Wikipedia:
Ivar Kleiven (10. juli 1854–19. februar 1934) var ein norsk lokalhistorikar, bonde og pensjonateigar som skreiv den første bygdeboka Fronsbygdin i 1930. Ivar Kleiven var bondeson frå Vågå kommune i Gudbrandsdalen. I ungdomen vart han gripen av Venstre sine merkesaker som målreising, nasjonalisme og norsk sjølvstende. Han gjekk difor på folkehøgskole. Kleiven overtok heimegarden i 1878 og dreiv han til 1885. Han skjøna tidleg at turisme kunne verta ei viktig attåtnæring, og frå 1898 var han eigar av eit seterpensjonat. Han var mykje med i det kommunale sjølvstyret, han var varamann til Stortinget frå Oppland (Kristians amt) 1900 til 1903. Støtt stod hugen hans til gammaltida og skrivinga. Han fekk fleire offentlege stipend til arbeidet med det, frå 1909 ein årleg sum, og frå då av budde han «av høifjeldsbegeistring aaret rundt i fjeldet», som han sjølv skreiv i «Hvem er hvem» i 1912. Kleiven nytta konsekvent gammal dialekt i sine markante sogeverk. Han er ein av dei beste stilistane vi har hatt [treng kjelde]: han kledde ein bondearistokratisk mennesketype i målbunad frå ei svunnen tid. Kleiven var over seksti år då han byrja utgje bygdebøkene sine. Import av oversjøisk korn og utvandringa til USA hadde slått beina under den gamle samfunnsordninga. Kleiven skreiv om ei tid som ikkje lenger var, men få eller ingen gjorde det så godt som han. Mållaget «Ivar Kleiven» er eit mållag i Vågå. Laget er oppkalla etter Ivar Kleiven.
Om Ivar Kleiven i Lokalhistoriewiki.

Sygard Snerle. Far til Ivar var yngre son på denne garden. I litteraturen om Ivar Kleiven blir det gjerne framhalde at han hadde farsslekt frå Snerle, Bjørnstad, Sandbu og andre gode gardar i Vågå. Martinus Høgåsen (1954) vil jamvel ha det til at Ivar-namnet er nedervd frå lendmannen Ivar gjesling på Sandbu, kjend frå soga om kong Sverre. Mor til Ivar Kleiven kom derimot frå ein husmannsplass, og den ulike sosiale bakgrunnen til foreldra kan sjølvsagt ha gjort sitt til å forme Ivar Kleivens haldningar til samfunn og kultur. Biletet er henta frå Årbok for Gudbrandsdalen 1954. Fotograf ukjent.(Henta frå Lokalhistoriewiki.no)

Ivar Kleiven. Frå Årbok for Gudbrandsdalen 1954. Fotograf ukjent.