Ivar Kleiven og Fronsbygdin 1930

 

Ivar Kleiven

Ivar Kleiven

Ivar Kleiven skreiv boka Fronsbygdin, eit rikt verk som kom ut i 1930,  på eit målføre som kanskje gir boka mindre lesarkrins enn ho fortener. Derfor publiserer vi utdrag frå boka her på denne heimesida på eit meir normalisert nynorsk. Dette er ei samleside, der du finn artiklar etter tema. Det kjem meir – etter som redaksjonen har stunder til å arbeide med Kleiven. Vil nokon vera med på dugnaden? Det er utruleg gildt og lærerikt stoff!

Han var ingen vanleg historikar, Ivar Kleiven. Han nytta mange muntlege kjelder og fekk tak i dei forteljingene som var i ferd med å bli borte. Det er menneske og underjordiske, menn og hulder, historier og lagnader,  blod og brennevin, slagsmål og kjærleik og mange, mange feite jakthistorier i boka hans. Mellom anna.

Vi du ha eit døme på korleis Ivar Kleiven skreiv, kan du lese om korleis fela kom til Gullbrandsdalen eller om at «rusdrikken va grunnlage åt all moro i omgangslive, i lag og samkåmo»  på 16- og 1700-talet.

På eit meir normalisert språk kan du lese mykje morosamt om dei underbuande, eller underjordiske.

Sjå opp for Ulvei!

Her er er Ulvei trollkjerring, steinen på Frylisetra, felespel ved Furusjøen.  Naturleg nok var huldra ute etter ein så tiltalande kar som Per Gynt.  Trollskap var det òg. I 1619–20 vart det brent 3 trollkjerringar i Fron,  Men du skal vera varsam når du  brenn ei trollkjerring! I Nestugun Hågå vart eine dattera på garden, ho Kari,  innteke frå setra deira i Fiskdalen.

Fra gamalt av hadde alle gardar i Fron sitt eige bumerkje. Ivar Kleiven har oppspora dei, og du ser dei her.

1658352_439049176198509_750140071_oKorleis vart seterene til? Ivar Kleiven tar oss langt attende i tida og fortel om den gongen seterjentene sms´a med lur.

Om Heilag Olav fortel Kleiven: Da Sankt Olav kristna dalen og kom til Fron etter slaget på Breden, fór han på vestsida gjennom Ruste og heldt rast på Bø. Kva skjedde med ormen der?

Om Svartedauen har han fleire historier. Pesten sopte det folketomt både i Kvikne og Skåbu. Berre eit einaste menneske levde att etter sotten, og det var ein ung gut frå Megard i Skåbu. Den neste store ulykka som råkå Fron, var vel Storofsen i 1789. Ivar Kleiven si forteljing om desse dagane er verkeleg verd å lese.

Han fanga opp dei historiene som ennå var levande, Kleiven. Her er den gode  forteljinga hans om slaget mellom frøningar og valdrisar om  bygdagrensa mot østre Slidre i Valdres, der det gjekk alt anna enn lausleg til. Det har drive opp til heile slag, som det har gått ord om i mannsaldre. Gausdølane prøvde seg også på han Amund Liltjem frå Kvam. Det skulle dei ikkje ha gjort.

Ivar Kleiven samla òg historier frå 1814, ikkje dei politiske, men om dei frøningane som verkelig slost med gevær og bajonett. Om løytnant Hans Kvikstad som leikte seg med ein kanon og tok hovudet av ein svenske. Om Hallvor Båssån frå Kvam som tok ei luve frå ein av dei fallne svenskane, og da kapteinen hans fekk sjå luva, kjøpte han ho for 20 riksdalar.

For stor, tykte kongen.

Fienden den gongen, seinare kong Karl Johan, vart kront i domkyrkja i Nidaros om hausten 1818. Han reiste  over Dovrefjell og gjennom Gudbrandsdalen på attendeferda og var innom Fronskyrkja. For stor, tykte han.

