Om Fron historielag

byfest

Historielaget på byfesten i Vinstra 1.9. 2013 v leiar Anders Hage

Bli medlem i Fron historielag

Kr 250 til konto 2095 32 92735 Fron historielag 2640 Vinstra. Oppgje epostadresse.

Kva du har igjen for å vera medlem?

Du er med på viktig frivillig arbeid for kommande generasjonar
Du tar vare på tradisjonane
Du er med på å skape vitalitet i Fron
Det styrkar sjølvkjensla

Kommunekart

Fronskartetxt

Klikk på karta for å sjå dei større.

oversiktkart

hanggliderfron1

Bilde tatt frå hanglider over Kvam sørover mot Vinstra og Sør-Fron. Foto: XC Paragliding

Fron historielag hører heime i kommunane Nord- og Sør-Fron i Innlandet fylke, altså det gamle Fron prestegjeld. Vinstra i Nord-Fron fekk bystatus 1. 9. 2013.

I 2015 hadde Nord-Fron 5 754 og Sør-Fron 3 204 innbyggjarar,  til saman 8 958 innbyggjarar.

Wikipedia om Sør-Fron.   Wikipedia om Nord-Fron.

Store norske leksikon om Sør-Fron    Store norske leksikon om Nord-Fron

Fron Historielag fekk Nord-Fron kommunes kulturpris for 2009.

Kva kjem namnet Fron av?

Denne heimesida vart oppretta 13. april 2013.  Du finn Fron historielag òg på Facebook med eit omfattande bildearkiv.

Styret i Fron historielag treffer du her.

Logoen til Fron historielag er teikna av kunstnaren Ragnvald Frøysadal etter ein gammal kyrkjering frå Steig i Sør-Fron. Garden var i kongens eige og er omtala i sogebøkene fleire gonger. Sjølve motivet er eit fabeldyr som bit seg sjølv i sporden. Kyrkjeringen har vore tolka som eit symbol på det evige. Ringen kan vera ein rest av eit kapell eller ei kyrkje, som etter Jens Nilsøns Visitatsbøker stod til forfall på Steig i 1598. Det går tydeleg fram av gamle brev at kyrkja på Steig var eit kongeleg kapell knytt til garden. Kva tid kapellet på Steig vart bygd let seg ikkje sikkert fastslå, men er avskrifta i «Flatøyarboka» rett, må kapellet vere bygd tidleg på 1200-talet.

historielaget-nc3b8rdre

I 1930 ga historielaget ut bygdeboka Fronsbygdin, med Ivar Kleiven som forfattar. Ei innhaldsrik og velskrive bok. Du finn mange gode utdrag her.

Seinare har Fron historielag gitt ut fleire bøker, mellom anna Gardar og slekter i Fron (bind 1 og 2) av Einar Hovdhaugen og Historia om Fron (bind 1 og 2) av Ragnar Øvrelid. Sidan 2003 gir laget ut årboka Fronsbygdin, med same namn som Kleivens bygdebok.

Du kan kjøpe bøker her.

Laget har sett opp eit bygdatun på bruket Milsteinstugu i Sødorp og oppgangssaga ved Sulheim og arrangerer dessutan historiske vandringar.

Du kan lese om historia til Fron historielag her.

Lansering av Fronsbygdin 2012.

Lansering av Fronsbygdin 2012.

fbapplaus

Lansering Fronsbygdin 2013

Lansering av Fronsbygdin 2014 på VVS

Lanseringa 2016:

lansering2018

Lansering Fronsbygdin Nord-Fron bibliotek 2018

Noko av arbeidet til historielaget gjennom desse åra:

Utgjevne bøker:

«Fronsbygdin» av Ivar Kleiven, m/nytt opplag
«Fron-Slekter» av E. og P. Sveipe og J. Haraldseid, m/nytt opplag
«Ovanom Helgefell» av Olav Åsmundstad
«Ofsen i 1789» av Wilhelm Sommerfeldt
«Gardar og slekter i Fron» bind 1 og 2 av Einar Hovdhaugen.
«Historia om Fron» bind 1 og 2 av Ragnar Øvrelid.
«Fronsmålet» m/tillegg av Gunnar Jenshus.
«Fronsbygdin» jubileumsbok/årbok frå 2003, red. I. Myrstad og R. Stauri
«Fronsbygdin-2004», red. I. Myrstad og R. Stauri
«Fronsbygdin-2005», red. I. Myrstad og R. Stauri
«Fronsbygdin-2006», red. I. Myrstad og R. Stauri
«Fronsbygdin-2007», red. I. Myrstad og R. Stauri
«Fronsbygdin-2008», red.P. Ottesen og R. Stauri
«Fronsbygdin-2009», red. P. Ottesen og R. Stauri
«Fronsbygdin-2010/11», red. P. Ottesen og R. Stauri
«Fronsbygdin-2012», red. P. Ottesen og R. Stauri
«Fronsbygdin 2013, red. Per Ottesen og R. Stauri
«Fronsbygdin 2014, red. Per Ottesen og R. Stauri
«Fronsbygdin 2015, red. Per Ottesen og R. Stauri

Her er oversikt over innhaldet i Fronsbygdin 2003-2013.

Større tiltak:hgraving

Bauta over presten Hiorthøy, som i si tid tok initiativet til  det Fronske kornmagasin til bruk i år med naud, reist nedanfor den gamle kyrkjegarden i Sødorp.

Bauta over presten Hiorthøy, som i si tid tok initiativet til det Fronske kornmagasin til bruk i år med naud, reist nedanfor den gamle kyrkjegarden i Sødorp.

Oppgangssag frå Meåkre oppsett ved Sula.

Oppgangssag frå Meåkre oppsett ved Sula.

  • Kvernhus frå Skurdalshaugen oppsett ovanfor oppgangssaga.
  • Bygdatun på bruket Milsteinstugu i Sødorp m/våningshus, fjos, stall, stabbur, låve, smiu og den gamle milsteinen, som gav bruket namn.
  • Tradisjon med årleg markdag..
  • Mange år m/kurs i tyding av gotisk skrift.
  • Eige arkiv på Opplandsarkivet på Maihaugen.
  • Medlemsblad.
  • Kyrkjebøkene for Fron frå 1799 til omlag 1896 finst no etter mange års arbeid på cd-rom.

FRON

Når ein gard på Sør-Fron er nemnt i skriftlege kjelder frå nyare tid står det anten at garden ligg i Fron sokn, Fron prestegjeld eller oftast i «Hovudsoknet». Frå eldre tider har soknet mellom Ringebu i sør og Sel i nord heitt Fron. Namnet tyder visstnok land eller jord. Fron sokn har frå 1600-talet vore delt i 4 kyrkjekrinsar, med ei  hovudkyrkje og tre ”annexkyrkjer” i følgjande grender/bygder:

  1. Fron ( ofte nemnt som ”Hovudsoknet” ) , som i dag vert kalla Sør-Fron, med kyrkje på Listad og frå 1792 kyrkja vi har idag på Oden/Prestgardsgrunn.
  2. Sødorp annex, som idag er Sødorp, Vinstra og Ruste, med kyrkje på Brandvol og frå 1752- 1908 på Litlgard. Kyrkja vart sidan fløtt til Sunde i 1908.
  3. Kvikne annex, som da var Kvikne og Skåbu, med kyrkje på Sylte, seinare frå 1789 på Tune. Frå 1927 fekk Skåbu eige kyrkje i tillegg.
  4. Kvam annex, som idag er Kvam og Sjoa, med kyrkje på Vik, seinare frå 1777 på Røssum.

Fronsnamnet høyrer altså Sør-Fron til. Folk seier den dag i dag t.d når dei er på Vinstra og skal til Sør-Fron, at dei reiser  «Sø’på Fron».

På Sør-Fron har vi grendanamna Frya, Søre og Nørdre Langlia (i dag nemnt berre Lia), Skurdal, Ryssland og mellom Ryssland og Frya på solsida har vi Øverbygda og Nerbygda. Det er mest truleg her vi finn opphavet til Fronsnamnet. Når dei sa bygda, meinte dei Fron, kanskje kunne vi tala om øvre og nedre Fron her.

Det er fleire ting som kan støtta opp om denne teorien. I nordre delen av hovudsoknet ligg Ryssland – og hekt gjerne på Skurdal òg. Ryssland med grense mot Sødorp i nord, Augla i øst og sør og Laugen i vest. Gardane i Ryssland hadde saman med Skurdalsgardane også heile baksida frå Nordre Lia i sør til Ruste i nord i gardvalet sitt. På Kjorstad i Ryssland stod det i 1598 etter Jens Nilssens visitatasbøker s.15 ennå ei gamal forfallen annexkyrkje. Dermed kan vi altså tenkja oss at ”Ryssland annex” seinare vart innlemma i hovudsoknet og ikkje har noko med Fronsnamnet å gjera.

Ein kan her nemna at desse kyrkjene stod til nedfalls omkring 1600, og såleis kanskje var jevngamle: Listadkyrkja, oppført ny litt lenger ned for den gamle omlag 1617, Kjorstadkyrkja ­forfallen 1598, Almekyrkja – nemnt i 1509 og kyrkjegarden der var ennå synleg på slutten av 1700-talet, Brandvolskyrkja ­forfallen og ubrukt i 1575 og ny kyrkje vart oppført ved sida av den gamle, Kviknekyrkja på Sylte – oppført ny kyrkje på same tuft på 1590-talet og det same kan ein nok seia om kyrkja på Vik i Kvam òg, utan at ein har noko kjeldestoff der.

Her ser ein at i hovudsoknet vart Rysslandkyrkja på Kjorstad og Øverbygdskyrkja på Alme innlemma i Nerbygdskyrkja på Listad. Denne kyrkja, ofte kalla Listadkyrkja, vart nå til Fron hovudkyrkje. Teorien om at Fronsnamnet har ein tilknyting til Listad/Alme-området er nok sterk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s