Tag Archives: hest

Dei kvidde seg for kalde sengeklede

Til fjells midtvinters for å hente fôr

rondanedrone
Tidene har endra seg på Haugsetra! Foto: Fredrik Weikle

FREDRIK MOEN: Fjellet ga vinterføde til buskapen ved at ein hausta seterkveene med handreiskap som ljå og trerive. Det vart henta til bygda med hest og slede. Desse turane i fjellet midtvinters vil aldri gå i gløymeboka for dei som tok del. Global oppvarming var den gongen eit ukjent omkved, temperaturen låg ofte ned mot minus 30, og snødjupna var sjeldan under ein meter, helst bortimot to. Frå heime på Kolon starta dei i 6-7 tida på morgonen og trong minst fire timar på å koma fram til Haugsetra. På vegen til Kvam sat dei som oftast på sledane, men termosko og dyneklede som pustar, var ukjent, kulda dreiv dei til fots resten av turen opp Veikeldalen og vidare innover.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Setring

Hadde hesten falle utfor, ville han hoppa etter

Da Einar og «Sjennin» skulle over Augla

dølahestFRIDE GUNN RUDI: Einar Rolvsbakken begynte som gardskar hjå Rønnaug og Lodver Dalseg, på Sygard Dalseg, da han var 17 år gammal. Der vart han ved å temme ein unggamp med ei kvit stjerne i skallen, som fekk namnet ”Sjennin”.  Einar og «Sjennin» vart gode kameratar, og utgjorde eit godt arbeidslag. Da hesten var om lag tre år gammal, fekk Einar i oppdrag å hente ei langkjerre hjå Olav Lilleseter på Kile. Einar var 23 år gammal da dette hende: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Han skaut hol i brennevinskaggen

Og  så vart det brått slutt på julefeiringa

tc3b8nneOLE CHR. RISDAL:  På 1800-talet var det ein som heitte P. Carlsen Foss som sette i gang ei større tømmerdrift i Skåbu. I samband med dette verserer det ei spesiell julehistorie. Det var på slutten av ei julehelg, og det hadde vore vel mykje turing på Hølmyra. Dei som var med skulle vere ein tømmerhusbond til Carlsen, ein del av hoggarane hans som låg der, samt eit par bygdekarar. Det lei så langt uti jula at drifta skulle vore i gang att. Men karane hadde enno att ei kagge med brennevin som dei sat og godgjorde seg med, og somme hadde nok sovna óg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Døden tapte kampen i myrholet

Var det «ein annan» som hjelpte til?

«Til sist var det berre hovudet og halsen med den drivkvite mana som stakk opp av myra.» Ill. foto frå hest.no

JOHAN DALSEG: Hingsten med hoppefylgjet sitt hadde beita på vollane langs bekken og var på tur bort, da vi kom. Fylgjet sette over blautmyra, og tre av hoppene gjekk igjennom. To av dei baksa seg opp att med det same, men Raua til Edda Stebergløkken i Prestgarden vart sitjande fast. Ho strevde for å koma seg opp, men sokk berre djupare og djupare. Til sist var det berre hovudet og halsen med den drivkvite mana som stakk opp av myra. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Turane til kverna var store opplevingar

Ei lita historie frå den gang mjølet kom frå Loholet

Fotografiet er tatt fra brua nedenfor  fossen. Loholet er navnet på et trangt gjel, der elva renner mellom steile bergskrenter. I dette gjelet ble det i sin tid bygd en dam av tømmer og stedlige stein- og grusmasser, noe som skapte et fall på ni meter. Dette fallet gav energi til de tekniske installasjonene nedenfor fossen. Her lå Vinstra bruk, med både møllebygning og sagbruk. Da dette fotografiet ble tatt, våren 1950, var det flom i Vinstra, og elva gikk stor over dammen med løstømmer fra skogene ovenfor.

KRISTEN BRENDHAUGEN: Utpå vinteren, når sledeføret var godt, tok vi turar til kverna i Loholet for å få male kornet til mjøl. Turane til kverna var store opplevingar. Naturen i Loholet var spesiell. Det var brua over det tronge og djupe juvet med den bratte og male vegen oppatt på nordsida med forteljingar om utforkjøringar og ulykker. Dammen og fossen ved mølla var òg fascinerande med historier om tømmerfløyting og fløytarar som fór utfor fossen og omkom.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Verksemder

Verst var det om hausten, før isen la seg

Dei måtte krysse Laugen til alle årstider

saubåt

«Vi rodde sau over til solsida når den skulle til fjells. Då var det så trongt at det var vanskeleg å få brukt årene. » Anders H. Sandbu (1875-1962) har lasta ferja med sau ein vårdag i midten av 1950-åra. Foto: Anna Sandbu, utlånt av Aud Sandbu

OSKAR LETRUD: Vi som budde på Baksida mellom Kvam og Vinstra før det var veg og bru, måtte krysse Laugen ofte fleire gonger om dagen og til alle årstider. Verst var det om hausten, når det vart kaldt før isen la seg. Då var det å dra med seg båten utover isbrua og hoppe i båten med det same ein nådde ope vatn, som då kunne gå full med krav (nyfrossen is), som fraus fast på båten, slik at han vart ekstra tung. Etter overfarten var det å vera klar med båtshaken når ein nådde iskanten på andre sida, slå ned isen og lage ei ope råk inn til dit isen var så sterk at ein våga seg utpå. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Det rauk steinmjøl over heile Kvam

Ove Sperstad og Harry Stener jobba med klebersteinproduksjon i 1988. Tidleg på 1970-tallet vart det bygd ny industrihall sør for Kvam sentrum. Verksemda vart kjøpt av Norsk Hydro og AS Granitt i 1995. I dag har berre nokre få mann arbeidet sitt der.

RAGNAR ØVRELID: Karavanane med klebersteinlass skapte eit særpreg i Kvam i ei vanskeleg tid. Hestekarane køyrde alltid i flokk. Men trafikken var ikkje ufarleg. Og det gjekk hardt ut over hestane i unnabakkane. Særleg var Veiklebakkane vanskelege med dei tunge lassa. Det galdt å få med så store lass som råd, dei fekk betaling etter vekt. Dyrvernet i Nord-Fron måtte gripe inn i 1936 og påtale for tunge lass. Dei var i regelen 3 tonn, rekorden skal ha vore 4 tonn. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Der ingen skulle tru…

Litt å tenkje på når du køyrer inn under Teigkampen

Kanskje sende ein tanke til Anna og Kristian og dei seks ungane når vi kjører inn i Teigkampen? Ill: Statens vegvesen

Kanskje sende ein tanke til Anna og Kristian og dei seks ungane når vi kjører inn i Teigkampen? Ill: Statens vegvesen

OSKAR LETRUD: Nye E6 går inn i Teigkampen og passerer to-tre hundre meter under restane etter dei gamle seterhusa på Skoekampen, ei seter som nå er nedlagt. Det er på høg tid å få skrive ned soga om denne setra og dei som brukte ho. Eitt er sikkert. Dette var ein tungvint plass å koma fram til, særleg for desse som ikkje hadde hest og måtte bera alt fram på ryggen. Les meir

5 kommentarar

Filed under Jordbruk, Setring

Frøningen som fekk seg skuss med ein tuss

Det ylde og pipa kring øyro

hestehode

Det var skuss som tok tak

Ein frøning var på Kongsbergmarknaden og hadde selt hesten sin, ein gild tråvar. Om kvelden gjekk han og sveiv i gata der og undrast kor han skulde få seg losement til natta. Da kom det køyrande ein framandkar etter han. Han stana hesten og spurde om frøningen ville heimatt, så skulle han få køyre. «Akk nei, eg har nok lang veg heimatt eg, så det er nok ikkje tenkje på i kveld,» svara han.
Men framandkaren stod på sitt same, han, at frøningen kunde berre setje seg oppi, så skulle han få køyre radt heim.

«Du veit vel ikkje, kor langt det er til heimen min, eg er heime oppi Gudbrandsdalen,» svara frøningen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Møkkakjøring og mykje anna

Kanskje det viktigaste som har stått på prent i Fronsbygdin?

Ikkje frå Tåkåstad, men fyrste «selvbindern» i Kjorstadgardane. Sygard, Nigard og Nordgard Kjorstad kjøpte den saman. Foto frå Knut S Kjorstad/Vegar Skar

«For å få gjødsla jevnt og fint utover enga, ble det kjørt over med ei sloe etter at gjødsla hadde tørket litt. Sloa besto av noen passe store bjørk som ble festet på en rustningsblokk. Et stykke bak ble bjørkene festet sammen og pålagt litt ballast, oftest stein. Når dette enkle redskapet ble kjørt der det var spredd husdyrgjødsel, ble denne jevnet og fordelt og alle klumpene knust.»

Anton Tagestad (1920-2008)

Dette fortel Anton Tagestad (1920-2008) i Fronsbygdin 2020: «Året rundt på Tåkåstad.» På sine eldre dagar skaffa han seg ein PC som han skreiv ned livssoga si på, samstundes som han gjekk gjennom heile årssyklusen med arbeidet på ein gard – og dermed laga nærast ei lærebok i etnologi. Dette er viktig, lærerik og særs interessant dokumentasjon av setertid, våronn, slåttonn og skuronn, husdyr og redskap, slakting og baking, vinterarbeid og vedhogging og mykje anna. Står altså i årets utgåve av Fronsbygdin!

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk, Setring