Sigmund Hernæs-måleria

shernæs

Sigmund Hernæs. Foto: Arne Hernæs

 

norasigmund

Nora og Sigmund Hernæs

På veggane i bygdahuset i Skåbu heng det måleri av alle gardane i Skåbu, ei fantastisk gåve frå Sigmund Hernæs. Her har han foreviga nesten alle gardsbruka og nokre av setrene i Skåbu, samt nokre gardar i Tverrbygda. Hernæs var ein utruleg allsidig og produktiv mann. Han kom som lærar til fjellbygda i 1932 og tente yrket i om lag 40 år. Ved sidan av lærargjerninga og målarkunsten hadde han også mange andre jern i ilden:  slektsgransking, veving, fele/notekurs og primus motor for både 4H og koraktivitet. Han og kona Nora vart viden kjent for vevinga si og fekk svært mykje å seie for Krogenæs-fabrikken.

Her er dei 41 måleria med gardsnamn og noko historikk:

Bakkerud til venstre. Til høgre ser vi Solhaug og den legendariske Timann-butikken. Lengst bort skimtar vi Vesteng.

 

Nedre Fosse. Denne garden måtte leggjast ned på 1970-talet på grunn av rasfare, og alle husa vart rive. Brukarane, Ragnar og Embjørg Fosse, bygde seg nytt hus i nærleiken av Skåbu sentrum. Jordvegen vart i 1986 seld til Asbjørn Veslum på Strandli.

 

Haugen

 

Nistugu Skåbu

 

Nedre (Søre) Veslum

 

Søre Kampeseter

 

Nørdre Lia

 

Slåa

 

Rønningslåa

 

Nørdre Risdal

 

Hysjulienget. Fråflytta 1968 og husa er borte. Svein Hysjulien og familien flytta til Vestre Gausdal. I 1980 vart eigedomen seld til Terje Heide på Solhaug.

 

Granslåa

 

Megarden

 

Moen

 

Nedre Skåbu

 

Sveinstugu

 

Søre Risdal

 

Øvre Fosse

 

Øygarden. Denne garden vart også fråflytta på 1970-talet pga. rasfare. Husa er borte. Eigaren, Tor Blekastad, bygde seg nytt hus oppmed Kamfossvegen.

 

Dalsheim

 

Uppigard Graupe

 

Nigard Graupe

 

Slåa

 

Her er den gamle garden Kappelslåen, som ligg lenger ned mot Olstappen. Den vart fråflytta på 1950-talet, og familien bygde og rydda seg ny gard på plassen Karistugu (gammal husmannsplass under Kappelslåen)

 

Grosberg

 

Kamfossen (“Keisaren”). Kvernhus, som tilhøyrde Nedre Fosse og Slåa, nederst til høgre. Midt på til høgre, ved vegen, skimtar vi Bakkestugu.

 

Moen

 

Søre Brenna

 

Øvre Veslum

 

Øvre Åsen. Her gjekk den gamle Skåbuvegen før ein slo seg gjennom Høgberget i 1907.

 

Midtre Risdal (Vinsterlia). Johannes Søre Risdal f. 1865, gm Karen Erlandsdotter Skabo f. 1863, arva gammelstugua som stod att der den samla Risdalsgarden stod. Han sette opp att denne ved bygdevegen og starta med landhandleri og postopneri. Seinare bygde han på og begynte med pensjonatdrift.

 

Søre Graupshaugen

 

Hågå

 

Blekastad

 

Kantrud

 

Kvålen

 

Øvre Skåbu

 

Snippen (Stenseth). Her var det posthus og telefonsentral frå omkring 1920 til 1950-åra.

 

Storbaklia

 

Volden. Fråskilt Øvre Fosse i 1924 til Erland Fosse. Han rydda her. Husa er borte.

Utsikt mot almenningssaga på andre sida av Olstappen. Midt ute i elvestubben låg Elvenes før Olstappen-reguleringa på 1950-talet. Det var mest truleg Ola O. Megaarden f. 1852 som rydda her rundt 1890. Da heitte det Hågåøya. Ein finn han her både i 1891, 1900 og 1910. Han var fyrst gift med Goro Iversdotter nedre Skabo. Ho døydde i 1905 og han gifta seg oppatt med Ingeborg P. Slåen. I 1900 er Ola titulert som skogfut og i 1910 som skogvoktar og gardbrukar. I 1910 har det skifta namn til Elvenes. Da har han og Ingeborg fått borna Georg og Edmund. I 1911 fekk dei dottera Olga og Iver Thedor i 1916. I 1920 bur Ola, Ingeborg, dei fire borna og ei Ingri S. Hageløkken frå Heidal f. 1835 på Elvenes. Ho er forsørgd av fattigvesenet i Nord-Fron. Hågåøya er også nemnt som overnattingsstad i «Den Norske turistforenings årbok» for 1893. Da står det «Håkåøen». Seinare kom Ola Askheim (1895-1954) og kona Kristine (1893-1944). Dei fekk døtrene Gudrun, Åse og Olaug. Det er berre Olaug som framleis lever. Ho er ein ivrig bidragsytar på bloggen vår. Olaug er gift Aas og bur i Ås kommune i Akershus. Gudrun døydde av difteri, berre 19 år gammal. Ola Askheim kom frå Eidsvoll, og vart den fyrste styraren ved Elvenes dampsag og høvleri etter at den stod ferdig i 1923. Dei hadde også fjøs og nokre kyr. Han vart svært glad i bygda, og det er han som står bak ein av dei tre Skåbu-songane. Olaug meiner at måleriet syner bygningane etter at saga blei flytta til Nørdre Hølmyren i samband med kraftutbygginga i fyrste halvdel av 1950-talet. – Da låg diverre «mitt» Elvenes 6-8 m under vatn og var ei saga blott, seier ho.

One response to “Sigmund Hernæs-måleria

  1. kåre svendsen

    Hei, vi har oppbevart noen gamle malerier fra Gudbrandsdalen (slekta kommer fra Skåbu), vi bor selv i Arendal.
    3 av maleriene er undertegnet Hernæs (1946).
    Kan dette ha interesse?

    Likar

Legg att svar til kåre svendsen Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s