Så har Ivar Kleiven mange praktfulle portrett av frøningar.

Kanskje hadde det vore eit betre liv på sirkus for Ragnhild Skulstugun?

Skulsuguførkja – Ragnhild Skulstugun – var ikkje som andre kvinnfolk og laga seg litt av ein lagnad. Lars Dalshaugen og Ola Massing gav seg i kast med Bibelen og  julebrennevinet. Ola Jakopsson Laulo og er fødd på ein plass Espe under Vistad i Kvikne. Han var treskjærar og den som forma karen på brennevinskaggene til Lysholm akevitt. Ellev Moen var vel ein av dei styggaste mannfolk og beste jegarane som er ala opp i Skåbu.  Visste du at dei har to Per Gynt´ar i Sverige? Kleiven har samla det vi veit om modellen til Henrik Ibsen. Iver Pedersen vart sokneprest i Fron i 1651. Det var litt av ein kar:  «I fylla var magister Iver reint umogleg: kranglut, rang og uvøren i kjeften, banna og skapte seg og gat om at hans skulle vore hærførar istadenfor prest. Han var nok ikkje vellikt av bygdsfolket, men det sto slik age av dei høglærde magistrane at bøndene torde ikkje setje seg opp mot han om han bar seg aldri så urimeleg åt.» Tor Graupslåen var ikkje god å komme ut for. Han hadde svartboka: «Om ho Sissel gløme både Gud og fa’n, så skal ho itte gløme ‘om Tor Graupslån.»

Var det her han dreiv på, Hans Svinslån?

Hans Svinslån var heller ingen smågut: «I Kvam var det nokre som ikkje var gode å skreka eller leggje på flate fjøla, slike som Hans Svinslån. Sterkare kar har det kanskje ikkje trått på jorda i Kvam.» Ellev Moen var ikkje noko jentemat, men ein av dei beste jegarane som har vore ala i Skåbu, bjønnskyttar og fuglskyttar.

Låg det eit kloster her? Foto: Anette Berve

Etter folkesagnet stod det to munkeklostre i Fron i medelalderen, det eine på Grytting og det andre på Rolstad. Er det rett?  Visste du at dei prøvde seg med tamrein i Fronsfjella rundt 1840?  Sunding over Lågen før bruene kom, var ikkje farefri: «Ein sundag, 3. oktober 1830, hende ei ulykke på Hundorpsundet: Ei ferje med fire øyk og sju menneskje skulle over sundet frå baksidelandet. Det var for tung last og stri vind, og ferja kom ikkje meir enn ein 30 meter frå land, før ho kvøldest og alle sju menneskja og to av øyka blei.» I fiskjebuene ved Furusjøen var det liv!

Han skryt av Fron når han kan, Ivar Kleiven. Her er ein lovsong til fiskjevatna.  Og han nedtegna visa om Mannen og kråka, slik ho vart sunge i Fron.

Ivar Kleiven

Ivar Kleiven (fødd i Vågå 10. juli 1854, død same stad 19. februar 1934) var bygdebokforfattar, folkeminnesamlar, folkeopplysningsmann, målmann, politikar, turistvert og gardbrukar. Med sine bygdebøker frå Gudbrandsdalen blir han rekna som ein av dei fremste pionerane innan denne sjangeren.  Kleiven var på ei og same tid politisk radikal og tradisjonsdyrkar.

Som lokalhistorikar er det samleverket Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen som ruver hjå Kleiven. Verket består av separate band for dei fleste Gudbrandsdalsbygdene: Lom og Skjaak (1915), Lesja og Dovre (1921), Østre og Vestre Gausdal (1928), Ringebu (1928) og Fronsbygdin (1930). Han var eit godt stykke på veg med materiale frå Øyer og Fåberg da han døydde.

Fronsbygdin gav namn til årboka frå Fron historielag. Første utgåva av ho kom i 2003. Du kan få kjøpt Fronsbygdin 1930 her.

Denne sida blir oppdatert.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s