Portrett menn

Flott kar

Flott kar

HalvorIbosaaen

Halvor I. Bosaaen (1851-1942), ca 1920

Ole Pettersen ved arbeidsbenken siste leveåret, 1973

Ole Pettersen ved arbeidsbenken siste leveåret, 1973

galten

Johan Lien. Bildet er tatt på Furuseth. Bilde frå Terje Lien og Aud Gunnestad på FB-sida til Kvam Historiske Forening

Ivar Kleiven –

(fødd i Vågå 10. juli 1854, død same stad 19. februar 1934) var bygdebokforfattar, folkeminnesamlar, folkeopplysningsmann, målmann, politikar, turistvert og gardbrukar. Med sine bygdebøker frå Gudbrandsdalen blir han rekna som ein av dei fremste pionerane innan denne sjangeren,

Pål Kluften –

(fødd i Nord-Fron 16. november 1888, død i Ringebu 30. april 1942) var typograf, spelemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, diktar, journalist og arbeidarpolitikar. Han kombinerte sine sosialistiske haldningar med norskdomsstrev, og var blant dei framståande kulturpersonlegdomane som gjorde sitt for å legitimere målsaka i arbeidarrørsla. Hans verksemd var med på å fremje den massive overgangen til nynorsk i Gudbrandsdalen i slutten av 1930-åra. Kluften er blant mykje anna kjend for å ha teke initiativ til Per Gynt-stemna på Vinstra, og for å ha ivra for å få ein historisk Per Gynt fram i lyset. (frå Lokalhistoriewiki)

minnestein

Per Ottesen: Dette er eit bilde med mange følelsar for skrivaren. Minnesteinen over Karl Lillevold er viktig og i høgste grad fortent, men det ligg meir her. Karl Lillevold var lærar i Venabygd, men også klukkar og kyrkjesongar. Han budde i ”Klukkargarden” i Venabygda, og for oss som ikkje kjende han så godt personleg, møtte vi han som dirigent i felleskoret på songarstemna. Han var ein fantastisk dirigent. Han ”dro” tonane ut av oss gjennom ein intens innleving i songane. Vi måtte ”gi alt” når han dirigerte. Dette bildet frå avdukinga av minnesteinen er også spesielt. Are Stauri (1912-1972), som var leiar i ”minnesteinskomiteen” og dirigent i Vinstra Sangkor i mange år, var sjuk i dette høvet, og døydde også om hausten 1972. Det var svært viktig for han å få gjennomfrørt dette prosjektet. Jens Sundt (1916-2007) var leiar i Gudbrandsdal Sangerforbund og også svært oppteke av at dette prosjektet måtte bli realisert, for Karl Lillevold var ein mann som fortente eit minnesmerke. At Oddmar Myrum fekk teke dette bildet ved avdukinga ser vi som særs viktig, og minnast Karl Lillevold med verselinja på steinen: ”Uten sang er ingen vår”.

Johan Kjorstad 1917 (foto frå Per Ottesen)

Johan Kjorstad 1917, meget verdsett hundetrenar, bygde Valseter pensjonat på 30-talet utapå setra si. (foto frå Per Ottesen)

Anton H. Reiret (1881-1964) "Rærin", bygdeoriginal frå Skåbu, ein av dei som blir oftast herma i Skåbu.

Anton H. Reiret (1881-1964) «Rærin», bygdeoriginal frå Skåbu, ein av dei som blir oftast herma i Skåbu.

Olav Åsmundstad

Olav Åsmundstad (1850-1924) forfattar, folkehøgskulelærar, tradisjonsbærar, folkeopplysningsidealist. (foto frå Per Ottesen)

Per Åsmundstad

Per Åsmundstad, historiker, tegna ned Per Gynt-segnene i Tidens Tegn i 1903. Pål Kluften sette artiklane som typograf – og fekk igang Per Gynt-stemnet i 1928.

Per Åsmundstad

Per Åsmundstad

Vinstra stasjon. Statsminister Einar Gerhardsen med ordførar og stasjonsmeistar Egil Hernæs. (foto: Arne Hernæs´ heimeside)

Vinstra stasjon. Statsminister Einar Gerhardsen med ordførar og stasjonsmeistar Egil Hernæs. (foto: Arne Hernæs´ heimeside)

Torger Iverstugun 1880-1974

Torger Iverstugun 1880-1974

Redvald Fjellhammer teikna av Svein Tore Kleppan

Redvald Fjellhammer, spelemann, teikna av Svein Tore Kleppan

Redvald Fjellhammer (1916-1990) på distriktskappleiken på Vinstra i 1974

Redvald Fjellhammer (1916-1990) på distriktskappleiken på Vinstra i 1974

Grosserar Johan Sørensen 1830-1918

Grosserar Johan Sørensen 1830-1918, grosserar, konsul, gründer, bygde Tofte Høilidshotel og Lauvåsen sanatorium.

Barnebarnet til Johan Sørensen, Fridtjof Balchen, arva Tofte Høilidshotel

Barnebarnet til Johan Sørensen, Fridtjof Balchen, arva og dreiv Tofte Høilidshotel til det brann i 1940.

Jon Harildstad

Jon Harildstad, første formann i Fron historielag.

Israel Krupp var en norsk jøde, sportsmann og fabrikkeier. Han var født i Litauen 9. mars 1908, kom til Norge på 1920-tallet. Han døde på Sør-Fron 25. oktober 1991.
Krupp var aktiv skiløper og en meget habil fotballspiller. Han representerte Oslokameratene og Frigg og spilte i 1930 én kamp for det norske landslaget.
I 1942 måtte han flykte med kona og sønnen til Sverige, men kom snart med i motstandsarbeid, ble vernepliktig major og hadde flere oppdrag inn i det okkuperte Norge. Han hadde god kontakt med etterretningsstaben hele sitt liv. Etter krigen fikk han kjøpt Tofte gård, under forutsetning av at han skulle bygge opp igjen det nedbrente Tofte hotell, men dette ble det ikke noe av. Han drev en konfeksjonsfabrikk i Oslo, men den ble flyttet til industriområdet i Lia i Sør-Fron i 1953. På det meste beskjeftiget fabrikken nesten hundre personer, de fleste var kvinner. På Hera fabrikker A/S ble blant annet Wilfa-støvsugeren produsert. På bildet sitter han på trappen til villaen han bygde i Tofte.

Bjørn Talen

Bjørn Talen. I 1938 giftet han seg med Cecilie Dobloug, og de kjøpte “Peer Gynt-gården” Hågå i Nord-Fron. Født 8. september 1890 i Kristiania, død 12. juli 1945 i Bergen. Talén var norsk operasanger (tenor). Han studerte sang i Milano, Napoli, London og Paris. Han debuterte i Universitetets aula 1. oktober 1914. I 1918–20 var han ved Opera Comique i Kristiania. Han opptrådte ellers ved Nationaltheatret og ved Den kongelige opera i Stockholm, og han hadde gjesteopptredener i København, Torino, Madrid, Berlin, Dresden og flere andre steder. Fra 1921 til 1928 var han fast ansatt som førstetenor ved Staatsoper i Berlin, og videre fram til 1932 ved Städtische Oper samme sted. Av roller han sang, kan nevnes Tannhäuser, Faust, Don Jose i Carmen, Cavaradossi i Tosca, Pinkerton i Madama Butterfly og Samson i Samson og Dalila. Han sang også nyere repertoar, blant annet Kurt Weill. Tilbake i Norge opptrådte han også i mer operetteaktige oppsetninger, som Smilets land av Franz Lehár. En jubileumskonsert i 1939 ble også i praksis avskjedsopptredenen.
Talén hadde også offisersutdannelse og nådde kapteins grad. Ved den tyske invasjonen i 1940 var han sjef for luftvernet på Kongsvinger festning. Kommandanten der var tyskvennlig, men på Taléns ordre ble depotene brutt opp, slik at de innkalte soldatene kunne få våpen og uniformer. Talén døde av kreft i 1945. (Wikipedia)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s