Tag Archives: barndom

Vi ropte hurra for bestemor

Og skremte vel opp litt småvilt

Bergdal skole 2008

Bergdal skole 2008. Elevene ble overført til Liene i 1961. Bergdal fungerte så som grendehus ei tid. (Foto: Odd Ivar Storløkken)

ODD IVAR STORLØKKEN: I 1949 gikk 15 elever i 17. mai-tog fra Bergdal skole. Ruten vi gikk, var  lang for unger i 17. mai stas, men jeg husker ikke at noen klaget. En ting er imidlertid helt sikkert – det var ikke mange folk langs ruten der dette lille 17. mai toget gikk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk

Rutene dirra heilt innpå setra

Korleis var det å vera ung under krigen?

Oddrun Stormorken Rudland som konfirmant i bunad sydd under okkupasjonen. Foto: H.H. Lie eftf.

Oddrun Stormorken Rudland som konfirmant i bunad sydd under okkupasjonen. Foto: H.H. Lie eftf.

Oddrun Rudland frå Stormorken i Kvam var knapt 13 år da Noreg vart okkupert i 1940. – Ein og annan privat fest var det. Da hende det at vi vart forstyrra av tyskarane. Eg trur ikkje dei kom for å skræme oss. Dei var unge, dei òg, ville gjerne vera med i dansen. Men vi var for unge til å skjøne at desse unge soldatane var folk, dei og.  Ein ung tyskar baud meg opp til dans ein gong. Da spytta eg han rett i anletet. Det ville eg aldri gjort i dag. Men vi var nok redde tyskarane, fordi vi vart skræmde med dei og innprenta å halde avstand, fortalde ho i ein samtale med Ivar Myrstad i 2005.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner

Kald graut vart oppskoren i strimler

Litt om ein oppvekst under krigen

letrud4

OSKAR LETRUD: Eg kan ikke hugse at vi svalt, men det var klart enklare kosthald enn det er nå. Det var brukt ein del vassgraut, (byggmjøl, salt og vatn) med mjølk til. Om det var ei tid på vinteren vi ikkje hadde mjølk, kunne det i staden vera brukt heimelaga øl eller surdupp, laga av surost og vatn. Grauten vart au eten kald, særleg om sommaren. Da tok ein gjerne og snudde grauten på tallerkenen, slik at skorpa kom ned. Kald graut vart au oppskoren i strimler og oppattvarmt i mjølk. Smør og poteter, poteter i mjølk og sild og poteter var au mykje brukt. Elles så var det brødsoll og spekeskinke, kjøttkaker og anna kjøtt som var hermetisert på blikkboksar.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Blodflekkar ved Ruste ungdomshus

Slåssing med kniv og avslegne flaskehalsar

Nr. 85 Det gamle Ruste bygdahus.

Ungdomshuset i Ruste vart ein viktig samlingsstad i bygdesamfunnet i mange år. Bilde frå Arne Lunde/Vegar Skar.

ODDMAR MYRUM: Ein morgon i 1935 var eg på veg til skulen og gjekk forbi Ruste ungdomshus. Eit skremmande syn møtte meg utanfor inngangen. Det var tett med blodflekkar over alt. Kvelden før hadde det vore dansefest, og somme hadde nok fått for mykje innabords. Dermed vart det krangel og slåssing med kniv og avslegne flaskehalsar som våpen. Lensmannen hadde vore tilkalla for å roe ned gemytta. Men det var sjeldan det gjekk så hardt føre seg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Musikk

Dei kunne mest ta borti dei tyske bombeflya

Glytt frå ein barndom i krig i Nedre Skar

aNr. 105 Nedre Skar ca. 1933

Nedre Skar ca. 1933. Bilde frå Vegar Skar

KNUT STENSRUD KJORSTAD:  Året er 1939. Ein familie er på veg oppover Solbråsmorka. Tankar krinsar rundt i hovuda deira. Dei har slite seg laus frå det kjende, men er etter kvart usikre og på veg oppover den bratte stigen til det som skal bli den nye heimen deira. Frå jordlause Furumo nede på Hundorp flytta dei opp i veglause Skar på Harpefoss. Dette skulle bli heimen deira i åtte åra framover inkludert krigsåra. Kva vil framtida gje? Endeleg er dei ved målet, Nedre Skar. Otto og Inger med ungane Ragnhild og Arvid pustar ut. Hausten og vinteren går fort på den nye plassen. Den som skal livberge seg i Nedre Skar, kan ikkje ligge på latsida. Mat til folk og fe må planleggjast og konserverast for at det skal vera noko til alle til kvar tid. Stigen opp her gjer det naudsynt å bera mykje opp frå Solbrå på ryggen. Vinteren er på hell. Arvid og far hans er nede ved Solbrå den 10. april 1940. Dei høyrer at tyskarane har angripi Norge dagen før. På Solbrå når nyheitene fort fram – gjennom radioen. I Skar har dei korkje strøm, radio eller telefon. Krig, kva er det?

Les meir

7 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

Gode år i Sør-Fron

Historia om oppvekst på ein prestegard

Nr. 140  August 1998ØYSTEIN HOV: Å vekse opp på ein prestegard er spesielt. Sverre Hov var sokneprest i Sør-Fron i åra 1950-1974, og i denne artikkelen ser den yngste av ”presteungane”, Øystein Hov, attende på oppvekstår på prestegarden:

Etter kvart som vi ungane voks til, så skjønte vi nok at det var stor politisk spennvidde i bygda.Sør-Fron var frå gamalt ei av dei rikaste bygdene i Gudbrandsdalen. Kyrkja frå 1789 ber vitnemål om velstand mellom bøndene og ein sterk vilje til å manifestere dette ved å byggje eit storfelt kyrkjehus. Men Sør-Fron hadde også ein ganske stor klasse av eigedomslause som hadde lite å greie seg med. ”Fattig-Fron” kunne vere ei nemning som vart brukt om desse. 

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Skal det vere litt kraftig mat i romjula?

Det går lenge før de vert svoltne att

Frå norsktradisjonsmat.no

OLAUG ASKHEIM AAS: Som den skogskaren far var, hadde han ein favorittmatrett frå praksistida: Sluring. Han skar spekeskinke i terningar og bruna i panna. På den tida visste ingen kva «stjernegris» var. Nei, det var skikkeleg feitt på grisen, og det synte seg i steikepanna. Far laga ei tjukk røre av kveitemjøl og mjølk, let det svelle og tømde det i panna oppå flesketerningane. Så stod dette og godtgjorde seg på vedakomfyren til det var kokt. Da kom panna på bordet, litt sukker strødd oppå, og så åt vi frå kvar vår kant med skei. Dette var middagen når far var åleine heime med oss. Kraftig mat. Godt var det ôg. Det gjekk lenge før vi vart svoltne att.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Eg håpte det snart ville kome eit nytt gravøl

Ein barndom på eit av dei dårlegaste bruka i Sødorp

øyakleiva30

Øyakleiva omlag  1930. Foto: Pål Kluften frå Paul Henrik Hage: Gamle bilde frå Sødorp

OLA KLÅPBAKKEN: Øyakleiva heiter eit lite nedlagd bruk øvst oppe i Sødorp. Dette er barndomsheimen til Magnus Været, og her budde han fram til 1957. Då vart bruket nedlagt og fråflytta. Fredag 28. juni 1929 kom dei nye eigarane til Øyakleiva. Det var Marie og Halvor Været med tre ungar, to kyr og ein kalv. Magnus var då tre år. Ho Martha, syster hans, var fem år, og bror han , Ole, var berre eitt år. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kommunikasjon, Menn

Døden tapte kampen i myrholet

Var det «ein annan» som hjelpte til?

«Til sist var det berre hovudet og halsen med den drivkvite mana som stakk opp av myra.» Ill. foto frå hest.no

JOHAN DALSEG: Hingsten med hoppefylgjet sitt hadde beita på vollane langs bekken og var på tur bort, da vi kom. Fylgjet sette over blautmyra, og tre av hoppene gjekk igjennom. To av dei baksa seg opp att med det same, men Raua til Edda Stebergløkken i Prestgarden vart sitjande fast. Ho strevde for å koma seg opp, men sokk berre djupare og djupare. Til sist var det berre hovudet og halsen med den drivkvite mana som stakk opp av myra. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Turane til kverna var store opplevingar

Ei lita historie frå den gang mjølet kom frå Loholet

Fotografiet er tatt fra brua nedenfor  fossen. Loholet er navnet på et trangt gjel, der elva renner mellom steile bergskrenter. I dette gjelet ble det i sin tid bygd en dam av tømmer og stedlige stein- og grusmasser, noe som skapte et fall på ni meter. Dette fallet gav energi til de tekniske installasjonene nedenfor fossen. Her lå Vinstra bruk, med både møllebygning og sagbruk. Da dette fotografiet ble tatt, våren 1950, var det flom i Vinstra, og elva gikk stor over dammen med løstømmer fra skogene ovenfor.

KRISTEN BRENDHAUGEN: Utpå vinteren, når sledeføret var godt, tok vi turar til kverna i Loholet for å få male kornet til mjøl. Turane til kverna var store opplevingar. Naturen i Loholet var spesiell. Det var brua over det tronge og djupe juvet med den bratte og male vegen oppatt på nordsida med forteljingar om utforkjøringar og ulykker. Dammen og fossen ved mølla var òg fascinerande med historier om tømmerfløyting og fløytarar som fór utfor fossen og omkom.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Verksemder