Tag Archives: bygdatun

Per Gynt på bygdatunet

bt1

Reidar Stangenes med stemnefolk på bygdatunet. Foto: Arne Hernæs

Mykje godtfolk var innom bygdatunet laurdag 6. august – på ei vandring i Per Gynt sitt nærmiljø. Som det heiter i programmet for Peer Gynt-stemnet: «Reidar Stangenes vil ta oss med på ei vandring, der vi får eit overblikk over gardane og stadene Ibsen brukte for å skildre oppveksten til Peer. Vi går til bygdatunet, der vi får høyre om inspirasjonskjeldene.»  Og på bygdatunet var det kaffi og kringle. Stemnet anbefalte  denne vandringa til alle som vil setje Peer Gynt ved Gålåvatnet i perspektiv og få eit enda nærare forhold til Per på Hågå. Kanskje blir det ny vandring neste år.

bt2

Foto: Arne Hernæs

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Sveltihelbruket som er for lite brukt

Eit stabbur frå Klukkargarden i Sør-Fron vart sett opp ved inngangen litt nord for dei andre husa. Entusiastane som bygde opp bygdatunet, prøvde å få til eit husmannsbruk, slik det var i Fronsbygdene. Nå står det her. Men problemet er – kva skal det brukast til? Foto: Carl Henrik Grøndahl

JOHANNES BRANDVOL: Milsteinstugu i Sødorp, som nå er bygdatun i Fron, må ha vore eit ekte sveltihelbruk, ei lita lykkje med skrinn og turr jord. Milsteinstugu må ha vore eitt av dei aller skrinnaste husmannsbruka «med jord.» Bruket nordafor, som hadde liknande ressursar, fekk namnet Pina, noko som fortel sitt. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk