Tag Archives: fronsbygdin

Oud, Givervolden og Espeland

Alt er klart for Fronbygdin 2018 torsdag kl 19

visuals-000022404770-alrdjs-original

Kva er oud? Vert kalla instrumentenes konge, namnet al-oud kjem frå det arabiske ordet for tre, kom til Europa frå Nord-Afrika, er ein forgjengar for lutten, og det spelast av ein kar frå Hundorp. Han heiter Andreas Vangen Andersen, og du kan høyre han torsdag på biblioteket Vinstra, der du ôg er med på lanseringa av Fronsbygdin 2018. Andreas Vangen Andersen gjekk på VVS og har studert ved Norges musikkhøgskole.
Dette er 15. utgåva av Fronsbygdin, boka er tjukkare enn vanleg, og redaktør Rasmus Stauri deler nokre tankar etter desse 15 åra. Småbruket Givervolden i Sorperoa forsvann da ny E6 kom, Tor Larsen har skrive om småbruket, og du kan høyre han fortelje historia. Og sjølvsagt har Gard Espeland som vanleg ein fresande god gjennomgang av artiklane i boka. Leiar i historielaget, Ellen Steberg, ønskjer velkomen.
Attpåtil blir det servering og triveleg samvær.
alle

Torsdag kveld kl 19 treff du dei: Ellen Steberg, Rasmus Stauri, Gard Espeland og Tor Larsen

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Kanskje den beste boka til nå?

FB18Fronsbygdin 2018 lanseres med ein kulturkveld på biblioteket Vinstra torsdag 1. november. Redaksjonen skriv:

I år er det 15 år sidan vi gav ut den fyrste årboka. Dette er difor ei jubileumsbok med ekstra mange sider. Det var våren 2003 at den fyrste årboka kom. Mange historieinteresserte hadde nok lenge tenkt at det var for gale at ikkje også Fron hadde si eiga bok, når nesten alle bygdene i Gudbrandsdalen hadde det. Det som skulle til, var berre at nokon tok initiativet, og at vi hadde tilgang på produksjonsutstyr, slik at mykje av det praktiske arbeidet kunne gjerast kostnadsfritt. Les meir

4 kommentarar

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

Verda må skapast betre

Du har hugsa Fronsbygdin 2018? Også som julegåve til deg sjølv?

sb2. august 1981 var det urpremiere på det storstilte «Gudbrandsdalsspelet» med tekst av Vegard Vigerust og musikk av Sigurd Berge, arrangert for eit 40 manns orkester med lokale musikarar, tilpassa det nivået dei hadde . Spelet tok føre seg viktige hendingar i dalens historie – kristninga på Hundorp, skottetoget, amerikareisene og enda opp i vår tid med pendling og oljealderen. Vil du vite meir? Om komponisten og frøningen Sigurd Berge?

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Musikk

Bjørkesetra er i drift!

Ei lita retting til Trond Halle

InnskanningTEA JOHANNE MYRSTAD: Les med glede Fronsbygdin. Reagerte på artikkelen til Trond Halle: «Sør- Fron på tvers». Gjer merksam på at Bjørkesetra inni Eldåa har vore og er i full drift kvar sommar. Finaste setra i verda – for alle oss frå Bjørke. All ære til Bersvein og Tor som held fast ved setringstradisjonen!

Svar frå Trond Halle: Da må eg be om årsaking for at eg har teke feil. Eg skreiv at det her var setring i allefall til for nokre få år sidan, men at det da eg gjekk forbi Eldåsetra var stilt der. Eg gjekk forbi den 23. juni, da såg det ikkje ut til å vera folk der. Kanskje det var før dei reiste til seters? Er ellers heilt enig i at det er bra at det forstatt er setring både i Eldåa og på andre seterstular

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk, Setring

-Imponerende i Fronsbygdin

fbTor Larsen i Dølen har latt seg begeistre av artikler i Fronsbygdin 2017 og framhever særlig en:

Odd Jan Skriubakken utmerker seg i årets Fronsbygdin. Hans artikkelserie om garder og husmnnsbruk på baksia av Sør-Fron mot Ruste er et imponerend arbeid. Her får vi både gardshistorie og slektsgranskning i ett. Og det ned på et detaljnivå som imponerer. Et utrolig omfattende arbeidet som det bare er å ta av seg hatten for.

Du får kjøpt boka i flere dagligvarebutikker i Fron, hos Libris Vinstra eller få den tilsendt ved å kontakte Marit Taarud Kirknes på  taarud@online.no. Boka koster kr 250, og når sant skal sies, får du mye for pengene:aafb17

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Fronsbygdin til farsdagen

fbvl

Ho har vore hos bokhandlar Petter Asphoug på Libris Vinstra, Bjørg Anitra Strand og sikra seg Fronsbygdin 2017 til gubben til farsdagen. Det gjer ho kvart år, så han veit kva han får.

d.len

Tor Larsen skriv i Dølen:

Mange venter i spenning på boklanseringa og utgivelse av bygdeboka med lokalhistorie fra de to fronskommunene. Og det med rette. Fronsbygdin har holdt et imponerende høyt nivå i de bokførte utgivelser. Årets utgave er nummer 14.

Altså – hugs farsdagen! Og kjøper du med deg Fronskoppen attåt, har du dobbelkos med kaffi i godstolen,

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Her er ho, bestseljaren!

Bortimot 70 var til stades da Fronsbygdin 2017 vart lansert med mykje åtgaum på Sygard Grytting torsdag 2. november. På denne videoen møter du Ellen Steberg, leiaren i historielaget, historikaren Eirik Brazier, som meiner desse lokalhistoriske årbøkene er særs verdfulle – og redaksjonen. Boka er nå til sals i fleire av daglegvarebutikkane i Fron, hos Libris Vinstra, eller du kan tinge ho hos Marit Taarud Kirknes på epost:  taarud@online.no. Fronsbygdin kostar kr 250, og det er ikkje småtteri, det du får for den summen:

aafb17

Éin kommentar

Filed under Informasjon, Kunst og handverk