Tag Archives: dans

Dei underbuande: Felespel ved Furusjøen

fursjoen

Sett rauluva rang på hovudet! Bilde frå Furusjøen rundt.

IVAR KLEIVEN: Huldra hadde godhug til å halde seg på setrene innover mot Furusjøen og Rondane, og det var ikkje lenge mellom kvar gong budeiene merkte at ho var framme. Så var det ein kveld mosefolket kom ned frå fjellet. Da fekk dei høyre levande friskt felespel oppe på ei haug.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Musikk

Bjørnen på Jostugusalen

53283_119993818065255_8263221_o

Jostugu låg opp frå elva Augla i svingen vest for butikken.

GUNNAR LIEN: I Jostugun var det alltid folk som rak innom for å få seg ein kaffikopp og slå av ein prat. Særleg var det populært blant karane å spela kort om kaffi. Det var nok mest kortspela 101 og 5-kort det gjekk i. Og oppe i andre høgda, på Jostugusalen, vart det arrangert dansefestar. Pipa stod midt i huset slik at dansen gjekk rundt pipa. Men Mathea som var stor og før, kunne vera ei ganske så bestemt vertinne. Det vart sagt at på ein ball eingong var det to karar som rauk i hop og slost. Da vart Mathea så harm at ho tok ein under kvar arm, og bar dei med seg ut på garden. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Verksemder

-E spæinne hol ti bassen din!

Harald Rudi med bassen og musikarar i tryggare miljø. Foto: Torbjørn Mathisen/Vegar Skar

Harald Rudi med bassen og musikarar i tryggare miljø. Foto: Torbjørn Mathisen/Vegar Skar

HARALD RUDI: Eit ungdomslag i bygda skulle feire jubileum, huset gav seg sjølv, ei lang rad menneske var invitert, gamle som unge. Feiringa gjekk føre seg midt i femtiåra. Her vart servert tradisjonell landsens mat – rumgraut og spekemat, drikke var heimebrygd øl. Stemninga steig etter kvart, og på full mage skulle festlyden ta til med gamaldans. Festen gjekk retteleg fint utover kvelden og natta, men så kom festkomiteen på at det kunne smaka med mat att. Grauten og spekematen kom fram andre gongen, og alle fekk ei god pause. Men med ny energi laut festen halde fram.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Skulestova har vore ein fin arbeidsplass!

«På den tida dreiv kommunen ein realskule på Furuheim. Der skulle læraren i fysikk og matematikk stelle i stand sprengstoff til første mai. Han blanda i hop svovel, kol og andre nødvendige ingrediensar. Då blandinga eksploderte under prosessen, vart han blind for ei tid. Slik hadde det seg at eg vart spurt om å vikariere. «

NILS OS FORTEL TIL OTTAR HOVDE: Det første møtet med Fron vart heller dramatisk. Ettersom kona mi, Else, var bunden opp av ein lærarpost på Vestlandet, kom eg åleine til Vinstra stasjon ein regnversdag i midten av oktober hausten 1945. På stasjonen fann eg ein buss med 25 sete, men dei var alle opptekne, så eg hamna på eit reservehjul oppe på taket saman med tre staute karar frå Kvikne. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Så la meg få en kule her!

Desse karane i Vinstra skyttarlag var 40 år for seint ute til festen. Foto: H.H.Lie

PER AASMUNDSTAD skreiv eit fantastisk dagboksnotat onsdag 8. oktober 1862, der han skildrar ein skyttarkonkurranse med påfølgjande fest. Her er det mykje punsj, salutt, song, ein taletrengd prest og ikke så reint lite nasjonalt patos:     Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Idrett

Reir for dei revolusjonære og for kaksane

Kaksereiret på Vinstra. Sommaren 2010 vart Bøndenes Hus lagt ut for sal. Etter det GD erfarer vart det bodrunde mellom Arne Wadahl, Gudbrandsdal Energi og ein person frå Skjåk. Til slutt fekk Wadahl  det for 1,2 millionar kroner. Arne Wadahl vil pusse det opp og drive utleige. Foto: Knut Storvik, GD

RAGNAR ØVRELID: Dei staselege bygningane Folkets Hus og Bøndenes Hus på Vinstra, berre eit par steinkast frå kvarandre, bygde omlag samtidig, står i dag som monument over det klassedelte fronssamfunnet i mellomkrigsåra. Det var utenkeleg den gongen at arbeidarlaga og «distriktets jordbruksinteresser» skulle ha gått saman om eitt forsamlingshus. For bøndene stod Folkets Hus som symbol på revolusjonære omveltningar i bygda, på dei nye tider som hadde rista det gamle maktgrunnlaget deira. For arbeidarar og småbrukarar var Bøndenes Hus eit kaksereir, eit fortidsminne om herredøme over bygda. Les meir

2 kommentarar

Filed under Verksemder

Stal Johannes pengane på nikkelverket i Espedalen?

nikkelverket

Styrar David Forbes måla nikkelverket i Espedalen. Ill henta frå boka «Nikkelverket i Espedalen» av Iver Forseth, Dølaringen boklag 2004.

IVER FORSETH: Midt i oktober 1849 var det fest på nikkelverket i Espedalen, og det kom mye folk for å slå seg laus på den nye dansesalen. Det ser ikkje ut til at leiinga ved verket har hatt noko med denne festen å gjera. Styraren, David Forbes, var ikkje der. Ved to-tida om natta var dei fleste gått til sengs. Da overstigar Fahlvig kom til kontorbygningen tidleg måndag morgon, var døra broten opp, og den store pengekista på kontoret til Forbes var stolen. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder