Tag Archives: 1814

1814: Ei luve med breitt sølvband

luve

20 riksdalar for luva. Teikning: Andreas Bloch

IVAR KLEIVEN: Hallvor Båssån frå Kvam var òg med i skansen ved Onstadsundet, og han prata om kor kvasst dei skaut med dei to kanonane ved Langeneset: «Dæ va som ner tu tryskare held vanleg tustslag», sa han. Da svenskane drog seg attende, fekk Hallvor hug til å sjå borti den låven dei norske skaut på, og som svensken heldt seg i ei stund. Det såg fælt ut med blod og daude folk. Han Halvor tok ei luve frå ein av dei fallne svenskane, det låg att hjerne i luva, men ho hadde eit breitt sølvband omkring, og da kapteinen hans fekk sjå luva, kjøpte han ho for 20 riksdalar.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn