Tag Archives: bil

Den fyrste som etablerte seg på Lomoen

Men gutungen Erling Rolstad måtte gå på fattigkontoret

Skjermbilde 2017-05-19 kl. 12.30.53HANS ODENRUD: Far til Erling Rolstad gjekk konkurs, og for ein familie var ein konkurs den gongen ei langt meir dramatisk hending enn i dag. Famlien var sett heilt på bar bakke. Dei leigde fyrst eit hus i Nannestad, med også det vart for dyrt, og familien enda som det heitte den gongen «på forsorgen». Eit kaldt og trekkfullt loft vart bustad for to vaksne og fem ungar i tre år. Erling vart fødd i 1923. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

Ein varm arbeidsplass

ge1Gudbrandsdal Energi har gjeve ut ei flott og interessant jubileumsbok om dei siste 25 åra, skrive av Ingar Sletten Kolloen, Asbjørn Ringen og Håkon Sveen. Ho er gratis. Du kan få ho m.a. på biblioteka. Ein kan mistenkje at Håkon Sveen har prata med mange og samla gode historier, for boka er full av dei. Her er ei: Les meir

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk, Verksemder

Mangt og mykje anna enn mjølk

Eit under kva mjølkebilen fekk med seg

mjølkebil

Paul Henrik Hage: Mjølkebilen ved Kjørkjesletta, Sødorp 1953. Petter Brandvold/Nordgard nærmast, Oliver Beitmyren med grå hatt og pipe, Jon Steinhaugen ved sida av med ljos hatt, Ella Solbrå til høgre for Jon, Vegard Hage ved muren, Ragnvald Nygård er sjåføren som klatrar opp, Paul Lillegård/Skoghyttun og Ivar Løkken/Lykkjom med ryggen til bak bilen, Jon Bergset høgst på lasset, Astrid Korsgarden på sletta, Odd Iversen bak Jon Steinhaugen, Synnøve Solli lengst til høgre på planet, Anna Tokse til venstre for Maria.

Mjølkebilen var litt av eit fenomen og noko for seg sjølv. Dette bildet frå Paul Henrik Hage seier meir enn mange ord.  Mangt og mykje anna enn mjølk frakta bilen på gjennom mange år, fortel Margit Lykkjom. Det var fullt av folk oppå lasteplanet, dei sat på spann og over alt, stod på stigbretta, unge som gamle. Vil du vera med, så heng på. Det var trauste og uredde sjåførar ved rattet. Vi får håpe det ikkje gjekk fortare enn 30 km/t. I dag hadde nok sjåføren mista førarkortet med eit slikt lass. Ole Petter Øyen har eit anbod frå 1947 på mjølkekøyringa. Herrane Øien og Skåden ville ha kr 3.50 for ein person frå Vinstra til Fryvoll: Les meir

2 kommentarar

Filed under Kommunikasjon, Setring

Førarhuset i bilen var soverom

rolstad

I 1947 hadde Erling Rolstad skrapa saman pengar nok til ein gammal lastebil. Det vart starten på ei stor entreprenørverksemd. Han var aktiv i firmaet heilt fram til juni 2012, da han gjekk bort nestan 89 år gammal. Bilde frå familie og heimeside.

HANS ODENRUD: Ti år gammal tok Erling Rolstad jobb som pelsdyrrøktar ved sida av skulegangen. Da han vart ferdig med folkeskulen, fekk han arbeid som gardskar og tømmerhoggar på Solbrå. Her vart han verandre i fire år. Erling arbeidde jamt og trutt, og han spinka og spara. Han hadde sett seg eit mål. I 1947, 24 år gammal, hadde han pengar nok til å kjøpe ein gammal lastebil av Trygve Wadahl. Frå nå av var han med i konkurransen om kjøreoppdrag, men det var ingen lett bransje den gongen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder

Mjølk frå Fron vart til folkevogner

Litt om ost og handelspolitikk – og årsmeldinga frå laget

casein

Hit, til Gudbrandsdalens Caseinfabrik på Tretten, kom kjuka frå Fron, vart tørka og send til Tyskland. Så kom det folkevogner att. Bilde frå Maihaugen/Digitalt museum. Foto: Elstad

Raudost er ikkje ost, kunne Asbjørn Ringen fortelje på årsmøtet i historielaget. For ostestoffet, kjuke som det heiter i Gudbrandsdalen – eller kasein med proteiner og aminosyrer – er tatt ut. Kva gjorde dei så med ostestoffet i Fron etter at raudosten var laga? Sende det til Gudbrandsdalens Caseinfabrik på Tretten. Der tørka dei det og eksporterte det til Tyskland, der det vart knappar og kleshengjarar av mjølka. Etter krigen, da det var importrestriksjon på bilar, vart kaseinet bytta mot folkevogner.  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Verksemder

Utsynet over Lomoen – åååå

Ikkje noko nytt tema. Her er Tobben (Torbjørn Mathiesen) i revyen Væl tynt  1982. Attpåtil er det livsfarleg å vere pensjonist på Vinstra.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk, Musikk

Tid og føre for brøyting på fjellet

Godt at redskapen har blitt litt betre. Bilde frå Riksarkivet.

broyte

broytside

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon