Tag Archives: bunad

Historia om eit dynetrekk

Korleis Steberg-bunaden vart til

bunad2

Den fyrste som fekk Steberg-bunaden, Dagny Bø Tøndevold 1970. Foto: Ellen Steberg

KIRSTI KREKLING: I 1940-åra vart det funne att eit brodert ulltrekk på ei underdyne på garden Steberg. Det er vanskeleg å tru at dynetrekket kan vera tenkt til anna enn eit stasplagg – eit skjørt eller ein livkjole. Broderte bunader i dag har førebiletet sitt i draktskikken prega av rokokko på slutten av 1700-talet og tidleg på 1800-talet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Oss gjekk å les – konfirmant i 1946

4 km på føtene, 3 km på sykkel og så bilsjuk på buss

letrudOSKAR LETRUD: Konfirmanttida starta den gang med at vi møtte i Sødorp kyrkje til innskriving på ein tirsdag etter påske, der vi møtte prost Bjarne Nordrum,(1883-1962). Av folket var han nemt Nordrumen. Han var prest i Nord-Fron frå 1925 til han gjekk av i 1953, i tillegg var han prost i Midtre Gudbrandsdal prosti fra 1933 til 1952. Om vi var ein tur på Vinstra og møtte presten som bestandig hadde på seg svart dress og som ofte berre gjekk og trilla sykkelen sin, så var det vanleg å hilse pent, og da letta han på hatten. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn