Tag Archives: foto

70 år gammal musikk

img075-sor-fron-sangkor-og-hundorp-orkester-grieg-kvelden-26-27-desember-1943

Sør-Fron sangkor og Hundorp orkester, Grieg-kveld, 27.-27.desember 1943.

img076-hundorp-musikklag-grieg-kvelden-26-27-desember-1943

Hundorp musikklag desember 1943.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Musikk

Maskulint

img014 Melgaard14OL er over for denne gong. Desse karane dreiv kanskje og trente? Bilde frå Jon Ødegaard, fotografert av Mathias Melgard, skanna av Vegar Skar. Nokon som veit noko her? Melgard fotograferte fleire staute mannfolk:

img006 Melgaard6

Ekte mannfolk står i kruttrøyk: Les meir

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk

Bilde frå Vinstra-utbygginga

img014Vinstra-vassdraget vart bygd ut frå 1947 til 1952. Frå Torstein Hagen har historielaget fått over 50 bilde frå Slangen-anlegget. “Fotografen var min far Halvor Hagen, som var anleggsleder”. Vegar Skar har skanna desse lysbilda. Nokon som kan bidra med opplysningar? Her er nokre av bilda. Les meir

Éin kommentar

Filed under Verksemder

Seterminne

Nr. 225 Hanna Holten Lien på Veslesetra, Øvre Bergumsetra.

Hanna Holten Lien på Veslesetra, Øvre Bergumsetra. Alle foto frå Oskar Letrud/Vegar Skar

Nr. 3 Budeiene på Gravdalen 1931, se tekst i register.

Budeiene på Gravdalen 1931 har besøk av grammofon

Nr. 228 Brekkasetra på Gravdalen, Forann f.v. Magda Stø, Anne Veikleenget,Kari Viken, Anne Brekken Stø, Ella og Åse Sunberg (Oslojenter), Pauline Myren, Maria Fossen, Trygve Fossen.

Brekkasetra på Gravdalen. Fra v: Magda Stø, Anne Veikleenget, Kari Viken, Anne Brekken Stø, Ella og Åse Sunberg (Oslo-jenter), Pauline Myren, Maria Fossen, Trygve Fossen

Nr. 47 Dyrking på setra. Marta Søndenfor, Asbjørn Olaf Stormorken ved plogen, ungguten er Sverre Letrud, Johan Søndenfor, Anton Søndenfor og Ole Letrud

Dyrking på setra. Marta Søndenfor, Asbjørn Stormorken ved plogen, ungguten er Sverre Letrud, Johan Søndenfor, Anton Søndenfor og Ole Letrud.

country

Country-festival

2 kommentarar

Filed under Setring

Alle har fått dram

dram

Dette bildet er frå Vinstra, seier Gudbrandsdalsmusea og Digitalt Museum, og det er tatt i 1945. Med norsk flagg. Og den merkelege kommentaren: Alle har fått dram. Feirar dei freden? Nokon som veit noko?

Kommentar frå Ola Løkken:

Dette bildet er frå heimplassen min, Lykkjom i nedre Sødorp. Til høgre sit mor mi, Margit Lykkjom, så til venstre Magnhild Hage (Mellomsdokken), til høgre halvbror til far, Harald Løkken (Skinnehaugen). I framkant ser vi ryggen til Vegard Hage. Ole Hage, far til Vegard sit bak med armen rundt Magnhild. Bildet er vel teke fredsdagen i 1945. Og i barnevogna ligg eg, Ola Løkken.

Kommentar frå Paul Henrik Hage:

Dette er eit kjent bilde for meg. Eg har det i ein album etter mor mi, Mabel, og det var også ho som tok det. Eg er meir enn forundra over korleis det har kome inn i arkiva til Digitalt Museum og Gudbrandsdalsmusea. Bildet er frå feiring av frigjeringsdagen den 8. mai 1945 på Lykkjom i Nedre Sødorp.

6 kommentarar

Filed under Biografiar, Krig

Fron i 3D – for 100 år siden

3d Hundorp Nedre

Stereografi av Hundorp Landhandleri/Hundorp Hotell, 1908

Alle som følger med på den tekniske utviklingen innen mobil og multimedieteknologi kjenner til begrepene VR – Virtual reality, eller 3D –tre dimensjoner. Dette er teknologi som får mye oppmerksomhet. Derfor er det kanskje overraskende å høre at dette slett ikke er så nytt. De første 3D fotografiene fra Fron er over 100 år gamle. Den største forskjellen er at dagens bilder er levende. Ellers er det forbausende lite nytt. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Dei håpefulle

Det er omlag 80 år mellom dei

klasse 2

Utklipp frå ukjend avis

klassebildepsrønhvat

Bilde frå Rønnaug Hvattum/Vegar Skar

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Paparazzi på Gålå

carlg

Dei vart vel oppdaga ved Jetningen

KRISTIAN HOSAR: Etter unionsoppløysinga kom ingen svensk prins eller konge til Gålå att før utpå 1970-talet. Da vart den unge kongen, Carl Gustaf, fritt vilt for pressa. Han budde i hytta til ein Oslo-famlie saman med tyske Silvia Sommerlath. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Frå Tårud til Hardvollsmarka

Nye E6 som nå skjer seg gjennom bygdene, er truleg det største menneskeskapte inngrepet i bygdene våre nokon gong. Trass i to lange tunnelar og at planleggjarane er mykje flinkarere til å ta estetiske omsyn enn før, er dette eit inngrep som set eit varig skilje, kan du lese i Fronsbygdin 2015.  I sommar flaug Vemund Hagen drone over nye E6 frå Tårud til Hardvollsmarka. Slik såg nye E6 ut da i landskapet.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Bli med opp til Litjgardskarane!

Dei dyrka opp bruket sjølv med dynamitt og hest og handmakt. Litjgardskarane satte hermetikkboksen midt i kjelen og la potetane i vatnet rundt. Dei var godt oppe i åra da Vemund Hagen fotograferte dei i 1992. Nå kan du bli med han 23 år seinare tilbake til Haugrud, eit småbruk der tida har stått stille, og husa står slik dei vart bygde før krigen.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn