Tag Archives: bøker

Møt Øystein Hov som fortel om far sin

Lansering av Fronsbygdin 2016 på Nord-Fron bibliotek torsdag kl 19

hov

esdwipflttgasugbdmmqngrndd4qbv06dbtih2zgqquq

Øystein Hov

Sverre Hov var prest i Sør-Fron i 24 år frå 1950 til 1974. Øystein Hov teiknar eit portrett av far sin, når historielaget lanserer den 13. utgåva av Fronsbygdin torsdag 3.november kl 19.00 på Nord-Fron bibliotek. Det blir underhaldning ved elevar frå landslina i folkemusikk på VVS, gjennomgang av boka ved redaksjonssekretær Gard Espeland.  I biblioteket er det også ei utstilling av medlemmer i Vinstra målarklubb, som har vore aktive i 40 år. Ola Holen har skrive jubileumsartikkelen i Fronsbygdin: 40 år med pensel og palett. 
Kaffi og «biteti» og boksal. I tillegg til Fronsbygdin 2016  kan du kjøpe eldre årgangar for berre 100 kr. Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Hol i bokylla?

img_0018Manglar du nokre årgangar av Fronsbygdin? Når du kjem på lanseringa i biblioteket på Vinstra torsdag 3. november, kan du gjere eit kupp. Der får du kjøpt gamle Fronsbygdin for berre kr 100! Her finn du innhaldet i bøkene.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Ein varm arbeidsplass

ge1Gudbrandsdal Energi har gjeve ut ei flott og interessant jubileumsbok om dei siste 25 åra, skrive av Ingar Sletten Kolloen, Asbjørn Ringen og Håkon Sveen. Ho er gratis. Du kan få ho m.a. på biblioteka. Ein kan mistenkje at Håkon Sveen har prata med mange og samla gode historier, for boka er full av dei. Her er ei: Les meir

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk, Verksemder

Send melding til Marit

Så får du Fronsbygdin 2016 i postkassa

fbfjellVil du ha årboka Fronsbygdin 2016 tilsend i posten, meld frå til Marit Taarud Kirknes, epost: taarud@online.no  I år kan du mellom anna lesa om Hans J. Sandbakken i Nedre Sødorp, ein av dei siste mjølkeprodusentane på småbruka i dalen.

fjos

Anton Løkken skriv at av og til kan det vera godt å stoppe opp litt og tenkje etter korleis lokalsamfunnet var for berre få tiår attende. Du får boka i postkassa etter at ho er presentert på biblioteket Vinstra torsdag 3. november kl 1900.

2 kommentarar

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Noko å sjå fram til!

Fronsbygdin 2016 levert frå trykkeriet

tre

Klar med Fronsbygdin 2016 – leiar i historielaget Ellen Steberg, redaktør Rasmus Stauri og nestleiar Knut Ulberg. Foto: Carl Henrik Grøndahl

Han er vel nøgd, redaktøren av Fronsbygdin, Rasmus Stauri, med boka som kjem i år. -Her er noko for alle – om oppvekst på eit småbruk i Ruste, om ein frøning i gapestokken og hærverk på Prinsehytta i Sikkilsdalen. Mellom anna. Fleire fargebilde enn nokon gong. Du kan møte boka på lanseringa på biblioteket Vinstra torsdag 3. november.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Ettertrakta bok!

14340067_10210803825758215_720731290_o

Einar Hovdhaugens viktige bok frå 1974, Gardar og slekter i Fron i to bind, utgjeve av Fron historielag, er no til sals på eBay for omlag 2200 kr. Eller du kan få dei på amazon.com for ikkje mindre enn $280. Ikkje dårleg. Bind 2 om Nord-Fron er utseld frå historielaget, så her er det berre å slå til. Bind I kan du få kjøpt for kr 250 frå oss. Litt rimelegare. Men skal vi vere ærlege, er det nok mykje rimelegare å gå til Nasjonalbiblioteket på nett. Her kan du lese bind I på nettet. Og her bind II.

Éin kommentar

Filed under Informasjon, Jordbruk, Kunst og handverk

Framleis tid før jul

pris.jpg

Mangt å lese og koma i hug i Fronsbygdin 2015

Her kan du sjå hva boka i år inneheld. Vil du lese kva Dølen meiner om Fronsbygdin? Kari Bay Haugen rapporterer frå lanseringa her. Vil du vere med Per Tofte i Nidarosdomen? Eller Vemund Hagen opp til Litjgardskarane? Du finn mykje godt stoff å kose deg med i Fronsbygdin 2015. Du får boka hos Libris Vinstra og i dei fleste daglegvarebutikkane. Eller du kan tinge ho hos Marit Taarud Kirknes: taarud@online.no

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Skaff deg bestseljaren!

FBlibris

Ingen bøker sel betre enn Fronsbygdin før jul, fortel Vegard Asphoug i Vinstra Libris. Foto: Carl Henrik Grøndahl

Ikkje overraskande at det første du møter når du kjem inn til Vinstra Libris, er ein diger stabel med Fronsbygdin 2015. Det er boka folk vil ha. Ho går unna. Rundt 200 blir selde her berre i november. Du kan ôg kjøpe ho i dei fleste daglegvarebutikkane i Fron. Her kan du sjå hva boka i år inneheld. Vil du lese kva Dølen meiner om Fronsbygdin? Kari Bay Haugen rapporterer frå lanseringa her. Vil du vere med Per Tofte i Nidarosdomen? Eller Vemund Hagen opp til Litjgardskarane? Du finn mykje godt stoff å kose deg med i Fronsbygdin 2015.

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

-Her oser det av god lokalhistorie

dolenfb-Informasjon som gir lesere av Fronsbygdin en mye større forståelse og opplevelse av bygda og folket som bor og bodde her, skriver Tor Larsen i sin anmeldelse av Fronsbygdin 2015 i Dølen. -Her oser det av god lokalhistorie og godt lagarbeid fra perm til perm. Viktig lokalhistorie ville gått i glemmeboka om det ikke hadde vært for Fronsbygdin.

-Redaksjonen etterlyser flere unge og kvinnelige skribenter, men det har vel bygdebokredaksjoner gjort i snart 100 år, og bidragene fra de unge og kvinnene i årets utgave er der. Både historien om Liene skole og Sør-Fron sanitetsforening er ført i pennen av kvinnehender på en måte som burde invitere flere til å gjøre det samme, skriver Tor Larsen.  Han mener at Fron historielag hadde ei flott ramme rundt boksleppet og var attpåtil såpass rause at de spanderte kål på alle og enhver som hadde satt av kvelden til fordypning i lokalhistorisk stoff. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur

Bli med TvØst på bokslepp

Møt Guri Skurdal, Vemund Hagen, Per Tofte og Rasmus Stauri i samtale med Kari Bay Haugen og hugs boka er nå til sals!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Litteratur