Det var så godt som veglaust i Espedalen

Olstappen. Buom mot almenningssaga. Dette er neddemt i dag. Olaug Askheim Aas: Meiner vi sit ved restane etter fjøset til Mari og Hans Buom, dei siste fastbuande der. Bildet viser Sigrun, f. Elstad frå Eidsvoll, på fanget sit Olaug Askheim og til høgre Gudrun Askheim. Almenningssaga i bakgrunnen vart fløtt til Nørdre Hølmyren i 1950-åra. Idyllen Elvenes ligg nå under fleire meter vatn ved oppdemd vasstand.
PER OTTESEN: Mot slutten av 1800-talet kom mange turistar opp Gausdal og skulle gjerne ha skyss vidare, og da det var så godt som veglaust i Espedalen, vart motorbåt eit godt alternativ heilt frå Vassenden sør i Espedalsvatnet til nordeneden av Breisjøen. Espedalsvatnet (Langvatnet) er heile 13 km langt og Breisjøen fire km. Eit båttilbod i tillegg over Olstappen spara turistane for ein slitsam tur til fots.