Tag Archives: fjellet

Skråtobakk mot hoggorm

ku på veg heim

Dersom kyrne kom tidleg åt seter´n att om kvelden, vart det støtt fint vêr dagen etter. Foto: Anton Løkken

MARGIT LYKKJOM OG ANTON LØKKEN: Kvar sommar vaska eg heile selet. Det lukta så godt av kvitskura vegger og tak og golv med einerkvister på. Dessutan måtte gjerdet rundt kvea stellast på. Dei snøtunge vintrane var harde med gjerdet. Alt arbeidet ute var sjølsagt kararbeid. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Setring

Ei lita historie om hyttene i Fron

Primitivt eller komfortabelt? Det var kanskje enklare før. Bilde frå lauvåshytta.no

RAGNAR ØVRELID: Opp til 1960-åra kunne i praksis alle skaffe seg tomt og bygge seg hytte slik dei ville i Fron. Dei sette gjerne opp eit solid gjerde og skilt med «Privat». Listene over hytteeigarar i Fron er fulle av kjende namn frå norsk, dansk og svensk næringsliv, kulturliv og politikk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Amundsteinen

Ho tør ikkje rope på sonen sin i frykt for at han kan dette i elva

stein

Toftelva rett under Amundsteinen mot Toftsetra. Foto: Rasmus Stauri

ARILD MAGNE LARSHAUGEN: Når ein går Sørensenvegen i Nordre-Lia, ligg det ein stor stein utpå bergkanten ved øvre Haustsetergrinda med Toftelva 80-90 meter loddrett under. Denne steinen fekk namnet sitt frå ein liten gut som var med mor si på Hovlistugusetra på seterstulen Hovdlisetra på andre sida av elva. Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Setring

Torvuttak på Kvarvet

Nr. 6 Torvuttak på Kvarvet kopi

Bilde frå Arve Skurdal/Vegar Skar

Litt av ei dampdoning. Nokon som veit meir?

EIVIND HOLEN: Torvuttaket på Kvarvet ble startet en gang mellom 1915-1920 for å skaffe brenntorv til Fron Ysteri. Grøfta der det ble tatt ut torv opp under Grønfjell, er fortsatt synlig. Virksomheten ble nedlagt etter få år, og min far fortalte at utstyret stod ubrukt i 1924 da han gjette geitene i området.
Bestefar fortalte at det ble brukt åtte hester for å få kjørt lokomobilen som er vist på bildet, opp den bratte vegen til Kvarvet. Den ble på slutten av 1920-tallet kjørt frem til Korsbakk og brukt som drivkraft til tømmersaga der. Den er nå på Maihaugen på Lillehammer.

2 kommentarar

Filed under Jordbruk, Verksemder

Nervesystemet opplives

golasannarv

Aller best omkring Sankthans. Kort frå Narvesen

Korleis lokka dei folk til fjells for 100 år sidan? Med fjellet som medisin. Her er prospektus frå Golaa Høifjeldssanatorium 1912: Les meir

Éin kommentar

Filed under Verksemder

Når kom det glas og peis på setrene?

Ivar Kleiven fortel om ljorhus som forsvann og kokhus som kom

seterreise

Ragnvald Einbu: Seterreise. på Dale-Gudbrands gard

IVAR KLEIVEN: Noko arbeid på veg til setrene var det ikkje tale om i gamal tid. Det vart bygd klopper over tverråe og store bekkjer og fella over gorrblaute myrstrype og dipille. Elles har kløvvegane til setrene gjort seg sjølv med fottrakket av hest, fe og folk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

18 sidan Skåbu inviterte nikkers-adelen

nikkers

Folk vil ha varmekablar og luksus på hytta, var oppslag i Dagsrevyen 12. april 1998. 10 000 nye hyttetomter skulle leggjast ut i Oppland, og NRK hadde plukka ut Skåbu, som nå ville lokke til seg nikkers-adelen. Busetting og arbeidsplassar, seier ordføraren. Klikk på bildet for å sjå reportasjen.,

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Ikkje rart at Fron er ei turistbygd!

Ragnarovrelid

Ragnar Øvrelid har skrive historia om Fron i to bind. Foto: Rasmus Stauri

RAGNAR ØVRELID: I januar 1971, trur eg det var, kom Hans Petter Kleiven til Ålesund for å «selje Gudbrandsdalen» som turistmål. Han gav ei medrivande skildring av landskap og folk, han viste bilde, og han delte ut brosjyrar med barn i fargerike blomsterenger, med skiløparar som helste forbindtleg gjennom store panoramavindu inn til lett påkledde badedamer i innandørsbassenget på høgfjellshotellet. Eg søkte jobb på Gudbrandsdal gymnas, vi selde huset, pakka og reiste. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Fron ligger midt i smørøyet

untitled

Mange tok imot turister etter at jernbanen kom i 1896, bl. a. Alme Sanatorium.

ASBJØRN RINGEN: Middelalderens pilegrimer på Grytting og 2000-tallets snøbrettkjørere på Gålå har ett til felles: De gir arbeid til folk i Fron. De siste kaster nok mest av seg. Reiselivsnæringen har lange tradisjoner i Frons-bygdene. Siden slutten av 1800-tallet har frøninger fått en viktig del av sitt levebrød fra folk som av ulike grunner har besøkt bygdene våre, i hovedsak for rekreasjon. Fron ligger midt i smørøyet for reiseliv. Alt i middelalderen gikk hovedvegen fra sør til nord gjennom dalen. Da de første egentlige turistene kom på 1800-tallet, søkte de til  fjellet. Frons-fjellet er mildt og vakkert – og en tiltrekkende forgård til høyfjellsmassivene både på østsida og vestsida av dalen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Skotet gjekk av så måsåspruten stod

reinJOHAN DALSEG: Det var berre eit par dagar att av reinsjakta om hausten. Da var det naboen, Sigurd Dalseghagen, dukka opp. Han hadde reinsjakt, men ikkje fått dyr, og spørsmålet var om eg ville vera med til fjells. Eg sleit med influensa, og tvilen var der om eg orka med dette, for eg visste at det var ingen spasertur eg ga meg ut på, sterk og fjellvant og lett på foten som Sigurd var. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn