Rekordframmøte da Fronsbygdin 2019 vart lansert på Dale-Gudbrands gard i går kveld. Over 100 var til stades og fekk ein triveleg kveld med gode ord og tonar. – Årets bok er mangfoldig, på 176 sider med mange ulike tema, tre lengre artiklar og mykje småstoff i balanse frå Nord- og Sør-Fron, seier redaktør Rasmus Stauri. Får du ikke kjøpt boka i butikk, ta kontakt med Nina Berge Rudi på ninarudi@online.no. Så får du boka i posten. Her er innhaldet:
Tag Archives: fronsbygdin
Her er boka!
Filed under Informasjon, Kunst og handverk
Lensmannsbetjenten kom på døra
Kom du ôg!

Her inne får du heile historia torsdag kl 19!
Med jamne mellomrom kom lennsmannsbetjenten på døra for å pante, såg inn på lageret, her var panten, han låste døra, tok med seg nøkkelen, døra var låst til kravet vart innfridd. Gjekk nokså gemyttleg for seg, alt saman.
Kva er dette? Kven driv på slik? Kom på lanseringa av Fronsbygdin torsdag 24. oktober kl 19 på Dale-Gudbrands gard, kjøp boka, så får du heile historia om han som åtte flest sovesofaer i Fron.
Filed under Informasjon
«Fantasi og tankar om noko nytt»
Fronsbygdin 2018 ventar på deg

Leiar i Fron historielag, Ellen Steberg, var på plass på julemarknaden på Rudi Gard. Foto: Carl Henrik Grøndahl
Fekk du ikkje med deg Fronbygdin 2018 frå julemarknaden på Rudi Gard sundag? Du kan tinge boka direkte frå Nina Berge Rudi: ninarudi@online.no. Eller kjøpe ho hos Libris Vinstra eller nokre daglegvarebutikkar. Nokre stader kjem det ôg ein seljar på døra hos deg. Ta godt imot. Kjøper du boka, får du ikke berre framifrå lesestoff, du er ôg med på å støtte eit særs viktig arbeid med å ta vare på lokal identitet og historie. Det i hovudsak tre hovudformål med boka, seier redaktøren Rasmus Stauri:
- styrke lokal identitet og kunnskap – skjerpe sansen for eige beste, utan å bli snever og trongsynt. Fronsbygdene er ein del av Gudbrandsdalen, som er ein del av Oppland, som er ein del av kongeriket og ein del av Europa og verda.
- gi kunnskap til komande slekter, da synspunkt og framgang skal byggje på kunnskap. Utan kunnskap og ei fagleg haldning i botn er det verre å byggje ei framtid. Kunnskap og fag er også eit grunnlag for fantasi og tankar om noko nytt.
- håp om å nå hyttefolk og andre som kjem hit og blir glade i området. «Alt blir forvitneleg berre du veit noko om det», skriv Ivar Aasen.
Og boka i år er truleg betre enn nokon gong. Tone Sidsel Sanden, redaktør i avisa Dølen, trekk fram eit døme:
Olaug Askheim Aas sin artikkel om barndomsminner fra Elvenes i Skåbu er et godt eksempel på hvordan utfløtte på en god måte kan bidra med historier fra oppvekståra i Fron og viktig lokalhistorie.
Her er innhaldet i boka: Les meir
Filed under Informasjon, Kunst og handverk
Godt gjennomarbeida!
Avisa Dølen om årets utgave av Fronsbygdin
Odd Jan Skriubakken briljerer for tredje år på rad med sin kunnskap om de små bygdereppene og husmannsplassene på baksida i Sør-Fron, skriver Tone Sidsel Sanden i Dølen i en meget positiv omtale av Fronsbygdin 2018. – Godt gjennomarbeidet håndverk, og flere av artiklene bærer preg av å være rene gravejournalistikken. Her er alt fra stutte, gode historier fra liv og drift på garder og setrer til lengre artikler. Fronsbygdin står støtt og stødig, slår Dølen fast. Her er redaktørens tanker etter 15 års arbeid med bygdeboka.
Filed under Kunst og handverk
Separatoren syng
Fronsbygdin fortel korleis Margit laga ost på setra


Filed under Jordbruk, Kunst og handverk, Setring
Fronsbygdin i 15 år
Tankar ved 15- årsmerket

Gard Espeland, Rasmus Stauri og Per Ottesen presenterte Fronsbygdin i 2014. Foto: Foto: Kristin Veskje GD
RASMUS STAURI: Grunna den svært tunge og triste hendinga i Nord-Fron dagen før lanseringskvelden 1. november vart ikkje desse oppsummerande orda sagt fram på Nord-Fron bibliotek. Der og da kjendest det rett. Det er ei tid for alt. Dei frammøtte markerte den sorga med stille i eit minutt etter oppfordring frå leiar i historielaget, Ellen Steberg. Derfor blir desse få orda lagt ut på heimesida til historielaget i ettertid. Det kjendest likevel godt å møte kvarandre rundt lokalhistoria og ta imot ei ny utgåve av Fronsbygdin. Les meir
Filed under Kunst og handverk
Nå er ho her!
Tjukk og god Fronsbygdin 2018
Bortimot 80 møtte fram på Nord-Fron bibliotek i går da jubileumsutgåva Fronsbygdin 2018 vart lansert. Her kan du kose deg med å lese om jula som begynte ein time for tidleg, om Fron kvinneforum, om dragdokka og barndomsminne frå Elvenes i Skåbu. Blant mykje anna. Du kan få boka tilsend ved å kontakte Nina Berge Rudi på epost: ninarudi@online.no. Eller kjøpe ho hos Libris på Peer Gynt-senteret Vinstra. Eller i fleire daglegvarebutikkar. Boka kostar 250.- kr.

Godt frammøte for Frondbygdin 2018. Foto: Rasmus Stauri.
Filed under Informasjon, Kunst og handverk