Rekordframmøte da Fronsbygdin 2019 vart lansert på Dale-Gudbrands gard i går kveld. Over 100 var til stades og fekk ein triveleg kveld med gode ord og tonar. – Årets bok er mangfoldig, på 176 sider med mange ulike tema, tre lengre artiklar og mykje småstoff i balanse frå Nord- og Sør-Fron, seier redaktør Rasmus Stauri. Får du ikke kjøpt boka i butikk, ta kontakt med Nina Berge Rudi på ninarudi@online.no. Så får du boka i posten. Her er innhaldet:
Tag Archives: bøker
Her er boka!
Filed under Informasjon, Kunst og handverk
Theodor Caspari – ein diktar i Fron
Skåbu og Espedalens diktar skapte uttrykket ”Jotunheimens forgård”

Sommaren 1984 vart bysta over Theodor Caspari, laga av Joseph Grimeland, reist og avduka på Storhøliseter, der Caspari heldt til i nesten 40 år, kvar sommar frå århundreskiftet i 1900. Foto: Carl Henrik Grøndahl
RASMUS STAURI: Ein diktar som knappast er omskrive i litteraturhistoriene, men som såg på Fron som sin andre heimplass, trengst å bli vekt til live att og bli lesen. Theodor Caspari skreiv 25 bøker i ulike sjangrar. Han var litteraturmeldar i meir enn ein generasjon. Han skreiv frå 1880 fram til andre verdenskrigen, og vart heile 95 år. Denne mannen er ikkje nemnd med eitt ord i den siste utgave av ”Norsk Litteraturhistorie”. Denne artikkelen trekkjer fram sider ved forfattarskapen. Les meir
Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn
På Steig voks det opp sterke folk
Historia om kongsgarden i Fron
EIVIND LUTHEN: Litt attendetrekt på eit høgdedrag ruver det gamle maktsenteret Steig over Hundorp. Ein gong fostra denne garden ein konge, og garden gav også landet ei dronning. I fleire hundreår spelte Steig ei viktig rolle i norsk rikshistorie. Om eg driv med store ord? Ikkje om ein skal tru Snorre, ulike skadekvad og Gulatingslova.
Filed under Biografiar, Jordbruk, Kunst og handverk, Litteratur
Ikkje vent for lenge!
Fronsbygdin 2018 kan snart vere utseld

Fronsbygdin 2018 ligg godt saman med dei spreke bestseljarane hos Libris Vinstra. Men det er ikkje så mange bøkene att. Foto: Carl Henrik Grøndahl
Årets utgåve av Fronsbygdin er truleg ei av dei beste nokon gong. Det kjem ôg til syne i salet. Snart ikkje bøker att på lageret, så skal du sikre deg boka, bør du ikkje vere for sein. Innhaldet ser du her: Les meir
Filed under Informasjon, Kunst og handverk
«Fantasi og tankar om noko nytt»
Fronsbygdin 2018 ventar på deg

Leiar i Fron historielag, Ellen Steberg, var på plass på julemarknaden på Rudi Gard. Foto: Carl Henrik Grøndahl
Fekk du ikkje med deg Fronbygdin 2018 frå julemarknaden på Rudi Gard sundag? Du kan tinge boka direkte frå Nina Berge Rudi: ninarudi@online.no. Eller kjøpe ho hos Libris Vinstra eller nokre daglegvarebutikkar. Nokre stader kjem det ôg ein seljar på døra hos deg. Ta godt imot. Kjøper du boka, får du ikke berre framifrå lesestoff, du er ôg med på å støtte eit særs viktig arbeid med å ta vare på lokal identitet og historie. Det i hovudsak tre hovudformål med boka, seier redaktøren Rasmus Stauri:
- styrke lokal identitet og kunnskap – skjerpe sansen for eige beste, utan å bli snever og trongsynt. Fronsbygdene er ein del av Gudbrandsdalen, som er ein del av Oppland, som er ein del av kongeriket og ein del av Europa og verda.
- gi kunnskap til komande slekter, da synspunkt og framgang skal byggje på kunnskap. Utan kunnskap og ei fagleg haldning i botn er det verre å byggje ei framtid. Kunnskap og fag er også eit grunnlag for fantasi og tankar om noko nytt.
- håp om å nå hyttefolk og andre som kjem hit og blir glade i området. «Alt blir forvitneleg berre du veit noko om det», skriv Ivar Aasen.
Og boka i år er truleg betre enn nokon gong. Tone Sidsel Sanden, redaktør i avisa Dølen, trekk fram eit døme:
Olaug Askheim Aas sin artikkel om barndomsminner fra Elvenes i Skåbu er et godt eksempel på hvordan utfløtte på en god måte kan bidra med historier fra oppvekståra i Fron og viktig lokalhistorie.
Her er innhaldet i boka: Les meir
Filed under Informasjon, Kunst og handverk
Godt gjennomarbeida!
Avisa Dølen om årets utgave av Fronsbygdin
Odd Jan Skriubakken briljerer for tredje år på rad med sin kunnskap om de små bygdereppene og husmannsplassene på baksida i Sør-Fron, skriver Tone Sidsel Sanden i Dølen i en meget positiv omtale av Fronsbygdin 2018. – Godt gjennomarbeidet håndverk, og flere av artiklene bærer preg av å være rene gravejournalistikken. Her er alt fra stutte, gode historier fra liv og drift på garder og setrer til lengre artikler. Fronsbygdin står støtt og stødig, slår Dølen fast. Her er redaktørens tanker etter 15 års arbeid med bygdeboka.
Filed under Kunst og handverk
Fronsbygdin i 15 år
Tankar ved 15- årsmerket

