Tag Archives: barndom

Hustre å passe kverna om vinteren

Fossåa ved Øvre fosse bru på beg ned frå Gompen. Foto: Google maps

Fossåa ved Øvre Fosse bru på veg ned frå Gompen. Foto: Google maps

JENS THULSTRUP INTERVJUAR PETTER SVELLE: Svelle hadde kvern i Fossåa. Det var kaldt og hustre å passe kverna om vinteren i trekkfulle hus, så bestefar, Iver Pedersen Svelle (1825-1891), fekk mura ein peis inni mølla, så ein kunne få litt varme, og slik at møllaren au kunne varme maten sin. Etter at vi gutungane vart store nok, måtte vi au ta ein tørn i mølla. Ein gong begynte eg tidleg om morgonen og skulle halde på til neste morgon. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Harde tak mellom Åa og Sørbygda

sørbygda

Kvam på 1930-talet. «Vi frå Sørbygda måtte ikkje sjeldan redde oss ut skuledøra for å sleppe straff som «bønder».»

HELGE STORMORKEN: Den store verdskrisa i 1920-30 åra gjekk særleg hardt ut over Åa i Kvam. Sjølv om det var fleire frikjøpte husmannsbruk med dyr, gav det ikkje nok til leveleg liv. Arbeid utanom var ikkje lett å få, og utan skilling vart det mangel på mat, klede og sko. Fattigdommen var ein klar fare for helsa og førte med seg mye sjukdom og matmangel, særleg frukt og grønsaker. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Denne dagen vart det for få sko

letrud4OSKAR LETRUD: Eg kan ikke hugse at vi svalt, men det var klart enklare kosthald enn det er nå. Det var brukt ein del vassgraut, (byggmjøl, salt og vatn) med mjølk til. Om det var ei tid på vinteren vi ikkje hadde mjølk, kunne det i staden vera brukt heimelaga øl eller surdupp, laga av surost og vatn. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Granatar øydela leikehesten

letrud2OSKAR LETRUD: Vi hadde heimelaga leiker. Eg hugsar spesielt hesten som bestefar hadde laga. Han var fullt utstyrt med sela og kjørereiskap av alle slag og var mye brukt. Dette var av dei tinga som vart øydelagde om våren 1940, da huset vart treft av fleire granatar som ødela alt.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn, Setring

Kvam i mine oppvekstår 1: Ljoset

«Å kunne kvitte seg med parafinlampene var nesten ikkje til å fatte. Både å stelle dei, lufta og brannfare bar med seg utruleg mykje arbeid, utrivsel og hugsott.» Her – Annie Balchen steller parafinlampene på Veidarvon.

HELGE STORMORKEN: Om natta var det ikkje eit ljos å sjå, ei svak lampe ved stasjonen og hotellet, som brann ned i 1934, og to-tre utelamper langs gardrekka hos dei som hadde «abonnert». Ein og annan var ute med oljelykta, elles var det stummande mørkt. Ingen ljos i glasa etter klokka 9-10. Da var folk trøytte av hardt arbeid, ikkje av stress som nå. Klokka 5 kom det ljos att i stugu og fjos. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Løsaktighet og kvinnelig vanære

kvinnebarn

«Men på denne måte ble det så fullt av ungeskrik hos de gamle foreldre, at den eldste datter med sine to barn hadde måttet få seg hus hos fremmede, der hvor jeg nu fant henne.»

EILERT SUNDT I 1851: Det bor mange ytterst fattige folk i Kvam, men hvor mye råhet og usedelighet som forenes med armoden! Det er ganske forskrekkelige eksempler på løsaktighet og kvinnelig vanære, jeg i dag har fylt min notisbok med. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Levva livet

Hans Petter Kleiven 1936

Hans Petter Kleiven 1936

HANS PETTER KLEIVEN: Når far slaktet høner, var det alltid spennende. Hvem av de hodeløse hønene ville flakse lengst? Det var kakling og flaksing inne i hønsegården før den rette høna ble fanget. Leven var det til øksa traff hønsehalsen og satt i hoggestabben. Det var da konkurransen satte i gang om få fly lengst!  Så var det mor sin tur. Hun ribbet all fjæra av hønene, mens far tok seg av å åpne dem og få ut innvollene. Slik gikk det med hønene når de tok til å bli dårlige med egglegginga. (Hans Petter Kleiven forteller om barndomsminner 1930-1939. Les meir.)

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn