Tag Archives: dugnad

Bli med på eit triveleg bygdatun

Vel møtt til dugnad onsdag 10. mai

Godt lag på bygdatunet. Her frå ein open dag.

Onsdag 10 mai kl. 18.00 inviterer historielaget til dugnad på bygdatunet på Vinstra. Så blir det vent og grønt til brurepara kjem og skal fotograferast, til smårolligane kjem og får litt historie, og folk som køyrer forbi, ser at det er frodig og godt stell. Det kan bli ei triveleg stund med litt raking og bygdaprat og anna godt. Ta med rive og kopp, så kjem historielaget med kringle og kaffi. Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Pass deg for om´ Tor Graupslåen!

Far hans vart ihelskote, og sjølv kunne han binde eller løyse Fanden

fanden

Fanden eller Tor Graupslåen? Otto Sindings teikning til eventyret Fanden i nøtta

IVAR KLEIVEN: Tor Graupslåen skulle vera av fantslekt. Far hans, Jakop, rakte som langfant i ymse bygder til han vart ihelskote på fjellet mellom Fron og Valdres. Når Jakop helt seg roleg i heimbygda, budde han i Graupslåen og bar seg støtt for at han var låk, gjorde seg kreksot og armodsleg. Kvar gong han var ute og rakte etter dei gamle Kviknevegane og møtte folk oppå høgste åsane, der dei heldt kvile, var det ille vore med han, og da letta det svært for Jakop dersom dei slog på han ein dram av lommeflaska. Øyket han Jakop for og rakte med etter vegane, var støtt velstelt og holdaug, så den gjorde han ikkje synd på. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Sveltihelbruket som er for lite brukt

Eit stabbur frå Klukkargarden i Sør-Fron vart sett opp ved inngangen litt nord for dei andre husa. Entusiastane som bygde opp bygdatunet, prøvde å få til eit husmannsbruk, slik det var i Fronsbygdene. Nå står det her. Men problemet er – kva skal det brukast til? Foto: Carl Henrik Grøndahl

JOHANNES BRANDVOL: Milsteinstugu i Sødorp, som nå er bygdatun i Fron, må ha vore eit ekte sveltihelbruk, ei lita lykkje med skrinn og turr jord. Milsteinstugu må ha vore eitt av dei aller skrinnaste husmannsbruka «med jord.» Bruket nordafor, som hadde liknande ressursar, fekk namnet Pina, noko som fortel sitt. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk