Tag Archives: alderdom

– Vi vil ikkje på aldersheimen!

Kristine og Kristian Iversen i strid med Samvirkelaget

iv1JAN JONSGAARD I DAGNINGEN 27. MARS 1976: -Her har vi budd sidan i juni 1943. Dette er heimen vår,  og vi ønskjer ikkje å flytte herifrå så lenge vi klarar oss sjølve utan hjelp, seier Kristine og Kristian Iversen. Dei er av Vinstra samvirkelag tilbydt leiligheit i ein av aldersbustadane ved Sundheim alders- og sjukeheim, men ønskjer ikkje å flytte frå det vesle huset sitt nedanfor krysset, der Nedregate og E6 møtest sør for Vinstra sentrum. Årsaken er at samvirkelaget snart skal gå igang med nybygging på tomta mellom Krogenæsbygget og Vinstra tettstad, og da blir huset til Iversens liggjande midt i «skuddlinja».

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Fri hest til kyrkja

Ei lita historie om føderåd

fattige1

Klokkar Anders Viborg på Grov måtte gå fra garden etter fem år i 1804, fordi den forrige oppsittaren fekk for gode kår i føderådet. Desse gamle hadde ikkje føderåd på Grov. Kommunen kjøpte garden til fattiggard i 1903.

RAGNAR ØVRELID: Det var mykje færre gamle i bygdene her på 1700- og 1800-talet enn det er i dag. Og dei var ikkje på langt nær så tilsidesette og unyttiggjorde som dei er no. Dei budde på garden, eller på plassen, dei passa barn, hogg ved og deltok også i kvardagslivet på ein annan måte enn i våre dagar. Dei som ikkje hadde eit føderåd å falle tilbake på, hadde det ikkje så greitt. Dei hadde ofte berre fattigvesenet å ty til. Ein stor del av dei som er registrert som fattige på 1700- og 1800-talet, var gamle folk, som ikkje hadde jord. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Utsynet over Lomoen – åååå

Ikkje noko nytt tema. Her er Tobben (Torbjørn Mathiesen) i revyen Væl tynt  1982. Attpåtil er det livsfarleg å vere pensjonist på Vinstra.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk, Musikk

Bli med opp til Litjgardskarane!

Dei dyrka opp bruket sjølv med dynamitt og hest og handmakt. Litjgardskarane satte hermetikkboksen midt i kjelen og la potetane i vatnet rundt. Dei var godt oppe i åra da Vemund Hagen fotograferte dei i 1992. Nå kan du bli med han 23 år seinare tilbake til Haugrud, eit småbruk der tida har stått stille, og husa står slik dei vart bygde før krigen.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Dei gamle ville ha det slik

gamleELDRID LISTAD: Eg var styrar på Sør-Fron pleiehjem på Lillehove. Eller «Hjemmet» som det oftast vart kalla. Vi likte det. Dette var ein stad og ein heim der uttrykket «dei gamle» var eit naturleg ord. «Pensjonær» og «bebuar» kjendest framand og litt uverkeleg. Dei gamle som var der den tida, hadde små fordringar. Tida dei hadde vakse opp i, lærte dei det. Det viktigaste for dei var ei varm seng, mat, klede, omsorg og å vita at nokon var der, når livet var på hell. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Verksemder

Dei ville helst ha blitt på Veikle

veiklegamleRAGNAR ØVRELID: Veikle var gamleheim i Nord-Fron til 1962, da kommunen selde garden. Det kunne vere over 30 pasientar her. Dei gamle fekk bu i et gardsmiljø. Anna Kjærstad var den siste styraren på Veikle. Ho fortel om dagleglivet der frå 1932 til 1962: Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Historielaget alt nå messom…

Klikk på bildet, så ser du at dei har det triveleg.

CARL HENRIK GRØNDAHL: «Men du føle de itte litt gåmmål når du bli avbilda tå Fron historielag?» Kommentar til eit bilde på Facebook-sida til historielaget.  «Væt itte om det føles hælt greit å vera i aldersgruppa som ha kome på bilder i historielaget», skriv ein annan. «Oi, i historielaget….nå følte jeg meg gammel….», ein tredje. «Historielaget alt nå messom…» ein fjerde. «Men å bli tagget av historie-laget da gitt. Dere er vel ikke riktig klar for museum enda?». Samla i få ord: Å vera med på bilde presentert av historielaget er så godt som å bli kysst av døden. Javel.  Her kan det vel vera mange tankar å kose seg med?

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk