Tag Archives: føderåd

Fri hest til kyrkja

Ei lita historie om føderåd

fattige1

Klokkar Anders Viborg på Grov måtte gå fra garden etter fem år i 1804, fordi den forrige oppsittaren fekk for gode kår i føderådet. Desse gamle hadde ikkje føderåd på Grov. Kommunen kjøpte garden til fattiggard i 1903.

RAGNAR ØVRELID: Det var mykje færre gamle i bygdene her på 1700- og 1800-talet enn det er i dag. Og dei var ikkje på langt nær så tilsidesette og unyttiggjorde som dei er no. Dei budde på garden, eller på plassen, dei passa barn, hogg ved og deltok også i kvardagslivet på ein annan måte enn i våre dagar. Dei som ikkje hadde eit føderåd å falle tilbake på, hadde det ikkje så greitt. Dei hadde ofte berre fattigvesenet å ty til. Ein stor del av dei som er registrert som fattige på 1700- og 1800-talet, var gamle folk, som ikkje hadde jord. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk