Fron historielag blir til

OLA O. RØSSUM ved 75-årsjubileet i 2003:

Denne forsamlinga er fotografert på Maihaugen den 20. juni 1919 i samband med at dei skipa Gudbrandsdal Historielag. Sitjande frå venstre: Oluf Kolsrud, Erik Enge, Gunner F. Gunnersen, Ivar Kleiven, Axel Thallaug og O. T. Gillebo. Ståande frå venstre: M. A. Lien, Joh. Bergum, Erling Bjørnson, Arnt Astrup, Petter Nilssen, Jul. Sundsvik, Simen Fougner, Anders Sandvig, Thv. Isum, Simen Kolstad, Thor Strand, Tor Ile, O. P. Johansen, Anders Skrede, H. Løken, T. N. Holme, Aksel Hattestad, Harald Bakken, L. Sætre, G. Fliflet og Thomas Jørstad. Fleire av dei var framståande drivkrefter i arbeidet med å handsame og sikre den lokale kulturhistoriske arven i Gudbrandsdalen. Bilde: Gudbrandsdal historielag.

Det var Gudbrandsdal historielag som sto for skipinga av Fron historielag (som av dei andre historielaga i dalen), og Kristofer Fliflet sto for iverksettinga. Organiseringa var gjort med tanke på å få gitt ut bygdabøkene til Ivar Kleiven, i vårt tilfelle Fronsbygdin. Det sterke bandet mellom Fron Historielag og Gudbrandsdal Historielag kom til å bli ståande ved, og er i jubileumsåret 2003 vedtektsfesta med § 6, som slær fast at laget skal vera medlem av Gudbrandsdal Historielag.

Jon Harildstad

Jon Harildstad

Det fyrste styremøte i Fron historielag vart halde på Vinstra 9. mars 1929. Styret konstituerte seg og vart samansett slik: Jon Harildstad formann, Even Sveipe nestformann og Thor Aasmundstad kasserar. Dei andre styremedlemene var Rasmus Stauri, Ole Brandvold, Halfdan Haanshus, Albert Wadahl og Nils Bjerke.

Fron Brandassuranceselskap hadde gitt 600 kroner til Fron historielag, og pengane skulle nyttast til å betale «portrætstoffet» til Fronsboka. Skulle det bli pengar att, skal historielaget nytte det etter eige «tykke». Historieskrivaren sjølv, Ivar Kleiven var med på møtet. Dei bileta som skulle vera med i Fronsboka, vart valde ut, og det vart gjort vedtak om at  Kviknemålet skulle nyttast i heile boka, utanom direkte tale eller skrift. Korrekturlesinga skulle gjerast av Kr. Aasmundstad og Even Sveipe. Det er serskild nemnt i møteboka at Ivar Kleiven var einig i denne ordninga.

Ivar Kleiven, «Gudbrandsdalens Snorre»

Arbeidet med å få ut Fronsbygdin av Ivar Kleiven var fråseggjort, og andre storarbeid var det ikkje tida til å setja i gang med.  I 1930 er det ikkje meldt om noko møte i Fron historielag. Det arbeidet som vart gjort, var det nok formannen Jon Harildstad som sto i med. 1931 var heller ikkje noko travelt møteår, med berre ei samling, som var årsmøtet den 8. november på samvirkelaget i Skåbu. Arkivassistent Leif Midthaug frå statsarkivet på Hamar var med og heldt foredrag, som fekk karakteren «interessant og opplysande». 9 medlemer har skrivi under møteboka, og frammøtet har nok ikkje vore større. 8 var frå Kvikne og Skåbu, den niande var Even Sveipe, den einaste «nedanfrå». Dette fortel nok sitt om kor tungvint det var å koma bygdamellom den tida, og at det var rett å skifte på med møtestadane, slik vi ser at dei har passa på. Skal tru om Even Sveipe har hatt fylgje med Leif Midthaug, som kan hende har kome med eigen bil? Ikkje for det, Even Sveipe kan ha hatt bil sjølv han. Heilt fri for bilbeist var ikkje Fronsbygdene ved inngangen til tredveåra.

Etter det møteboka fortel, gjekk det nå 4 møtefrie år, fram til nytt årsmøte 26. mai 1935 på Hundorp. Nytt årsmøte vart det ikkje før den 27. august 1939 på Harildstad. Underskriftene fortel om sju frammøtte medlemer på det som skulle bli det siste møtet i Fron historielag føre krigen. Fem dagar seinare gjekk Tyskland til åtakskrig mot Polen, og den andre verdskrigen var i gang.

bunadbord

Broderi frå Ulberg-bunaden

Rasmus Stauri(1867–1932) frå Stryn, busett i Gudbrandsdalen. Folkehøgskulestyrar og forfattar.

gunda jørstad

For Fron historielag vart det opphald i arbeidet i seks år. Det fyrste årsmøtet etter krigen vart halde på Vinstra 31. mars 1946. Det var formannen i Gudbrandsdal historielag , o.r.sakførar Joh. Krukhaug som leidde møtet. Han mintes to av dei berande krefter i Fron historielag, Jon Harildstad (1866-1942) og Even Sveipe (1866- 1943), som båe var gått bort i krigsåra. Jon Harildstad hadde vore formann frå starten i  1928 til han fall i frå på ettervinteren 1942. Even Sveipe hadde vore nestformann frå starten og til han gjekk bort 20.desember 1943.

Med på dette fyrste årsmøtet etter krigen var Einar Hovdhaugen, som ga ei utgreiing om korleis arbeidet i historielaget burde leggjast opp framover.

Styrevalet ga dette ufallet: Frå Nord-Fron:  Torvald Slåen, Pål Åsmundstad, Jon Sætre og Ivar Brandvol, med varamenn O. Chr. Jevne og Torgeir Risdal.

Frå Sør-Fron:  Redvald Melgaard, Peter Sveipe, Gunda Jørstad og Albert Fosse, med varamenn Olaf Forr og Nils Steig. På styremøte 7. juli 1946 vart Peter Sveipe vald til formann, Redvald Melgård til nestformann og Pål Aasmundstad til rekneskapsførar.

Styret gjorde vedtak om å kjøpe manuskriptet tilboka «Ofsen 1789» av kand. real. W. Sommerfeldt.

Styret ville gjera framlegg for neste årsmøte om å auke medlemskontigenten til kr. 2,00, og til kr. 25,00 for ein gong for alle.  I ei påskrift til møteboka fortel Ivar Brandvol at Peter Sveipe hadde tala ved Einar Hovdhaugen om skriving av Frons-boka, men at han ikkje kunne ta på seg det arbeidet.

Det skulle gå nokre år før det vart gjort noko meir med bokplanen.

Sein oppstart

Møteboka fortel heller ikkje om noko anna liv i laget dei fyrste seks etterkrigsåra, og det neste årsmøtet vart ikkje før 3. juni 1951. Til formann vart vald Ivar Brandvol, som vart verande på denne posten heilt fram til 1974, da han ba om avløysing.  Nestformann i 1951 vart Peter Sveipe, og til kasserar vart Pål Åsmundstad vald.  Styremedlemene elles vart Redvald Melgard, Målfrid Skurdal og Anton Rudi frå Sør-Fron, Ola O. (Klomstad) Røssum, Torgeir Risdal og Halfdan Haanshus frå Nord-Fron.

Årsmøtet drøfta planen om ei gards-og slektshistorie, og  slo fast at den viktigaste arbeidsoppgåva nå framover blir å samle stoff og pengar til gards- og slektshistorie for Fronsbygdene.

Grendamenn til bokarbeidet

1. desember 1951 var det styremøte på Vinstra for å velja grendemenn til å hjelpe styret med å skaffe stoff til gards- og slektshistoria. Mannskapen vart denne: S. Langlia: Lærar Olav R. Nyhus og lærar Josef Bue, (Ringebu) N. Langlia: Torger Fauske og Albert Fosse Skurdal: Petter S. Skurdal, Anna P. Skurdalog Oddmund Skurdal Rysland: Aksel Bjerke og Bjarne Skurdal Øverbygda: Nils Bjerke, Johs. Steig og Lodver Dalseg Nerbygda: Kristian Hove, Laurits P. Vangen og Are Stauri Bergdal skule: Gustav Lien Skåbu: Torger T. Risdal, Johan Risdal og Fredrik Fosse Graupe skule: Johs. Wistad og Iver Hagen  Kvikne: Torvald Masseng, Pål J.Harildstad og Amund Olstad Ruste: Olaf Brandstad, Ragnvald Tarud, Pål J. Åsmundstad, Torger T. Dahlen, Aksel Kongsli og Jon Storodden Kvam: Anders Sandbu, Gunnar Arnekleiv, Anton Steine og Jon Stø Sødorp: Ole Pettersen og Hans Hage

Med i alt 35 grendemenn og ei grendekvinne skulle båe Fronsbygdene vera nokolunde godt dekt, men det var ikkje like tett med grendemenn i alle krinsane. Ruste hadde rusta seg godt med seks, medan  Sødorp sto med to.  Kvam med sine mange skulekrinsar fekk nøye seg med fire. Det kan sjå ut til at det burde vore halde eit suppleringsval. Grendemennene vart pålagt å oppsøkje alle i sin krins, å notere namn og årstal på gamle papir, opplysningar om gards- og slektshistoria, om gamle ting, gardflytting o.s.b. Dersom nokon ville gi frå seg gamle papir til historielaget for brannsikker forvaring i bankkvelv, kunne grendemennene ta med seg slikt, like eins skulle dei ta inn medlemskontingent til historielaget.

Styret ville skaffe seg greie på kva det ville koste å få fotografert dei gamle kyrkjebøkene.

Den store oppgåva som det ville bli å få i stand bokverket som nå var påemna, drog med seg større aktivitet i historielagsarbeidet i det heile. Til meir ein har å gjera, til meir fær ein gjort? I alle fall vart oppstartinga av bokarbeidet  innleiinga til ei meir aktiv tid i historielaget.

Einar Hovdhaugen, «bondehøvdingen frå Venabygd»

Meir forseggjorde årsmøte

31. januar 1953 gjorde styret vedtak om å laga ein fest i samband med årsmøtet. Engebret Haugen og Einar Hovdhaugen skulle vera med og halde foredrag. Båe var aktuelle som bygdabokskrivarar, og styret ville nok gjerne få synt dei fram og la frøningane få høyre dei.

Inngangspengane til festmøte og foredrag vart sett til kr. 2,50. Styret ville gjera framlegg for årsmøtet om å leggje på medlemspengane til kr. 5,00, og livsvarig medlemsskap til kr. 35,00. Laget skulle ruste seg til sterkare drift.

Årsmøteprotokollen viser at det svara seg å leggje opp eit noko meir forseggjort program. Frammøtet vart betre enn det hadde brukt å vera, 22 medlemer møtte.

Peter Sveipe ba seg fri frå attval. Ved loddtrekking gjekk  Målfrid Skurdal frå Sør-Fron og Halfdan Haanshus og Ola O. Røssum frå Nord-Fron. ut av styret.  Desse tre vart attvalde, og til nytt styremedlem vart vald Petter Skurdal. Olaf Kjørum vart vald til kasserar. Varamenn i styret vart Petter Sveipe og Olaf Listad frå Sør-Fron, Ragnvald Tarud og Ole E. Hagen frå Nord-Fron.

Medlemskontingenten vart som styret gjorde framlegg om, kr. 5,00 for året og kr. 35 for livsvarig medlemskap. Engebret Hougen var med på møtet og svara på spørsmål etter foredraget sitt. Einar Hovdhaugen hadde nok fått forfall.

I styremøtet 23. april 1953 vart Ivar Brandvol attvald som formann, Petter Skurdal vart vald til nestformann. Anton Steine møtte som varamann, truleg i staden for Ola O.Røssum, som var borte frå bygda 1952-54. Ingen av dei valde varamedlemene var frå Kvam.

Formannen la fram utkast til spørjeskjema som han hadde fått frå Einar Hovdhaugen og Engebret Hougen. Styret gjorde vedtak om å nytte spørjeskjemaet, som skulle trykkast i 1200 ekspl. Søknad om tilskot på kr. 0,25 pr. innbyggjar vart sendt til kommunane og til Nord-Fron sparebank og Sør-Fron sparebank, og ysteria i båe bygdene vart bedt om å skjote til kr. 1,00  pr. leverandør.

bunadbordEngebret Hougen i sikte som bokskrivar

På same møtet vedtok styret å melde Fron historielag inn i Gudbrandsdal historielag, noko som kosta laget kr.10,00 pr. år, og å tinge eit abonnement på tidsskriftet Heimen. Formannen hadde tinga Engebret Hougen til å komplettere skifteregistraturet for Fron. For dette skulle han ha kr. 226,30. Seinare på året valde styret Halfdan Haanshus, Olaf Kjørum og formannen Ivar Brandvol til å skrive ein søknad som dei skulle sende til eit noko større utval av «sponsorar»,  m.a. etter tips av Einar Hovdhaugen, og 1. februar 1954 gjekk det ut slikt skriv til Sør-Fron kommune, Sør-Fron sparebank, Fron ysteri, Nord-Fron kommune, Nord-Fron sparebank, Vinstra ysteri, Fron brannkasse og Espedalen bygdealmenning:

Med dette søkjer vi p.v.a. Fron historielag om eit tilskot til å fremje lagets arbeid. Vi viser til vedlagte eksemplar av lagets lover, og som syner kva laget arbeider for. Laget arbeider nå med å samle tilfang til ei bok om gards- og slektshistorie for Fronsbygdene. Med trykking vil boka koma på omlag kr. 50 000. Derfrå går det som kjem inn ved sal av boka. Til ei liknande bok for Ringebu har m.a. Ringebu kommune ytt kr. 4000, og Ringebu sparebank kr. 3000. Med dei årlege medlemspengane kjem vi ikkje langt, og lyt difor søkje om tilskot frå andre som kan ha interesse for lagets arbeid. Vi legg også ved eit spørreskjema for gards- og slektsgranskinga.

Møteboka fortel ikkje noko om korleis desse søknadane slo til, men året etter vart det gjort vedtak om å sende ny søknad til dei same som sist. Engebret Hougen hadde da sagt seg viljug til å ta på seg arbeidet med Fronsboka. Han slo frampå om ei godtgjersle på 100 – 150 kr. månaden. Styret godtok tilbodet, og ville betale ut kr. 150 pr. månad til Engebret Hougen.

På årsmøtet 30. april 1955 på Bøndenes Hus møtte 16 medlemer, som drøfta spørsmålet om å få i stand ei utstilling av gamle ting frå Fronsbygdene, og gjorde vedtak om å arbeide vidare med det.

På styremøte 8. desember 1956 gjorde kasseraren greie for økonomien i laget, og kunne opplyse at det sto kr. 6 577,05 i kassa. Styret må ha vore bra nøgd med det, ettersom det ville gjera framlegg for årsmøtet om å setja ned årspengane til kr. 3,00.  Kr. 35,00 skulle stå som før for livsvarig medlemskap.

Einar Hovdhaugen trør til som bokskrivar

Engebret Hougen var i mellomtida gått bort, og Einar Hovdhaugen hadde sagt seg viljug til å ta over arbeidet med Fronsboka.

Neste årsmøte vart det vedteke å leggje til Sør-Fron på vårparten, og det vart sett ned ein serskild komite til å ta seg av dette. Med i komiteen var soknepresten Sverre Hov, Petter Skurdal, Ragnar Listad, Pål Tron, Anne Marie Tron, Kåre Flaaskjer, Ragnhild Moen, Målfrid Skurdal og Lodver Dalseg. Petter Skurdal vart formann.

Årsmøte med utstilling

Årsmøtet vart den 26. mars 1957 i kommunehuset i Sør-Fron, med godt frammøte. Ut av styret frå Nord-Fron gjekk Halfdan Haanshus og Ola O. Røssum, inn vart vald Olaf Brandstad og Olaf  O. Klomstad. På val frå Sør-Fron sto Petter Skurdal og Målfrid Skurdal, som båe vart attvalde. Varamedlemer vart Lodver Dalseg og Anders H. Sandbu, og Olaf Kjørum vart attvald som kasserar.

Etter årsmøtet var det medlemsfest med utstilling av gamle pryd- og bruksting frå Sør-Fron. Det var mange som ville sjå utstillinga, og det vanka mange godord. Til festen var det prolog av Olaf Storløkken, Einar Hovdhaugen heldt foredrag og elevar frå Gudbrandsdal folkehøgskule underheldt. Eitt av godorda: eit i alle delar vellykka tiltak.

Det skulle gå 4 år til neste årsmøte, som var på Bøndenes Hus på Vinstra, og halde i enklare former. Frammøtet var deretter, 9 medlemer stilte opp. I styret sto Ivar Brandvol, Torger T. Risdal og Redvald Melgaard på val, og Anton Rudi var gått bort. Valde vart Kåre Rudi, Hallgrim Sveipe, Ivar Brandvol og Torger T. Risdal, med varamenn Ragnar Listad og Sverre Hov, Ragnvald Tarud og Ingvald Skaare.

Årsmøtet gjorde vedtak om å ta opp arbeidet med eit bygdatun for Fron. Styret skulle ta seg av dette, med Edgar Hagen som forsterking.

bunadbordArbeidet med bygdaboka utsett

På styremøtet 14. april 1962 vart det referert brev frå Einar Hovdhaugen 18. august 1961. Han sender attende det materiellet som han har hatt til gjennomgåing i arbeidet med bygdahistoria for Fronsbygdene, og bed historielaget om å finne ein annan som kan føre arbeidet vidare. Sjølv blir han i fire år på Stortinget, og når den tida er gått, reknar han seg sjølv som for gamal til å ta på med eit slikt storarbeid, og styret protokollerer at arbeidet med bygdesoga bli å setja ut.

Bauta over prost Hiorthøy

På same møtet vart det gjort vedtak om å rette ein feil i siste årbok for Glåmdalen, det det står at Holters magasin i Odalen var det fyrste kornmagasinet i landet, sett i drift 1787. Sokneprest Hiorthøy på Fron fekk i stand kornmagasinet på Fron i 1777. For dette meiner styret i Fron historielag at det bør reisast ein bauta over Hiorthøy der magasinet vart bygt, nedanfor Sødorp gamle kyrkjegard.