Gard Espeland, Rasmus Stauri og Per Ottesen presenterte Fronsbygdin i 2014. Foto: Foto: Kristin Veskje GD
RASMUS STAURI: Grunna den svært tunge og triste hendinga i Nord-Fron dagen før lanseringskvelden 1. november vart ikkje desse oppsummerande orda sagt fram på Nord-Fron bibliotek. Der og da kjendest det rett. Det er ei tid for alt. Dei frammøtte markerte den sorga med stille i eit minutt etter oppfordring frå leiar i historielaget, Ellen Steberg. Derfor blir desse få orda lagt ut på heimesida til historielaget i ettertid. Det kjendest likevel godt å møte kvarandre rundt lokalhistoria og ta imot ei ny utgåve av Fronsbygdin. Les meir
Filed under Kunst og handverk
Nå er ho her!
Tjukk og god Fronsbygdin 2018
Bortimot 80 møtte fram på Nord-Fron bibliotek i går da jubileumsutgåva Fronsbygdin 2018 vart lansert. Her kan du kose deg med å lese om jula som begynte ein time for tidleg, om Fron kvinneforum, om dragdokka og barndomsminne frå Elvenes i Skåbu. Blant mykje anna. Du kan få boka tilsend ved å kontakte Nina Berge Rudi på epost: ninarudi@online.no. Eller kjøpe ho hos Libris på Peer Gynt-senteret Vinstra. Eller i fleire daglegvarebutikkar. Boka kostar 250.- kr.

Godt frammøte for Frondbygdin 2018. Foto: Rasmus Stauri.
Filed under Informasjon, Kunst og handverk
Kanskje den beste boka til nå?
Fronsbygdin 2018 lanseres med ein kulturkveld på biblioteket Vinstra torsdag 1. november. Redaksjonen skriv:
I år er det 15 år sidan vi gav ut den fyrste årboka. Dette er difor ei jubileumsbok med ekstra mange sider. Det var våren 2003 at den fyrste årboka kom. Mange historieinteresserte hadde nok lenge tenkt at det var for gale at ikkje også Fron hadde si eiga bok, når nesten alle bygdene i Gudbrandsdalen hadde det. Det som skulle til, var berre at nokon tok initiativet, og at vi hadde tilgang på produksjonsutstyr, slik at mykje av det praktiske arbeidet kunne gjerast kostnadsfritt. Les meir
Filed under Kunst og handverk, Litteratur
Møt guten som vart send til Fron
Holberg kjem på besøk til Dale-Gudbrands gard. Du er velkomen, du ôg.

Utanfor Nationaltheatret i Oslo, står han, Ludvig Holberg, saman med to av rollefigurane sine, Pernille og Henrik. Statua av Dyre Vaa vart avduka i 1939.
Bli med attende til 1600-tallet og møt ein gutunge som vart send til Fron frå Bergen. Han hadde mista foreldra sine, og verdiane i familien forsvann i ein brann, så 12 år gammal måtte Ludvig bu hos ein slektning på prestegarden i Fron. I to år. Dei to åra Ludvig Holberg var her, sette spor i forfattarskapen hans, sjølv om han nok mislikte seg blant frøningane. Og fredag 21. september kjem Holberg-klubben i Bergen på besøk til Dale-Gudbrands gard. Kl 20 er det kveldarrangement opent for alle. Her får du 1700-talsmusikk med Ringebu-kvartetten og forteljinga om Holbergs unge liv i Bergen og på Sør-Fron prestegard i åra 1696 til 1698. Fin bokutstilling med fleire fyrsteutgaver frå det rike forfattarskapet. Arrangementet er samarbeid med Fron historielag og Hundorp Kultur. Vel møtt på Dale-Gudbrands gard fredag 21.9. kl 20! Fri adgang.

Mange frøningar vil hugse det store Holberg-jubileet i Sør-Fron i 1998. Ein markerte og feira at det var gått 300 år sidan diktaren Ludvig Holberg måtte reise frå prestegarden attende til Bergen. Her ser du skodespelar Frode Rasmussen som Holberg og sokneprest Knut Kvidaland som seg sjølv i prestegardshagen.
Filed under Biografiar, Informasjon, Kunst og handverk, Litteratur, Menn