Nakne om natta for å spare klærne

Iver I. Syverstuen fortel om 40 m², eitt rom med bord og taburettar

syverstuen

På 1950-talet samla Norsk folkemuseum informasjon om korleis det var å vekse opp på ein husmannsplass. Sambygdingar intervjua husmenn og husmannsborn. 29. juni publiserte vi intervjuet med Johan Smikop, (1892-1969), som vaks opp på husmannsbruket Lagestuen i Kvikne.  Her har Lars Lauvsletten frå Kvikne – fødd 28.12.1925 – prata med Iver I. Syverstuen, fødd på husmannsbruket Syverstuen i Kvikne 19. april. 1878. Han hadde vore husmann sidan 1917:

Min far var født i Syverstuen 1832, han hette Iver Olsen Syverstuen og giftet seg med Rønnaug Knutsdotter fra Heidal født i 1833. Dei var husmenn i Syverstuen i 48 år og bodde der til sin død. Mine besteforeldre var også husmenn i Syverstuen, dei hette Mari og Ola. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Dei fleste ville bli kjent i Ruste

Mest lest i juni

Skjermbilde 2020-07-03 kl. 20.51.20I juni var flest lesarar opptekne av å bli kjent i Ruste. 517 klikka seg inn på invitasjonen, bortimot 40 møtte fram, og referatet fra turen kan du lese her.  Fire artiklar fekk fleire enn 400 lesarar. Ei lita historie om Kvam nådde 445, medan ho Petra som slo seg til i USA og stunda heim til Sødorp, møtte 429 klikk. Peder Nilsen fortel om si tid som gjetar kring 1820 for ei forsamling på 416 lesarar.  Kven er desse lesarane? Det er jo dykk som les dette, og i juni budde 280 av dykk i USA, 49 i Sverige, 41 i Irland, 38 i Danmark, 21 i Tyskland og 16 i Italia.

Skjermbilde 2020-07-03 kl. 20.52.37

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Interessant markvandring i Ruste

Lodver Bryhn (til venstre) og Anders Haugen har i fleire år arrangert Bli kjent i Ruste. Her står dei midt på «Kjørkjelésletta» og orienterer om sundstaden nedanfor Båtberget. Foto: Birgit Haugen.

Ole Chr. Risdal: Det blei ei triveleg og interessant vandring i Ruste førre torsdag. Bortimot 40 personar møtte opp i finvéret da Lodver Bryhn og Anders Haugen nok ein gong arrangerte Bli kjent i Ruste. Denne gongen tok dei for seg Skinne, Skinnehaugen, Tarud, Flata, Båtberget og Piparstugu. Les meir

2 kommentarar

Filed under Informasjon

Det lå ofte tre i hver seng

Olav Rognli intervjuar Johan Smikop om oppveksten på eit husmannsbruk

lagestuen

Folketeljinga 1910

På 1950-talet samla Norsk folkemuseum informasjon om korleis det var å vekse opp på ein husmannsplass. Sambygdingar intervjua husmenn og husmannsborn. Her intervjuar Olav Rognli frå Kvikne, fødd 1907, Johan Smikop, (1892-1969), som vaks opp på husmannsbruket Lagestuen i Kvikne:

Johan Smikops far Amund var født på husmannsbruket Plassen i Kvikne i 1857. Moren Marit var født på husmannsbruket Brenden i 1860. Etter å ha tjent på forskjellige gårder i noen år giftet de sig i ung alder og begynte som husmenn. Når dette nedskrives, er Amund nettopp død godt og vel 99 år gammel. Marit døde i 1953, 98 år gammel. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Han sette plastbøtta bortpå omn

Rærin – ein ekte bygdeoriginal

Anton H. Reiret

Anton H. Reiret (1881-1964)

OLE CHRISTIAN RISDAL:  Presten Kyrre Bremer var flink til å vitje Anton. Ein gong han var innom, fekk han sjå at det hang bilete av nokre nakne damer over senga hans Anton. – Du har så fine damer over senga di, kommenterte presten. – Ja, men de e sjælda døm e ni sængen, svara han Anton. Anton Reiret var kanskje den største og mest kjende bygdeoriginalen i Skåbu. Her kan du lese om slekta hans, liv og virke og sjølvsagt ein del gode historier. Her kan du også høyre at Torger T. Risdal fortel om bygdeoriginalar i Skåbu. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Tyskerne valgte Else som modell

11-årige Else Stebergløkken brukt i tysk propaganda

tysk propaganda

Henta frå boka Krigsvåren 1940, redaktør Kristian Hosar, ein GLT-bok utgitt av Thorsrud as Lokalhistorisk forlag 1990.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Krig, Kvinner

Visst var det rutebåt på Olstappen!

Det var så godt som veglaust i Espedalen

buom-mot-saga

Olstappen. Buom mot almenningssaga. Dette er neddemt i dag. Olaug Askheim Aas: Meiner vi sit ved restane etter fjøset til Mari og Hans Buom, dei siste fastbuande der. Bildet viser Sigrun, f. Elstad frå Eidsvoll, på fanget sit Olaug Askheim og til høgre Gudrun Askheim. Almenningssaga i bakgrunnen vart fløtt til Nørdre Hølmyren i 1950-åra. Idyllen Elvenes ligg nå under fleire meter vatn ved oppdemd vasstand.

PER OTTESEN: Mot slutten av 1800-talet kom mange turistar opp Gausdal og skulle gjerne ha skyss vidare, og da det var så godt som veglaust i Espedalen, vart motorbåt eit godt alternativ heilt frå Vassenden sør i Espedalsvatnet til nordeneden av Breisjøen. Espedalsvatnet (Langvatnet) er heile 13 km langt og Breisjøen fire km. Eit båttilbod i tillegg over Olstappen spara  turistane for ein slitsam tur til fots.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner

Bli kjent i Ruste!

Garden Skinne i Ruste. Foto: Anders Haugen

Torsdag 25. juni kl. 18.00 er det endeleg klart for årets fyrste Bli kjent i Ruste. Tema: Skinne med utskilde bruk, Skinnehaugen, Flata og Båtberget. Vi tek med Tarud og Piparstugu med det same.

Oppmøte ved Haugamo. Frå der går vi ned gamle kyrkjevegen og over til Båtberget, vidare forbi Tarud til Skinnehaugen. Der vi tek ei kaffirast med oppsummering.

Ta med kaffi eller anna drikke og litt å bite i.

Turleiarar: Lodver Bryhn og Anders Haugen

Vel møtt!

4 kommentarar

Filed under Informasjon

Vinstra Ballklubb kretsmeister i 1932

Men idrettshistoria til Ragnar Øvrelid har mange feil

104755443_3896580053746958_4816536696687229627_o

Styret i Vinstra Sportklubb i 1938. Laget feira da 30-års jubileum. Bak frå venstre: Paul P. Hvattum, Palmer Thorsheim, Paul Reidar Løkken og Einar Brenden. Fremst til venstre Hroar Hvattum og til høgre Ottar Jevne som var styreleiar.
Fotograf: Rusten. Fargelegginga er ny.

PAUL HENRIK HAGE: I band 1 av Historia om Fron av Ragnar Øvrelid, som vart utgjeve av Fron Historielag i 1987, står det ei halv side om starten på organisert idrett på Vinstra. Det er sjølvsagt fint at det er med litt om idrettslivet òg i den grundige historieboka om lokalsamfunnet vårt. Men det er leitt at det meste av det som står der, er feil. Her må historikaren Øvrelid ha mangla gode nok kjelder. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Idrett

-Dette merkelige mennesket der oppe på Hundorp

Israel Krupp fikk eget kapittel i bok om de hemmelige tjenester

IKgårutenfor

Israel Krupp på Tofte. Han «er en middels høy, kraftig kar som beveger seg med vuggende gange fram mot de ankomne. Under det kraftige, grå håret åpner det grovskårne ansiktet seg i et bredt smil.»

-Hundorp-bonden Israel Krupp var en av den hemmelige hærens viktigste støttespillere i mer enn førti år. Det hevder Ronald Bye og Finn Sjue i boka Norges hemmelige hær. Historien om Stay Behind., som kom i 1995 på Tiden Norsk Forlag.  Forfatterne har gitt  Israel Krupp et eget kapittel og spør:

Hvem var han så, dette merkelige mennesket der oppe på Hundorp i Gudbrandsdalen? Som klarte å holde seg unna rampelyset praktisk talt hele sitt liv? Bare en mindre del av livet hans har det til nå vært mulig å grave fram. Men den er desto mer interessant.
 Den som er lokalkjent og vet litt om Israel Krupps liv i Fron, kan her gå forfatterne nærmere etter i sømmene. Er de like omtrentlige i resten av sine avsløringer som de er med fakta om Israel Krupp på Tofte? Her er kapitlet om ham:

Les meir

5 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn