Tag Archives: ekteskap

Fron er en ulykkelig og fordervet bygd

Eilert Sundt (t.h) hadde ein disputt med Per Chr Asbjørnsen (t.v) kalla Grautkrigen. Dei fann at ein duell måtte til. Asbjørnsen hadde som utfordrar rett til å velgje våpen, og han valde – magen! Til jubel frå publikum og duellantane sjølv klaska dei saman mage mot mage.

ELDRID BRANDVOL:  I Fronsbygdene var det ikkje noko uvanleg å ha både eitt og to barn saman før giftarmålet. Heller ikkje ser det ut til å ha vore til ulempe på ekteskapsmarknaden om ein hadde eit barn «fyryåt». Utan blygsel fortalte folk om barn født utanfor ekteskap, om folk som budde saman utan å vera gift, noko som var straffbart etter lova.  Bygdafolk flest såg ikkje på det å få barn utanfor ekteskap som ei ulykke. Det var helst blant dei «kondisjonerte» ei slik oppfatning var rådande. I Nord-Fron var det svært få personar av denne gruppa, og meiningane deira om samliv hadde vondt for å slå gjennom blant «almuen».  Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Gausdalskjempane gjekk ut av leiken med skam

 Foto: Splash/AOP

Ein av gausdølane etter skjølnadsdrammen? Foto: Splash/AOP

IVAR KLEIVEN: Amund Liltjem frå Kvam var ein overlag godkar, velvaksen, før og hardsett. Han fekk gifta si frå Jefse i Gausdal, og der på garden stod gjestbodet deira ôg. I desse tidene var det ofte det kunne gå noko vilt til i gjestboda, for det var støtt god råd på brennevin, og jamnt var det med gode karar, som hadde hug til å prøve einannan. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn