Tag Archives: fele

Oppvarming

Varm opp til dagen med Mukampen, Gardemusikken og Gammel jegermarsj. Filma av Øyvind Svanevik.

Og kva med Skåburosa? Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Musikk

Spelmannen Arne Risdal til minne

Arne Risdal

Arne Risdal

ROGER SLÅSTUEN OG RASMUS STAURI: Arne Risdal døydde på Sundheim 31. mars, vel 92 år gamal. Han var spelmannsnestoren i Midt-Gudbrandsdalen, og folkemusikkmiljøet i Gudbrandsdalen har med Arne Risdals bortgang mista ein sentral person. Han var aktiv på så mange område for å ta vare på og føre vidare kultur- og musikkarven i dalen. Han brukte fela fram til dei siste åra, og interessa for og gleda over all musikk og kunst hadde han fram til siste dag. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Musikk

Minnesmerke i Fron: Kluften-støtta

kluftenstc3b8tte-avduking

Forfattaren Johan Bojer held tale ved avdukinga i 1943.

RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Relieff på Vinstra utført av Dyre Vaa i bronse på stein til minne om Pål Kluften (1888-1942), forfattar, musikar med meir. Avduka 22. august 1943 av Johan Bojer, som var både pådrivar for ei nemnd og avduka støtta. På grunn av utvidinga av Nedregate vart støtta teke ned og sett opp att på sørsida av kommunehuset. Det var ei markering i august 2002, der Arnfinn Engen heldt tale, det var kunstnarlege innslag, og det vart sagt fram helsingar.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn, Musikk

Torger Iverstugun – ein samansett kar

 

OLE CHR. RISDAL: Etter  andre verdskrigen var trekkspelet eit dominerande instrument i dansemusikken i bygdene våre, og fela vart kanskje ikkje halden så høgt. Ein gong Torger Iverstugun gjekk gjennom Vinstra sentrum med fela under armen, var det  nokre ungdomar som gjorde narr fordi han hadde fele. Da var Torger ikkje sein om å stoppe kjeften på slynglane: «Døkk e så domme døkk at ha domhæta vore «n sjukdom, som ha ti live tå folk, så ha døkk voré daue for leinjé sea». Spelemannen og komponisten Torger Iverstugun sette spor i den gudbrandsdalske folkemusikken. I 2008 vart det avduka ein bauta av han i Skåbu. På videoen ser du avdukinga.  Her kan du høyre han sjølv spele.  Denne artikkelen med mange gode historier fortel litt om kven han var og stod for.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Denna halin som ho daske og slæ mé

Redvald Fjellhammer. Teikning: Svein Tore kleppan

RASMUS STAURI:  «E ha besøk tå hulder`n alt i eitt. Det e é pen jente. Ho kom åt mé i natt au, é sat på sengjekanta – ho va sint da! Du kain kåmå i haug kå ru låvå mé, du, sa ho. Sjå på finger`n din, du, sa ho. Så kom é te å glåme på finger`n min og da ha é gullring på `om. Du ha ring! Du er forlåvå med mé au, du, sa ho. Du kain kåmå i haug det. Da skuvde é åt jentun, og da vart ho sint, og é ha itte sett ho sea. Men é e forlåvå me`n.»  Redvald Fjellhammer var storspelemann og fekk besøk tå hulder. Han var fødd i 1916 og levde til 1990. Fortelje- og speltradisjonen sin hadde han i særleg grad etter faren, Jonas Johansen (1876-1957). Redvald budde åleine i ei lita stugu i Øverbygda på Sør-Fron, og hadde fela som sin beste ven livet igjennom. Han tala eit svært godt bygdemål. I eit intervju med Sven Nyhus frå 1974 fortel han om huldra: Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Menn, Musikk

«Slik læt det på Fron»

JuniorspelleOLE CHR. RISDAL: I desse dagar er det 40 år sidan Anton Amundgård og Arne Risdal sette i gang med feleopplæring på Sør-Fron. I 1981 gav juniorspelemannslaget ut kassetten Slik læt det på Fron. Her er det mykje tradisjonsstoff frå Midtdalen::

Og sjå kven som deltok:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Musikk

Pionerarbeid som har bore frukter

c3b8vertun1

Øvertun 1976. Fremst sit leiarane Arne Risdal (til venstre) og Anton Amundgard. Bak frå venstre: Erik Bjørke, Arne Listad, Ola Listad, Øystein Skotte, Jon Håvard Brandvol, Kristin Veskje og Liv Jorunn Korstad. Året etter vart Sør-Fron juniorspelemannslag stifta. Seinare begynte Anton Amundgard med feleopplæring både på Harpefoss, Heidal og Sel. Arne Risdal heldt også kurs på Vinstra, sette i gang opplæring i heimbygda Skåbu i 1981, og hjalp seinare til med opplæring i Heidal. Skåbyggingane og heidølane slo seg saman i 2008, og er i dag grunnstamma i Mukampen spelemannslag. Dei kan tilmed kalle seg nordisk meister i folkemusikk!

OLE CHRISTIAN RISDAL: No i november er det 40 år sidan Anton Amundgard frå Sør-Fron og Arne Risdal frå Skåbu sette i gang pionerarbeidet sitt for å sikre rekrutteringa til felemusikken i Midtdalen. Ein var i ferd med å få ei forgubbing, og det var på tide å gjere noko. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Odd Kjorstad – ein sterk personlegdom

Odd Kjorstad på Sørheim mars 2013

Odd Kjorstad på Sørheim mars 2013

RASMUS STAURI: Odd Kjorstad frå Harpefoss døydde på Sørheim omsorgsenter i Sør-Fron 3. juli. Han vart vel 95 år og fekk eit langt og innhaldsrikt liv. Han arbeidde som lærar i fleire skuleslag, og den lengste arbeidstida fekk han som lærar ved Ringebu folkehøgskule, eit skuleslag som passa han godt. Men det var ikkje i pedagogikken hovudinteressa han låg. Odd Kjorstad var både kjent og velkjent i Gudbrandsdalen, og ikkje minst hadde han god kunnskap om jakt og fiske og dølens levevis gjennom tidene. Odd var ein fyrsteklasses skyttar, jeger og fiskar. Han var kunnskapsrik og ein intelligent mann – ikkje så lite av ein kunstnarnatur. Odd var musikalsk og var med i fleire sangkor, og ikkje minst folkemusikken dyrka han i Ringebu spelemannslag i vel 30 år og seinare i Harpefoss spel- og dansarlag. Han var ein habil spelmann og ein god dansar. Men framfor alt ein likandes kar, som blir både sakna og hugsa. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Spelemennene Jehans Knuta og Amund Grisibu

Gammal vals etter jehans KnutaRASMUS STAURI:  Høyr Sør-Fron spelemannslag med en vals i tradisjon etter Jehans Knuta. Vil minnet om dei gamle spelemennene i bygdene  bli gløymt i vår hektiske og travle tid? Dei er fargeklattar i eit samfunn der anglo-amerikansk kultur svevar over og inn i hovuda våre. For dei som i dag driv med fele- og trekkspelmusikk, er desse gamlekarane med på å gje identitet og lokal tilknyting. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Fellæte i Gullbransdala

skabujunior

«Fellæte gjor» eit riktig dugeleg framsteg i heile Gullbransdala siste parten tå 1700-tale.» Nokre år seinare: Skåbu juniorspelmannslag har fått eit oppdrag i samband med at kong Olav var her i høve ei krigsminnemarkering på Kvam, truleg i 1987 eller 1988. Med Olav Blekastad, Knut Håvard Iverstuen, Roar Morten Brenden, Roger Slåstuen, Oskar Johansen og Asgeir Dahle.

IVAR KLEIVEN i Fronsbygdin 1930: Fela va sjølsagt dæ instrumente som va best skikkja for å danse ette, men kå ti» ho kom i full bruk i Gullbransdala er dæ nok ingen som veit. Ho ska ha vore kjent i Nori» ti’leg i medeladra, men ein finn ho itte nemnt her i dala i 1600, likevæl er dæ rimeleg at ho kunn» vera brukt her og der fyry 1700. Pålag 1720 fekk «stadsmusikeren» i Oslo forpakta «instrumentalmusikken» synnafjells mot ei årleg avgift åt kongens kasse. Og alle spellmenn som vil låte te dans i bryllaup, aksione hell fri dans i bygdom synnafjells, laut pakte se spellmannsrett tå stadsmusikkera i Oslo. Les meir

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk, Musikk