Tag Archives: Gud

Husgåta i Fron

Låg det eit kloster her? Bilde: Anette Berve

IVAR KLEIVEN: Etter folkesagnet stod det to munkeklostre i Fron i medelalderen, det eine på Grytting og det andre på Rolstad. Om desse husa finst det ikkje noko i gamle fornbrev, men både Gerhard Schjøning og presten Hjorthøy fortel om dei, og den gamle bygninga på Grytting stod ennå i 1775, ettersom Schjøning skriv: Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru, Kommunikasjon

Guds stebarn i Fron

sorfron_prestegard

Det var her han budde, Søren Lemmich, men dette huset er bygd etter hans tid, for prestegarden brann over hovudet på han i 1806. I 1943 tok flammane også huset på dette bildet.  .

CARL HENRIK GRØNDAHL: Søren Lemmich heiter ein mann. Han var sokneprest i Fron i halvanna år for meir enn 200 år sidan. Berre eit namn i historia med nokre turre fakta. Men les vi bak dei sparsame, saklege opplysningane, finn vi det stoffet som romanar er laga av.  Søren Lemmich må ha vore eit Guds stebarn på jorda. Han «hadde en ublid skjebne og ble forfulgt av uhell. Tragisk var hans liv, og tragisk var hans død.» Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Heidningane i Skåbu

Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

OLE CHR. RISDAL I samband med innføringa av konfirmasjonen i 1736, vart det sett fart i leseopplæringa og folkeopplysninga i Noreg. Men det skulle gå lang tid før ein fekk  omvendt alle heidningar. Det var som regel prestane som hadde denne utakksame oppgåva. Her i Fron fekk sokneprest David Schiøth erfare kor vanskeleg denne jobben kunne vere.  Her kan du høyre Torger T. Risdal fortelje om ein gong han skulle omvende nokre  skåbyggingar:

Meir å høyre her.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Pilegrimsherberge

Grytting

Bilde frå Stig Skurdal Grytting/Vegar Skar

Pilegrimsherberget på Sygard Grytting i Sør-Fron er den einaste profane bygninga frå katolsk tid, i bruk for vandrarar langs pilegrimsleia mellom Oslo og Nidaros. Eit 700 år gamalt verna kulturminne som tek imot vandrarar frå både inn- og utland. Kva er motiva for å vandre til slike herberge i dag? Se video.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kommunikasjon

Denne treguden!

Dalegudbrand1RASMUS STAURI: Frå Maihaugen 1958, da Sør-Fron hadde ansvaret for St. Hansfesten. Spelet om Dale-Gudbrand av Are Stauri vart framført med lokale aktørar. Frå venstre: Torleiv Helling (Tord Istermage), Are Stauri (Dale-Gudbrand), Hans Forr (Kong Olav), Johan Rudihagen (Kolbein Sterke),Olav Snortheim (Biskop Grimkjell). “Nei, her er vår gud som rår for alle ting- han ser på dykk med kvasse augo.- Kvar er nå din gud, Kong Olav?” Stykket gjorde stor lykke. Kanskje var det tid for eit nytt stykke, men denne gongen på Hundorp? Slik gjekk det: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kunst og handverk, Litteratur

Knut Kvidaland og Sør Fron kyrkje

knutkvidaland

Tidlegare sokneprest i Sør-Fron Knut Kvidaland

RASMUS STAURI: Tidlegare sokneprest Knut Kvidaland i Sør-Fron døydde brått  på ei tenestereise til Bangladesh nyleg. Les minneord. Han vart berre 52 år. Familien reiste frå Sør-Fron i 2009, men kom ofte attende til bygda på besøk. Knut og kona Berit og dei tre gutane fekk mange og gode vener her. Prestefamilien tok imot folket og folket tok imot dei. Som eit uttrykk for nettopp dette fekk Berit og Knut Kvidaland  Kulturprisen for Sør-Fron i 2006. Knut var prest i beste folkeopplysnings-tradisjon, og han spreidde glede og kunnskap, hadde humor og humør og kom nært innpå folk. Han blir hugsa og takka.

I Fronsbygdin 2004 skreiv han denne artikkelen om fondveggen – veggen med inngangsportalen – til Sør-Fron kyrkje. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Menn

Kviknekyrkja

kviknekirkeNeste år er det 250 år sidan Kviknekyrkja vart bygt. Det var Peder Korpberget frå Kvikne og Tord Risdal frå Skåbu som stod for bygginga. Tord var også smed og han utførte derfor smiarbeidet. Ho vart reist på grunnen til Sygard Sylte, men under Ofsen i 1789 vart ho skada og kyrkjegarden reiste ut, og ein torde ikkje anna enn å flytte kyrkja. Ho vart da sett opp att der ho står i dag, på grunnen til Tune. På Sygard Sylte står enda Prestloftet, der presten tok inn da han var ute i embets medfør. Til jubileet neste år vil du kunne lese meir om Kviknekyrkja. Men du får ein liten forsmak her. Ragnfrid Massing (Halvhuda, f. 1894 i Tromsø), som var både lærar i Kvikne og organist i kyrkja, fortel her litt om seg sjølv og kyrkja.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kvinner, Verksemder

Annie Balchen – ei fjelldronning

Annie Balchen i 1976

Annie Balchen i 1976

CARL HENRIK GRØNDAHL: Vinternatt utpå nyåret 1980. To unggutar står ute på Prestegardstunet. Da ser dei det. Sterkt, flakkande lysskjær over Tofte. Brann, tenkjer dei vel og kjem seg opp Nordre Lia. Det er Hyggen som brenn, det vesle huset til Annie Balchen. Ho blir funne i snøen, har kome seg ut med brannsår i svidd nattkjole. Hunden Vicki og katta tok seg inn att i elden og vart borte. På sjukehuset i Lillehammer søkk ho ned i ei verd som berre er hennar og kjenner ikkje att dei som kjem for å sjå til henne. Året etter døyr ho, 77 år gamal. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Verksemder