Tag Archives: huldra

Ho vart aldri som ho skulle att

Slik gjekk det med ei ualminneleg vakker jente i Vendalen

thale1956x818

Ho vart aldri som ho skulle att etter denne haugtakinga. (Poster til den norske skrekkfilmen Thale, (2013) bygd på folkelore og huldrehistorier)

IVAR SVELLE: Det var ein gong ei ung budeie som stelte på setra for det bruket ho var på. Det var innpå ei seter som heitte Vendalen. Det var omkring 30 setrer der den tida. Denne jenta skulle vera så ualminneleg vakker. Ho var raudleitt og slank som ei lilje. Ho var så snill og omgjengeleg at alle var vedunderleg glade i ho. Men så var det ein morgon. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner

Sjefshuldrene på Gålå

Har du møtt Burane Sand, Synne Nyseter og Estine Voll?

1471856_416616515108442_1020537580_n

Ser han ho Burane Sand? Forfattaren Johan Bojer på Sandsetra. Foto: Pål Kluften

JOHS LUNDE: Ved nordenden av Gålåvatnet er det tre seterstular. Det er Sandseter, Vollseter og Nyseter. Kvar av dei tre setrene har si sjefshulder. På Sand er det Burane Sand, på Nyseter Synne Nyseter og på Voll Estine Voll. Desse namna har gått på folkemunne i hundrevis av år. Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru

Da fer du sjå det hesten ser

Tre historier om underjordiske og Vis-Knut

Huldra kom med kaku og hosoband på Bjønnhaugen. Foto: Carl Henrik Grøndahl

Folkeminne samla av niendeklasse på Sør-Fron ungdomsskule i 1977:

N´bessfar va håss´n Vis-Knut og søkte råd, fordi heinn ha så my sjukdom på krykyrom. Det va någå døm keilla rognsjuke. Truleg va det ei smittsam lungesjuke. På denne tida skull´n bessfar byggje nytt fjos på seter´n. N´sporde n´Vis-Knut te råds om kå heinn skull byggje fjoset.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Dei hadde sett og hørt einkort som ikkje var riktig

Om hausten i mosetakinga kunne det råke til å vera halvthundre mosefolk, som låg i fiskjebuene ein vekes tid og meir. Foto: sfn.no

IVAR KLEIVEN: Det er oppsett så mange gilde fiskjebuer og naust ved Furusjøen at det såg mest ut som ei lita grend, og det var bruk for husrom der ôg til somme årstider. For det var ikkje berre skyttarar og fiskjarar som låg i desse buene ved Furusjøen, skal tru: om hausten i mosetakinga kunne det råke til å vera halvthundre mosefolk, som låg i fiskjebuene ein vekes tid og meir. Det var fullt hus i alle buer kvar natt så lenge mosetakinga stod på, karar og kvinnfolk etter som det fall seg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jakt og fiske, Setring

Anne og huldreguten

bullbørseFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?:  For lenge sidan var det ei ung jente som heitte Anne Rykhus. Ho var på budeie på ei seter. Så vart ho kjend med ein huldregut, og dei skulle snart gifta seg. På setra hadde dei ein nauthund, han skjøna at det var noko gale på ferde og flaug heim. Da hunden kom heim, reiste bonden åt setra og tok med seg børse. Det var nett den dagen ho Anne skulle gifte seg. Da bonden kom bortåt setra, fekk han sjå mykje folk på stølen. På ein svart øyk sat ho Anne, ho hadde bunad og gullkrone på hovudet. Bonden skjøna at no laut han skunda seg, og så skaut han over folka. Med ein gong vart det borte alt saman, berre Anne stod att på stulen. Huldregubben sa med det same han vart borte: – Du skal mykje få sjå, men lite forstå. Sidan såg Anne alle dei huldrefolka som var i bygda. Og etter den gongen vart ho vis.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Huldra på Åkre

bullheksFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var på Åkre ein gong ei jente som heitte Oline, ho var budeie der. Så ein kveld var det borte ei ku for ho, og tok av stad og skulle leite etter ho. Da ho kom nedmed Åkervatnet, møtte ho ei annor jente som ho ikkje kjende. – Har du sett nokor ku? spurde ho Oline. – Ja, ho går bortmed vatnet her. – Kår e du frå da? Spurde ho Oline. – Eg bur nedmed vatnet, eg, sa den andre. Oline skjøna at det var ei hulder ho hadde møtt og sa: – Kors i Jesu namn! Da vart jenta borte.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru