Segner frå Skåbu

Grosserar Tønder Bull frå Oslo kjøpte Fjellheim i Skåbu omkring 1920. Han tok i bruk plassen som feriestad og vart svært interressert i Skåbu. Han gav mellom anna døypefonten da bygda fekk eigen kyrkje i 1927, og han kjøpte inn ein del utstyr til skolen i Skåbu. Som takk for dette laga barna ved skolen eit fint hefte, som dei overrekte han. Innholdet var segner frå Skåbu og teikningar av Fjellheim. Dagens eigar, Bernt Bull,  fann att samlinga og uttrykte ynskje om å få den publisert. Ivar Engevold i Skåbu har skanna originalane.

Her finn du nokre av segnene – og det kjem fleire.

 

Vis-Knut: Slik vart han vis

Han Vis-Knut tok til å få visdomen sin ein gong han skulde til kyrkja. Han gjekk til grannegarden dagen fyrr, og der var han natta over, og om morgonen då han skulde til kyrkja tok han beinast gjenom åker og eng, men det syntest ikkje spor etter han. I kyrkja var det altargang, og han Vis-Knut au gjekk til altars. Men da han kom attende frå altaret, uveta han. Og då han årekte seg att, var han vis vorten. Frå den dag sat ikkje luve på han.

 

Vis-Knut i lauvskogen

Ein gong Vis-Knut var i lauvskogen, tok det til å stridregne, og då tok han ein lauvkjørv som han skulde halde over seg. Men han sleit seg frå han . “Eg fekk nok ikkje da denne hell eg,” skulde han ha sagt.

 

Vis-Knut og ulla

Det var eingong ei kjerring som spurde han Vis-Knut etter noko, og ho tok med seg noko ull til han. Men som ho kom på vegen eit stykke, tykte ho at ho hadde teke med seg for mykje. Og så gøymde ho att noko under ei gran. Men då ho kom til han og vilde gje han ulla, sa han: “Ha ulla di du kjerring, og ta med deg att detta du la under grana au.”

 

bullskrivarenSkrivaren i grana

Anne Rykhus var ein gong hos skrivaren, og ho spurde han: “Hengjer det seg eit menneskje kvar veke?” Då vart skrivaren sint og svara: “Du tull-Guri, du æ! Du skuld sjølv vore hengt i den store grana utafor her.” “Gud nåde deg, du kjem sjølv til å hengje der!” sa ho Anne, og soleis gjekk det og.

 

snau mannEin snau kar frå Heidal og kjerringa med synåla

Det var ein gong ein mann, ein snau fekar frå Heidal, som dreiv på med å setja op eit gjerde. So kom det bortåt honom ein mann med raudt hår og spurde: “Var du ikkje med då Vår-Herre skifta ut håret, du då?” “Jau,” svara den snaude, “men det var att berre noko raudt, stygt noko, og det vilde eg ikkje hava.”

So var det ein gong den same fekaren trefte nokre kjerringar og bad dei med seg inn på kaffe. Då han tok av seg luva, sa den eine kjerringa: “Hadde eg havt so lite hår som du, vilde eg havt luva på meg.” Men då svara fekaren: “Hadde eg havt so fåe tenner i kjeften som du, so hadde eg ikkje vilja gapt til og sagt dette.”

Det var ei kjerring i gamle dagar som skulde vaske hos seg. Fyrste dagen vaska ho golvet og andre dagen vaska ho veggene, og den tredje dagen vaska ho taket, og fjerde dagen strødde ho all oska utor omnen utover golvet og leitte etter ei synål.

 

Då Erek Skreddarstugun mista hovudet

Det var ein gong kjerringa åt ‘om Erek Skreddarstugun stod og stampa graut. Då vart ho så sint at ho slo til mannen sin i hovudet med sleiva så det trilla burtetter golvet og under benken. Ho vart redd og flaug burti smia åt far hans. Men han sa: “Du fær gå innatt so tenkjer eg det er på att kome.”

 

Slik temmer ein lystene!

Det var for lenge sidan. Det var med bestemor var ungjente. Og ho tente på ein gard. Så var det ein dag det kom ein framandkar til gards som gjekk og selde nokre småsaker. Og så kom bestemor inn, og han byrja å tale med ho. Han spurde etter om han skulle få liggja der om natta. Han skulle nå få det. Bestemor lå i fjøset. Så var det da ho skulle av stad og leggja seg, så sa han: – Eg trur du kjem i natt åt meg, og. – Nei, det trur eg ikkje, sa ho. – Ja, skal me våge? sa han. – Det kan oss, sa ho og så vart dei forlikte om kor mykje dei skulle våge. Men da ho hadde lagt seg fekk ho ikkje sove, og tykte at ho laut inn til han. Og så fortalde ho det til ei gamal ei som var med ho. Men så sa den gamle: – Du har vel ikkje ein kniv eller ei saks? Jau, så hadde ho ei saks. Og så klipte ho av tre neglar av ei hand, tre neglar av ein fot og tre hår. Så tok dei ved og gjorde opp varme på ei helle og brende det opp. Og da vart ho ikkje lenger så huga etter honom, og ho fekk sova. Men om morgonen da ho kom inn, glåmde han på ho og undra seg. Men ho fekk det ho hadde våga av han.

 

Huldra på Åkre

Det var på Åkre ein gong ei jente som heitte Oline, ho var budeie der. Så ein kveld var det borte ei ku for ho, og tok av stad og skulle leite etter ho. Da ho kom nedmed Åkervatnet, møtte ho ei annor jente som ho ikkje kjende. – Har du sett nokor ku? spurde ho Oline. – Ja, ho går bortmed vatnet her. – Kår e du frå da? Spurde ho Oline. – Eg bur nedmed vatnet, eg, sa den andre. Oline skjøna at det var ei hulder ho hadde møtt og sa: – Kors i Jesu namn! Da vart jenta borte.

 

Broka datt tå’om

Gamle- Fredrik Fosse, han var født i 1788. Han og Hans Dalen låg på Kubben på fiske. Om morgonen fekk dei sjå ein reinsflokk. Han Hans drog på seg broka, men gløymde å ha på seg hengslin. Så skaut han på reinen så broka datt tå’om.

Han Torger Vistad vart fødd den 17. mai 1814. Det var ein dag han var oppå setra. Da fekk han tak i ein ulveunge, men ulveungen reiv tå’om vesten. Da vart han Torger sint, han tok ungen og dengde han og tok’n med seg.

 

Anne og huldreguten

For lenge sidan var det ei ung jente som heitte Anne Rykhus. Ho var på budeie på ei seter. Så vart ho kjend med ein huldregut, og dei skulle snart gifta seg. På setra hadde dei ein nauthund, han skjøna at det var noko gale på ferde og flaug heim. Da hunden kom heim, reiste bonden åt setra og tok med seg børse. Det var nett den dagen ho Anne skulle gifte seg. Da bonden kom bortåt setra, fekk han sjå mykje folk på stølen. På ein svart øyk sat ho Anne, ho hadde bunad og gullkrone på hovudet. Bonden skjøna at no laut han skunda seg, og så skaut han over folka. Med ein gong vart det borte alt saman, berre Anne stod att på stulen. Huldregubben sa med det same han vart borte: – Du skal mykje få sjå, men lite forstå. Sidan såg Anne alle dei huldrefolka som var i bygda. Og etter den gongen vart ho vis.

 

Megardsriddaren

megardsFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?:  For 300 år sidan stod det ei kyrkje på ein gard som heiter Megarden. Og så var det ein riddar som heitte Megardsriddaren. I Heidalen budde det ei kjempe som folk kalla Heidalskjempa. Megardsriddaren og Heidalskjempa var ofte sinte på kvarandre. Ein gong Heidalskjempa stod på Mukampen, kasta ho ein stor stein på Megardskyrkja. Steinen trefte tårnet så det rauk tvert av. Det vart riddaren sint for og sa at han ville drepe ho, og det gjorde han au. Han drap kjempa og grov ho ned akkurat der han drap ho. Og det var på Kjempesletta. Det er oppgrave torv der, så langt som kjempa var, og det er sju vaksne kar-steg.

 

One response to “Segner frå Skåbu

  1. Olaug Askheim Aas

    Det finst ikkje namn på kven som har skrivi dei ymse sogene?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s