden kaltes «Hyttebyen». Navnet var selvsagt et klengenavn, fordi her var mange små stuer samlet, noen uten og andre med en liten jordlapp omkring. «Hyttebyen» var forresten ikke alene om å ha den slags klengenavn, f.eks. Sorperoa i Nord-Fron og Gjeldsetra i Ringebu søker nok også sin opprinnelse i at de med jordisk mammon ikke så rikt utstyrte småledninger som har hatt sitt tilhold der, har vært skyteskive for en mere velhavende folkevittighet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Språk

-Kvifor skal dei på Vinstra ha alt?

Ein ungdom ser på bygda si

lomoen

Dette skulle ho ha visst…

EVA ØIUMSHAUGEN i bladet FRONSBYGDIN 1970: Naturen i Ruste skal vi ikkje klage på, ikkje enda i allfall. Men det er vel ikkje så lenge til vi mistar han. Jada. Ruste ei bra bygd, for dei vaksne og gamle, men ikkje for dei yngre. Ruste har inga framtid for dei. Derfor reiser da også ungdommen vekk frå bygda, og dei gamle og borna vert sitjande att. Dei som vert att av dei unge, er dei frå 14-16 år. Om dagen er det greitt for dei, da har dei skulen, men om kveldane har dei ikkje noko å gjere. Les meir

2 kommentarar

Filed under Kommunikasjon

Et møte med Håkon Sveen

Kari Bay Haugen laget dette portrettet av Håkon Sveen for TVØst:

Vi møter her humoristen, forfatteren, fotballspilleren og læreren Håkon Sveen fra Vinstra, som gjennom mange år har levd av å underholde og lære andre. Håkon har gjennom et langt liv blant annet vært med å forme Peer Gynt ved Gålå, ved å lære kjente skuespillere til å snakke fronsdialekt. Han har også skrevet boka N’Jalmar Ringenes Precident. Her får dere et lite innblikk i Håkon Sveens rike liv.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Kvamshumoren

Hakonsveen

Håkon Sveen i revyen «Trønder og døl»

HÅKON SVEEN: «Eg skal fortelja ei kvamshistorie.» Dei fleste som har vore på kurs, seminar eller i festlege lag, kjenner seg vel att? Neste same kor du er, vil du oppleve at ein eller annan i forsamlinga tek ordet og startar slik. Utanfor distriktet følgjer så ein stutt forklaring om kor Kvam ligg i landet, men jamnt over har eg inntrykk av at svært mange allereie veit kor bygda er. Slik sett har lynnet vore med på å setja kvamværen og heimplassen hans på kartet. Kvamværane blir sett på som lettliva og humoristiske. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Språk