Tag Archives: bilde

Kamsfossen

kamsfossen

Kamsfossen

OLE CHR. RISDAL: Her er det siste Sigmund Hernæs-måleriet frå bygdahuset i Skåbu. Kva som er opphavet åt namnet på fossen, er det nok fleire som har grunna på. Frå gamalt åtte Kampesetra all jordvegen nedover til Kamsfossen. Det er da lett å tru at garden og fossen har samband med kvarandre. Men bokstaven «p» har ikkje vore med i namnet korkje i skrift eller tale til vanleg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Verksemder

41 måleri

Sigmund Hernæs. Foto: Arne Hernæs

41 måleri av nesten alle gardsbruka og setrene i Skåbu og Tverrbygda, ei fantastisk gåve til bygdahuset i Skåbu frå Sigmund Hernæs, er nå samla på ei side her på denne bloggen til Fron historielag. Med gardsnamn og noko historikk. Du finn ôg sida nede til høgre – under Einbu-samlinga.

 

Éin kommentar

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Dei ti siste Hernæs-måleria

OLE CHR. RISDAL: På veggane i bygdahuset i Skåbu heng det 40 måleri av gardar i Skåbu og Tverrbygda, i tillegg til nokre bilete av den flotte naturen i og rundt Skåbu. Ei fantastisk gåve frå Sigmund Hernæs! Han var ein utruleg allsidig og produktiv mann. Som mange veit, var det som lærar  han kom til fjellbygda i 1932, og tente yrket i om lag 40 år. For ein del år sidan kom Håkon Sveen med fotografi av heile samlinga. På denne sida har vi lagt ut 31 av måleria. Du finn dei her, her, her og her.  Her kjem dei ti siste. Men vi har nokre bilete til på lur!

vinsterlia1

Midtre Risdal (Vinsterlia). Johannes Søre Risdal f. 1865, gm Karen Erlandsdotter Skabo f. 1863, arva gammelstugua som stod att der den samla Risdalsgarden stod. Han sette opp att denne ved bygdevegen og starta  med landhandleri og postopneri. Seinare bygde han på og begynte med pensjonatdrift. Gå inn på bilde og lyd og les meir om Vinsterlia under bilete frå Skåbu.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk

Godbitar

potetsetting

Brit Storholm Slapgard: Lars Fagervold med oldemor Hulda Myrvold som «sett eple». (Foto: Oddmar Myrum//Vegar Skar)

Den store dugnaden med identifisering av nyare lokalhistoriske bilde held fram på Facebook-sida. Det er mange godbitar! Her er ein av dei. Eit fantastisk bilde og tidsdokument.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Tida er inne. Fram frå glømmeboka!

Vegar Skar

Ta kontakt med Vegar Skar!

Har du gamle foto frå Fron av historisk interesse? Fron historielag skannar dei for deg. Gamle negativ eller glassplåter? Inga hindring. Laget digitaliserer òg gamle filmar med allmenn interesse. Ta kontakt med Vegar Skar, tlf 61296783 eller 90735767. Du får dei att digitalisert på ein CD, historielaget får retten til å bruke dei i publikasjonar og på nettet. Foto i eit album blir skanna utan at ein treng ta dei ut. Og gamle foto som er skadde, kan ofte reparerast med Photoshop. Lesarane på Facebook-sida gir ofte god hjelp til å kjenne att folk og stader på gamle bilde som blir lagt ut der. Historielaget har etter kvart bygd opp ei stor fotosamling, som kjem til å få stor verdi i framtida. Vegar Skar har halde på i meir enn fem år med dette arbeidet. No ventar han berre på deg.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Vegar Skar og 37 000 foto

Vegar Skar

Vegar Skar – klar til å skænne fleire bilde.

Han har gjort eit uhorveleg stort arbeid for lokalhistoria i Fron dei siste 4-5 åra. Det er ingen annan måte å seie det på. –Eg vart spurt av Fron historielag om eg ville, seier Vegar Skar, – og sjølvsagt ville eg det.  Så kosta laget på han skikkeleg utstyr, og nå har han «skænna» bortimot 37 000 foto  frå ulike familiealbum. Trettisjutusen! Det tar om lag tre minutt å «skænne» eit bilde. Så da er det berre å rekne ut. Det skulle  bli 111 000 minutt, dvs 1850 timar, eller omlag eit heilt årsverk. Les meir

2 kommentarar

Filed under Kunst og handverk