Tag Archives: fjellet

Tamrein i Fronsfjella

Dei hadde ikkje anna att for strevet enn tap. Bilde: dyrevern.no

IVAR KLEIVEN: I 1840 eller deromkring vart det freista med å halde tamrein på Fron. Det var nokre som slo seg i lag og kjøpte ei drift av Rørosfinnane, men det gjekk ikkje rart med desse tiltaka, kva det nå kunne vera som var skulda. Ulven var stygg her i dalen denne tida, og han tok nok hardt på drifta, som ein kan tenkje seg, når han på ein somar reiv ihel ikkje mindre enn 17 naut på Sødorpkjølen. Les meir

2 kommentarar

Filed under Jakt og fiske

Historia om Kvarvet

Kvarvet til venstre. Bildet tatt frå hangglider. Foto: XC Paragliding

Kvarvet til venstre. Bildet tatt frå hangglider. Foto: XC Paragliding

RAGNAR ØVRELID: Kvarvet, eller Ulkvarv (folk frå bygda sa Augelkvarv) var frå slutten av 1800-åra heimsæter under Nordgard Dalsegg. Kvarvet ligg 847 meter over havet, og gardane her er mellom dei som ligg høgst i landet. Det var sel på sætra til sommaropphald, og løe og fjøs til ein seks-åte naut. Sætra hadde ei stor inngjerda kve på 40-50 mål, og fire-fem mål var dyrka. I 1920-åra leigde Nordgard Dalsegg bort sætra til garden Jota, som betalte halve fôret på kvea i leige. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Ein hyllest til Fronsvatna

Og så vakker fjellnatur som det er ved mange av desse Fronsvatna, skal det leitast etter. Feforvatnet. Bilde frå Nord-Fron kommune.

IVAR KLEIVEN: Båe Fronsbygdene har så nøgda av vakre og gode fiskjevatn at dei går over alle dei andre bygdene i dalen, og før i tida vart desse vatna vel utnytta, så bygda hadde fjellfisk til husbruk. Vinstervatna var nok helde for dei formeste mellom alle Fronsvatna, men jamen var det bra fiskjevatn mange av dei andre ôg, med både stor, feit og god fjellaure. Og så vakker fjellnatur som det er ved mange av desse Fronsvatna, skal det leitast etter. Han kan skifte mykje, men ved nesten alle er naturen slik at han dreg hugen til seg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske

-E’ kjeinne’n itte

harald-hovet-3

Han fekk blomane til sist

OLAUG ASKHEIM AAS: Før påske i 1946 vart det kjent at kongefamilien ville feire påska i hytta si i Sikkilsdalen.Ved Skåbu samvirkelag gjekk kongefamilien over i beltebilar denne aprildagen i 1946.. Og denne fyrste gongen etter krigen vart det gjort litt ekstra: Lærerinne Margit Blekastad og lærar Sigmund Hernæs tykte det ville passa at prinsebarna fekk kvar sin vesle, nyplukka geitivilblomebukett. Dei som skulle få æra av å gi blomane, var dei som hadde fødselsdag og år nærast prinsebarna. Prins Harald var ni år. Han som var utvald til å gi blomane til prinsen, sto der med buketten sin etter at prinsessene hadde fått sin. Eg såg guten, ganske fortvila sto han der. Eg gjekk bort til han og undrast kvifor han ikkje hadde gitt blomane. Da tok han til tårene og sa “E’ kjeinne’n itte.” Og Harald var som guttunger flest, eg fekk sjå han borti garasjen der han studerte dei gamle bussane. I alle fall, blomane vart levert og alt ordna seg. Omtrent alt som kunne krype og gå, var møtt fram, så det var folka utpå plassen ved Samvirket, og ikkje særleg organisert heller. Det var ikkje det store sikringsopplegget rundt dei kongelege den gongen.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon

Kongen tala utur huggu’e

Kongefamilien og Amundsens Hotell.

