Tag Archives: fiske

«1889 Huttetu for vaar og veir!

Litt av kvart frå Vendalen

Vendalen

Først i august var det slåttetid på setrane. Folk reiste til kvea, og da kunne det bli mykje liv og røre før dei fekk høyet i hus. I låvane vart høyet liggjande for å bli køyrt heim på vinterføre. Høyet frå setra gjorde at dei kunne nytta meir av jordvegen heime til korndyrking.

BJARNE JETLUND: Vendalen er ei setergrend ca. 15 km frå Hundorp langs vegen mot Fagerhøi. Desse spreidde tankane frå Vendalen viser ein seterstul full av kulturminne. Desse er det viktig å ta vare på i den omforminga som nå breier seg innover fjellviddene. Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Setring

Noko jentemat var ikkje han Ellev Moen

Ivar Kleiven kunne teikne portrett! Her av ein stygg kar

R.Fot_.36793w

Ellev Moen var berre ein litenvorin kar, men nauende god og kraftig, ein vågal hardkavel. Noko bilde av hans finst sjølvsagt ikkje. Vi får ta til takke med denne bjørneveidaren frå Hoem bygdalag og sjå for oss ein grovsleg kar som vart rekna for stygg.

IVAR KLEIVEN: Ellev Moen var ein av dei beste jegarane som har vore ala i Skåbu, bjønnskyttar og fuglskyttar. Han var en grovslig kar og rekna for stygg. Attåt var han både kleis og leisp. Noko jentemat var ikkje han Ellev Moen. Far til ho som var kjerringa hans, tykte det tok overhand at ho Kjersti ville ha så stygg ein kropp. Ja, ho Kjersti kunne ikkje nekte for at han Ellev såg ut som ein bjønn. Bjønn? sa faren. Bjønn er vakker, han, imot han Ellev. Men ho Kjersti ville nå ha han Ellev likevel, og ho fekk viljen sin. «Nå har du vunne seier, Ellev!» sa ho Kjersti da dei kom ut av kyrkja og var vigde. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Jordbruk, Menn

Fiskebilen til John Lereggen

15128854_1249886751749648_7079785306237341712_o

Fiskebilen til John Lereggen ved Sandbakkrampa i Nedre Sødorp 1966. Bilde og tekst frå FB-sida til Paul Henrik Hage

Fiskebilen til John Lereggen var eit kjært innslag for både is-svoltne ungar og husmødre som lurte på kva dei skulle laga til middag. Ein humoristisk og slagferdig kar som spreidde mykje trivsel i grenda. John Lereggen (1907–1972) var frå kystkommunen Roan i Sør Trøndelag og kom til Otta i 1930. To år seinare følgde ektefelle og to barn etter. Familien fekk leige husrom hos Magnus Bismo. John Lereggen var det vi i dag kallar salsjåfør og køyrde fiskebilrute for Brødrene Lothe i Trondheim. Her kan du lese meir om han.

lereggen_john_700

John Lereggen tel pengar ein gong på 1960-talet. Bilde frå Jorunn Holen

Mange interessante reaksjonar på Facebook-sida til historielaget:

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder

Han sette plastbøtta bortpå omn

Rærin – ein ekte bygdeoriginal

Anton H. Reiret

Anton H. Reiret (1881-1964)

OLE CHRISTIAN RISDAL:  Presten Kyrre Bremer var flink til å vitje Anton. Ein gong han var innom, fekk han sjå at det hang bilete av nokre nakne damer over senga hans Anton. – Du har så fine damer over senga di, kommenterte presten. – Ja, men de e sjælda døm e ni sængen, svara han Anton. Anton Reiret var kanskje den største og mest kjende bygdeoriginalen i Skåbu. Her kan du lese om slekta hans, liv og virke og sjølvsagt ein del gode historier. Her kan du også høyre at Torger T. Risdal fortel om bygdeoriginalar i Skåbu. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Vindfrans og mageproblem

Om matkultur i Fron

Nr. 67  Slakting i Klevstadberget (Pers), Ingeborg O. Klevstadberget i hvit forkle, andre er ukjente

Slakting i Klevstadberget. Ingeborg O. Klevstadberget i kvitt forkle, Bilde frå Vegar Skar.

TORI VIRIK NØVIK:  Det er jordbruksprodukt frå eigen gard frøningane er fostra opp på, med mjølk, korn (bygg) og poteter (poteten etter tidleg på 1800-talet) som særleg betydningsfulle matvarer. Det var og naudsynt å ha råvarer som kunne lagrast over vinteren. Det er med andre ord ikkje så rart at stabburet har spela ei spesielt viktig rolle på gardane, sidan heile vinterforrådet skulle lagrast her. Stabbura var blant dei mest verdsette bygning på garden, noko som og kjem tydeleg fram i byggeskikken rundt nettopp stabbura. Få hus på gardane var så forseggjorte som huset der maten skulle bevarst heile vinteren. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Slagsmål om fiske i Gålåvatnet

Var like mykje verd som eit gardsbruk

Skjermbilde 2020-05-07 kl. 18.24.07

Oppslag i GD 11.2. 2015

Solveig og Pål Egil Rønn frå Sør-Fron har kjøpt aksjane i Gålå Eiendom as, melde Dølen i februar 2015. Salet frå Høegh Eiendom vart gjennomførd 30. januar. Høegh Eiendom hadde eigd Gålåvatnet sidan 1970-talet. Ifølge Dølen hadde ikkje Gålåvatnet vore på lokale hender på meir enn 100 år. Eit rikt fiskevatn det har vore strid om gjennom hundreåra. I Fronsbygdin 2014 skreiv Anders Haugen ein artikkel om elva Golo, der han også fortel litt av historia om vatnet. Det var i si tid like mykje verd som eit gardsbruk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under handel, Jakt og fiske, Verksemder

Bitende kald pilking

pilkDAGNINGEN 20. APRIL 1963: Pilking er populært, og det har Johan og Albert Rønningen i Hundorp også funnet ut. Nesten hver dag har de vært å finne på isen på Lågen, og fangsten har ikke uteblitt. Da dette bildet ble tatt, var det bitende kaldt, men det syntes ikke å sjenere dem det minste. De holdt varmen av bare iver, og ble det for kaldt, stampet de en runde rundt hullet. Dagens fangst ligger på isen foran dem, men det ble nok mer innen dagen var slutt.

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske

Den minste ungen i margarinkassa

letrud1OSKAR LETRUD: I den heimen eg voks opp, var vi ein syskenflokk på heile ti ungar. Når eg skal fortelja litt om oppveksten til denne flokken, tenkjer eg mest på dei som er barn og ungdommar i dag. Eg vil tru at for dei vil mykje av det eg fortel, stå fram som eit eventyr. Vinteren 1937-38 budde vi i ei stove nord om Rustberget i Nord-Fron, «Taugstuggu». Her budde mor og far og fem born på to små rom. Far hadde mura opp eit lite fjøs av gråstein, der det var plass til to kyr og ein kvigekalv. Attåt hadde dei 4-5- sauer i fjøset sør på Rustberget. Mor hadde fylt 35 år den hausten og gjekk med sitt sjette barn, ein gut som vart fødd 13 månader etter den førre ungen.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn, Setring

Dæ va ein stygg mann og ei stygg øks

Møt Londin – nok eit vidunderleg portrett frå Ivar Kleiven

vinster2ok

Var det slik fisk han kjempa for, Londin frå Sødorp? Solveig og Erling Rønning med ein rugg på 6,4 kg frå Vinstervatnet. Bilde frå fiskeguiden.no

IVAR KLEIVEN: På Londe i Sødorp var det på byrjinga av 1800-talet ein uturmåta stor og sterk kar, som ikkje nokon torde gå i kast med ein mot ein. Han dreiv mykje på fiskjing i Vinstervatna både somar og vinter, og enda valdersan var redde for han, hende det imellom dei prøvde å setja opp uggan. Ein gang vart det stole flesk og ein tom fiskekopp i bua hans, det var nok ikkje mange å gjera val på, tykte Londin, og så gjekk han beinast borti bua til tre valderse som låg ved eit av vatna og la dei ut for tjuveri. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn

Gårder i Fron: Bø

Her alet de opp Bøblakken, Lesjabron og  Dvergstenhingsten

bø2

Bø 1908: Foto: H.H.Lie/Maihaugen/Digitalt museum

GUDBRANDSDØLEN 1942: Bø i Nord-Fron har vært og er fremdeles en av de mest betydelige gårde i Gudbrandsdalen. Presten Hiothøy bemerker i sin beskrivelse:

Paa Gaarden Bøe har i de catholske tider staaet en Kirke, og endu staaer Døbekarret af Klæbersteen ved Kirkegaarden, hvor nu er brudt Ager. Der er og fundet Liigstene af Klæber, dog uden Indscription.

Kirkens døpefont beror på gården den dag i dag. Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn