Tag Archives: hest

Kvam i mine oppvekstår 3: 40 km i timen!

Chevrolet

Vi fekk rista ut vintermøkka i ein Chevrolet 1930. Foto: berglitruckstop.no

HELGE STORMORKEN: Odd bror og eg fekk bli med Fredrik Moen i grusbilen på veg til skulen, og Fredrik gav skikkeleg gass, så vi kunne skryte tå oss at vi hadde vore med i 40 km i timen. Men da fekk oss «rista ut vintermøkka au», som uttrykket var, når nokon skulle setjast til veggs for noko. Oppgåva til Fredrik Moen inneheld ikkje snøbrøyting, slik at gardbrukarane i fleire år brukte ein tresnøplog for seks hestar. Les meir

Éin kommentar

Filed under Kommunikasjon

Frøningenes merkverdige skikker ved brylluper

brudefolge

Adolph Tidemand: Brudefølge gjennem skoven

HUGO FREDRIK HJORTHØY: Brudeparet geleides til sengs av svennene og kjøgemesteren, og etterat bruden er avkledt sin brudestas, synges en salme. Brudgommen tar kronen av bruden og setter en sort hue på henne, og bruden setter en mannshue på brudgommen, derpå synges tvende vers av en salme om ektestandens lykksalighet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Døden tapte kampen i myrholet

Ill.foto frå hest.no

JOHAN DALSEG: Hingsten med hoppefylgjet sitt hadde beita på vollane langs bekken og var på tur bort, da vi kom. Fylgjet sette over blautmyra, og tre av hoppene gjekk igjennom. To av dei baksa seg opp att med det same, men Raua til Edda Stebergløkken i Prestgarden vart sitjande fast. Ho strevde for å koma seg opp, men sokk berre djupare og djupare. Til sist var det berre hovudet og halsen med den drivkvite mana som stakk opp av myra. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Her var det ingen som tenkte på redningsvestar!

saubåt

«Vi rodde sau over til solsida når den skulle til fjells. Då var det så trongt at det var vanskeleg å få brukt årene. » Anders H. Sandbu (1875-1962) har lasta ferja med sau ein vårdag i midten av 1950-åra. Foto: Anna Sandbu, utlånt av Aud Sandbu

OSKAR LETRUD: Vi som budde på Baksida mellom Kvam og Vinstra før det var veg og bru, måtte krysse Laugen ofte fleire gonger om dagen og til alle årstider. Verst var det om hausten, når det vart kaldt før isen la seg. Då var det å dra med seg båten utover isbrua og hoppe i båten med det same ein nådde ope vatn, som då kunne gå full med krav (nyfrossen is), som fraust fast på båten, slik at han vart ekstra tung. Etter overfarten var det å vera klar med båtshaken når ein nådde iskanten på andre sida, slå ned isen og lage ei ope råk inn til dit isen var så sterk at ein våga seg utpå. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Då reinsflokkane reiste gjennom Fron

Farleg å skremme reinsdyra når dei fôr gjennom Fron! Foto frå lothiane.wordpress.com

IVER PEDERSEN FOSSEHAGEN: Ei tid, truleg i tidsrommet 1840 til 1880, kom det store reindrifter frå området rundt Røros den gamle Rørosvegen til Kvarvet. Herifrå tok dei seg ned i dalen, gjekk over isen på Laugen, fór så opp Nørdre Lia og vidare i retning Valdres. Truleg var dette sist i januar eller februar, og reinen fekk da kvile i området innover mot Sveiphuslykkja og Toftsetra nokre dagar. Under snøen kunne reinen finne mose til mat. Det blir fortalt at ein gong hadde det møtt fram så myje folk ved Skillestad for å sjå på reinsdrifta at reinen vart skremt. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Kongsvegen – ein slitsam ljoskastar

Litografisk reproduksjon av et maleri av Adolph Tidemand til Norske Folkelivsbilleder utgitt i 1854.

IVAR KLEIVEN: Konsgvegen, almannavegen frå Oslo  til Nidaros, var berre eit råk, ein skarve rideveg, som ikkje før 1700 vart farade med hjulkopp. Men denne kleine, bakkete, tungvinte vegen vart ein kulturberar, som til kvar tid førde med seg emne til framvekst både for åndsliv og næringsliv. Han var ein umissande ljoskastar for desse avstengde fjellbygdene og ga dei høve til å få ein og annan gløtt av liv og framvokst ute i den store verda. På denne måten har denne kronglete almannavegen gjennom heile medelalderen gagna dalen mer enn nokon kan tenkje seg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Brudeferd i 1903 med Iverstugun

brurefølgeBrudeferder ser ein frå tid til anna bilete av, men dei fleste er ikkje ekte. Det er dette, og det er teke så langt att i tida som i 1903 og syner brudefølgjet til Mari Jegersletten frå Tverrbyda og Petter Nordlien frå Kvam. Den gongen var ikkje vegen bygd gjennom Skåbu og Kvikne, så vegen gjekk opp i Massingdalen og nedover att ved Graupe. På biletet ser vi følgjet medan det er på veg over Åsane. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Ei nifs oppleving vinteren 1937

Ill.foto frå sffarkiv.no

Ill.foto frå sffarkiv.no

KNUT FOSSEHAGEN: Når vintervegen var kjørt over vatnet, vart han rekna som sikker. Men heilt trygg kunne ein ikkje vere. Det hende nemleg at at det kom vassåre i botnen av ei tjørn, og var vegen påkjørt rett over ei slik åre, kunne vatnet gå rundt og svekkje isen, slik at det vart varmehol. Spesielt på Øyangen var ikkje dette heilt uvanleg. Dette hende vinteren 1937: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn, Setring

Den blinde hestgjelkaren

Bilde frå veganerliv.com

IVAR KLEIVEN: Det er ennå att minne om ein sjølvlært dyrlækjar på Fron med eit godt namn, Ole Ånnehaugen. Han var ein dugeleg hestgjelkar og dreiv mykje med det, både i Fron og Ringebu. Langt attende var hestgjelkinga eit «uærleg» arbeid, og det var langfantane (taterane) som skar hestane i alle bygdene her på Austlandet, og dei skulle vera dugelege til det ôg. Fantane «råskar» hestane, dei brukte ikkje klomre, som det seinare vart gjort, men dei bøtte att dei største blodårene med silketrå. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Han gjøla henne fast på sleden

hestogsledeKNUT FOSSEHAGEN: Ein gong skulle eit eldre ektepar vere på Kristensetra utover seinhausten og vinteren. Det hadde kome ein god del snø, og det var svært så kaldt. Dei to budde på Kristofferhaugen, det vi i dag kallar Nørdre Ringstad. Kanskje var dei venta heimatt til bygds, så det vart sendt folk innover for å sjå korleis det stod til med dei. Les meir

3 kommentarar

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring