
Tyske stridsvagnsoldatar på Vinstra medan kampane pågjekk i Kvam. Karen til høgre er såra i armen. Offiseren bak var spesielt oppteken av den vesle jenta. Han hadde ei heime i Tyskland på same alder. Nordmannen bak er stasjonsmeister Øksum med kona framfor seg.
Her er det samla mykje godt og interessant stoff om denne tida. Og det kjem meir.
- Ofte blir okkupaasjonsåra skildra som ein dramatisk kamp mellom det vonde og det gode, og skildringane har gjerne sterke moralske overtonar, i vurderingar og språkbruk, skriv Ragnar Øvrelid i innleiinga til bind 2 av Historia om Fron. Og han legg til: -Slik må det vel vera. Slik kunne sjølvsagt desse åra arte seg også. Eit samfunn i krig må tenke enkelt, i svart og kvitt. Innvendingar og atterhald får vente. I dei fleste forteljingane om krigen har dei daglegdagse problema fått liten plass, historia om kvardagen vart mindre interessant.
I boka gjer Ragnar Øvrelid, som han seier, eit forsøk på å hente krigskvardagen fram att, vise korleis fronsbygdene kom seg gjennom dei fem okkupasjonsåra. Dette er eit viktig tema og interessant stoff som bør vera tilgjengeleg for fleire. Derfor denne samlesida med innlegg frå historiebloggen til Fron historielag. Her er det lagt ut stoff frå mange kjelder, men først og fremst frå den velskrivne og grundige utgreiinga til Ragnar Øvrelid. Ei bok du bør skaffe deg om du ikkje har ho.
Det er og mykje å hente frå den vesle boka til N. N. Ringdal frå 1949: Ei bygd opplever krigen. Du får ho hos Amazon for 25 dollar.
Gudbrandsdal krigsminnesamling i Kvam er avgjort verd eit besøk.
På denne samlesida – som er under utvikling – finn du ei interessant framstilling av den militære sida ved kampane i Tretten og i Kvam, der general Ruge konkluderer med at dei norske soldatane hadde lite å stille opp med. Dei hadde ikkje vore i strid før.
Kva tenkte folk i Fron da dei vakna til Dagsnytt-meldingane om morgonen 9. april 1940?
Dei som var evakuerte til Tofte Høilidshotel likte i alle fall dårleg at statsministeren kom dit som bombemål.
Ved bruene i bygda vart frivillige innkalla til vakthald, særleg medlemmer i skyttarlaga. Kva gjorde dei?
- april 1940 vart Fron fylt av britiske soldatar nordfrå, og norske soldatar som drog seg tilbake frå kampane ved Tretten. Den norske staben tok opphald i Sør-Fron eitt døgn, og Hærens sanitet heldt til på Steig. Det vart oppretta feltlasarett på Frøningsheimen og på Folkets hus i Sør-Fron og på Furuheim i Nord-Fron.
Ut på ettermiddagen kunne folk høyre detonasjonane da norske troppar sprengde bruene over Lågen.
Nordmenn og britar klarte ikkje å stanse den tyske frammarsjen ved Kvamsporten. Den planlagde fjellsprenginga av Kvamsporten fylte området med støv og røyk, men var mislukka.
Tre sivile bygdefolk vart drepne i kampane i Kvam i april 1940. Den første var ein danske, Søren Sørensen, som budde på Svarthaugen. Han såg at garden tok til å brenne og la på sprang nedover for å redde grisane. Etter kampane fann dei han ved jernbanelinja med tre kuler gjennom hovudet.
Etter kvart tok folk seg ned i bygda att. Den øydelagde grenda grein mot dei. Over 70 nedbrunne hus, sundskote bygningar, raserte marker og vegar, og i fjøsa døde eller uthungra krøtter.
Få nordmenn var med på noe så dramatisk under krigen som de frøningene som bidro til gulltransporten i 1940.
Kva gjer du når bankboka di vart borte i kampane? Sverre Sætre var en av mange kvamværer som ble husløse da kampene raste i slutten av april 1940.
Det var vonde tider i Fron i april og mai 1940. Tyske soldatar slo seg ned på gardar og opne stader med alt utstyret sitt og fyrte og kokte så uforsiktig på feltkjøkkena sine nær husvegger at folk vart livredde. Over heile Fron var tyskarar på jakt etter britiske solatar, som hadde stukke seg vekk etter kampane. Bruene over Lågen var sprengde.
Ein luelaus kar kom inn på kjøkenet i Holen i Sør-Fron ein ettermiddag i månadsskifte april/mai 194o. Ein engelsk soldat på flukt fra tyskarane.

Etter sabotasjeaksjonen i Rosten i 1940 sette tyskarane opp eit vakthus og bygde opp att brua. Bilde frå Ola Rosten/Selhistorie.no.
Sabotasje. Nokre norske soldatar vart oppdaga på Rusthågåsætra fleire veker etter at kampane i Fron var slutt i april 1940. Folk frå Fron ville hjelpe dei med sivile klede og mat, men vart temmeleg tøft mottekne.
Ho spytta ein tysk soldat i anletet da han baud henne opp til dans. Korleis var det å vera tenåring i Fron under krigen?
Det var ikkje lett å drive hotell i Fron i krigsåra 1940-1945. Å skaffe gjestene mat var eit strev.
Det var ein stor dag for Sverre Brenden da han kom heim til Vinstra den 17. mai 1945, smålåten som han var, fekk dei ikkje mykje ut av han om alle strabasane han var igjennom. Han gjorde sitt som ei plikt mot landet og folket.
Ein gong etter 1941 vart Sverre J Hovden frå Hundorp utkommandert til obligatorisk arbeidsteneste saman med andre unge menn frå Midtdalen i vernepliktig alder. Dei held til på Fylkesskulen i Ringebu.
Ei kvinne i Sør-Fron førte dagbok under krigen. Her er ei skildring av ein tytebærtur frå Sør-Fron til Atna i 1942. Det vart sett opp buss frå Ringebu.
Krigsåra gjorde slutt på eitt av dei store problema i Fron: Arbeidsløysa. Og som resultat av det: krigen gjorde også slutt på den verkelege fattigdommen i bygda.