HANS PETTER KLEIVEN: Før påske i 1946 vart det kjent at kongefamilien ville feire påska i hytta si i Sikkilsdalen. Det vart ôg kjent at kongefamilien ville koma med nattoget til Vinstra og palmelaurdagen gå frå stasjonen til Amundsens Hotell, der dei skulle eta frukost, før dei drog i bilar opp mot Skåbu og vidare i beltevogner til Sikkilsdalen. Alle ville sjå og helsa på den kjære kongefamilien, så det var fullt av folk langs ruta frå stasjonen og til Amundsens Hotell. Her sto Vinstra Musikklag oppstilt, og ein fekk både Kongesangen og Nasjonalsangen. Ordførar Albert Kvammen heldt velkomsttale, og kong Håkon takka. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Verksemder

Var Per Gynt svensk?

pgbarestokk

Mange av bragdane til Per Gynt er sikkert dikta inn i soga hans lenge etter at Per hadde kvilt under torva en mannsalder eller to – sist er heile soga hans vorte eit eventyr, slik som Asbjørnsen råka det på Høvringen og i Rondane i slutten av 1840-åra. Og gjerne minka ikkje det eventyrvorne ved å gå gjennom pennen til to store diktarar heller. Mads Ousdal som Peer ved Gålåvatnet 2014. Foto: Carl Henrik Grøndahl

IVAR KLEIVEN: Det er nok heilt visst at Per Gynt har vore brukar og budd på Nordigard Hågå på Sødorp, men noko sikkert om tida og livssoga hans er det vanskeleg å få tak i. Og korleis Gynt-namnet er lagt på han, er det heller ikkje noko å få veta om, kanskje er det et oppnamn og kanskje eit gamalt slektsnamn. I lensrekneskapen for Akershus 1557-58 er det ein «Jonn Gynnthe» som bygsla ein eigendom under krona og betalte «1 daler» i bygsel, men eigendomen er ikkje namngitt. Dette viser såleis at det i 1557 har vore ei Gynteslekt på Fron, og det er mogeleg det kan være Nordigard Hågå eller ein part av Hågå som «Jonn Gynnthe» har betalt 1 daler i bygsel for. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Slangen Seter i Skåbu

slangen

Eit skikkeleg trekkplaster for bygda Skåbu

OLE CHRISTIAN RISDAL: Slangen Seter er ei perle i Skåbu. Staden har rike tradisjonar attende til 1800-talet. Til å byrje med var Slangen vår- og haustseter til garden Nedre Skåbu, men etter kvart vart det turiststad og er i dag eit skikkeleg trekkplaster for fjellbygda ved foten av Jotunheimen. Her finn ein både rideskole, fjellstue og hytteutleige. Gjennom åra har det vore mykje aktvitet der og staden har fleire gonger vore i media. I 1976 laga NRK-mannen Lars Hauge dette programmet frå Slangen. Der deltok både stamgjester og lokale aktørar. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Musikk, Setring, Verksemder

Vart skoten da ho skulle hente meir klede

Ennå er det ikkje over: «Ny E6 bygges nå fra Vinstra til Sjoa. På Kvam har de imidlertid støtt på utfordringer i form av etterlatenskaper fra krigens dager. Forsvaret skal nå undersøke området nærmere før entreprenøren får fortsette. Funnet ble gjort ved Kjørem grendehus, ca. 4–5 km nord for Kvam.»  Foto: Einar Almehagen, GD  1. april 2014.

RAGNAR ØVRELID: Tre sivile bygdefolk vart drepne i kampane i Kvam i april 1940. Den første var ein danske, Søren Sørensen, som budde på Svarthaugen. Han såg at garden tok til å brenne og la på sprang nedover for å redde grisane. Etter kampane fann dei han ved jernbanelinja med tre kuler gjennom hovudet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

NM på ski

Nr. 17NM på ski på Gålå er nettopp avslutta. Deltakarane og arrangøren pustar ut. (Bilde: Pål Kristiansen/Vegar Skar)

Nr. 53Marit Bjørgen og Therese Johaug fekk ikkje noko gratis i dag. (Foto: Odd Tarud/Vegar Skar) Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Idrett

Vendalen

Vendalen

Først i august var det slåttetid på setrane. Folk reiste til kvea, og da kunne det bli mykje liv og røre før dei fekk høyet i hus. I låvane vart høyet liggjande for å bli køyrt heim på vinterføre. Høyet frå setra gjorde at dei kunne nytta meir av jordvegen heime til korndyrking.

BJARNE JETLUND: Vendalen er ei setergrend ca. 15 km frå Hundorp langs vegen mot Fagerhøi. Desse spreidde tankane frå Vendalen viser ein seterstul full av kulturminne. Desse er det viktig å ta vare på i den omforminga som nå breier seg innover fjellviddene. Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Setring