Innhald i Fronsbygdin

Her finn du innhaldet i alle årbøkene frå 2003. Det er garantert noko av interesse!

Titlar som er understrekne, kan du klikke på og lese her på sida.

Men bøkene er gilde å ha. For å kjøpe bøker – kontakt:

Kontakt Egil Myhre: 

egilm@bbnett.no
tlf.: 970 67 723

 

 Fronsbygdin 2003

Bygde – og grendenamn i Fron av Brit Nilsen
Folk i Fron gjekk oftast til naturen for å finne namn til bygder og grender. Men mange namn er vanskelege å tolke og nokre namn er det usemje om.

Kongsvegen gjennom Sør-Fron av Hallstein Hage, Torbjørn Hagen og Geir Paulsrud
Mange stader i Sør-Fron kan vi finne restar av dei gamle vegane som har gått gjennom dalen. Dette er eit kulturminne som vitnar om innsatsen til både embetsmenne og dei lokale bøndene for å betre samferdsla mellom nord og sør i landet

Isveg over elva  av Oddmar Myrom 
Så seint som på 1960-talet brukte folk i Ruste vegen over isen når dei skulle til Vinstra. Fleire kjørte mjølka til ysteriet denne vegen.

Minnesmerke i Fron av Rasmus Stauri og Arvid Ødegaard
Runt om i Fron finst det fleire minnesmerke enn dei fleste av oss er klar over. Nokre fortel om uvanlege, dramatiske hendingar, andre om slit eller slikt vi er stolte av.

Kvamshumoren av Håkon Sveen
Kvamshumoren er eit omgrep som er kjent langt utanfor Kvam og Gudbrandsdalen. Lynnet i denne grenda har vore med på å setja kvamværen og heimplassen hans på kartet.

Frå det gamle seterlivet av Margit Lykkjom og Anton Løkken
– Eg har vore på seter´n i my over 40-år. Sjøl om det var nok å hengje fingra i, gav arbeidet både meining og glede. Dyra er alltid så takksame. Ja, det var ei god tid.

Åsavarpet av Velle Espeland
Artikkel om vegen opp til Åsen som tek av frå den gamle setervegen innover mot Vendalen og Fagerhøy.

Vintersetring i Gudbrandsdalen  av Velle Espeland
Tidlegare var det ikkje uvanleg at det også var folk og dyr på setrene om vinteren. Det kunne vere meir praktisk enn å kjøre høyet til bygds. Men det var ein einsleg arbeidsplass.

Huldrehistorier frå Ruste  av Johs Lunde
Den om er på fjellet og følgjer med på kva som skjer rundt seg, kan få sjå eitt og anna som det er vanskeleg å finn ei naturleg forklaring på. Mange meiner det kan vere huldra

Redvald Sør-frøning   av Gard Espeland
Den første som vart døypt Redvald i Norge var frå Sør-Fron. Namnet er nesten ikkje brukt andre stader i landet. I Sør-Fron var det svært populært frå 1870 til rundt 1900.

Spelemannen Redvald Fjellhammer  møter huldra  av Rasmus Stauri
Skal du nokon gong dele seng med huldra, bør du ikkje snu ryggen til henne. Det kan du “kåmå lågt” frå, meinte Redvald Fjellhammer som hadde møtt henne mange gonger.

Ole Johannesen – askeladden frå Baukholsgrenda  av Erling Skurdal og Hans Arne Westberg Gjersøe
Husmannsguten Ole Johannesen frå Baukholsgrenda reiste til Oslo og tente seg rik på å handle med filter og bein. Dotter hans gifta seg med ein italiensk adelsmann.

Mellomalderdiplom frå Fron  av Tormod Stauri
I original finst det mange brev som er skrive i Fron på 1300- og 1400-talet. På mange måtar gir desse breva inntrykk av at det var eit stabilt bondesamfunn.

Milsteinstugu- sveltihelbruket som vart bygdatun   av Johannes Brandvol
Milsteinsugu vart borte som eige bruk og buplass i 1870, men over hundre år seinare vart det vesle bruket bygdatun for Fronskommunane. Nå er det også smiu og oppgangssag der.

Eit historielag blir til   av Ola O. Røssum
Gjennom 75 år har Fron historielag engasjert seg i ei rekkje større og mindre saker. Dei største sakene er bygdetunet og bokverka Garder og slekter i Fron og Historia om Fron

 

Fronsbygdin 2004

HvalfangstFrøningar på kvalfangst av Per Ottesen
Frå 1949 til 1968 var om lag 150 frøningar på kvalfangst i Sørishavet ein eller fleire sesongar. Dei var borte frå oktober til mai/juni. Fru Rosenlund i Sødorp hjelpte mange til å få hyre.

Skodalsåa  av Guri Skurdal Tofte
Vatn er grunnlaget for alt liv- og for skodølane vart Skodalsåa eitt av eksistensgrunnlaga for gardane rundt. Ho vart den mest sentrale kraftkjelda til småindustri og kreative føretak.

Bureising i Skåbu   av Ole Christian Risdal
I 1938 fekk Magnhild og Lauritz Sandbakken kjøpt ein teig på 64 mål i Skåbu. Her rydda og bygde dei bruket Søreng der dei kunne flytte inn i 1940. Etter kvart vart det også campingplass.

Mat på Fron   av Tori Virik Nøvik
Med rette eller urette er innlandsbygdene kjende for ein liten fantasifull matkultur. Fron har tradisjonar for kvardagskost og festmat med røter langt bakover. Framleis blir mange av dei gamle rettane nytta.

Tidlege prestar og kapellanar i Fron   av Anton Tagestad
Over 70 år har gått sidan Ivar Kleiven gav eit oversyn over prestane i Fron i boka Fronsbygdin. I denne artikkelen legg ein nestor i Fron historielag fram mange nye opplysningar.

Litt om bygginga av Sør-Fron kyrkja  av Anton Tagestad
Artikkelen fortel om bygginga av kyrkja fram til 1992, da ho vart innvigd.

Fondveggen på Sør-Fron kyrkje  av Knut Kvidaland
Fondveggen – veggen med inngangsportalen – på Sør-Fron kyrkje har mange element. Inskripsjonar, monogram, ornament og bilde har alle si spesielle tyding.

Restaureringsarbeid på Gudbrandsdalsdomen  av Bjarne Jetlund
Om lag 500 meter med sprosser og godt over 1550 glasruter er brukt i Sør-Fron kyrkje. Men også framifrå handverk treng vedlikehald, No blir ytterglasa restaurert. Arbeidet kjem til å ta tre år.

Breivegen eksisplass 1705-1869   av Ragnar Øvrelid
I over 150 år var Breivegen i Sør-Fron eksisplass for soldatar frå Gudbrandsdalen. Mange frøningar tente seg ein ekstraskilling på sal av mat og drikke til soldatane, men i 1969 var det slutt.

Kodenamn Achilles  av Per Åsmundstad
Transportgruppa Achilles vart viktige for å få fram utstyr til illegalt arbeid under krigen. Nett som planetane vandrar på stjernehimmelen vandra Achilles-gruppa under Sverre Brendens leiing att og fram meir enn tjue gonger mellom Sverige og Gudbrandsdalen.

Oldfunn på Sygaard Kjorstad  av Knut Stenrud Kjorstad
Sør-Fron er rik på oldfunn. Kjorstad-funnet er det det mest sentrale og rikaste. Gjenstandar med fjernt opphav og kostbart vyrke seier noko om busetnad av rike slekter her langt attende i historia.

Folkemusikkarkivet for Sør-Gudbrandsdalen av Rasmus Stauri
Det 17-18-åringar i mellomkrigstida gjorde sine eigne sko, og etter krigen dreiv med handarbeid og fann seg litteratur på skulebiblioteket, held folkemusikkarkivet for Sør-Gudbrandsdalen til i dag.

Spelmannsminne  av Harald Rudi
Som fjortenåring såg Harald Rudi ein bassist som spelte saman med Jularbo på Folkets Hus på Vinstra. Seinare fekk han låne ein kontrabass som stod att etter Pål Kluften…

Da Leeds spelte på Dokkalykkja  av Tor Larsen
I Sorperoa var Dokkalykkja “drømmenes teater” da gutane sparka fotball. Her fekk laga namn som Liverpool og Leedsd, og spelarane vart Kenny Burns og Bobby Charlton.

Slektsgransking – eit emne utan ende   av Ragnhild Kjorstad
Mange gudbrandsdaølar har sterk ættekjensle, og slektsgransking interesserer. Denne artikkelen fortel om korleis ein kan arbeide med oppghavsrøtene sine, og kva dette arbeidet kan føre med seg.

“Froen er en ulykkelig Bygd med meget fordærvede Sæder”   av Eldrid Brandvol
Eilert Sundt gjesta Fron i 1851. Her vart han sjokkert over talet på “uækte fødte Børn, og “Natteleie i Fæhusene”. Men han vart også rørt over ungdom som tok ansvar.

“Optegnelser til Fornøielser”   av Per Åsmundstad
Fyrst på 1830-talet kom det eit rykte til Nord-Fron om at delar av Russland var folketomt, og at folk kunne få gardar der gratis. Nokre drog av garde for å få seg ein gard, men alle kom att.

Hytta – eit lite bruk på Vestsida  av Odd Jan Skriubakken
Ofte er det historia om dei litt større gardane vi kan lese mest om. Slik er det for eksempel i bøkene til Hovdhaugen om gardar og slekter i Fron. Dette er historia til eitt av dei mindre bruka.

Kvamsjenta som vart skipperfrue  av Steinar Moen
Anna Kjørum frå Kvam reiste til Bergen der ho gifta seg med Tollef Leknæs som var kaptein på skuta “Lekna”. I 1893 vart han drepen i Rio de Janeiro. Anna flytta seinare heim til Kvam.

Skuleordninga av 1742 av Ivar Myrstad
“Fundasen for Fron” – ein plan for korleis den nye skuleordninga av 1742 skulle gjennomførast i Fron – trudde alle var komen bort. Men så dukka det opp ein kopi – på eit kurs i gotisk skrift.

Ruste ungdomshus  av Oddmar Myrom
I eit lite bygdesamfunn er det behov for ein samlingsstad der skjemt og arvor blir spegla av. Det skjøna rustværane, og i 1920-åra fekk dei bygd Ruste ungdomshus.

Bedhuset Zora i Lia  av Gard Espeland
I 50 år var bedehuset Zoar i Lia i Sør-Fron ein møteplass for folk i grenda. Nye møteformer med sterke kjensler kunne nok verke skremmande, men nokre stod utanfor og følgde med.

Glimt frå Vulufjell- “Vuludal-Dronninga” sitt rike  av Johan Dalseg
Heilt frå utgammal tid synest Vulufjell å ha vore ein kjerneområde for villrein. Fangstanlegg med talrike dyregraver og synlege minne om fast busetnad gjennom fleire hundre år vitnar om det.

Fiskarvise av Roar Jørstad
Forfattaren levde mellom 1908-1970. Han skreiv fleire 34 dikt på eige forlag i 1960, Vienvang og andre dikt. Fleire dikt har naturen som tema medan andre handlar om allmenne livsspørsmål.

Baukholsstulen i norsk politikk  av Rune Gerhardsen
Familien Gerhardsen har si Fronshistorie. Denne tok til for fleire tiår sidan. Rune Gerhardsen kom til Fronsfjellet fyrst i 1955, og i denne artikkelen fortel han frå dei mange åra på Baukholstulen.

Oversyn over kulturprisvinnarar i Sør-Fron (frå 1986) og Nord-Fron (frå 1987) fram til 2003.

Fronsbygdin 2005

try_l

Gudbrandsdølar på grensevakt av Vidar Skaare
Den 13.september 1905 gav forsvarsminister Olssøn ordre om at Gudbrandsdalens landstormbataljon skulle mobiliserast. Soldatane skulle sendast mot svenskegrensa medan politikarane forhandla.

Minne om krig og fred Oddrun Rudland fortel til Ivar Myrstad
Oddrun Rudland frå Stormorken i Kvam var knapt 13 år da Noreg kom med i den andre verdskrigen. Mykje av tenåringstida vart derfor prega av okkupasjonen.

Amundsen hotell 100 år av Hans Petter Kleiven
“Amundsen” på Vinstra vart bygd som privathotell i 1905, vart “kongeleg” i etterkrigstida og har vore asylmottak i to år. Nye nederlandske eigarar tek over i  jubileumsåret

Kongsgarden Steig  av Eivind Luthen
Litt attendetrekt på eit høgdedrag ruver det gamle maktsenteret Steig over Hundorp. Garden forstra ein konge og gav også landet ei dronning. I fleire hundreår spelte Streig ei viktig rolle i norsk rikshistorie.

Steig-drakta  av Else Steig Midtvold
Steig-drakta er laga med utgangspunkt i to ruta stakkar som truleg er rundt 200 år gamle. I rutene, som var blå i botnen, var det broderi slik tradisjonen var i Gudbrandsdalen på 1700-talet.

Folkeminne frå Fron  av Randi Rosenborg
Underjordiske på Hågå, oppskrift på brannsalve og forklaringa på kvifor der ikkje er orm i Sør-Lia. Dette var noko av det ungdomsskuleelvar i Sør-Fron samla inn av folkeminne sist på 1970-talet.

Å gå med klufta  av Eivind Holen
Trass i mangel på vitskaplege forklaringar trur mange fullt og fast på at vi kan finne vatn med  klufta. Men kan dei som klufta reagerer på også finne ulike mineral ute i naturen?

Stadnamn frå Skoe i Sødorp  av Jørn Skoe
Namna på jorda og teigane på ein gard har ofte utgangspyunkt i terrenget. Men nokre gonger fortel dei også ei historie. Enkelte namn er det uråd å finne ei sannsynleg forklaring på.

Iver Lo – ein framsynt stridsmann av Anne Mari Lo
Iver Lo var bonde, men mest kjent som organisator inna landbrukssamvirket. Der ført han i mange år ein seig og lang kamp mot dei frie marknadskrefene.

Mjølkerampa av Frode Erstad
Mjølkerampa var ein av dei viktige møteplassane i Bygde-Norge. Etter kvart som mjølka vart henta med tankbil, forsvann rampene og med dei mykje av den hyggelege praten med naboen.

Da Prestgards-Raua lurte døden av Johan Dalseg
Ei historie om ein hest som var utanom det vanlege

Mannen som var uråd å målbinde av Oddmar Myrom
Å vera god i kjeften har aldri vore å forakte. Ein god replikk kastar lys over både rett og urett og kan få oss til å sjå mangt på ein nye måte. Nilshimin frå Kvikne var av dei som kunne svara for seg.

Bjørnen på Jostugusalen av Gunnar Lien
Jostugu i Sør-Fron var både ferdamannskvile, bygdakafé  og festlokale. Ein gong rundt 1900 vart det synt fram ein tam bjørn der. Etter det fekk kaféen eit nytt namn.

Fisketradisjoner i Espedalen av Ola Eggen
Matauk var det meir av før i bygdene våre. Men interessa for fiske har halde seg fram til i dag. I denne artikkelen gjer forfattaren grei for “dragnetta” og miljøet rundt dette spesielle fisket i Espedalen.

Da kassa på nikkelverket vart stolen av Iver Forseth
I oktober 1849 var det ein livat fest med mykje drikking i den nye dansesalen på nikkelverket i Espedalen. Da styraren vakna, var pengekassa med 1500 spesiedalar borte.

Vegen til Vendalen 100 år av Velle Espeland
I år er det hundre år sidan arbeidet med vegen til Vendalen på Sør-Fron var sett i gang. Det var eit stort prosjekt som kravde samarbeid og organisasjon, og det gjekk ikkje utan konfliktar.

Butikkbussen Fjellpilten av Nils Christian Steig
I åra 1963-1983 gikk Fjellpilten i Sør-Frons vestfjell. “Pilten” skapte mye hygge og sosial omgang blant fjellfolket. Men det ble lange dager for medarbeiderne på Hundorp Landhandleri.

Jenteidrett i Sør-Fron  av Tormod Tofte
Jenteidretten har ofte kom i skuggen, men alt i 1894 deltok jenter i eit skirenn i Kjorstadbakkane. Og Liv Renshus frå Sør-Fron scora det fyrste målet i kvinnefotball i Gudbrandsdalen.

Tormodsøndagen av Tor Larsen
Tormod skilag feira 100-årsjubileum i år. Tormodsøndagen i Sorperoa har gjennom åra vore den store dagen da unge og gamle i bygda fyller skispora.

Glytt i barndomsloggen frå Nedre Skar av Knut Stensrud Kjorstad
For å koma gjennom vanskelege tider må ein flytte for lettare å skaffe seg den daglege føda. Tronge tider før siste verdskrig gjorde at Otto og Inger Skar i 1939 gjorde nettopp det.

Storlykkja – ein buplass verd å minnast av Johan Dalsegg og Einar Rolvsbakken
Rydding av nye heimar i Frydalen kom i gang på 1500- og fyrst på 1600-talet. Frydalsgarden i nedre Frydalen er nemnd som engeland alt i 1723, og i Storlykkja høgare opp har det levd folk fram til vår tid.

En liden fattig dreng  av Anders Haugen
I 1830-åra  var det svolt og stor naud i Fron. Berre i 1839 reiste 300 til 400 personar frå bygda for å finne mat. Mellom dei var Anne Dokken og dei to sønene hennar.

Husmannsguten frå Koloen som vart ordførar på prærien av Fredrik Moen
Magnus Moen får Sjoa reiste til USA som tolvåring. Her vart han bonde og samfunnsbyggjar. Etter 50 år vitja han fødestaden- og fann att det han hadde drøymt om i alle desse åra.

Kunstmålaren Christoffer Stixrud av Jon Steinhaugen
Christoffer Stixrud har måla mange bilete med motiv frå Vinstra, Ruste og Sødorp. Også mange nord-frøningar har han portrettert. I fleire år budde han og familien i Sødorp.

Politidetektiven frå Søre Li´n av Gard Espeland
Redvald Larsen frå Sør-Fron vart landskjent da han avslørte ein bande som planla sabotasjeaksjonar mot norske skip under den første verdskrigen. Den tyske ambassaden i Oslo var innblanda.

Johan Sørensen og kongedømet hans av Carl Henrik Grøndahl
Etter mange år i utlandet kom grosserar Johan Sørensen til Fron i 1880. Her bygde han Tofte Høilidssanatorium og Lauvaasen Høifjeldssanatorium og sette mange andre spor etter seg.

Årsmelding for Fron historielag 2004
Kulturprisar i  Sør-Fron og Nord-Fron 2004

Fronsbygdin 2006

Kongebesøk i Fron gjennom 1000 år av Kristian Hosar
Frå 1946 vart det årvisse kongebesøk i Fron. Men kav attende til vikingtida hadde dei kongelege ærend i Fronsbygene. Denne kontakten har dei kongelege og frøningane sett høgt.

Sikkilsdalen  av Terje Lisødegård
I rundt 150 år har Sikkilsdalen vore sommarbeite for dølahesten. Hestefolk kjenner namn som Veikle-Balder, Petter Tidemann, Toftebrunen, Randsdvarten og andre.

Kvardagen for ein dyrlege av Magnar Sletten
Magnar Sletten kan sjå attende på eit langt yrkesaktivt liv som veterinær. Det har ofte vore slitsame dagar, men det er dei ljose minna som oftast dukkar fram.

Per Mellesmo – stortingsmann 1954-1977 av Per Ottesen
Fronsbygdene har hatt relativt få på Stortinget, og derfor fortener dei å bli hugsa. Ikkje minst fordi dei har uttretta så mykje verdfullt for lokalsamfunna.

Frå dagbøkene til Anton Granmorken av Nora Stormyrbakken
Dagbøker gir eit bilde av verda og tida i det små, eller i det store, I denne artikkelen møter vi livet i Nord-Fron dei fyrste tiåra av 1900-talet, slik Anton Granmorken opplevde det.

Even Knudsen Sulengshaugen av Jon Brænne
Denne artikkelen presenterer flere arbeider av den svært dyktige bygdekunstneren som var en dekorasjonsmaler av internasjonalt format. I Fron har han satt spor etter seg i Sør-Fron kyrkje og på flere gårder.

H. H. Lie av Hallvard Lie
Disse fem bokstavene ser vi på gamle kvalitesfoto. I denne artikkelen av sonen, prof. Hallvard Lie, får vi et godt inntrykk av “mannen og verket”. Han tok rundt 26 000 foto.

Mellomalderbrev frå Kvikne og Kvam av Tormod Stauri
Diplom eller mellomalderbrev er viktige dokument for å få kunnskap om eigedomstilhøve og andre juridiske forhold i mellomalderen, Men i tillegg gitr dei opplysningar om lokalspråket og språkutviklinga.

Kvikstad-bunaden av Aud Tvete Hvattum
Fleire bunader i Fronsbygdene har eigne stasplagg. Desse bunadene er mindre kjende og lite brukte utanom slekta. Redaksjonen vil prøve å få presentert desse bunadene etter tur.

Basen etter Pål Kluften av Harald Rudi
Pål Kluften hadde mange roller i Fronsbygdene. Her er historia om korleis kontrabasen hans vart reparert. Det går au an å frakte kontrabas på ein motorsykkel!

“Reivaronge” av Sigrid Bergseth og Tine E. Slang
Reiving betyr å surre inn barnet. Ordet “reivaronge betyr speunge eller baby. Er ein person lite vaksen for alderen, er han ikkje “komé utor reivom”. Reiving er lite påakta tradisjonskunnskap i dag.

Rock på døl av Trond Halle
På 60-talet hadde vi ein radiokanal i Norge og sprekaste musikkprogrammet, sett frå eit ungdommeleg synspunkt, var Ønskekonserten. I dag er dølarock eit musikkbegrep.

Harpefoss bru gjennom hundreåra av Arve Skurdal
Ingen stad i dalen er elvegjelet i Laugen så djupt og smalt som på Harpefoss. Her har det sjølvsagt vore mange bruer og mye ferdsel framigjennom tida. Desse bruene har ei interessant historie.

Amundsteinen av Arild Magne Larshaugen
Når ein går Sørensensvegen i Nordre Lia, så ligg det ein stor stein utpå bergkanten ved øvre Haustsetergrinda med Toftelva 80-90 meter loddrett under. Her skjedde det noko nifst ein gong atti tida.

Jernvinneanlegget på Borgen ved Gålåvatnet av Jan Henning Larsen
Tusenvis har sett Peer Gynt ved Gålåvatnet. Men få veit at dette området er rikt på kulturminne frå 1600-1800 år sidan. Her har det vore drivi ein rik jernproduksjon.

Vendalen av Bjarne Jetlund
I 1668 var det 17 setrar på Vendalen. I dag er nokre borte og andre har fått nye eigarar. Fleire setrar har kome til dei siste 350 åra. Dette seteranlegget er det viktig å ta vare på når hyttebygginga skyt fart.

Aat budeia av Ingv. Skillestad
Dette diktet er skrive til budeifesten i U.L.Livøæringen, Hundorp. Diktet stod i “Austland”, samlingblad for ungdomsarbeid og målreising, 14.november 1923.

Frå skulehistoria til Ruste krins av Anders Nustad
Tidlegare rektor Anders Nustad har samla mykje stoff om skulehistoria i Ruste. Denne artikkelen syner utviklinga fram til fastskuleordninga kom skikkeleg i gang.

Frå Nord-Fron til Bottineau i USA. Nedskrivi av Judith Moen,. Omsett og redigert av Per Åsmundstad
Mange frøningar har reist til Amerika, og etterslekta er stor. Dette er soga om Tjøstel Kongsli med familie som selde garden for å finne tryggare utkomme på prærien.

Fridtjof Sørensen av Oddmar Myrom
“I natt drøymde eg at eg fekk ei stor kake av deg!” “Da må eg hjelpe deg til å bli sanndrøymd”, sa bakaren og gav han ei stor kake. Kva for ein luring var nå dette?

Ordliste til Fronsbygdin (1930) (Ivar Kleiven) Av Andreas Bjørkum
Årsmelding for Fron historielag 2005
Kulturprisar 2005
Minneord Arvid Ødegaard

 

Fronsbygdin 2007

Per Gynt-segnene frå 1873 og 1877
Per Thorsen Aasmundstad (1839-1920) frå Kvikne skreiv ned lokalsegnene om Per Gynt. Dei fire fyrste er nedskrivne  16.november 1873, og dei fire neste 29.november 1877. I denne forma har ikkje segnene vore trykte før, men levd i kladdebøker.

Tre huldresegner frå Sør-Fron av Velle Espeland
Denne artikkelen handlar om tre lokale segner, og dei blir sette inn i ein større samanheng. Segnstoffet lever eit stille liv i vår tid og er ikkje lenger ein del av eit felles minne. Dette er gode historier.

To segner frå Ruste, fortalt av Johannes Lunde
Desse to segnene viser korleis segnstoff oppstår. Vi har ein trong til å finne forklaring på gåtefulle hendingar. Og er vi ikkje heilt nøgde, diktar vi ein ny versjon.

Brukskunstneren Bjarne Skurdal av Jan Skurdal
Skurdal kunstsmie og Skurdal Tinn avsluttet produksjonen og utsalget i 2007. Denne artikkelen forteller om disse viktige bedriftene i Fron fram til Jan overtok smijernproduksjonen i 1965 og Dag tinnvarevirksomheten i 1971.

Jødeaksjonen  i Fron av Tore Pryser
Et nokså fortiet kapittel av lokalhistorien er den tragiske jødeaksjonen høsten 1942. Fem jøder ble sendt til gasskammeret i Auschwitz. Her får vi vite hva som skjedde.

Ungdomshuset Furulund på Sjoa av Fredrik Moen
I etterkrigstida var ungdomshusa ein viktig møtestad for bygdefolk. I denne artikkelen får vi eit godt inntrykk av korleis ein unggut opplevde ein møte- og festkultur som mange vil kjenne seg att i. Her var alt frå basar og forkynning til vill fest.

Spelemennene Jehans Knuta og Amund Grisibu av Rasmus Stauri
Bygdespelemennene er viktige i det lokale og nasjonale kulturlivet. Folkemusikken i Fron har fått nye utøvarar dei siste 30-40 åra, og derfor  gjeld det å trekkje gammelkarane fram att frå gløymsla.

Bunaden frå Stenberg av Kirsti Krekling
I 1940-åra vart det funne att eit brodert ulltrekk på ei underdyne på garden Steberg. Det er vanskeleg å tru at dynetrekket kan vera tenkt til anna enn eit stasplagg – eit skjørt eller ein livkjole.

Natur og levekår i Kvam i mine opppvekstår av Helge Stormorken
I to artiklar ser Helge Stormorken seg attende. Den fyrste artikkelen handlar om naturtilhøve , samferdsel og ernæringsgrunnlafg i Kvam i mellomkrigstida. I Fronsbygdin 2008 skriv han om fleire emne.

Oppvekst på eit lite småbruk av Oskar Letrud
Ein stor barneflokk var noko av det som særmerkte livet på mange små plassar for nokre generasjonar attende. Livet var eit heilt anna enn i vår tid, men hadde mangt ved seg som vi ikkje tenkjer over i vårt velstandssamfunn.

Å selja ein gard av Ole Bjerke
Å selja ein ættegard er for dei fleste ei tung avgjerd. Mangt skal tenkjast igjennom og ordnast. Fleire enn Reidun og Ole Bjerke, som selde Sygard Bjørke i Sør-Fron, kjem nok i den situasjonen.

Da Viktor Rydberg gjekk gjennom Fron av Gard Espeland
I 1858 gjekk den svenske journalisten Viktor Rydberg gjennom Gudbrandsdalen. Han vart skjenkt god vin på Forr, møtte vennlege folk på Lillehove og åt nydeleg “Laugen-laks” på Øya.

Familien Bojer på Sygard Kjorstad av Knut Kjorstad
Frå 1911 til 1915 budde familien i Sør-Fron. Dei hadde med seg europeiske skikkar og eit trønsk opphav – forfattaren Jpohan Bojer og kona Ellen med ungane Tore, Randi og Halvard.

Vuludalen av Audun Dalsegg
I Vuludalen var det fast bosetting mer for enn tusen år siden. I denne artikkelen får vi vite litt av historien til dette frodige området.

Lauving og mosetaking i Nord-Fron av Frode Erstad
Mange vinterfora dyr var det sikraste livsgrunnlaget før i tida. Avlinga vart ofte for lita til eit stort dyrehald. Derfor måtte folk leite seg fram til det naturen sjølv hadde å by på.

A/S Søtorp Brændtorvfabrik av Hans Petter Kleiven
Både på 1700- og 1800-talet var dei harde ved skogen sin i Fronsbygdene. Denne artikkelen fortel om eit lite kjent industritiltak på Sødorpfjellet. Spor og restane etter A/S Søtorp Brændtorvfabrik kan ein framleis finne.

“Hestvandring” av Eivind Holen
Få områder i arbeidslivet har vært gjennom så mange omlegginger som jordbruket. Her får vi vite om anlegg for å dra treskeverk med hestekraft.

Karen Pedersen av Tea Myrstad
Karen Pedersen eller Karn Persen, som det vart sagt til dagleg, var tenestejente for tre generasjonar på N. Bjørke.. For det fekk ho fortenestemedalje, men starten på  livet kunne ikkje ha vore stort verre.

Bygdeslaktar i over tretti år  av Oddmar Myrom
Folk har alltid måtta ta livet av dyr, anten det var husdyr eller ville dyr dei hadde som næringsgrunnlag. Ottar Øverjordet frå Ruste dreiv eit bygdeyrke som i dag er forbode ved lov.

Omgangsskulen i Skåbu og lærar Torger T. Risdal av Ole Christian Risdal
Dei gamle lærarane var autoritetar i bygdene. Oppgåvene var mange, men kallstanken var mykje av drivkrafta i tunge dagar. Ikkje minst var omgangsskulen krevjande for både elev og lærar.

Stortingsmann Ola O. Røssum av Asbjørn Ringen
Ola. O. Røssum representerte Oppland Senterparti på Stortinget frå 1969 til 1981. Skular, kultur og landbruk var viktige arbeidsområde. Han var også ein sentral mann i partiorganisasjonen.

Å vekse opp på ein prestegard av Snøfrid Skaare
“Der blev en pause i soiréen da prestens datter trådte ind, og sladderen der gikk om theen blev stum ved hennes lette trind”. Welhaven skreiv dette om Camilla Wergeland. Korleis var det å vekse opp på ein prestegard i Nord-Fron?

Ei fjelldronning – historia om Annie Balchen av Carl Henrik Grøndahl
Reiseliv og turisme har i lang tid vore eit varemerke for Fron. Dei som bygde opp denne næringa, kom ikkje alltid lett til det. Men dramatikken som Annie Balchen på Veidarvon opplevde, overgår det meste.

Årsmelding for Fron historielag 2006
Minneord Ola Rolstad
Kulturprisar  2006

Fronsbygdin 2008ivers2

Pilegrimsvandrar i Fron av Tormod Berger
Denne artikkelen fortel om pilegrimsleia frå Frya til Otta. Artikkelforfattaren har gått til Trondheim fleire gonger. Han meiner leia kan gjerast langt betre enn i dag der ho går i eit mektig kuturlandskap.

Plukk frå det biologiske mangfaldet i Fron av Ola Holen
Mange planteartar er truga av utrydding. Desse blomsterplantene utgjer ein viktig del av det biologiske mangfaldet. Det er mange artar i Fronsbygdene også som er i faresonen.

Frå eit langt og engasjert skuleliv. Nils Os fortel til Ottar Hovde
Nils Os var fødd på Nordfjordeid, men budde i Fron i om lag xseksit år. Han var ein av fleire vestlendingar som flytta over fjellet og fann seg levebrød. Nils Os gjekk bort i 2005.

Museet på Ruste skule av Anders Nustad
Hausten 1989 feira den norske grunnskulen 250 år. Ruste skule arbeidde med prosjektet “den gamle skulen”. I jubileumsåret vart loftsrommet på gamle Brynsmoen innvigd til skulemuseum.

Frøningar i gulltransporten 1940 av Hans Petter Kleiven
Da tyskarane okkuperte Norge 9.april 1940, var det viktig å berge gullbehaldninga til Norges Bank frå okkupantane. Fleire i vaktmannskapa med gulltransporten var frå Fron og Ringebu.

“Sponplåta” er 40 år av Per Ottesen
Sponplatefabrikken på Kvam er eit dominerande innslag i Kvam sentrum, og ei nøkkelbedrift i Nord-Fron kommune. Denne artikkelen tek for seg nokre merkepålar gjennom desse 40 åra.

Bjørnson-brev av Birgitte Bay
Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson var venner med Marthe og Knut Bay på Sygard Forr. I denne artikkelen presenterer Birgitte Bay Bjørnson-brev til tipp-tippoldeforeldra sine.

Lars Prestmoen av Kåre Hosar
Langt utanfor Fron finst det arbeid etter Lars Prestmoen, og ikkje minst pipehovud frå “Pip-Larsen” på Lillehammer. Han var ein allsidig kunstnar som arbeidde seg opp frå små kår.

Natur og levekår i Kvam i mine oppvekstkår av Helge Stormorken
I Fronbygdin 2007 skreiv artikkelforfattaren om livstilhøve i Kvam før krigen. Andre del av artikkelen handlar om utmarksnæringar, handverk og industribygging, skulestell og sosiale tilhøve i bygda.

Haugsetra på Kvamsfjellet av Fredrik Moen
Fleire av dei gamle setrene i bygdene står tome gjennom året. Rundt desse setrene har det vakse fram hyttegrender. I denne personlege teksta ser artikkeleforfattaren seg attende på ei tid som var.

Spelemannen og småbrukaren Emil Fevolden av Ragnhild Ulberg
Denne artikkelen fortel om ein spelemann som vaksne frøningar kjenner godt. I mange år spelte han til dans, og til dagleg var han småbrukar. I dag er Emil Fevolden ei rik folkemusikkjelde.

“Iverstuguin” av Ole Chr. Risdal
Spelemannen og komponisten Torger Iverstugun sette spor i den gudbrandsdalske folkemusikken. Sommaren 2008 vart det reist eit minnesmerke over han i Skåbu. Kven var han og kva stod han for?

Sundinga ved Hundorp av Nils Chr. Steig
Ved Hundorp-brua ligger en idyllisk plass som i daglig tale blir kalt “Sundstugu”. Før brua kom i 1924, var her livlig trafikk over Laugen. Denne artikkelen forteller historia om folket som bodde ved Laugskanten og hadde sitt arbeid der.

Hundorp stasjon – vekst og fall av Gard Espeland
Det var ulike meiningar om kva Hundorp stasjon skulle liggje, og kvar banen gjennom Gudbrandsdalen skulle ende. Etter hundre år vart service – og kommunikasjonssenteret lagt ned.

Minne frå Sør-Fron pleiehjem av Eldrid Listad
Denne artikkelen gir eit glimt inn i omsorgstenesta i Sør-Fron på slutten av 1950-talet. Tunge tak og store arbeidsoppgåver var vanleg den gongen også. Dette er ein utvida artikkel frå Kyrkjebladet for Sør-Fron i 2003.

Da sør-frøningane ville velja seg prest sjølve, skrive av sorenskrivar Beer 11.4.1890
Presterolla var utfordrande før i tida også. Dette brevet var tenkt til kyrkjestadsråden, men vart stoppa av sorenskrivaren på Heggerud. Folk hadde bestemte krav til presterolla i bygda.

Åtte potter rømme, fire merker smør av Velle Espeland
Eit dusin er 12, men kor mange skal det til før det blir ein heil skokk, og kor mykje er eigentleg eit lite gram? Denne artikkelen handlar om gammalt mål og vekt. Det er i stor grad ukjent kunnskap i dag.

Vatningsgrøfta som ikkje kom i bruk av Oskar Letrud
“Viss Vår herre gjev oss sol, ordna oss vatn sjølve” – blir det sagt i Nord-Gudbrandsdalen. Ifølgje lokalhistorikaren Einar Hovdhaugen hadde dølane frå gammalt ein trong til prosessar…

Årsmelding for Fron historielag 2007
Minneord Anton Tagestad
Kulturprisar 2007
Medarbeidarar i Fronsbygdin 2007
Rettingar frå Fronsbygdin 2006

Fronsbygdin 2009

IMG_7900

Bjerkebæk – heimen til Sigrid Undset frå Kvam og Sør-Fron av Marit Hosar og Kjell Marius Mathisen
I dag er heimen til Sigrid Undset gjort om til museum og er ein stor attraksjon i distriktet.Korleis gjekk det til at diktarheimen Bjerkebæk fekk hus frå Fron? Denne artikkelen gir svara.

Stasskåp frå Tofte i Sør-Fron av Bjarne Jetlund
Det var nok nokså vanleg at jentene i familane fekk med seg skåp eller liknande i heimefølge da dei flytta ut. Her er historia om fem jenter som fekk kvart sitt skåp.

Vinstra bruk av Per Ottesen
Lofossen i Vinstraelva har vore utnytta langt attende i tid. For vel 130 år sidan kom likevel gjennombrotet gjennom etableringa av Vinstra Bruk. Denne artikkelen ser nærare på den aktiviteten som vart så viktig for Vinstra og ikkje minst Rustebygda.

Om Hundorp hotell og Hundorp landhandleri av Nils Chr. Steig
Da jernbanen kom oppover dalen i 1896, ble det fart i næringslivet i bygdene. Et eksempel på slik nyetablering var nettopp forsøket på å skape et sentrum i Sør-Fron.

Litt frå reiselivet i Fron av Hans Petter Kleiven
Reiselivet er ei viktig næring for næringslivet i Fron. Særleg har høgsfjellhotella spelt ei framståanande rolle og denne artikkelen presenterer menneske som gjekk i bresjen og viste veg.

Kan du fronsdialekten? Av Odd Midtlien
Gjennom 30 ordforslag, der berre 10 er rette, blir du utfordra i fronsmålet!

Ny minnestein over Bjarne Lien av Odd Midtlien
Ein nye minnestein er reist over Bjarne Lien ved Sør.-Fron kyrkje. Den nye steinen vart høgtidelleg avduka på frigjeringsdagen i 2008. Bjarne Lienen var den einaste sør-frøningen som fall i kamp under andre verdskrigen.

Minne frå Tysklandsbrigaden av Arve Skurdal
Fleire frå midtdalen deltok i pliktteneste  i Tyskaland etter den andre verdskrigen. I alt gjorde 50 000 menn si teneste der nede. Dette er krigsminne som nok er mindre påakta i ettertid.

Bygde- og kunstsmeden Sigurd Kleppen av Morten Skurdal
Fronsbygdene har hatt mange bygdekunstnere. Denne artikkelen forteller om en allsidig mann som ikkje minst blir husket som kunstsmed. Det er igjen mange arbeider etter han i midtdalskommunene.

“Eften døden en sømmelig begravelse…” av Arild Teigen
Skikkar rundt død og gravferd er fleire og han endra seg mykje gjennom tida. Staten og øvrigheita var i lange periodar svært lite involvert i prosessen rundt naturlege dødsfall. I vår tid er dette snudd på hovudet.

Svartbok og trollkatt i Fron av Velle Espeland
Nord-Fron er den bygda i landet som har flest svartebøker. Det finst fleire lokale segner og fråsegner om personar som var trolldomskunnige eit par generasjonar tilbake.

Dokter Grønning – ei legende på Sør-Fron av Gunnar Lien
Alle som har hatt noko å gjera med doktoer Grønning hugsar han som eit menneske utanom det vanlege. Kanskje var det dei store motsetningane i han som fascinerte og forundra folk?

Oppvekst på Sør-Fron prestegard av Øystein Hov
Prestegarden i Sør-Fron har ei rik historie, sentralt plassert i bygda. Sverre Hov var sokneprest i Sør-Fron frå vinteren 1950 til han gjekk av med pensjon i 1974. I denne artikkelen fortel sonen Øystein Hov korleis det var å vekse opp på prestegarden.

Butikken på “Rishåmmara” av Fride Gunn Rudi
Rishåmmaren låg sentralt til for folk på Sør-Fron som skulle til setres på Østkjølen.Den gamle setervegen gjekk forbi oppigjennom “Haugane”. Det var naturleg å stoppe her for å proviantere til seterreisa.

Theodor Caspari – ein diktar i Fron av Rasmus Stauri
Ein diktar som knappast er omskrive i litteraturhistoriene, men som såg på Fron som sin andre heimplass trengst å bli trekt fram att frå gløymsla og bli lesen. Denne artikkelen trekkjer fram sider ved forfattarskapen.

Da det vart ein annan dans borti Lia av Tordis Irene Fosse
Denne artikkelen fortel om leikarring og vals og unge innflyttarlærarinner på femtitalet. Denne kulturforma er under press i vår tid, men artikkelforfattgaren syner kor verdfulle slike  danseformer kan vera.

På fiske i Alaska og litt til av Odd Kjorstad
Mange frøningar har for stuttare eller lengre tid arbeidd langt frå heimbygda. Mest kjent er kvalfangsta i Sørishavet, men denne vesle artikkelen fortel mellom anna om fiske etter laks nokre år etter krigen.

Flukta til en engelsk soldat våren 1940 av Eivind Holen
Her får vi høre om en lykkelig flukt fra de tyske okkupantene våren 1940. Med hjelp fra bygdefolk kom engelskmannen seg unna, men kontakten med soldaten ble ikke holdt etter krigen.

Gulltransporten i 1940 – om to som var med av Hans Petter Kleiven
Denne artikkelen er en naturlig fortsettelse av Hans Petter Kleivens artikkel om gulltransporten, som stod i Fronsbygdin i 2008. Her blir vi presentert for sønnene til to av de som var med. De har mye interessant å fortelle.

Gåter og visestubber frå Kvikne av Per Åsmundstad
Etter Olav Åsmundstad i Kvikne er det mykje av interesse for lokalhistoria i Fron.Per Åsmundstad har ved fleire høve gjort dette stoffet kjent, ikkje minst ved boka han skreiv om “fabro” sin. Det som følgjer er prenta i originalform.

Årsmelding for Fron historielag 2008
Kulturprisar 2008
Medarbeidarar i Fronsbygdin 2009

I 2010 kom det inga bok

Fronsbygdin 2010-2011

Fru Torgersen 1905Byggeskikk i Fron  av Arnfinn Engen
I alle fall dei siste par hundreåra har Fron vore eit brytnings-område mellom den tradisjonelle byggeskikken i dalen, og dei nye stiltrekka som kom inn frå sør tidleg på 1800-talet.

Men det var ikkje siste dans    av Per Ottesen
På Bøndernes har både The Spectacles, Per Aabel, Oddvar Nygaard og Ola Opheim stått på scena. Gjennom 50 år var forsamlingshuset sentralt i forenings- og festlivet, men så var det slutt, eller …

Hans Joten – jernmann, rimsmed og samfunnsrefsar    av Gunnar Lien
Som smed var han vel berre så måteleg. Heller ikkje var det nokon stor poesi han kom med. Det var det store engasjementet han synte i dei sakene han trudde på, som gjorde han stor.

Frå Mælingen i Kvam til Minnesota   av Arild Teigen
Præriebrannar, store svermar med grashopper og iskalde vintrar. Mykje slit venta nybyggjarane frå Kvam som slo seg ned i Minnesota i 1869. Framleis har etterkomarane kontakt med heimbygda.

Skoekampsetra på Engeberget   av Oskar Letrud
Setra på Engeberget i Kvam har vore eigd både av kongen og av småbrukarar. Ei tid var det også planar om ei turistverksemd der. Men nå står husa til nedfalls slik som på så mange andre setrar.

Da Frya hadde eget 17. mai-tog.   av Odd Ivar Storløkken
I 1949 hadde Frya sitt eget barnetog på 17. mai. Omkring 15 elever gikk bortimot 3,5 km før Theodor Bakken kjørte dem i lastebil til Hundorpgeilen slik at de kunne slutte seg til toget som kom fra Lia.

Vals te tusen.  av Rasmus Stauri
Den 18. september 2010 fekk spelemannen og komponisten Oddvar Nygaard (1919–1985) sitt fysiske minnesmerke i Sør-Fron sentrum. Melodiane og musikargjerninga hans vil seint bli gløymt.

Da Nørdre Øverbygda fekk skule.  av Anton Bjerke
I 1865 vart det innkjøpt ei tomt til ein skule for Nørdre Øverbygda i Sør-Fron. Skulen var i bruk heilt til 1961 da kretsen fekk skulehuset til forsamlingslokale. Dette fekk namnet Øvertun.

To døler på studentbenken. av Helge Stormorken og Hans Gotfred Sandbu
Etter halv ti skulle det være stille, og å gå på do etter den tid var slett ikke tillatt. Reglene var strenge for de to veterinærstudentene som delte en 15 kvadratmeter stor hybel i Oslo i åra 1942–1947.

På jakt etter storelgen.  av Johan Dalseg
Budeiene på Sødorp-setrene skulle ha sett ein uvanleg stor elgokse i området, og jegerane året før oss hadde vore i kast med ein «bigse» der, så kanskje hadde Ole ein baktanke med å jakte i Frylia.

Låven som vart pilegrimssenter   av Rasmus Stauri
Ikkje mange hus har hatt eit så omskiftande tilvære som den gamle tømmerlåven frå Sigstadvolden i Kvam: sløydsal, internat, ungdomsherberge, turistinformasjon, butikk, og pilegrimssenter.

Den siste husmannsplassen. av Per Ottesen
Bakkestugu var den siste husmannsplassen i Nord-Fron. Her budde Rønnaug Sagboden til ho døydde i 1994, 99 år gammal. Ho levde eit nøkternt liv, og tente litt på å strikke – mellom anna «rosahoso». Sjå Rønnaug i Norge Rundt frå 1992.

Smiu åt Pettersen-karom.   av Nora Stormyrbakken
Nesten alle i bygda hadde ærend til Ole eller Magnus Pettersen på Vinstra den tida alt som kunne reparerast, vart reparert. Pettersen-karane passa også brannbilen, og rykte ut når det var brann.

Ein tur Bortafor. av Gard Espeland
Bortafor kunne barn frå Lia oppleve spennande filmar og dødsryttarar ved kommunelokalet, dessutan eit intenst kaféliv på Svendsens kafé. Men det kunne også vere turar fulle av skrekk og gru.

Da sorenskrivaren ville ha seterveg  av Knut Fossehagen
I 1845 vart bøndene i Nørdre Lia på Sør-Fron samde om å byggje ny veg heilt inn til setra på Bjørnhaugen. Pådrivar var sorenskrivaren på Hundorp, men også presten gjekk inn for prosjektet.

Oppvekst på Kvarvet.   av Trond Dalsegg
Også barna til bureisarane på Kvarvet måtte tidleg vere med i arbeidet. Det var ein stor dag da ein fekk vere med mor og far til Vinstra for å kjøpe armbandsur som takk for innsatsen.

Tårnbyggjaren som vart frøning.  av Hans Odenrud
Byggmester Werner Olsen budde store delar av livet på Fron. Han restaurerte kyrkjer i mange bygder i Gudbrandsdalen. Men det var truleg ikkje han som bygde opp att Listadkyrkja i 1617.

Havfrua i Furusjøen. av Velle Esepland
I følgje ei gamal segn skal det ha vore ei havfrue i Furusjøen på Kvamskjølen. Og ikkje berre var ho vakker, ho kunne også gje svar på alt ein lurte på. Men møtet med ein reinsjeger vart dramatisk.

Da «Sjennin» skulle over Augla.  av Fride Gunn Rudi
Det gjekk nesten gale da Einar Rolvsbakken og hesten «Sjennin» prøvde å gå Kalstigen beinast over Augla for å kome til Kile. Korkje før eller seinare har det gått hest på denne smale stigen.

Spennande leik ved Fossåa.   av Tordis Irene Fosse
Ei elv som Fossåa er spennande og forlokkande, men også dramatisk og farleg. Medan dei vaksne kjører tømmer, skyl klede og hentar vatn, prøver barna ut grensene, og lærer kvar dei er.

Den gongen telefonen var manuellav Gard Espeland
Hausten 1939 tok Inger Engum (Espeland) til som sentralborddame på Sør-Fron, 17 år gammal. Lønna var 25 kroner månaden, og arbeidet inkluderte også litt barnepass og enklare husarbeid.

Oppvekst på kraftanlegg i Skåbu.  av Trond Bakkevig
Aller best likte jeg å være med Nils Sande når han kjørte rundt med sin Bedford lastebil, eller med beltebil om vinteren. Jeg var hjelpegutt når vi kjørte til Rauskaret, Sandvann eller Heimdalsvannet.

Jernalderfunn på Jetlund i Sør-Fron.  av Svein Jetlund
I samband med utgreiingane kring ny trase for E6, vart det hausten 2008 og våren 2009 gjort arkeologiske undersøkingar fleire stader i Midtdalen. Mellom anna vart det gjort store funn på Jetlund.

Anonymt mellomalderhus i Sør-Fron.   av Gard Espeland
På Haverstad i Søre Lia står eitt av dei aller eldste trehusa i landet – eit stabbur som opphavleg truleg hadde ei sval på alle fire sidene i andre høgda. Berre om lag 200 tømmerhus i Norge er så gamle.

Murar og tufter i Steindalen.  av Mildri Een Eide
Etter synfaringane stod vi att med tre tolkingar. Var murane og tuftene spor etter ei bygdeborg? Kunne det vere spor etter ein husmannsplass utan jord? Eller var dette spor etter stor verksemd i steinbrotet?

Det andre Hundorp.  av Gard Espeland
Ein sjeldan gong hender det at Hundtorp i Bardu i Troms blir forveksla med Hundorp i Sør-Fron. Og faktisk finst det eit slags samband mellom desse to stadene med nesten det same namnet.

Ny daterering av Fron-hus på Maihaugen.
Kan du Fronsmålet?

Fronsbygdin 2012

Mathea i Nord-Fron av Nora Stormyrbakken
Da ho er 30 år gammal, blir den nye jordmora forelska i ein enkjemann på 40. Dei får ti år saman, men må leve skild frå kvarandre seks månader kvart år med han er fiskeoppkjøpar i Finnmark.

Redvald Knudtson – ein neste gløymd midtdøl av Geir Beitrusten
Husmannsguten frå Rolstadlia i Skodalsgrenda vart anleggsarbeidar og samfunnsbyggjar. Han grunnlag avisa Dunderlandsdølen, og var ordførar i Mo i Rana. I dag er han neste gløymd i heimbygda.

Hernæsin  tok svingene av Steinar Larssen
Han likte at det gikk fort i svingene, og han tjente på mange ulike aktiviteter. Størst suksess gjorde Øyvind Hernæs som bil – og  motorsykkelforhandler – før han gikk helt over til møbler.

Grutvatn av Odd Midtlin
Forklaring på ordet “grutvatn”  – kan det ha noko med kaffi å gjera?

Flom i Kvam gjennom tidene av Arild Teigen
Det har vore mange store flommar i Kvam. Den fyrste vi veit om var i 1348. Målingar under kyrkja syner at det ligg leire og sandavsetningar heile 50 meter under bakkenivå.

Lillehammertur frå Kvikne i 1849 av Per Åsmundstad d.d.
Da jernbanen kom, var ein tur til Lillehammer ei lang reise med fleire overnattingar. Likevel var det vanleg at mange tok denne turen med hest og kjerre ein gong i året for å handle – og for å høyre nytt.

Toramjølk av Odd Midlin
Kva betyr så dette ordet?

Julestrid på Bjørkheim Landhandel av Lise Løkken og Velle Espeland
Juleutstillingane på landhandleria var ein viktig del av adventstida. Med dei vart forventningane til jula skrudd opp fleire hakk. På Bjørkheim Landhandel i Lia dreiv Kristian Strype butikk frå 1927.

Bulldosarmannen av Hans Odenrud
Med svært tronge kår som utgangspunkt greidde Erling Rolstad å spare så mykje at han kunne kjøpe seg ein brukt lastebil i 1947. I dag opererer familieselskapet over heile Sør-Norge.

Lappeleste varsla jula av Trond Myrstad
Labbeleste var ein figur som brukte å koma på gjesting på veslejulkvelden i Vågå og Heidal. Men i nyare tid har han også dukka opp i bustadfelta på Vinstra. Han minnar folk om at det snart er jul.

Tre gonger gift og tre gonger enkje av Eivind Holen
Tre gonger gifta ho seg. Fyrste gongen var ho berre 16 år, og måtte søkje kongen om lov. Tredje gongen var ho 34. Anne Olsdatter Tagestad, født på Nordgard Tåkåstad i 1797, fekk ein hard livslagnad.

Gjætargut som seksåring av Jens Thulstrup
Seks år gammal følgde Petter Svelle ein saueflokk heilt åleine nede frå Lia til setra ved Fagerhøy. Da han var tolv, låg han og den femten år gamle systera, Marit, åleine på setra med tolv kyr og ysta raudost.

Du e´hiven, du Glott av Gard Espeland
For å unngå jødeforfølgingar i Ukraina, reiste Moritz Glott til Norge via Tyskland,. Her gjorde han stor suksess i tobakksbransjen, Frå 1942 og ut krigen budde han på garden Grov på Sør.Fron.

Gamal steinrulle på Jetlund av Bjarne Jetlund
På garden Jetlund i Sør-Fron blir det framleis brukt ei gamal steinrulle til å rulle dukar og sengeklede med. Ho har vore i bruk kvart år – i alle fall i over hundre år – kanskje enda lenger.

Historia om Peer Gynt-vegen av Carl Henrik Grøndahl
“Høyt over alle hav, i blånenes drømmende og forunderlige verden”, slik presenterte Aftenposten den nye Hotellvegen frå Skei til Gålå i 1955. Året etter vart han omdøypt til Peer Gynt-vegen.

Den siste vintersetringa av Fride Gunn Rudi
Mathilde Forr Melgard og Oddbjørg (Romstad) var budeier på Furuseter på Østkjølen i Sør-Fron vinteren 1933. Det må ha vore ein av dei siste gongene det var vintersetring i Fron.

Medalskarane på Frya av Gunnar Lien
Georg, Edmund og Iver Megaarden var svært så kunnskapsrike. Men i mang anna var dei tre brørne så ulike som det nesten går an å vera. På sitt beste var dei gode folkeopplysarar.

Spåregler av Gard Espeland
Eit utval spåregler i lokal bruk.

Et klenodium fra 1917 av Jon Steinhaugen
Sommeren 2011 ble det funnet ei vakker fane på loftet på Øvre Prestemoen i Sør-Fron. Den hadde tilhørt Sør-Fron kommunistlag som var stiftet så tidlig som i 1917. Fana har ligget der siden 1945.

Ei lang seterreise av Hans Odenrud
For mange gardar i Fron vard et ei dryg reise for å kome på setra. Ofte gikk heile dagen med før ein var framme. Likevel var seierreisa noko både folk og krøtter såg fram til med glede.

Ein budnad frå Ulberg av Kirsti Krekling
Emma Ulberg som var fødd i 1884 i Sør-Fron, fekk ein ny bunad fyrst på 1900-talet. Bunaden var sannsynlegvis ei nyskaping, men det er uråd å vita om inspirasjonen også kan vera henta frå eit konkret plagg.

Rærin og slekta hans av Ole Christian Risdal
Anton H. Reiret (1881-1964) eller Rærin, som han vart kalla, er ein av bygdeoriginalane som oftast blir herma i Skåbu. Han stulla og stelt med sitt, og let seg ikkje påverke av mas og stress i kvardagen.

Med båt og ferje over Laugen av Oskar Letrud
Dei som budd på vestsida av Gudbrandasdalen mellom Vinstra og Kvam var avhengige av ferje for å kome seg over Laugen – før det kom ei smal hengebru ved Kvamsporten i 1952.

Kristensertra – på grensa mot Gausdal av Knut Fossehagen
Vegen til Kristensetra i Sør-Fron var lang både sommar og vinter. Men ressursane på fjellet var viktige for at folk og fe kunne berge seg. Framleis blir denne seterstulen utnytta.

Var han inspirert av Fronskyrkja? Av Jon Ødegård
I 1902 kjøpte Hans L. Melgaard The Springbank Farm i Red River-dalen i USA. Her ville han prøve ut og demonstrere moderne landbruk. Låven han bygde var stor og rundt som Fronskyrkja.

Tidleg vatning i Sødorp av Johannes Brandvol
For om lag 300 år sidan gjekk 13 gardar i Sødorp saman om eit avansert vatningsanlegg. Ein del av anlegget er ftramleis i drift. I dei solvende åkrane er det vassmengda som set grenser for avlingane.

Fersk frøning i Bærum av Jørn Holme
I 1947 ble et gammelt tømmerhus flyttet fra Nigard Tofte i Sør-Fron til Bærum. I dag er det bolig for riksantikvaren, og står på Bærum kommunes verneliste. Trolig er det 300 år gammelt.

Minneord over Ivar Myrstad og Ola O. Røssum
Årsmelding Fron historielag 2011
Årsmelding for Fron bygdatun 2011
Kulturprisar
Medarbeidarar Fronsbygdin 2012

 Fronsbygdin 2013

DSC00814

Gravminne i Fron. Av Arnfinn Engen
Frå siste delen av 1700-talet vart det meir vanleg at det vart sett eit minne på grava med namn og dato for fødsel og død. Spesielt i åra 1820 til 1850 vart det laga gravsteinar av kleber i Fron.

Husmannsplassane under Ulberg. Av Odd  Jan Skriubakken
Garden Ulberg på vestsida mellom Harpefoss og Lia har hatt husmannsplassar. Det er Skinne, Skinnehaugen, Reire, Dokka og Huse –   i ein kortare periode også Estinlykkja og Jørnslykkja.

Slik levde vi i Huse. Av Odd Jan Skriubakken
Den siste familien som budd på husmannsplassen Huse, hadde ikkje berre nok til det daglege brød. Dei hadde òg råd til å abonnere på Ukens Nytt. Barna var med og skar åker frå dei var seks år gamle.

Ei gravferd i 1940. Av Oskar Letrud
Før var det relativt faste reglar for korleis ei gravferd skulle vere. Til middag måtte det helst vere ferskt kjøtt. Det måtte vaskast og bakast, og nokon måtte gå i skogen for å finne granbusker og granbar.

Nedregata før ´Terian kom.  Av Per Ottesen
I 1950-åra var ikkje Nedregata på Vinstra berre hovudvegen mellom Oslo og Trondheim. Ho var også den viktigaste møteplasen i bygda og handelssentrum i Nord-Fron kommune.

Søndagsmiddag på Kafeterian. Av Gard Espeland
I 1950-åra gav ein bil fridom – fridom til å reise til Vinstra for å kjøpe seg søndagsmiddag på den ultramoderne Peer Gynt Kafeteria. Den gongen Vinstra var Nedregate, og all trafikken på riksvegen passerte her.

Kringle på Pettersens kafé. Av Per Ottesen
Frå 1945 til 2002 var Pettersens kafé ein viktig møtestad på Vinstra. Kaféen og Anna var “berømt” for den gode kringla si. Her kunne både gymnasiastar og lokal ungdom møtast.

“En kjekk 90-åring i Sør-Fron”. Ved Eivind Holen
Marit Tagestad Holen , som fylte 90 år i 1938, kunne hugse både kongeferda i 1860 og storflaumen i Laugen same året. Dette kunne ho fortelje om i eit intervju som avisa Laagen hadde med henne.

Oppvekst under den kalde krigen. Av Gunnar Lien
Under krigen var det stor aktivitet på Frya, med ammunisjonslager, soldatar og krigsfangar. Etter krigen måtte grenda finne attende til kvardagen, med i lang tid var spora etter krigen der.

Spilte A-lagsfotball i 27 år. Av Geir Teigøyen
Nils Røssummoen blir av mange regnet som Gudbrandsdalens beste fotballspiller gjennom tidene. Hans spilte førstlagsfotball i hele 27 år- og selvsagt scoret han også i sin siste kamp.

Vanskeleg å lese gotisk handskrift. Knut Tvete i samtale med Rasmus Stauri

Vegane i Skurdalsgrenda. Av  Eiliv Enget
I 1920-og 1930-åra fekk Skurdalsgrenda ny veg. Bilane måtte kome fram til hotell inne på fjellet. Framleis kan vi sjå spora eter Gammelvegen mange stader.

Stadnamn etter Gålåvegen. Av Eiliv Enget

Ein av dei fyrste bileigarane. Av Eiliv Enget

Han samla eventyr for Asbjørnsen. Av Velle Espeland
Ein gong rundt 1850 sende lærar Peder Nielsen to eventyr frå Fron til Peder Christen Asbjørnsen. Det eine-“Den  kloge høne” – vart liggjande i arkivet og har aldri før vore trykt.

“Så halmballer og gjerdestolper skvatt!” Av Steinar Larsen
Øyvind Hernæs´store interesse var motorsport. I 30 år kjørte han billøp, og konkurrerte med samtidens mest kjente bilførere som Kjetill Gudim og Trond Schea. Ofte kom han langt oppe på premielistene.

Sandbu stoppestad. Av Aud Sandbu
I 1914 oppretta NSB ein stoppestad ved Gammel-Sandbu. Trafikkgrunnlaget var mellom anna mjølkespann som skulle sendast til og frå ysteriet på Vinstra. Fyrst i 1966 vart haldeplassen lagt ned.

En lang låve på Steig. Av Nils Christian Steig
Låven på Steig i Sør-Fron er hele 62 meter lang og 11 meter bred på det bredeest, og enda har den vært større. Da den ble bygget rundt 1859, måtte tømmeret hentes langveisfra.

Gymnasiast på Vinstra i 1950-åra. Av Arne Finborud
Gymnaset på Furuheim hadde ikkje råd til vaktmester før i 1951. Ein nabo sørgde for vedforsyninga, men rektor måtte ofte i sving med primusar tidleg om morgonen for å tine opp dei to wc-ane.

Fagerhøy – setra som vart skule. Av Carl Henrik Grøndahl
Storhaugen, setra til Sygard Forr, vart bygd ut til Fagerhøy Sanatorium som opna i 1882. Frå 1969 har det vore leirskule i kombinasjon med vanlege turistar  på den vêrharde staden 1018 moh.

Fra Frons eldre historie. Av Ingar M. Gundersen
Allerede for omkring 2000 siden ble det drevet jordbruk i dalbunnen ved Grytting, Frya og ved Breivegen i Sør-Fron. Men hyppige flomkatastrofer for omkring 1500 år siden kan ha ført til at gårdene ble oppgitt.

Fra Orkenøyene til London og Gålå. Av John R. Sclater
I flere generasjoner har familien Sclater feriert på Gålå der de kjøpte ei gammel seter i 1902. Men allerede i 1873 ferierte den unge Francis Saudersen Sclater i Vågå der han fant sin store kjærlighet.

Ny kjerring på gammel gard. Av Kari Bay Haugen
Ung og uten erfaring med gardsarbeid kom Kari Bay Haugen til den tradisjonsrike Sygard Forr som gardkjerring – en gard som hadde vært i slekta side 1745. Det var ikke bare lett.

Kunsthandverkaren Ragnvald Frøysadal. Av Kåre Hosar
Læraren og den allsidige og originale kunsthandverkaren Ragnvald Frøysadal kom til Sør-Fron for fyrste gong i 1956. Resten av livet vart bygda heimen hans – frå 1969 Almelykkja i Øverbygda.

Bispevisitas i Fron i 1620. Av Velle Espeland

Til minne om sivile som mista livet. Av Arild Teigen

Minneord over Asbjørn Fevolden

Årsmelding Fron historielag

Kulturprisar

Oversyn medarbeidarar i Fronsbygdin 2013

 

Fronsbygdin 2014vvs

Kvams eigen eidsvollsmann av Arild Teigen: Berre to gudbrandsdølar møtte på Eidsvoll i 1814. Det var Anders Lysgård, født i Øyer, men busett på Biri. Og Paul Harildstad Aamodt, født i Heidal, men gardbrukar på Sjoa.

Kyrkjene vart brukt til vallokalogså i Fron av Rasmus Stauri: Sør-Fron kyrkje vart brukt til vallokal da det skulle veljast valmenn som skulle velje utsendingar til Eidsvoll.

Eit lite samfunn som nesten er borte av Odd Jan Skriubakken: På plassane under Dalsegg, på vestsida av Laugen ved Breivegsbrua på Sør-Fron, budde eit trettitals personar i 1865. I dag er fleire av dei små plassane borte.

Omgangsskulelæraren i Langli´n av Tore Fevolden
I 1838 tok Engebret Bakken til som omgangsskulelærar i Langlia – ei stilling han hadde i 41 år. I 1840 kjøpte han garden Bakken som sidan da ofte har vore kalla Skulmesterhaugen eller Skulmesterbakkin.

Gamle segn og soger frå Skåbu av Georg Megaarden
Ein jotun som kasta stein på Skåbu-kyrkja. Tre brør som sette lite pris på presten. Og ein uvanleg fiskefangst. Dette er tre soger frå Skåbu som Georg Megaarden fortalde om i Arbeiderbladet in 1930.

Da det vart sleppt yngel i Fossåa av Gard Espeland
Frå 1900 og utover var det stor interesse for å sleppe fisk i elvar og i fjellvatna. I Sør-Fron har det vore tre klekkeri – på Svelle, på Valseter og i Baukholsgrenda.

Tamreindrift i Fron av redaksjonen

Brekka skule – ein av dei nedlagte av Oskar Letrud
I 1913 vart det bygd nytt skulehus i Brekka like sør for Kvamsporten i Nord-Fron. Det avløyste det gamle frå 1886. Barn frå båe sider av Laugen gjekk på denne skulen som vart lagt ned i 1984.

Innmarksnamn på Tåkåstadgardane av Sigurd Grytting
Innmarksnamn – namn på åker og eng – kan fortelje om friftsmåtar, om terrenget, eller om tidlegare eigarar. Med mange folk i arbeid var slike namn nødvendige. Nå er mange av namna i ferd med å forsvinne.

Opp og ned med Vinstra vidaregåande skule av Olav Bratland
For Vinstra vidaregåande skule har det vore uheldig med den sterke utbygginga av dei andre skoletilboda i Dalen. Det som ein gong var eit kjent landsgymnas, er ikkje lenger ein skole for heile dalen.

Kalkbrenning i Kollodalen av redaksjonen

Halvdan Krag – ingen dusinvare av Hans Odenrud
Mange vaksne frøningar hugsar Halvdan Krag som levde mellom 1901 og 1976. Han bygde båtar, og han teikna og produserte prefabrikkerte hus. Han var ein mann med humor, sjølvironi og poetiske evner.

Lidarheim-butikken i Lia av Gard Espeland
I 1897 hadde Amund J. Rudi frå Sør-Fåvang tent så mykje på skreppehandel at han kunne kjøpe Lidarheim i Lia i Sør-Fron. Her opna han landhandel, og her var det butikk i over 100 år fram til 2004.

Kjøpmann og musikkentusiast – om Magnar Rudi av Gard Espeland

Olai – kuffertkremmar og lagstav av Gunnar Lien
Olai Olsen som budde på Breivegen, var ein kremmar som fòr rundt i bygda med kufferten sin og selde ymse varer. Også var han kjent for å vera ein lagstav, ei skravlebytte, utanom det vanlege.

Mitt Arktis i Fefortraktene av Sigrun Slapgard
I området opp mot Fefor kunne barn i Riste dra på polarekspedisjon, og i skogen ned mot Laugen kunne dei leike at dei var indianarar. Vart nokon skadde, kunne dei leggjast inn på sjukestova på låven.

Golo – ei elv i Ruste av Anders Haugen
Golo er inga stor elv, men likevel har ho vore til god nytte for rustværane, som har fiska, saga bord og male korn. Men elva har også skapt strid, og vore tema for bitre rettssaker.

Da Holocaust kom til Fron av Kjartan Ruset
I 1918 busette den jødiske familien Karpol seg på Harpefoss i Sør-Fron. Hausten 1942 vart dei tre barna, Klara, Samuel og Ester sendt til utryddingsleir i Tyskland. Frå der kom dei aldri att.

Sør-Fron sangkor 100 år av Vegard Bjerke
Sør-Fron sangkor vart stifta 25.februar 1914. Det har gått opp og ned med aktiviteten, men koret har sunge for kong Haakon, og saman med Ytre Suløen Jazzensemble, med Dolly de Luxe og Hanne Krogh.

Storfremmon i Kvam av Geir Beitrusten
Gjennom åra har mange kjende personar gjesta Kvam – alt frå kongar til popstjerner. Den kriminelle forfattaren Arthur Omre brukte til og med Kvam som base for smuglarverksemda si.

Ord og uttrykk i fronsmålet av Magne Malerbakken

Fårråreppen sett frå Kjønås av Jon Ødegård
For dei som budde på Nørdre Kjønås var det stuttare å dra til butikken på Frya enn til Vålbrua. Ved riksveg 50 skjedde det mykje spennande. Men ein slik tur kunne også vere skummel for ein som var liten.

Froon, Ffroon, Fraaen og Fraun av Tore Fevolden

Fronsbygdin 2015

pertofteprest

Frå Steingeilen til Champs Élysées av Per Tofte

I 1963 debuterte sør-frøningen Per Tofte som skuespellar ved Trøndelag teater. Sidan har han spelt ved fleire teater både her heime og i utlandet – i tillegg til ei rekkje filmar og tv-seriar.

Farvel, gamle E6! av Geir Paulsrud

Det skulle gå vel 150 år før chausséen av 1869 vart avløyst av ein ny veg gjennom Gudbrandsdalen. Chausséen var sjølve symbolet på utvikling og varsla ei ny tid for Fronsbygdene, så vel som i resten av dalen

Landhandelen som ble kjent kro av Lars Tressum

Fryatun må vike for den nye E6. Det begynte med en liten landhandel med en liten kafé og utviklet seg til en moderne kafeteria med mange faste kunder, spesielt langtrangtransportsjåførene.

Auto´n på Sør-Fron av Gard Espeland

I 65 år har Sør-Fron Auto vore ein møteplass for sjåførar og bileigarar i bygda. Det har også vore ein plass der turistar og gjennomreisande har stansa. Starten var beskjeden og vanskeleg

Campingvertinne i over 50 år Bjørg Askmann i samtale med Gard Espeland

Sidan 1958 har vegfarande campingturistar kunne overnatte på Heimtun camping på Frya. Størst var turisttrafikken i 1970-åra. Den nye europavegen fører til store endringar i grenda.

Campingplassar i Fron av Gard Espeland

Eit oversyn over campingplassane i Fron

Rolstadlia – husmannsbruk under Nigard Rolstad av Odd Jan Skriubakken

Som dei andre store gardane i Rysland hadde også Rolstad-gardane dei fleste av husmennene sine på baksida – der den sørlegaste delen difor vart kalla Rostadlia. Lengst sør låg plassane til Nigard.

Osteproduksjon på Harpefoss av Eiliv Enget

Alt rundt 1900 skal brørne Petter og Hans Haugen ha bygd eit lite ysteri på Harpefoss. Dette var kanskje det fyrste ysteriet i Fron som tok i mot mjølk frå produsentane og ysta ost som dei sende ut av bygda.

Falskmyntaren som vart slave av Tore Fevolden

I 1738 vart 22 gamle Halvor Olsen Fevolden dømt til å vere slave på livstid fordi han hadde laga falske myntar. Han døydde i 1740, og var truleg den fyrste frøningen som vart festningsslave.

Frøningar i borgarkrigen av Ola Morken

Minst 16 frøninar deltok i den amerikanske borgarkrigen. Motiva for å verve seg kunne vere naud og svolt etter uår og dårlege tider. Mange frøningar budde i Coon Valley i Wisconsin eller Skogdalen som dei sa.

Frå eit nordisk sommarkurs på Vik av Rasmus Stauri

I 1908 starta Gudbrandsdalens folkehøgskule på Vik i Kvam ein lang kurstradisjon for nordiske pedagogar. Det fyrste kurset var for norske og danske lærarar, seinare kom det deltakarar frå heile Norden.

Historia om Liene skule 1916-2013 av Eli Ringen og Else Marie Sletten

Liene skule er historie. Sjølv om Liene barnehage lever vidare i huset, er det sett punktum for ei 100 år gammal skulehistorie. Om lag 1350 elevar og meir enn 90 lærarar og assistentar har arbeidd på skulen.

100 år med nestekjærleik og omsorg av styret i Sør-Fron sanitetsforening

I 2014 var det hundre år sidan Sør-Fron sanitetsforening vart stifta. Målet var å drive humanitært arbeid og betre folkehelsa. Gjennom mange år dreiv sanitetsforeninga sjukebilen i bygda.

«Litljgardskaræin» av Vemund Hagen

Kvar sitt par ski, kvart sitt rom, kvar sin moped. Tre enkle liv utan kvinnfolk, parabolantenne og unyttige ting. Det var «Litljgardskaræin», Olaf, Alfred og Trygve som budde øvst i Sødorp.

Klengjenamn på Kvam av Håkon Sveen

Avanserte klengjenamn finn vi i heile Fron. Men truleg er det berre i Kvam at folk trivst med oppnamna sine – dei fleste i alle fall. Har du fyrst fått eit oppnamn, er det ikkje lett å bli kvitt det.

Turisttrafikk med båt i Skåbufjellet av Per Ottesen

Tidlegare var det båttrafikk i Skåbufjellet. Frå vassenden i sørenden av Espedalsvatnet til Olstappen kunne turistane bruke båt før 1940 – med unntak av eit par små strekningar der dei måtte gå.

Skodalsåa kulturstig av Guri Skurdal Tofte

Langs Skodalsåa på Harpefoss har Skodalsåas venner laga ein kulturstig med informasjonstavler der alle kan lesa om den store aktiviteten som var langs elva tidlegare.

Årsmelding  for Fron historielag 2014, kulturprisar for Nord-Fron og Sør-Fron for  2014 og oversyn over medarbeidarar.

Fronsbygdin 2016

hs1

Oppvekst på eit småbruk i Ruste

Else og Pål Øyumshaugen fortel til Tine Elisabeth Slang

På det vesle småbruket Øiumshaugen i Ruste voks det opp ti ungar. Den eldste var fødd i 1937, den yngste i 1957. Faren, Sigurd, arbeidde i Vegvesenet, og familien hadde eit par kyr, to grisar og nokre sauer.

Ein av dei siste slitarane av Anton Løkken

Tidlegare var det mange mindre mjølkeprodusentar på småbruka i dalen. Nå er dei borte. Ein av dei siste i Nedre Sødorp var Hans J. Sandbakken. Han slutta med mjølkekyr i 1972.

Jacob Grønnings barnsdomsminne av Gunnar Lien

Legesonen Jacob Grønning voks opp på Lillehove på Sør-Fron i mellomkrigstida. Alt som smågut la han merke til mykje av det som skjedde i grenda. Dette skreiv han ned mange år seinare.

Drapsskildring frå 1464 av Tore Fevolden

Etter eit slagsmål på Tokse i Sødorp i 1464, som enda med at Torgeir Roarsson Bø døydde, vart noko av den munnlege forklaringa skrive ned. Dette gir eit innsyn i korleis daglegtala var på Fron den gongen.

Hærverk på Prinsehytta i mai 1940 av Arild Teigen

Den 16,. mai tok tyske soldatar seg inn til Prinsehytta i Sikkelsdalen. Kanskje hadde dei vona å finne medlemmer av kongefamilien der. Soldatane drakk seg fulle, og øydela hytta ved å skyte rundt seg.

Handel, handverk og industri i Lia av Gard Espeland

I Lia i Sør-Fron har det vore produsert ferdighus, helsekost, tøflar, formsand, støvsugarar, konfeksjon, trestolar, snurrebassar, gitarar og ei rekkje trevareprodukt. Etter krigen var innsatsviljen stor.

Da Kvikne fekk ungdomslag av Tor Stallvik

Den 11.desember 1898 vart det danna eit ungdomslag i Kvikne – eit samtalelag der deltakarane skulle lære argumentasjons- og debatt-teknikk, og der generell folkeopplysning var målet.

Da Erik Klomstad vart forgifta av trollkattsmør av Arild Teigen

I 1681 skulda soldaten Erik O. Klomstad Barbro Vik for å ha lagt trollkattsmør i nista hans for å forgifte han. Slike skuldingar var ingen spøk den gongen, og det vart rettsak.

Husmannsbruk under Uppigard Rolstad av Odd Jan Skriubakken

Dei mange husmannsbruka til Rolstad-gardane låg i Rolstadlia på vestsida av Laugen. Øvst oppe låg bruka under Uppigard. Berre to av desse eksisterer i dag, Toppen og Ospa – Ospa som ferieheim.

Frøning i gapestokken av Tore Fevolden

I 1694 vart Knud Hansen Fævold dømt til å betale tolv riksdalar, eller om lag ti årsløner, for å ha «besovet» Gunhild Engebretsdatter Lene. Fordi han ikkje greidde å betale, måtte han i gapestokken.

Prest i Sør-Fron gjennom 24 år av Øystein Hov

Gausdølen Sverre Hov var prest i Sør-Fron frå 1950 til 1974. I tillegg til prestegjerninga var han sterkt interessert i kunst og kultur. Og han var også samfunnsengasjert.

Ord frå Fron i Norsk Ordbok av Lars S. Vikør

Norsk Ordbok behandlar ca. 300 000 ord frå dialektane og nynorsk skriftmål, dels baserte på trykte skrifter, dels på setlar innsende av lokale medarbeidarar. Boka Fronsmålet av Gunnar Jenshus er ei rik kjelde.

40 år med pensel og palett av Ola Holen

På dei 40 åra som har gått sidan Vinstra målarklubb vart stifta, har medlemene måla nesten 3000 bilde. Over 50 personar har vore innom klubben som har hatt mange utstillingar på Vinstra.

110 år sidan kroningsferda av Gard Espeland

Korkje før eller seinare har det vore så mange folk på stasjonane i Fron som da den unge kong Haakon, dronning Maud og vesle kronpris Olav reiste gjennom Dalen med tog den 14.juni 1906.

Eit langt liv i kamp for fråhaldssaka av Ole Chr. Risdal

Eit breitt samfunnsengasjement der opplysningsarbeid mot alkohol var viktig, kom til å bli eit vesentleg innhald i livet til Jens Risdal (1914-2000). Han var også aktiv i Gudbrandsdalslaget i Oslo.

Livet i og rundt Furulund på Sjoa av Kjell M. Resset

Lenge før dei kommunale kulturhusa vart bygd, var ungdomshusa fleirbrukshus, som Furulund på Sjoa. Her kunne livet til folk falde seg ut både innanfor og utanfor veggene, og det kunne gå vilt for seg iblant.

Da Edvard Munch gjekk gjennom Fron av Johan Storm Munch

Da Edvard Munch var på veg til Vågå i juli 1985, gjekk han gjennom Fronsbygdene. Han brukte ruta til fjells som var mest vanleg vegen før jernbanen laga heilt nye reiseruter.

Da det kom ein svensk sjarmør til Lo av Tone Anitra Kvernstuen

I 1895 kom det ein svensk ungkar til garden Lo på Vinstra. Her vart han kjærast med tenestejenta Karoline Henriksdatter. Etter at dei hadde gifta seg og fått eit barn, drog dei frå bygda – det enda dramatisk.

Med lang fartstid i butikk. Asbjørn Moen fortel

I nesten 50 år arbeidde Asbjørn Moen i butikk – dei fleste åra på Samvirkelaget på Sør-Fron. Han følgde utviklinga frå den tida da sirupen vart tappa frå tønner til skanning og strekkodar.

Også sorenskrivaren samla ord og namn av Gard Espeland

Sorenskrivar John Randklev på Hundorp var interessert i dialekt og lokale namn. Alt før dei store forskarane tok til å interessere seg for lokale målføre, tok han til å noterer ord og namn frå Gudbrandsdalen.

Ein svenske vurderer Randklev av Rasmus Stauri

Årsmelding 2015, Nord-Fron kulturpris 2015, omtale av medarbeidar 2016

Fronsbygdin 2017

r4 3

Komponisten frå Nedregate av Anton Løkken

Som gutungen lydde Sigurd Berge etter lydane i Laugen. Som vaksen var det lydane i Sula som stimulerte skapartrongen. Mye av musikken han og samtidskomponistane presenterte, var omstridd.

Russiske krigsinvalide i Sør-Fron av Eirik Brazier

Russiske krigsinvalide fra første verdenskrig ble internert på Grytting og heggerud i 1917-1918. Norge stod utenfor krigen, men virkningene av krigen satte sine spor også i våre lokalsamfunn.

Betongvareproduksjon i Nord-Fron av Gard Espeland

I 1953 begynte brørne Lund å produsere betongvarer på Sjoa. I 1966 flytta bedrifta til Lomoen. Nå blir det ikkje produsert betongvarer på Vinstra lenger, men familien Lund er framleis i bransjen.

Kolgroper og fangstgraver ved Vinstra av Arne Skuterud

I Lomoen og Rustmoen er det registrert om lag 100 kolgroper og fangstgroper. 60 av desse er undersøkt meir grundig ved arkeologiske utgravingar, og 23 er verna. Gropene er truleg 1000 til 3000 år gamle.

Nykonfirmert og underbudeie

Som nykonfirmert tok Maria Skindehaugen arbeid som underbudeie på ein gard i Sødorp. 80 år gammal vart ho intervjua om dette. Ho fortel om livet på setra og om korleis det var å bu i fjøset om vinteren.

Fyrste hopprennet mitt i Børebakken av Ola Holen

Den 15.februar 1948 vart det arrangert eit stort hopprenn i Børrebakken på Sør-Fron. Frå Dombås kom det fleire gutar med godstog for å delta. Torget var forseinka, og dei måtte skunde seg over isen for å kome fram.

Husmannsbruk under Nordgard Rolstad av Odd Jan Skriubakken

I 1723 hadde Nordgard Rolstad ein husmann. I 1865 var det seks. Alle låg på baksida i «Rolstadlia». Sidan 1738 har garden vore kalla Fautgarden etter futen Pram som åtte garden fram til 1776.

Sør-Fron på tvers av Trond Halle

Frå Straumbu i aust til Marsteinhøgda i vest strekkjer Sør-Fron kommune seg på tvers av dalen, åtte mil i luftline. Det tok meg seg dagar å gå denne strekninga, frå grensa mot Folldal til grensa mot Øystre Slidre.

Spennande metallfunn i Sødorp av Tormod Bråten

Nær sagt over alt i bakken under oss ligg det ting frå tidlegare tider som vi kan finne med ein metallsøkar. Her er eit lite utval av slikt som er å finne på Kvam og i Sødorp dei siste åra.

Sør-Fron bibliotek 150 år av Marit Kamp Lie

Det fyrste forsøket på å få til eit bibliotek i Sør-Fron vart gjort alt i 1830, men fyrst i 1867 kom det ei «Almueboksamling». Dei fyrste 20 åra var landhandlar Thor Alme bibliotekar.

Boklånet i Lia av Gard Espeland

Folkeboksamlinga – boklånet – var det viktigaste, faste kulturelle tilbodet i kvardagen. Da vart dei to låste skåpa i Veslesalen i Avholdshuset låste opp, og ein kunne skaffe seg lesestoff for heile veka.

Frå dei fyrste åra på ungdomsskulen av Kåre Sveinhaug

Alt i 1959 fekk Sør-Fron kommune ungdomsskule. Og ikkje berre var det den fyrste ungdomsskulen i Gudbransdsdalen, men ein av pionerskulane av dette slaget i heile landet. Det inspirerte både lærarar og elevar.

Spelmannen Iver Storodden av Rasmus Kjorstad

Ein sein haustkveld i 1896 skreiv den svenske folkemusikkforskaren Einar Övergaard ned 21 springleikar som Iver Storodden spelte. Det måtte gjerast i det stille for ikkje å vekkje dei andre gjestene på Byre.

Daglegliv på Veikle Gudrun Lunde fortel til Kjartan Ruset

I 1932 kjøpte Nord-Fron kommune Veikle i Kvam, og gjorde garden om til aldersheim. Gudrun Lunde vart tilsett som pleiar på Veikle frå 1953 til alle bebuarane vart overført til den nye aldersheimen Sundheim i 1962.

Historia om bruka i Skar av Palmer Skar, Anders Nustad og Kristen Brendhaugen

Frå dagleglivet i Skar

600 meter over havet ligg dei tre bruka i Skar. Fleire generasjonar livnærde seg her, og eit lite samfunn voks fram. I dag er bruka eit turmål, og mykje er gjort for å halde historia levande om dei som budde her.

Vakre steingjerder av Rasmus Stauri

Namna på dei ulike delane av hestselaen

Årsmelding for Fron historielag 2016

Minneord Ragnar Øvrelid (1928-2016) av Rasmus Stauri

Minneord Per Ottesen (1945-2016) av Rasmus Stauri

Sør-Fron kulturpris 2016

Nord-Fron kulturpris 2016

Oversyn medarbeidarar 2017

Fronsbygdin 2018

Johan Sørensen foran hotellet

Spanskesjuka i Fron 1918-1919 av Sigurd Grytting

For hundre år sidan vart Fron, som resten av verda, ramma av spanskesjuka. Årsaka var ein virusinfeksjon med influensavirus type A. Meir enn 50 millionar menneske døydde under denne pandemien.

Seterliv på Gålå for 100 år siden av Adolf Tagestad

For 100 år siden var det full drift på setrene på Gålå. Men også turistene hadde meldt sin interesse – stort sett til glede for lokalbefolkningen. Først i 1935 kom melkebilen.

Rønn, Barlund og Njoe av Odd Jan Skriubakken

Mange av husmannsplassane på Baksida i Sør-Fron låg under gardar på Solsida. Men det var også gardar på Baksida som hadde eigne husmenn slik som Rønn og Barlund.

Skihopping i Sødorp 1896 – 1946 av Paul Henrik Hage

I Sødorp har det vore arrangert konkurransar i skihopp på Toksejordet, i Brandvoldbakken og i Bragebakken. Det fyrste rennet var alt i 1896. Petter Kongsli hadde da lengste hopp med 15 meter.

Barndomsminne frå Elvenes i Skåbu av Olaug Askheim Aas

Fram til 1938 var det ikkje bilveg til Allmenningssaga i Skåbu. Her budde familien Askheim frå 1922 til 1948. Straum fekk dei fyrst i 1947. Da Olstappen skulle demmast opp, måtte saga og hus flyttast.

Ludvig Holberg i Fron av Rasmus Stauri

Frå 1696 til 1698 budde Ludvig Holberg på Prestegarden i Fron. I dag er det ingen konkrete minne etter han i bygda, men opphaldet i Fron sette spor i forfattarskapen hans.

Husmannskontrakt frå 1897 av Åge Jevne Hagestuen

For å bygsle eit husmannsbruk måtte husmannen arbeide seks veker på garden, skjere åtte  mål åker, og gje føråd til den tidlegare husmannen. Tok han arbeid utanom bruket, hadde garden fyrsterett på arbeidet hans.

Dragdokka gav eigaren rikdom av Anders Haugen

På garden til Anders Haugen i Rusen står det eit skåp der ei dragdokke heldt til i den midterste skuffa. Ho måtte få ein ny silkekjole til jul kvart år, og eigaren måtte kvitte seg med henne før han døydde.

Framleis finn vi minne etter hesten av Gard Espeland

Den som har augo med seg, kan ennå finne små minne etter hesten – frå den gongen hestane utførte det meste av transporten etter vegane, og ein hest med kjerre eller slede var eit heilt vanleg syn.

Da alle leigde fryseboks på butikken av Tine Elisabeth Slang

Frå sist i 1950-åra og 30 år framover var det på det meste seks fryseboksanlegg ved butikkane i Sør-Fron. Så kom heimefrysarane, og i dag er desse fryseria avvikla.

Kosmopolitten Johan Sørensen av Knut Aukrust

Grosserer Johan Sørensen bygde både sanatoriet på Tofte og sanatoriet på Lauvåsen. Han kjøpte også flere garder. Før han kom til Sør-Fron hadde han drevet omfattende forretningsvirksomhet i Spania.

Korndyrking, trysking og mølletur av Kristen Brendhaugen

Det var stor ståhei i nordre del av Skurdalsgrenda når det var tid for trysking. Det skulle til eit rimeleg stort arbeidslag. Når det vart sledeføre, vart kornet kjørt til mølla i Loholet – der det også var kafé.

Vinje møter fronspresten Winsnes av Kjartan Ruset

I 1860 gjekk Aasmund Olavsson Vinje gjennom Fron. Her møtte han mellom andre fronspresten Winsnes og den pietistiske svigersonen hans. Dette fortel han om i boka Ferdaminni frå sumaren 1860.

Fron-Atndal bygdealmenning av Jon Bergdal

Til alle tider har frøningane jakta, fiska og hamna i Atndalen. I 1795 kjøpte tre sør-frøningar allmenningen som da gjekk over frå å vera statsallmenning til bygdeallmenning. Det har ofte vore strid om bruksrettane.

Søre- og Nørdre Skaret i Sødorp av Ole Christian Risdal

I Sødorp låg det tidlegare to heimar, Nørdre og Søre Skaret. I dag er dei båe innlemma i Nedre Gråsletta, tidlegare kalla Turtorp – eit namn ingen lenger hugsar kva kom av.

Givervolden i Sorperoa – småbruket som forsvant av Tor Larsen

Nå er garden Givervolden i Sorperoa jamna med orda og borte for alltid. Og Sorperoa er ikke lenger en liten repp attmed Li og Lo, men nærmest som en liten bygdeby å regne.

Da stalldøra ble revet av hengslene av Eivind Holen

Mange kan oppleve noe de ikke finne forklaring på. Slike hendelser blir ofte husket og fortalt i lang tid. Her er noen historier fra Søre Eldåa, Standarstulen og fra Øverbygda på Sør-Fron.

30-års vennskap Nord-Fron – Richmond av Arne Skuterud

I 1940 deltok soldatar frå North Yorkshire i kampane i Gudbrandsdalen. Eitt av regimenta dei kom frå hadde seinare base ved byen Richmond. Dette er bakgrunnen for at Nord-Fron har Richmond som vennskapsby.

Der jula begynte ein time for tidleg av Oddgeir Bruaset

Var det for at kyrkjetenaren skulle få kome seg heim i rimeleg tid julekvelden at jula vart ringt inn ein time tidlegare i Kvikne enn andre stader i landet? Ordninga vara heilt til 1992.

Pensjonatet hennar Borghild av Fride Gunn Rudi

Rundt 1960 bygde Borghild Bjørke eit pensjonat i Øverbygda på Sør-Fron som ho kalla Åshaug. Det hadde fire soverom og plass til seks gjester. Ho dreiv pensjonatet fram til 1982.

Fron kvinneforum – mangfald i 30 år av Turid Kleiva

På Vinstra har det vore tradisjon å markere kvinnedagen frå tidleg i 1970-åra, men fyrst i 1988 vart Fron kvinneforum grunnlagt. Det er ein heilt frittståande organisasjon.

Reindrifter gjennom Sør-Fron av Gard Espeland

Etternamn og slektsnamn av Odd Jan Skriubakken

Fyrst i 1923 fekk Noreg ei namnelov som kravde at alle skulle ha faste og arvelege etternamn, altså slektsnamn, og at desse skulle ha ein fast skrivemåte.

Slik laga Margit ost på setra av Anton Løkken

Sigvart Gimse og Facebook av Rasmus Stauri

Nord-Fron kulturpris 2017

Årsmelding for Fron historielag 2017

Medarbeidarar Fronsbygdin 2018

Fronsbygdin 2019

hera

Motstandsmannen Hans Skriubakken av Odd Jan Skriubakken

Hans Skriubakken kom med i motstandsarbeidet i 1941. Frå hausten 1944 låg Milorgs distriktsleiing skjult i Hiet i Ulbergsmorka. Berre Hans visste kvar dei var. I Hiet hadde dei radiosamband med England.

Oppvekst i Øverbygda i 1960-åra av Fride Gunn Rudi

I 1960-åra hadde mange frøningar framleis ein gris eller nokre høner sjølv om dei ikkje hadde gard. Og ofte var barna med i arbeidet slik dei hadde vore i generasjonar.

Lange svev i Brakjebakken av Paul Henrik Hage

I 1946 vart tradisjonen med «Vinstrarennet» i Brakjebakken teken opp att. Etter at bakken vart utbetra og utvida, vart det hoppa over 50 meter, med bakkerekord på 55 m i 1974. I 1989 vart stilaset teke ned.

Rønnshaugane  – plassane under Rønn av Odd Jan Skriubakken

Truleg har det vore i alt tolv husmannsplassar under nørdre  og søre Rønn. Her er historia om Rønnsbakken, Rønshaugen, Erlandshaugen, Brennlykja, Knappen og Gutu.

Høgfjellskonserten ved Rondane av Vidar Olaussen

Å utnytte fjellområda våre til spektakulære konsertopplevingar kan i ettertid synast sjølvsagt, men i utgangspunktet var ikkje det ein strategi alle kunne slutte seg til. Men alt fyrste året vart konserten ein suksess.

Ein minnerik tur til Otta (skulestil)

Ein gong tidleg på 1900-talet reiste Marit Dalseg (1891-1970) til Otta med toget samen med mor, far og tanta i. Ho fortel entusiastisk om reisa i ein skulestil som ho fekk «meget godt pluss» på.

Hels utvandrarane frå meg! av Per Åsmundstad

Kvikne-Skåbu var den delen av Nord-Fron som hadde flest utvandra til Amerika i 1850-1910. Toppåret var 1870, da 85 reiste. Det kunne vere tungt at leikekameratar og slektningar var borte for alltid.

Gjensyn med Kvarvet etter 46 år av Steinar Morken

Etter kampane ved Tretten i april 1940 og forvirringen som oppsto, rømte mange engelske soldater over fjellet på østsiden av dalen for å nå igjen avdelingene sine. En av dem var R.G.Coleman.

Barndomsminne frå Søre Eldåsetra av Johan Dalseg

For ein storfiskar på fem år var det så stort å få fisk at han måtte ha fangsten sin på ein asjett ved sida av senga om natta. Men det er også farleg å fiske for ein som er så liten.

Da Ole J. Hovden bora etter vatn av Jan Hovden

I 1953 tok Ole J. Hovden til å bore etter vatn med ei enkel støtboremaskin. Behovet for vatn var stort, og det var ikkje nødvendig å bruke eitt øre til marknadsføring. Etter kvart vart teknologien avansert.

Krupp og syerskene på Hera i Lia av Carl Henrik Grøndahl

Hera fabrikker i Lia var lenge den største industriarbeidsplassen i Sør-Fron med opptil 200 på lønningslista – dei fleste kvinner. Eigaren, Israel Krupp, sette spor etter seg i bygda.

Fra flykning til kurér av Jødisk museum i Oslo

Oppvekst på Nordgard Tåkåstad av Anton Tagestad

I 1920 vart Anton Tagestad født på Nordgard Tåkåstad. Han budde han til familien flyta på på Kilsetra som bureisar i 1935. Det var ei overgangstid frå det gamle bondesamfunnet til moderne landbruk.

Dei passa sjukekassa i Nord-Fron av Nora Stormyrbakken og Tor Larsen

Mellom 1912 og 1952 styrde far og son Ole og Olav Larsen i Sorperoa kretssjukekassa i Npod-Fron. Dei passa på at alle – også lækjarane – heldt seg til reglane.

Spelmannen Jonas Dokken av Johan Dalseg

Spelmannen Jonas Dokken var ein av dei mest namngjetne spelmennene i Sør-Fron. Men han var også ein allsidig handverkar, ein ivrig fiskar og ein slitande god forteljar.

«Utta lina» på Vinstra av Trygve Sundt

Området «Utta lina» var ein viktig del av tettstaden Vinstra. Her låg  Byre gard, Ysteriet og Bøndernes hus, og her kunne sirkusa slå opp telta sine. El-verket har teke over ein stor del av området.

DNT-hytta som vart liggjande feilAnders Hage fortel til Carl Henrik Grøndahl

Skriurusten i Langsudalen heilt vest i Søt-Fron er DNT-hytta som ikkje ligg der ho eigentleg skulle ha vore. Dei gav opp, rett og slett, å få ho heilt fram, dei som skulle flytte ho.

Vandring i Nygaards komposisjonsrike av Rasmus Stauri

I år er det 100 år sidan spelmannen, musikaren og komponisten Oddvar Nygaard vart født, 23.juli 1919. Han brukte dølakulturen som grunnlag for det han skapte.

Jordmor på Nord-Fron i 46 år av Bjarne Øygarden

Ingeborg Jacobsen var jordmor på Nord-Fron frå 1922 til 1968. Frå 1948 til 1955 hadde ho fødestove heime hos seg sjølv. Ho mista mannen sin da ho berre var 30 år gammal.

Siste turen med hest?

Årsmelding for Fron historielag 2018

Kulturpris  for Sør-Fron 2018

Kulturpris for Nord-Fron 2018

Medarbeidarar i Fronsbygdin 2019

Fronsbygdin 2020

Sensasjonell oppdagelse holdt hemmelig i ni år: – Glemte å fortelle det –  NRK Innlandet – Lokale nyheter, TV og radio

75 år sidan fredsvåren 1945 av Per Gunnar Hagelien

Freden i 1945 etter fem års okkupasjon vart markert både lokalt og nasjonalt, og spesielt i Kvam, der kampane i april 1940 var harde. Gudbrandsdal krigsminnesamling stod sentralt i denne markeringa.

Den 8.mai bråkå det laus Helga Stormorken fortel til Rasmus Stauri

Dei fyrste flagga gjekk til topps alt om ettermiddag den 7.mai 1945. Det fortel Helga Stormorken som var 11 år da krigen kom, og 16 da han var over.

Tradisjonsrik setring i Søre Eldåa av Aud Bjørke og Mari Bjørke

På Bjørkesetra i Sør- Eldåa er det framleis levande geranium i vindauga om sommaren – kanskje det fremste teiknet på at budeia er på setra. Truleg er setringa her ein ubroten tradisjon sidan 1722.

Husmannsbruk under Søre Rønn av Odd Jan Skriubakken

Under Søre Rønn – seinare Barlund – låg husmannsplassane Brenna, Opphaug, Murastugu og Skriubakken. Av Murastugu er knapt noko att.

Skilaget Fart i Nedre Sødorp av Paul Henrik Hage

Fyrste hopprennet til Fart skilag var i Sørnshaugen på jordet til Sygard Brandvol i 1947. Rundt 1960 dabba aktiviteten av, og det vart ikkje fleire skirenn før barna prøvde å få liv i laget att i 1986.

Da eg datt ned i kloakkummen av Åge Jevne Hagestuen

For at ungane skulle halde seg unna farlege brunnar og brunnlokk, vart dei truga  med Brunntore. Akkurat denne dagen var visst Brunntore på butikken og derfor gjekk det godt.

Bautasteinen i Atnadalen av Eivind Holen

Ved gangbrua over Atna står det en bautastein som forteller at det var her Per Gynt trefte Bøygen. Steinen ble opprinnelig reist på Buvollen ved Atnsjøen.

Gå utenom av redaksjonen

Året rundt på Tåkåstad av Anton Tagestad

På gardane var det fast mønster på kva som skulle gjøre gjennom året. I stor grad var dette styrt av årstidene. Men alt ikke bare arbeid. Det var også plass til glede og fest innimellom.

Enkemannen fra Finmarken av Dag Bjørnar Mork

I 1790-årene reiste Peder Engebretsen fra Fron nordover for å finne lykken. Han reiste først til Trondheim, og så videre til Øksnes i Vesterålen og Bjarkøy i Troms – før han reiste tilbake til Fron.

Da kongehaugen braut i hop av Rasmus Stauri

Den 2. juni var 1959 braut kongehaugen på Hundorp i hop. To år etter var han ferdig restaurert av lokale krefter. Denne største haugen er truleg frå jernalderen.

Bakere i Kvam av Per Fredriksen

Veikleaaens Handelssted – Sletten Landhandleri i Kvam – hadde tidligere eget bakeri. I 15 år hadde også Ola Ødegården bakeri i Kvam før ha tok over bakeriet etter svigerfaren på Vinstra.

Politisoldat fra Vinstra av Tor Larsen

Kåre Berg fra Vinstra rømte til Sverige i januar 1945. Her fikk han opplæring som politisoldat. Han kom hjem til Norge i mai med hjelm, gevær og kornett – i musikkorpset til de norske styrkene.

Ut på ski på Harpefoss av Trond Halle

I 50- og 60-åra var det hoppbakkar og skibakkar på kvart eit jorde. Og det var guteklubbar i nesten kvar ein repp. Ungdomslaget Solglytt på Harpefoss arrangerte renn med start og mål på Nigardsjordet.

Den fyrste organisten i Sør-Fron av Tom Willy Rustad

I 1792 reiste Ole Olsen Koppang med hest og kjerre frå Koppang til Fron. Med seg på flyttelasset han han eit orgel han hadde kjøpt for 340 riksdalar. Han hadde fått fast arbeid som organist i den nye kyrkja.

Vakre, ville Augldalen av Anders Nustad og Kristen Brendhaugen

I det ville og fascinerande naturreservatet Augldalen på Sør-Fron kan vi finne uvanlege planter. Nå er alt tilrettelagt med stigar og bruer slik at det er råd å kome seg ned i den tronge dalen.

Da Krupp bygde på Tofte under krigen av Carl Henrik Grøndahl

I 1942 engasjerte Israel Krupp byggmeister Anders Haverstad til å føre opp ein arkitektteikna direktørbustad ved det nedbrende Tofte Turisthotell. Her bygde underleg nok Krupp sitt nye hovdingsete under krigen.

Jegerne ved Olstappen av Jostein Bergstøl og Elle Kathrine Friis

De eldste sporene etter mennesker ved Olstappen i Skåbu er 10 000 år gamle. Ingen andre steder i innlandet i Norge er det funnet så gamle spor etter elgjegere. Nye arkeologiske undersøkelser viser dette.

Hellemaleriene i Espedalen av Henriette Asen

Høsten 2018 ble det funnet 4-6000 år gamle malerier på en bergvegg i Espedalen. De forestiller trolig fem elger, en bjørn og et menneske. Det er det første hellemaleriet som er funnet i innlandet i Norge.

Bessfar Sveinsson i Nørdre Lia av Torstein Rudihagen

I over 30 år budde Iver Hovdlistuen – bessfar Sveinsson – åleine i ei lita bakhonkledd hytte øvst i Nørdre Lia i Sør-Fron på grensa mellom bygda og fjellet. Kona Pauline budde på eit bruk lenger nede.

Knut Holmen og fuglekassene hans av Knut Holmen

Tolv år gammal sete Knut Holmen ut dei fyrste fuglekassene på Harpefoss i 1970. Sidan har han inspisert dei minst to gonger kvart år. Nå har han 600 fuglekasser i Fron og Trøndelag.

Fron historielag held historia levande av Ole Christian Risdal

Achilles

1000-års jubileum i 2021 av Rasmus Stauri

Årsmelding for Fron historielag 2019

Æresmedlem Vegar Skard

Kulturpris for Nord-Fron

Oversyn medarbeidarar Fronsbygdin 2020

One response to “Innhald i Fronsbygdin

  1. Ei fin liste med gode artiklar frå Nord-og Sør-Fron. Kjøp bøkene og les deg opp!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s