Slekter i Fron

Heimesida til Fron historielag bør ha oversikt over dei slektsbøker som er skrivne og utgjeve i Fron. Hjelp oss, så denne lista blir så fullstendig som mogleg. Send bilde av framsida og kort samandrag av boka samt om og evt kor ho er å få tak i – til carl.grondahl at gmail.com

 

BREIVEG-SLEKTA

WENCHE BREDEVEIEN: Boka fortel om slekta mi, og kanskje di, som i første omgang fekk seg ein husmannsplass å bu og livnære seg på nedpå Breivegen. Opprinneleg var området ei sameige med berre jorder og beitemark. Ho fortel om korleis tidene var frå midten av 1700-talet og fram til i dag, korleis husmannsbruka der ungeflokkane som vaks opp, ikkje gav grunnlag for å livnære alle, slik at dei måtte fløtte ut for å finne seg arbeid, inntekt og bustad andre stader. Og ettersom gardbrukarane fekk meir reiskap til å utføre arbeidet på, og det ikkje var meir jord å skilje ut til husmannsbruk, vart det ikkje mogleg å livnære seg der dei var. Eg har prøvd å finne ut kva dei fekk som yrke og kor dette var. Nokre emigrerte til USA, nokre vart jarnvegsarbeidarar og bygde den jarnvegen vi har i dag, seinare vart det anleggsarbeid ved t.d. kraftstasjonar m.m  Og korleis det vart vanleg med lengre utdanning for generasjonane født etter krigen.I og med at det vaks fram store barneflokkar opprinneleg frå Breivegen, vil nok mange, både i Fronsbygdene, Venabygda og utanom, finne noko her om slekta si.

 

 

sørekampesaterSØRE KAMPESÆTER-SLEKT

GUNVOR SÆTHER BRÆKKE: Som etterkomar etter farfar Erland O. Sæther, fødd i søre Kampesæter i 1858, har eg nærast kjent eit ansvar for at historia om slekta, garden og hotellet ikkje må bli gløymd. Nå er det blitt bok. Med Sigmund Hernæs som lærar i storskulen i Skåbu vakna interessa for slektningar i USA. Framsynt som Hernæs var, fekk vi anledning til å lære  våre fyrste engelske ord med oppmoding om å kontakte våre slektningar ”over there”. To store ungeflokkar vart fødd søre Kampesæter  frå og med 1837 til og med 1882.  Erland Erlandsen (Bakkerud) og Embjørg Iversdatter, født på Hysjulien, fekk 10  born.  6 emigrerte i vaksen alder til USA.  På eit stort slektsmøte i Kampesæter 1984, der mine syskenborn frå Canada var hedersgjester, sette vi opp stort kart på veggen og oppmoda alle til å fylle ut sin plass med namn og andre data. Men det krevst litt mot til å vera pågåande nok for å få inn informasjon til ei bok. Ein må og godta at det finns dei som ikkje vil ha bilde av seg og sine i boka. Personregistreringen er utført med Brother’s Keeper. Innhaldet omhandlar mykje av etterslekta til Erland Poulsen nedre Skaboe (1780) og Mari Svendsdatter Risdal (1787), til og med nokre av dei aller yngste i 2010. Boka er å få kjøpt på Vinstra Bok og Papirhandel AS,(Peer Gynt senteret), Otta Libris og på Coop Marked i Skåbu.

 

 

fagerhøyFAGERHØY-SLEKTA

CARL HENRIK GRØNDAHL: Sjølsagt var det galskap å bygge hotell oppå snaufjellet. Fire timer med hest og kjerre etter å ha blitt rodd over Lågen ved Hundorp. Men de nærmet seg femti, disse karene, var fulle av kraft og tro på framtida og så at jernbanen krøp seg nordover. Nervøse og muskelsvake byfolk var i ferd med å oppdage den helsebringende fjellufta. Kanskje satt de over et glass punsj på Aulestad, Knud Bay på Forr og Bjørnstjerne Bjørnson. Kanskje var det slik det foregikk:  -Da er vi enige, du bygger sanatorium på din seter, sa Bjørnson. -Storhaugen sanatorium! sa Knud Bay. -Nja, sa Bjørnson og hevet glasset. -Det må jeg tenke på. Skål! Han tenkte i 10 år og kom tilbake: -Storhaugen er for slapt. Fagerhøi skal det hete!

Vi er i 1882, og Knud Bay bygger et sanatorium rundt ostebua på setra si. Dermed ga han sine etterkommere en solid utfordring. Bay/Bjørnson-idéen holdt til utpå 1920-tallet. Da kom det nye tider. Et hotell vilt avsides uten strøm og uten innlagt vann. Det måtte nesten forfalle, og det gikk nesten galt. I denne boka kan du lese den mangslungne og rikt illustrerte historia om slekta som gjorde ostebua til en av Norges best besøkte leirskoler. Du får kjøpt boka på Fagerhøy.

 

nedpåjenssonaNEDPÅ JENSSONA

PER FREDRIKSEN: Det var først etter sommerferien 2000 at jeg for alvor satte i gang dette prosjektet. Tidligere har jeg også ”plaget” mine slektninger etter opplysninger om sine nærmeste. Men nå gikk jeg mer systematisk til verks og sendte ut registreringsskjemaer og orientering om innholdet. Opplysningene om hver enkelt familie er for noen situasjonen høsten 2000 og for andre på nyåret i 2001. Det er dessverre helt umulig å få fakta helt oppdatert. Boka er et resultat av godt samarbeide innen Jenssonslekta.

Boka tar utgangspunkt i den første offisielle folketellinga i Norge i 1801. Fra den har jeg tatt med folket på alle sju husmannsbruka under Nordistugun- og Systugun Røssum, selv om Jenssona bare var underlagt Systugun i 1801. Årsak: Folk som egentlig tilhørte på husmannsbruka, står oppført under hovedbruka, og at flere fra husmannsbruka senere giftet seg med hverandre. Røssum vart delt i to garder i 1791, to år etter Storofsen.

Jens (1749-1827) er den eldste mannen vi kjenner til. På grunn av at historisk materiale er mangelvare fra husmannsplasser, blir Hans H. Røssummoen(1864-1953) og Anne O. Moen (1865-1927), de virkelige grunnpillarene. Det er også et eget avsnitt om husmannsbruket Røssummoen nørdre, som ble selvstendig bruk i 1945. Der presenteres husmannskontrakter, skjøter, bilder og andre ting fra Jenssona. Bygda Kvam presenteres kort i eget kapittel. Selges for kr. 250,- (hentet i Kvam) Tillegg for porto/omkostninger kr. 125,- hvis jeg skal sende den per post. E-mailbestilling: pefredri@bbnett.no

halvorsenslekkt

  LARS HALVORSEN DALEN

GARD OG SLEKT I SKÅBU

 

Stein Enger, tlf 9069 3935,

e-post st-enge@online.no

 

 

 

 

4 responses to “Slekter i Fron

  1. Per Fredriksen

    Jeg kjøper gjerne bøkene «Breiveg-slekta» og «Gard og slekt i Skåbu», men det står ikke noe om hvor man kan få kjøpt dem. Bytter gjerne med min egen bok, «Nedpå Jenssona».

    Likar

  2. Inger Johanne Grevskott

    HeI.
    Sitter nå og ser på Sør-Fron sin side om gamle slekter. Jeg har fått vite a at min fars slekt kommer fra Fron i Gudbrandsdalen. Slektnavnet var Myren og de utvandret fra Fron og kom til Inderøya I Nord-Trøndelag ca I midten av 1800-tallet. Hadde vært trivelig om noen har hørt om slektsnavn Myren.
    Med vennlig hilsen Inger Johanne Grevskott .

    Likar

  3. Nils Harald Bergheim

    Den siste tida har eg studert Fron historielag sine sider med stor interesse. Eg er på leit etter slekta mi frå Fron/Sødorp. Farmor heitte Hansine Marie Gudbrandsdatter, f. Beitmyren (10.01.1884-21.03.1958) Foreldra hennar var Gudbrand Kristiansen Beitmyren (1846-1894), og Olea Hansdatter Lien (1844-1904). Olea kom visstnok frå Sørlia, ein husmannsplass som høyrde til garden Harildstad i Kvikne (Heidal). Det hadde vore svært interessant å høyre frå nokon som veit meir om denne slekta, og om det finst bilder av nokon av dei?

    Venleg helsing Nils Harald Bergheim

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s