I 1969 tok styret oppatt denne saka. Ivar Brandvol skreiv ein artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen 1969 om kornmagasinet på Fron. Fron historielag valde Ivar Brandvol og Ola Rolstad til å hente inn kostnadsoverslag og leggje ein finansieringsplan for ein bauta over prost Hiorthøy til 200-års jubileet i 1977.

Ivar Brandvol hadde spurt pris på eit relieff over Hiorthøy frå Olav Hanslien på Lalm. Han ville ha 1500 kroner for arbeidet, og formannen fekk fullmakt til å setja bort arbeidet for den summen. Gudbrandsdal Historielag fekk tilbod om å vera med i nemnda, og valde Bernhard Hovstad og Fartein Valen Sendstad til det. Gudbrandsdal Historielag ville og vera med på finansieringa.

Av Eivind Busberg fekk historielaget ein 3,5 m lang stein som han hadde funne i Stormyra, 90 cm brei og 25-30 cm tjukk.

Bygdabokarbeidet skal førast vidare

På eit styremøte i desember 1963 var Ola O. Røssum til stades, og sa seg viljug til å ta over det vidare arbeidet med bygdaboka, og styret gjorde vedtak om å gi han oppdraget.

Oppgangssag i gåve

På same møtet vart det referert at Fron historielag har fått den gamle oppgangssaga ved Meåkre som gåve frå Eivind Sande og Asbjørn Kongsli. Styret ville prøve å få sett opp att saga til somars, og formannen fekk i opppdrag å arbeide med tomtespørsmålet. Paul Lillegaard var viljug til å bygsle grunn til sag og kvernhus ved Sula.

Bygdatun på Gutubakken?

På same møtet fortalde formannen at han og Petter Skurdal hadde sett på påtenkt tomt til bygdatun på Gutubakken i Sødorp. Tanken om eit bygdatun var ikkje ny, og årsmøtet i 1962 hadde gjort vedtak om å setja han i verk. Ordførarane i Fronsbygdene, Ivar Malerbakken frå Sør-Fron og Paul Brenna frå Nord-Fron deltok i drøftingane om finansieringa, utan at dei kunne gi tilsagn om nokon sum.

Ikkje årsmøte kvart år

Nytt årsmøte vart ikkje halde før 14. februar 1965. 14 medlemer møtte på Bøndenes Hus.

Ut av styret gjekk frå Nord-Fron Ola O. Røssum og Olaf Brandstad, og frå Sør-Fron Petter S. Skurdal og Målfrid Skurdal. Valde vart:

Olaf Brandstad, Olaf O. Klomstad, Petter S. Skurdal og Olaf Storløkken, med varamenn Aksel Bjerke og Sigmund Hernes. Til kasserar og sekretær vart vald Ola Rolstad, og han vart sitjande i båe embet lenge!

Det vart i same årsmøte vald ein medlem frå kvar av bygdene til bygdaboknemnda, Kåre Flåskjer og Olaf Brandstad, med varamenn Petter S. Skurdal og Ingvald Skaare. Kommunestyra skal velja kvar sin medlem til bygdaboknemnda.

2. mars 1965 vart det halde styremøte, på Grøntuva, der formann og nestformann vart attvalde. Grendemennene møtte i lag med styret for å drøfte arbeidet med bygdaboka. Formannen ynskte vel møtt og sa seg glad for frammøtet. (Protokollen melder om 19 frammøtte). Det vart referert skriv frå Ola O. Røssum om skriving av bygdaboka. Grendemennene fekk utdelt medlemsblokker for medlemsteikning, og spørjeskjema som dei skal prøve å få fylt ut.

Kommunestyra vart oppmoda om velja ein medlem kvar til boknemnda. Finansieringa vart drøfta, og det vart søkt om tilskot frå ei lang rekkje lag og organisasjonar ved sida av kommunane, bankane og institusjonar som nemnt før s. 6. Under sak 4, bygdatun, nemnde formannen at oppgangssaga er i slik forfatning at ho ikkje tolar liggje over ein somar til, men må setjast opp att så snøgt som råd.  Ordbruken i saklista fortel at oppgangssaga ikkje blir sett som ei isolert oppgåve, men som ein del av ein vidare plan som hadde vokse fram i det stille, og som årsmøtet i 1962 våga seg til å tala høgt om, den dristige planen om eit bygdatun.

Styret ga  på dette utvida styremøtet seg sjøl fullmakt til å kjøpe Eidsvoll bygdabok, med tanke på sitt eige bokarbeid.

bunadbordBygdaboknemnda i arbeid

Fyrste møtet i boknemnda var på Vinstra hotell 10. juni 1965. Oppgåva var nå definert som utgjeving av Gards- og slektshistorie for Fronsbygdene. Desse møtte som medlemer: Valde av Sør-Fron kommunestyre Olaf Storløkken og Hallgrim Sveipe. Valde av Nord-Fron kommunestyre Sigmund Hernæs og Paul Brenna. Valde av historielaget Olaf Brandstad, Ivar Brandvol og Kåre Flåskjer. Formann vart Ivar Brandvol, nestformann Hallgrim Sveipe, sekretær Kåre Flåskjer, kasserar Ola Rolstad. Arbeidsutval Ivar Brandvol, Kåre Flåskjer og Hallgrim Sveipe. Arbeidsutvalet fekk fullmakt til å setja opp arbeidsavtale med Ola O. Røssum, som skal ha 2 500 kroner i månaden for arbeidet. Han hadde laga eit revidert spørreskjema som arbeidsutvalet gjekk i gjennom, og som skulle trykkast i 1500 ekspl.   15. januar 1966 var grendemenn, boknemnd og styre innkalla til møte på Grøntuva gjestgiveri. I alt 19 møtte. Ola O. Røssum gjorde greie for dei nye spørreskjema.

Berre livsvarig medlemskap?

Mellom andre saker vart medlemskontigenten drøfta, og det var stemning for å gå over til berre livsvarig medlemskap, noko som årsmøtet måtte avgjera. Årsmøtet skulle vera med fest, og det vart lagt til Sør-Fron, med Petter S. Skurdal, Olaf Storløkken, Kåre Flåskjer og Hallgrim Sveipe som medlemer i festkomiteen. Frå Gudbrandsdal historielag var det kome tilbod om å få kjøpt boka Ovanom Helgefell av Olav Åsmundstad. Formannen fekk fullmakt til å tinge eit høveleg tal bøker. Kontigenten for livsvarig medlemskap skal setjast til 20 kroner, og Ovanom helgefell skal fylgje med som «medlemskort», dersom dette blir godkjent av årsmøtet. Kjøp vart det, prisen var slett ikkje noko hinder, 750 bøker vart tinga for 1 kr. stykket. Talet på livsvarige medlemer gjekk opp frå 25 i 1965 til 94 ved årsmøtet 1966. Det var ennå langt att til målet styret hadde sett seg, å få storparten av folket i Fronsbygdene som livsvarige medlemer i laget.

Andre oppgåver

Gjennom åra har historielaget fått spørsmål frå ei lang rad ulike oppdragsgjevarar om å hjelpe til med opplysningar og med råd og rettleiing i små og store saker av lokalhistorisk interesse. Slike oppgåver er ikkje alltid av dei som ruvar i media og i det offentlege rom, men i sum og over tid utgjer dei ein viktig del av det friviljuge kulturarbeidet. Møteboka er ei eit rikt oppslagsverk i så måte, som t.d .protokollen frå eit styremøte i 1966:

Det var kome brev frå Oppland avdeling av laget med det lange namnet Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, om registrering av verneverdige fortidsminne. Fron historielag svarar med ei liste over freda hus på åtte gardar, og ei enda lengre liste over hus og anlegg som historielaget meiner  bør fredast, 40 i talet. Serskilt nemnt og i ei klasse for seg er dei synlege minna i ruinane etter Essdalsverket, og Gravholmen, den gamle gravplassen ved Essdalsverket. På fredingslista står og den gamle furua ved Gutubakken, eit naturhistorisk minne etter storofsen i 1789.

Til årsmøtet i 1966 hadde historielaget i samarbeid med småbrukarlaga og bondelaga i Fronsbygdene fått i stand ei utstilling av gamle ting. I tilknyting til utstillinga var det etter sjølve årsmøtet foredrag av Ingvald Skaare og Ola O. Røssum. Møteboka melder om riktig godt frammøte.

Samarbeid med skulen

Fron historielag senda i 1966 brev til alle lærarane i Fronsbygdene om å få i stand små utstillingar ved skulen av gamle ting, for å få ungdomen interessert i å¨ta vare på pryd- og bruksting som finst att i bygda.

Utferder

Årsmøtet 1966 påla styret å arbeide for å få i stund ein «fellestur» til Glåmdalsmuseet, og styret meinte laurdag 23. juli skulle høve for ein busstur. Det meldte seg ikkje mange nok til bussen, men nokre dagar seinare vart det ny avgangstid, nå med 3 privatbilar og 13 reiselystne deltakarar.

Dette var så vidt ein kan sjå av møteboka den fyrste lengre utferda historielaget fekk i stand, men det vart ikkje den siste. Reisemålet var Skogbrusmuseet i  Elverum, og turen var vellykka. Interessant var det å sjå modellen av den gamle oppgangssaga frå Veikleåa i Kvam, og kunna samanlikne med vår eige oppgangssag frå Skåbu, som ved dei tidene kom under tak att ved Sula i Sødorp.

Markdagar

Stuttare utferder innanfor eigne bygdagrenser har det vorte mange av, som regel har dei vorte omtala som markdagar. Frammøtet til slike markdagar har brukt å vera godt. Einar Hovdhaugen var ofte med, lenge som fast omvisar å kalle. Med dei rike kunnskapane sine om historia både i Fron og grannebygdene, og lokalkjent og vidsynt som han var når det galdt vår eiga tid; betre heimstadlære enn på turane med han skulle det vera vanskeleg å finne.

Markdagane har gjerne vore lagt opp så dei skulle høve som familieturar, og der unge og gamle kan møtast og dele interessene for heimbygda før og nå.

bunadbordVertskap for årsmøte Gudbrandsdal Historielag og Dølaringen

I 1966 fekk Fron historielag eit ekstra årsmøte å ta seg av, da Gudbrandsdal historielag og Dølaringen la årsmøta sine til Skåbu. 10 skåbyggingar vart valde til festkomite, med Torger T. Risdal som formann, og medlemene Karen og Håkon Hage, Kari og Tor Risdal, Inga Risdal, Johan Heide, Ivar og Ruth Sandbakken og Paul Graupehaugen. Komiteen la opp til eit allsidig program, med m.a. ei utstilling av gamle ting frå bygda, og kunstvevnad av Nora og Sigmund Hernæs.  Simund Hernæs fortalde frå Skåbu, Skåbu spelmannslag sto for musikken, og etter årsmøtemiddagen var det omvising på Krogenæs-fabrikken, der Ragnvald Krogenæs sjølv viste rundt. Festmøtet var i Skåbu bygdahus, med foredrag av konservator Ivar Skre, og dans til tonar av Nygaard og Opheim.

Skogbruksmuseet spør 19. januar 1967 var det fellesmøte med grendemenn, boknemnd og styre på Bøndenes hus. Formannen Ivar Brandvol refererte skriv frå Skogbruksmuseet, med spørjeskjema om «låtereidskap» i samband med dyreliv og jakt, om gamle jegararar og fiskarar, om fiskeutklekking og om konservering av fisk og vilt. Formannen vart pålagt å svara, og utan at møteboka fortel noko meir om det kan vi nok trygt gå ut frå at Skogbruksmuseet fekk grei beskjed både om bruken av kråksmelle og om legging av råkåfisk. Ivar Brandvol sto nok heller ikkje i beit for ei historie eller to om jakt og fiske frå gamalt. Eit ønskje til dei som skriv møteboka heretter: Legg ved utfylte spørjeskjema, og andre vedlegg som vera med og fortelja historia om historielaget.

Ola O. Røssum var med på fellesmøtet, og fortalde eit og anna om serskilde saker som han hadde kome over i tingbøker og ymse arkiv, i arbeidet han nå var i gang med for bygdaboka. I 1966 hadde han brukt 513 timar, det meste av tida på gjennomgang av pantebøker, men og på Årbok for Gudbrandsdalen og på gardsarkiv frå Fronsbygdene. Av utfylte spørjeskjema var det kome inn berre 20, og formannen bad grendemennene om fleire skjema og fleire medlemer. Årsmøtet 1967 skal leggjast til Kvam, kombinert med ei bygdautstilling, slik  det med hell har vore gjort på Sør-Fron og i Sødorp i seinare år, og nå sist i Skåbu. Til å førebu utstillinga vart valde: Jon Moen, Pål Dahl, Atle Sigstadstø, Anne Stenen Røssummoen og Ola O. Røssum.

 Årsmøte med utstilling

Årsmøtet vart lagt til 16. april i Kvam bygdahus, og komiteen hadde lagt mykje arbeid på ei større bygdautstilling. Det vart registrert meir enn 900 bruks- og prydgjenstandar med tanke på utstillinga, berre omlag ein tredjedel vart utstilt, men resten vart katalogisert med tanke m.a. på framtidige mønstringar av gamal kulturarv. Av dei utstilte tinga kan nemnast sju  av dei heimebygde Lomske såmaskinene. Berre dette gjorde utstillinga til ei makinutstilling utnom det vanlege. Ivar Brandvol har notert i margen på møteboka at utstillinga vekte stor interesse og vart besøkt av mykje folk. Registreringa er teke vare på, og det kunne vel snart vera på tide å kalle inn att utstillarane for å sjå kor mykje som kan finnast att av det som vart registrert for 25 år sidan.

På årsmøtet var det elles foredrag av Fartein Valen Sendstad og kåseri av Ola O Røssum. Formannen refererte skriv frå Oppland Bondekvinnelag med spørjeskjema for registrering av gamle ting. Sør-Fron bondekvinnelag har teke på seg registreringsarbeidet i Sør-Fron. Fron historielag oppmodar alle lag og foreningar om å bli med på dette arbeidet, saman med grendemennene i historielaget. Det føygde seg fint inn i dette, at Thv. og Anne Stø v/ Olaf Byrløkken på årsmøtet overrekte Fron historielag som gåve to gamle biblar.  Møteboka er underskrivi av 21 deltakarar på årsmøtet.

Historielaget fær seg  eige kvern

I 1967 hadde historielaget fått eit kvennhus på Skurdalshaugen av Ivar Haugen og eit stabbur frå klokkargarden på Sør-Fron. Det vart gjort vedtak om å ta i mot gåvene, og å setja opp att kvennhuset ovanfor oppgangssaga i Sula.

Bygdatunet tek skapnad ved Milsteinstugu

Stabburet skulle takast ned og lagrast ved Milsteinstugu-lykkja, til kommunen fekk ordna med tomt til bygdatun der. Historielaget søkte om 10.000 kroner til istandsetjing av oppgangssaga og flytting av stabbur og tørkestugu til bygdatunet. Milsteinstugu meinte styret ville høve godt til tomt for eit bygdatun. Søknaden vart innvilga, og det vart gjort vedtak om å få kvennhuset på plass innan hausten. Jon Sandbakken skulle mure under kvernhuset, flyttinga skulle gjerast på dugna

I 1967 fekk Historielaget ei gamal tørkestugu, som styret ville ta ned og lagre ved Molykkja.

Tørkestugu var ei gåve frå fleire i Sødorp : Hans Litlgard, Hans P. Kleiven, Johan Tjærevadet, Paul Brendhaugen, Anton T.Haugen og Bjørner Bondestad.

På årsmøtet i 1968 vart det vald ei eige nemnd for bygdatunet. Med i nemnda kom Arvid Pedersen, Helge Pettersen, Hans Odenrud, Arve Skurdal og Edgar Hagen som vart vald til formann. (Om husa i bygdadatunet skal det skrivast meir, av eigen forfattar).

Stønad til Vonheims venner

I 1968 ba Fron formannskap Historielaget uttala seg om ein søknad frå Vonheims Venner om tilskot til istandsetting av Vonheim i Follebu. Styret gjorde slikt vedtak:

Med den åndelege og kulturelle vokster som Christoffer Bruun i si tid ga Gudbrandsdalsungdomen på Vonheim, meiner Fron historielag at dette er eit tiltak som er verdt å støtte.

Storleiken på tilskotet ville ikkje historielaget uttala seg om.

Fotoarkivet etter H. H. Lie

I 1969 var historielaget i kontakt med Eystein Lie, som hadde overteke arkivet etter bestefaren, fotograf H. H. Lie. Ola O. Røssum vart vald til å drøfte med Eystein Lie korleis fotosamlinga best kunne nyttast med tanke på bygdaboka. Eystein Lie sa seg interessert i eit samarbeid med Historielaget for å få identifisert ein del av bileta. Det er teke vare på dagbøker frå fotograferinga som kan vera til hjelp i arbeidet. Einar Hovdhaugen attende i bygdabokarbeidet

Ola O. Røssum vart i 1965 vald som vararepresentant til Stortinget. Han kom etter samanslåinga av Fronskommunane same året med i det nye kommunestyret, og i formannskapet. Samanslåinga førde med seg mykje politisk arbeid, som etter kvart gjekk utover arbeidet for Fron historielag. Da han i 1969 vart vald til fast representant på Stortinget og tok plassen etter Einar Hovdhaugen der, vart det til att dei to på nytt gjorde «arbeidsbyte», etter at boknemnda hadde bedt Einar Hovdhaugen om å ta over arbeidet den tida Ola Røssum var på Stortinget. Ola Røssum vart vald inn i boknemnda. Han hadde da gått i gjennom pantebøkene fram til 1805 (frå 1720), og samla ein god del anna materiell, frå gardsarkiv og andre kjelder.  Han vart på Stortinget til i 1981, og Einar Hovdhaugen hadde da for lengst gjort ferdig sin del av «skaplaget» (akkorden»). Han var ferdig med Sør-Fron bandet i 1973. Årsmøtet i Historielaget hadde da etter framlegg frå styret gjort vedtak om at bokverket skulle heite «Gardar og slekter i Fron». Som arbeidstittel for 1. bandet hadde vore brukt Gards- og ættesoge for Fron. I manuskriptet til 2. bandet var brukt tittelen «Gard og grend».

I 1974 gjekk Nord-Fronbandet til trykking, og eit stort arbeid som hadde gått på i meir enn 20 år var ferdig. Einar Hovdhaugen fekk ei gåve for den store  innsatsen han hadde gjort. På årsmøtet i 1973 vart formannen Ivar Brandvol hylda for det store arbeidet som han gjennom lang tid hadde stått føre med utgjevinga av Gardar og slekter, og Olaf J. Brandstad overrekte han ein tinnvase frå Historielaget som takk for innsatsen.

bunadbordGardar og slekter, kom og kjøp!

Det vart organisert eit eige salsapparat med grendemenn, som skulle ha kr.5,00 i provisjon. Rette salskontoret vart lagt til Fron brannkasse. Boka skulle og leggjast ut for sal i bankane, som den tid var Nord-Fron og Sør-Fron Sparebank. Ole Arnfinn Torgersrud vart nytta som PR samordnar, og skulle prøve få bokmeldingar inn i Aftenposten, Arbeiderbladet, Nationen og Heimen, forutan i lokalavisene.

Kurs i gotisk skrift

Dette emnet dukkar fyrste gong opp i møteboka under sak 5/1970, da styret gjorde vedtak å få i gang mindre studiegrupper i lesing av gotisk handskrift.. Etter den tid har det etter kvart vorte mange slike kurs, med vekslande deltaking og vekslande kursleiarar. Med aukande interesse for slektsgransking har fleire og fleire funne nytte i kursa.

Bauta over presten Hiorthøy, som i si tid tok initiativet til  det Fronske kornmagasin til bruk i år med naud, reist nedanfor den gamle kyrkjegarden i Sødorp.

Bauta over presten Hiorthøy, som i si tid tok initiativet til det Fronske kornmagasin til bruk i år med naud, reist nedanfor den gamle kyrkjegarden i Sødorp.

Bautaen står ferdig

Bautaen over prost Hugo F. Hiorthøy sto ferdig og vart avduka med ei minnehøgtid ved Sødorp kapell 23. august 1970, under leiing av Ola Rolstad. Prost Sverre Hov heldt gudstenest. Han las og opp ein prolog som han hadde skrivi til avdukingshøgtida. Fartein Valen Sendstad fortalde om prost Hiorthøy, og Ivar Brandvol gjorde greie for arbeidet med å få bautaen reist. Olav Hanslien hadde laga relieffet etter biletet av prost Hiorthøy i boka Fronsbygdin. Bautaen kom på 5.800 kroner. Av dette betalde sparebankane i Fron 4.000 kroner.Ordførar Tollef Beitrusten takka for bauten p.v.a. kommunen, og arkitekt Edv. Hiorthøy takka p.v.a. Hiorthøy-familien. Kvam sangkor og Hundorp musikklag underheldt.

Boka om Ofsen 1789

I 1970 fekk historielaget tilbod frå lektor W. Sommerfeldt om å gi ut som bok avhandlinga hans til geografisk embetseksamen. Sjølv ønskte han seg nokre frieksemplar! Styret tok i mot tilbodet, og Enger på Otta ville ta på seg trykking av 1000 bøker for 10 000 kroner. Boka låg ferdig i 1972 og vart lagt ut for sal.

Gamle arbeidsmåtar på film

I 1974 vedtok styret at Historielaget skulle prøve å få filma gamle arbeidsmåtar i jordbruket, i fyrste omgang nydyrking, våronn, hausting av korn trysking o.s.v. Formann og sekretær skulle førebu saka.

Filming vart det i 1975. Hans Petter Kleiven var kameramann, og emnet for filmen var møkkakjøring med hest og kjerre, pløying, horving og såing, alt med hest. Filmen skulle ha premiere på fyrste årsmøte. Framsyninga fall i smak, og årsmøtet vedtok å halde fram med filminga.

Innsamling av folkemusikk

Oddvar Nygaard venda seg til Historielaget i 1975 om hjelp til å samle inn folkemusikk frå Fron. Asbjørn Myrvang og Olaf  J. Brandstad fekk i oppdrag å kontakte Oddvar Nygaard om oppsetting av ei eventuell avtale om dette.

Verneverdige hus

Same tida  skreiv Historielaget til Prestgardstilsynet for Sør-Fron prestgard med oppmoding om at sæterhusa på Kantlia måtte bli sett i stand. Det vart og senda skriv til Riksantikvaren for å få til ei synfaring av verneverdige hus i Fron. I 1973 tok Olaf J. Brandstad opp tanken om å føre bygdahussaka vidare. Han hadde drøfta saka med formannskapet, og det skulle vera god von om å få bygsla Moalykkja. Styret vedtok å utvide bygdatunnemnda med Anton Tagestad og Ola Rolstad. Det var kome tilbod om ein gamal låve som Kr. Tagestad ville selja. I 1975 var det ordna med bygsling av omlag sju mål i Milsteinstugulykkja, og det vart sett ned ei serskild planløysingsnemnd. Med i nemnda vart Arve Skurdal, formann, Ragnar Øvrelid, sekretær, Edgar Hagen, Anton Tagestad og Jeanette Wistad,  med varamenn Hans Odenrud, Helge Pettersen og Arvid Pedersen.

Nemnda la fram sitt syn på saka for årsmøtet 6. februar 1976, og var kome til at det var bruk for eit bygdatun. Nemnda hadde søkt råd hjå arkitekt Arneberg ved Norsk Folkemuseum, som la vekt på at det laut sikrast midlar til drifta, slik at det ikkje enda som halvferdige skrømthus. De Sandvigske Samlinger på Maihaugen er ikkje interessert i slike bygdatun, og ein kan ikkje rekne med hjelp frå den kanten. Både Lom heimbygdslag og Vågå Historielag  var rådspurde. Dei hadde gjort gode røynsler med sine bygdatun, og ville rå til å følgje på, så sant planlegginga vart gjort skikkeleg. Årsmøtet ga nemnda fullmakt til å gå vidare med planlegginga.

Nemnda søkte seinare råd av arkitekt Arne Berg hjå Riksantikvaren. Han var stort sett nøgd med den påtenkte tunstaden, og ville hjelpe til med ei skisse av korleis husa kunne setjast.

Kjøp av stugu til bygdatunet

Styret ga i 1977 bygdatunnemnda fullmakt til å kjøpe ei gamal stugu på Skogen for inntil 20 000 kroner. På årsmøtet gjorde formannen i bygdatunnemnda greie for arbeidet som var gjort til da, og årsmøtet hadde ingen merknad.

Bygdatunet blir vedtektsfesta

Årsmøtet i 1976 gjorde vedtak om ein gjennomgang av vedtektene for laget, med sikte på å leggje fram vedtektsendringa til neste årsmøte. Asbjørn Fevolden og sekretæren Ola Rolstad fekk i oppdrag å koma med framlegg til endring, etter gjennomgang av gjeldande vedtekter.

Årsmøtet i 1977 vedtok eit framlegg om tillegg til § 1, formålsparagrafen. Tillegget går ut på at Fron historielag òg skal drive bygdetunet. I § 3 om årsmøtet går dette punktet ut: Berre dei sakene som er nemnde i kunngjeringa skal handsamast på årsmøtet. I den same § 3 skal det gjerast eit tillegg om at det skal veljast 2 varamenn frå Sør-Fron og 2 frå Nord-Fron.

Ivar Brandvol og Petter S. Skurdal sa frå seg attval til styret, der båe hadde vore med i meir enn 20 år. Sekretær og kasserar Ola Rolstad hadde hatt båe desse postane i meir enn 10 år, og ba om avløysing som ksserar. Det vart vedteke at styret skulle prøve finne ei løysing, men for det fyrste vart Ola Rolstad attvald som sekretær og kasserar! Ivar Brandvol og Petter S. Skurdal vart av årsmøtet utnemnde til æresmedlemer i Fron Historielag

bunadbordLeiting over grensene

I 1976 var det kome oppmoding frå Gudbrandsdal Historielag om å setja ned eit utval som norskamerikanarar kan vende seg til i leiting etter skyldfolk i «gamlebygda». Desse vart med:

Frå Sødorp Ragnhild Kjorstad, Ivar Brandvol og Oddmar Myrum, frå Kvikne Anton Ungstad og Peder Berget, frå Kvam Olaf Stormorken og Oddrun Rudland, frå Skåbu Torger Risdal og Sigmund Hernæs, frå Lia Asbjørn Fevolden og Hallgrim Sveipe, frå Midtbygda Anton Bjerke, Arne Ringen og Gunvor Forr, og frå Harpefoss Anton Tagestad, Marie Skurdal og Endre Baukhol. Sokneprestane fekk lista over utvalsmedlemene, fordi dei ofte fær spørsmål frå norskætta amerikanarar om hjelp til slektsgransking.

Avskriving av kyrkjebøkene

Det var med dette utvalet det store arbeidet med avskrift av kyrkjebøkene tok til. Dei hadde vore tilgjengelege på film, og nå sa Ragnhild Kjorstad, Anton Tagestad og Torger Risdal seg viljuge til å skrive av filmane. Til hjelp i dette arbidet kjøpte Historielaget eit leseapparat for mikrofilm til ein pris på kr. 8000,00. Ved desse tider hadde Ringebu historielag fått gitt ut i bokform utskrift av Ministerialbok for Ringebu 1696-1734, og formannen Olaf J. Brandstad tok i eit styremøte i Fron Historielag opp tanken om å gjera noko liknande med kyrkjebøkene for Fron. Fleire av styremedlemene var i tvil om det var heldig å offentlegjera alle opplysningane i kyrkjebøkene for langt fram i tida. Sjølv fjerne slektningar kunne koma til å mislike at personar var nemnde på mindre tiltalande måtar. Det var likevel semja om å få tak i fotostatkopiar av kyrkjebøkene 1799-1816, og av klokkarbøkene 1816-1850, så sant det ikkje vart dyrare enn 2,00 kr/ark.

Same tida tok styret opp spørsmålet om å gje ut eit bygdahistorisk hefte, det òg etter mønster frå Ringebu, med sine hefte av «Hemgrenda». Fleire var redde at det kunne skade Årbok for Gudbrandsdalen, dersom for mange av historielaga i bygdene ga ut sine eigne hefte. Der i mot var det semje om å få skrivi ei bygdabok, lokalhistorie for Fron, og freiste få Alv H. Helland og Sigurd Haraldseid til å ta på seg dette arbeidet.

I same møtet var det òg semje om å gje ut att Fronsbygdin av Ivar Kleiven. Engers Boktrykkeri hadde bode seg til å gjera prentinga for kr. 43 000 pluss meirverdiavgift for 1 000 eksemplar. Dale-Gudbrand Trykkeri på Tretten ville òg koma med tilbod, og Arve Skurdal ville hente tilbod frå Børsum Antikvariat, Oslo. Styret ville lyse ut tinging av boka i lokalpressa. I 1979 vart det vedteke å ta opp førehandstinging med svarfrist 15. mai.

I 1977 ga Historielaget kr. 2000 i tilskot til å gi ut i bokform ein artikkelserie som Torger T. Risdal har skrivi om Sætrer i Kvikne og Skåbu.

Fornminne i fjellet

Midt oppi alt dette bokarbeidet vart det nedsett eit utval til å ta seg av registrering av fornminne i fjellet. Formann vart Asbjørn Myrvang, og med seg fekk han Nils Hågå, Johannes Stebergløkken, Kåre Høgset, Olav Haverstad og Johan Dalseg.

På årsmøtet 1978 etterlyste Jens Haanshus dei gamle ferjene som var brukt over Lågen ved Kvamsporten. Han meinte dei burde takast vare på. På det fyrste styremøtet etter årsmøtet vart Oddmar Myrum vald til sekretær etter Ola Rolstad, som heldt fram som kasserar. Desse to styrepostane har stått i ei serstilling det meste av tida i Fron Historielag, dei har så sjeldan vore på val, og både kasse og møtebok har  vore styrd av serleg slitesterke tillitsmenn.

Dei fyrste femti år

Årsmøtet 1978 gjorde vedtak om å høgtide 50-årsjubileet med stor fest og jubileumsmelding, som Oddmar Myrum fekk i oppdrag å skrive, og som har vore ei viktig kjelde for 75-årsmeldinga som ennå er under arbeid, medio juni 2003. Jubileumsfesten vart halden den 23. september 1978. Mellom dei innbedne gjestene var formennene i grannelaga Ringebu Historielag og Heidal Heimbygdslag, styret i Gudbrandsdal Historielag og i Dølaringen, Einar Hovdhaugen, museumsdirektør Fartein Valen Sendstad, konservator Leif Løchen, ordførarane i Sør-Fron og Nord- Fron, og ikkje å forgløyme æresmedlemene. Ragnhild Kjorstad las prologen ho hadde skrivi. Sigurd Haraldseid heldt festtala. Formannen Olaf J. Brandstad styrde med festen, Ola Rolstad som ordstyrar heldt greie på talarlista ved middagsbordet. Anton Amundard sto for det musikalske, både til underhaldning og til dansen utover seinkvelden og vel så det.

Styret ved jubileet 1978

Olaf J. Brandstad var formann i jubileumsåret. Det hadde han vore sidan han tok over etter Ivar Brandvol i 1974. Med seg i styret ved jubileet hadde han Anton Tagestad som nestformann, Ola Rolstad som kasserar og Oddmar Myrum som sekretær, og styremedlemene Hallgrim Sveipe, Arve Skurdal, Torger T. Risdal og Olaf Stormorken.

Historia om Fron

7. mars 1979 drøfta styret i eit serskilt møte planane for det nye bokarbeidet. Som innbedne gjester deltok Einar Hovdhaugen, Arnfinn Engen, Alv H. Helland og Sigurd Haraldseid.

Einar Hovdhaugen fortalde frå arbeidet med Ringebu-boka, som vart på omlag 300 sider. Han rekna med at boka om Fron måtte bli noko større. Arnfinn Engen nemnde fotosamlinga etter H. H. Lie som ei viktig kjelde, ved sida av dei bøkene som frå før er skrivi om Fron. Fleire peikte på at vårt eige hundreår måtte få stort rom i boka, etter som mange ting og hendingar frå vår tid har vore historie i mange år. I styret var det full semje om at det var bruk for ei kulturhistorie / lokalhistorie for Fron. Etter framlegg frå Ola Rolstad var det vald ei fagleg nemnd med slikt mandat: 1. Legge fram ein plan for boka etter mønster av Hovdhaugen si bok Bygda vår. 2. Legge fram fram ein plan for arbeidsdeling, innsamling av materiale, og kven som skal skrive.Til å vera med i nemnda vart valde Alv H. Helland, formann med ansvaret for innkalling, Sigurd Haraldseid og Oddmar Myrum.

7. mai 1979 sa styret seg sers godt nøgd med det arbeidet Alv H. Helland hadde gjort med planane om lokalhistorie for Fron, og gjorde samrøystes vedtak om å spørja Alv H. Helland om han var viljug til å vera redaktør og skrive boka. Formannen vart vald til å gjera avtale med Helland om honorar og  kor mykje som trengst for arkivarbeid og innsamling av tilfang.

På årsmøtet på Kyrkjeteigen i Kvam 1979 var Alv H. Helland med og fortalde korleis han hadde tenkt seg opplegget for lokalhistoria om Fron. Han ga årsmøtedeltakarane ei interessant innføring i korleis kjærleiken til heimbygda kjem fram i den norrøne diktinga. og peikte på det ikkje vart skrivi noko nemnande om lokal bygdehistorie før etter 1900. Ikkje før kring 1930 blir det skrivi bygdabøker der innhaldet blir sett i ein historisk samanheng. Han drog fram Ivar Kleiven som ein av dei som sto i  serstilling når det galdt fornying av bygdabokskrivinga her i landet.

Registrering av gamle bilete

I 1979 gjorde styret vedtak om å setja i gang registrering av gamle bilete som kan fortelja om landskap, byggjeskikk, kledbunad, arbeid og folkeliv i Fron attigjennom tidene. Trygve Holm, Tretten vart bedt om å koma på eit styremøte og fortelja om den registreringa som nå er i gang i Øyer. Han kunne ikkje koma til møtet, men hadde sendt dei skjema som vart nytta ved registreringa i Øyer. Ragnhild Kjorstad og Oddmar Myrum tok på seg å laga tekst til tilsvarande skjema for Fron.

Det vart gjort vedtak om å gi ut eit prøvealbum på 500. Torbjørn Mathisen og Oddvar Myrum tok på seg å redigere prøveheftet. Eit tilbod frå Vinstra Trykkeri A/S om å ta trykkinga for kr. 7500 vart godteke, så sant biletkvaliteten vart god.

Restane etter smelteomnen på Verksodden i Espedalen i 1954. Dei verdfulle kulturminna på Verksodden vart berga mot kraftutbygging. I dag er kulturminnet i god stand, etter restaurering tidleg i 1990-åra.Foto: Gunnar Thuesen, Norsk Teknisk Museum.

Vern av Verksodden

I 1979 var det meldt om hærverk på og omkring det gamle Espedalsverket. Styret gjorde vedtak om å beda Sør-Fron kommunestyre om å setja i gang vernetiltak for kulturminna på Verksodden.

Frons-målet

I 1979 vart det òg gjort vedtak om å gje ut ei ordbok for Fronsmålet, og Gunnar Jenshus vart beden om å gjera opptaket til eit slikt arbeid. Det tok han på seg, og han fekk i oppdragå redigere Ordbok for Fron. Til konktaktpersonar vart valde: I Skåbu Torger Risdal, i Tverrbygda Johan Ekre, i Kvikne Peder Berget, i Sorperoa Alv Vennerød, i Ruste Oddmar Myrum, i Sødorp Olav J. Brandvol og Ragnhild Kjorstad, i Kvam Ivar Hansen, Aud Hagen og Mari Anne Jacobsen, i Skurdal Hans Noet og Arve Skurdal, i nørdre Lia Ole H. Forr og Rasmus Stauri, i søre Lia Asbjørn Fevolden, i Fåråreppen Ole H. Forr, i Øverbygda Kåre Hagen, Arne Ringen og Anton Bjerke, i Nerbygda Kristian Haave og Gudbrand J. Stokke, i Ryssland Anton Tagestad, Kjellaug Rudi og Arne Dalsegg.

Under arbeidet med boka hadde Gunnar Jenshus fått oppmoding frå Reidar Bø om å få til eit samarbeid med Ringebu om dialektordboka. Styret ville legje spørsmålet fram for historielaget  og mållaget i Ringebu, og samstundes høre med Gunnar Jenshus kor mykje meirarbeid ei slik samkjøring ville føre med seg.

Bokarbeidet held fram

3. februar 1981 vart det halde eit møte om bygdaboka, med styret, Einar Hovdhaugen, Astrid Helland og Ragnar Øvrelid. Ragnar Øvrelid kunne tenkje seg å søkje permisjon for å gjera ferdig bygdaboka frå der Alv H. Helland laut gi opp, og at boka burde vera noko fyldigare enn den Einar Hovdhaugen har skrivi om Ringebu. Ola Rolstad gjorde greie for finansieringsplanane. Han kunne tenkje seg å gi eit tillegg i sidetal for Fron sparebank og Fron brannkasse, mot at dei ga ein monaleg stønad til utgjevinga. Einar Hovdhaugen var tvilrådig til ein slik framgangsmåte, som ville setja desse institusjonane i ei serstilling, og han trudde ikkje Fron Historielag trong setja seg i eit slikt forhold til spesielle institusjonar. Ragnar Øvrelid hadde ikkje serlege innvendingar mot det, men kunne tenkje seg at sume feinschmekkarar ville finne eit slikt tillegg skjemmande.  Anton Tagestad fann det mest naturleg at dei to Fronskommunane tok hovuddelen av finansieringa. Møtet kom til at det i fyrste omgang burde reknast med ein utlegg på kr. 200 000 for permisjonsåret til Ragnar Øvrelid, som ville koma med eit framlegg til det innhaldet han meinte boka burde ha.

Til boknemnd vart desse valde:

John Tofte og Anton Tagestad frå Sør-Fron, med varamedlem Arve Skurdal, Ola O. Røssum og Olaf J. Brandstad frå Nord-Fron,med varamann Ragnhild Kjorstad. Olaf J. Brandstad vart vald til formann. Boknemnda fekk fullmakt til å engasjere Ragnar Øvrelid til å skrive boka.

Boknemnda valde desse kontaktpersonane til hjelp for bokskrivaren: Johannes Bjørke, Anton Tagestad, Asbjørn Fevolden, Arve Skurdal, Ragnhild Kjorstad, Ola O. Røssum, Torger T. Risdal, Peder Berget, Olaf J. Brandstad, Olaf J. Brandvol, Margit Løkken, Kari Steig og Einar Hovdhaugen..

På årsmøtet kom det fram ønskje om eit nytt biletalbum. Arnfinn Engen kåserte om registrering av gamle husmannsbruk og synte lysbilete frå det arbeidet. Årsmøtet drøfta medlemskontingenten, og på fyrste styremøte vart det gjort vedtak om å setja opp kontingenten for livsvarig medlemskap til kr 50,00.Med tanke på eit nytt biletalbum, fekk Mari Anne Stormorken i oppdrag å få i gang fotoregistrering i samarbeid med lokalhistoriegruppa.

Eit tidlegare vedtak om restaurering av «slepphytta» i Langvassdalen har vist seg å byggje på ufullstendige opplysningar. Etter det Hans Skriubakken veit å fortelja vart hytta i Langvassdalen aldri brukt, ho var bygt i tilfelle motstandsfolk måtte finne seg ein gøymestad i all hast. Det finst derimot to andre hytter som Fron Historielag vil beda Sør-Fron kommune ta seg av. Til restaureringsnemnd vil historielaget gjera framlegg om Asbjørn Fevolden, Torger Fauske, Asbjørn Myrvang og Hans Skriubakken. Til istandsetting av «Hiet» i Sør-Fron løyvde historielaget kr. 200,00.

Til kontaktpersonar for årbokredaktøren  vart Asbjørn Myrvang vald, med varamann Margit Løkken.

Kulturelt samband med utlandet

I 1979 ga Fron Historielag som gåve til Statsbiblioteket på Island bøkene Ovanom Helgefell av Olav Aasmundstad og Gardar og slekter i Fron av Einar Hovdhaugen. Arve Skurdal bar fram bokgåva på si Islandsvitjing i september. Gjennom Olav Øverli fekk historielaga i Gudbrandsdal oppmoding om å sende lokalhistoriske skrifter til universitetet i Grand Forks i Nord-Dakota. Styret gjorde vedtak om å sende eit eksemplar av kvar av dei bøkene som Fron Historielag har gitt ut. Seinare kom det ynskje om det same til Anton Tagestad frå Universitetet i Nord-Dakota, som likeeins fekk sine bøker.

Nyutgåve av Ringdalsboka

Nytt opplag av Ei bygd opplever krigen vart drøfta i styret 1980. Ola Rolstad skal sjå på kostnadene og vurdere kor stort opplaget bør vera.

Samarbeid med Kulturutvalet i kommunane

Fron Historielag tok tidleg til å halde bygdakveldar, på skiftande stader i bygda. I 1981 fekk laget spørsmål om det ville vera med å laga ein bygdakveld saman med hovudutvalet for kultursaker i Nord-Fron. Historielaget  ville vera med på det, og såg gjerne at bygdakvelden vart lagt til Kvam. Til komite vart valde Mari Anne Stormorken, Aud Hagen og Ola O. Røssum, med varamnenn Ivar Hansen og Ola Rolstad.

Tilfang til Årboka

Styret i historielaget har sett det som ei oppgåve for seg å få folk til å skrive i årboka, med tanke på å få inn meir frå Fron. Styret lista i november 1981 opp ulike emne som kunne gi tilfang til Årboka, så som gamle handverkarar i bygda, spanskesjuka, Grafferdammen i Sør-Fron og skålgropene i Sødorp, strabisiøs fôrkjøring frå Sødorpfjellet, Vinstra Bruks historie og isbrua over Laugen ved Jola. Styret ville arbeide vidare med å få nedskrivi det som folk hugsar av slikt, m.a. med tanke på Årboka.

I 1982 fekk historielaget rom i det nye kommunehuset, slik at m.a. boklagret kan flyttast dit, frå Ola Rolstad som har vore «husverten» så langt.

Arbeidet med nye bøker går sin gang, og på årsmøtet 16. april 1982 var både Gunnar Jenshus og Ragnar Øvrelid med og fortalde om arbeidet sitt med dialektordbok og med ny bygdabok. Hovudtalaren på årsmøtet var Gunnar Jenshus. Han synte seg som ein kunnskapsrik og fengslande forteljar, da han tok med seg årsmøtet til tida kring fyrste verdskrigen og ga eit levande bilete av statar og fyrstar, maktkamp og storpolitikk. Han streka opp bakgrunnen for imperialisme, rasisme og nazisme. Han ga alt i alt eit godt tidsbilete som møtedeltakarane sette stor pris på, visste meldaren å fortelja frå årsmøtet, der så mange som 39 møtedeltakarar var med.  Historielaget er inne i ei tid med god aktivitet på ei vid arbeidsmark.

bunadbordArkivspørsmålet

Styret la i 1982 eit av møta sine til Maihaugen, for å få hjelp av fagfolk der til å koma i gang med arkivarbeidet. Dette førde til at Opplandsarkivet på Maihaugen kom med tilbod om å ta arkivsakene til Fron Historielag inn i Opplandsarkivet. Styret tok i mot tilbodet med takk, og gjorde vedtak om å beda Opplandsarkivet om å ta seg av ordning og arkivering av historielaget si samling av gamle dokument og skrifter. Styret tok atterhald om at alle skrifter som ikkje ved lov høyrer Statsarkivet på Hamar til, framleis skal vera Fron Historielag sin eigedom. For sume av dokumenta kan det vise seg å vera bruk for serskilde bruksreglar, noko ein lyt koma attende til når ein blir betre kjend med innhaldet i samlinga.Ei slik ordning vil gjera det lettare for brukarane å finne fram i dokumentsamlinga. Historielaget skal framleis stå eigar av dokumenta, og har høve til å sikre seg mot at dokument som ikkje høver til offentleggjering ikkje blir kopiert og utlånt før styret i historielaget eller representantar derifrå har vurdert det.

Ordsamling, gamle bilete, slarvviser

Ei ordsamling som Sør-Fron Bondekvinnelag har samla inn, vart sendt over til Opplandsarkivet.

Til å planlegge ein markdag anten i Søre Lia eller Ryssland vart Einar Hovdhaugen bedt med på råd. Arbeidet med å samle inn gamle bilete frå Fronsbygdene går sin gang. Mari Anne Stormorken tykte at den lokalhistoriske forteljinga til Anton Tagestad med teikningar av Albert Wadahl burde vore utgitt som bok. Anton Tagestad på si side peikte på ei oppgåve for historielaget i å samle gamle bygdaviser, gjerne kalla slarvviser, som kan gi gode lokalhistoriske tidsbilete. Olaf J. Brandstad ville gjerne hatt registrert alle gamle bruk og buplassar.

Heider til Kåre Høgseth

Ragnhild Kjorstad tok opp spørsmålet om å sikre Skålgropene på Svaom når Kåre Høgseth nå er borte, og det vart gjort vedtak om å få Universitetets Oldsaksamling til å vera med på å få opp ei tavle.

3. desember 1982 var styremedlemene Olaf J. Brandstad, Ragnhild Kjorstad og Oddmar Myrum heime hjå Mathea Kleiven og tok i mot kr. 6000,00 som gåve til Fron Historielag. Ho var mor til Kaare Høgseth, som oppdaga skålgropene og fekk dei registrert, og ho ønskte at pengane skulle nyttast til vern og vedlikehald av skålgropene. Historielaget vil i samråd med Universitetets Oldsaksamling syte for at det blir sett opp ei tavle som fortel at skålgropene og staden omkring er freda.

Bokarbeidet går vidare. Gunnar Jenshus har gjort seg ferdig med sin del av Fronsmålet. Styret godtok hausten 1982 eit tilbod frå Nicolai Olsens Trykkeri A/S om å prente boka for kr. 53.000 i 1000 eksemplar, med innbinding av 500.

Styret fann at prisen på Stor-ofsen av William Sommerfeldt kan setjast opp frå 30 til 50 kroner, Gardar og slekter av Einar Hovdhaugen  frå 80 til 130, og Fronsbygdin av Ivar Kleiven frå 80 til 100 kroner.

Ragnar Øvrelid har sagt i frå at han treng meir tid på bokskrivinga si, og det skal setjast opp avtale om resten av arbeidet. Avtala vart forlenga til 1. august 1984, og historia om Fron var da førd fram til siste krig.

Av dialektordboka var dei fyrste 19 sidene kome frå trykkeriet til korrekturlesing i oktober 1983. Ho blir kanhende ikkje ferdig før ut i 1984. Styret ville skunde på trykkeriet.

Markdagar er ønskevare

På årsmøtet i 1983 kom det fram ønskje om markvandring gjennom Vinstra sentrum, med tanke serleg på dei mange innflyttarane der som sikkert vil like å få veta meir om tettstaden. På same tid vart det sett fram ønskje om markdag i Kvam. Særleg dei i søre delen av Fron kjenner Kvam for dårleg, vart det hevda. Styret såg seg ut Ola O. Røssum som omvisar i Kvam, og Jens Haanshus for tettstaden Vinstra. Det vart ingen markdag i 1983, men styret la planar for ei synfaring av fornfunna i Skoejordet, skålgropene til neste somar, saman med ei markvandring i tettstaden Vinstra.

Solbråsætra

Fylkeskonservator Arnfinn Engen hadde i 1984 bedt om å få setja i gang vøling av selet på Solbråsætra, og styret ga Arve Skurdal i oppdrag å vende seg til eigaren med saka.

På årsmøtet  i Sør-Fron kommunehus i april 1984 gjorde Marit Hosar frå Opplandsarkivet greie for oppbygginga og innhaldet i arkivet, der 48 arkiv av 350 er frå Fronsbygdene.

Medlemstalet for 1984 var rundt 350, «som tidlegare».

Om boksalet meldest det at nokre bøker «ruskast unna» til kvar tid, men at boklageret er stort og bind mykje kapital. Om bokarbeidet heiter det at det tærar hardt på økonomien i laget, men at positive heimkommunar gir god hjelp, og at bankar, lag og organisasjonar òg gir økonomisk stønad. Møteboka på si side fortel om eit årsmøte med vanleg, midels godt frammøte  (23 underskrifter), og at årsmøtet ville sende Albert Wadahl blomster som takk for Milsteinen som han hadde gitt historielagt for å få sett han oppatt på Milsteinstugu-lykkja.

bunadbordHundorpnamnet

I 1984 tok styret opp det dei meinte var feil i bruken av Hundorpnamnet, ein feil som skriv seg heilt attende til bygginga av Otta-banen, ikkje i det førre hundreåret, men hundreåret før det att!  Jernanestasjonen vart lagt på garden Hundorp, og  namnet vart Hundorp station. Verre var det at posthuset vart lagt her, og at ein stor del av frøningane fekk postadresse Hundorp st. Det neste var at da posthuset vart flytt frå stasjonen, følgde adressa med, og (enda  verre!) nå utan st., adressa vart  beint fram Hundorp. Snart budde ein stor del av frøningane på Hundorp, kommunehuset og tettgrenda omkring vart heitande Hundorp, ja til og med den gamle Fronskyrkja, nåverande Sør-Fron kyrkje sto i fare for å bli omdøypt til Hundorp kyrkje. Styret i Fron historielag såg seg da nøydd til å gjera dei styrande i Sør-Fron ansvarlege for at ein slik namnebruk ikkje fekk halde fram.

Sør-Fron er namnet på kommunen og bygdasentret, og sjølvsagt på kyrkja. Historielaget bed Sør-Fron formannskap gjera sitt til at feilnemningane som det har peikt på ikkje fær feste seg.

Fullføring av bygdaboka

Sist på året 1984 var arbeidet med historia om Fron så langt kome at boknemnda fekk fullmakt til å skaffe tilbod på trykking o.a., gjerne saman med bokskrivaren. Enger Boktrykking på Otta baud seg til å trykke 3000 ekspl for kr. 140.300 + meirverdiavgift. Dale-Gudbrand Trykkeri ville ha kr. 80.600 pluss kr. 10,00 pr.bilete, + mva. Styret ville godta tilbodet frå Dale-Gudbrand, og ga formannen og bokskrivaren i oppdrag å reise dit og skrive avtale.

På årsmøtet 1985 fekk styret ros for at det tok opp bruken av Hundorpnamnet. Sigurd Haraldseid spurde om historielaget ville gjera noko for å få bort namnebruken Vinstra vest i staden for Sorpero-namnet. Alf Vennerød meinte Vinstra vest fyrst vart brukt av planleggjarane av det fyrste bustadfeltet i Sorperoa.

Fronsmålet

Midtsomars 1985 låg dialektordboka Fronsmålet av Gunnar Jenshus ferdig til sals. Boka fekk god omtale både av lek og lærd, og det vart seld fleire hundre bøker dei fyrste månadane. Utsalsprisen vart sett til kr. 170,00. Styret ville prøve å få elevar i ungdomsskulen til å selja nokre bøker av Fronsmålet, mot 20 % provisjon. I samband med utgjevinga laga historielaget fest for forfattaren i Folkets Hus på Harpefoss, med godt frammøte. Seinare vart det vedteke å gi ei gåve frå Fron Historielag til Andreas Bjørkum for hjelpa han ga med skriving av boka om Fronsmålet.

Vern av Klokkargarden i Sødorp

I 1985 slo historielaget til lyd for å ta vare på Klokkargarden som eit verdig kulturminne. Det skal vera den fyrste fastskulen i Nord-Fron, bygd på Molykkja i 1850-åra som skulehus med klasserom. Frå før var det her eit naturleg bygdesentrum kring Sødorpkyrkja, med kornmagasin, lensmannsgard, tingstugu og skysstasjon. Fron Historielag har godt som ferdig bygdatun for Fron på Milsteinstugu-lykkja, og det vil vera verdfullt om området kring bygdatunet fær vera mest mogleg slik det er i dag.

Eit anna vernetiltak som historielaget ville ha gjort, var å ta vare på dei fine gamle gravsteinane som ligg ovanfor Sør-Fron kyrkje, og som står rundt murane. Dei forvitrar og måsåveks, og dette skulle det vore gjort noko med. Styret gjorde i november 1987 vedtak om å vende seg til Sør-Fron kommune om dette.

bunadbordBygdatunet offisielt opna

4. juni 1986 vart Fron bygdatun i Milsteinstugu-lykkja opna. Det var ein stor dag for Fron Historielag. Opningshøgtida markerte ein viktig mil-stein i historia om Fron Historielag. Formannskap og kulturstyre frå båe Fronskommunane var innbedne. Den historiske milsteinen som sto her, er under restaurering, og styret har peiekt ut dette som ei prioritert oppgåve, som Arve Rolstad tek seg serskilt av.

Vernet om Verksodden i Espedalen var òg på dagsordenen att. Masomnen er forfallen, slagghaugane har minka og er for ein del utjamna. Det lyt takast kontakt med Sør-Fron kommune om midlar til vernetiltak   Markdagen vart lagt til 21. september med frammøte ved Gålå.

Historia om Fron er ferdigskrivi

I august 1986 kunne formannen fortelja om sluttarbeidet med den nye sogeboka for Fron, og i desember var bokskrivaren med på eit styremøte og gjorde greie for sluttfasen i arbeidet. Boka blir på omlag 450 sider, er nå til trykking og kjem ut på nyåret. Boka er delt i tri delar, den eldste tida, tida fram til 1850, og til slutt tida fram til 1940. Ragnar Øvrelid nemnde at han hadde tenkt å laga eit kjeldeoversyn til boka, eit hefte på omlag 100 sider til bruk i skulane, i fag som t.d. lokalhistorie valfag. Styret tykte godt om tiltaket og ga forfattaren løyve til å bruke stoff frå Historia om Fron på den måten. Det siste vedtaket styret gjorde i 1986, var å tilrå at nybrua over Laugen måtte bli heitande Byrbrua, og det er siste referatet innførd i Møtebok nr. 2.

Historia om Fron del II ?

Alt på årsmøtet i 1987 på sygard Grytting meinte Olaf J. Brandstad at det var innsamla nok tilfang til eit nytt bind av bygdaboka. Om det skal bli eit band, til ville styret vente med å avgjera til ein ser korleis salet av det fyrste går. Fron pensjonistforening har vore med og selt ein del bøker og styret kom til at det burde setjast klåre reglar for dette samarbeidet. Det vart skrivi ei avtale om det, som gjekk ut på at Fron pensjonistforening kan halde fram med boksalet ut året 1987. Det har vore nokre grender der salet ikkje har gått så frakt, og som det kanhende let seg rette på. Boka kan òg seljast i Fron brannkasse og i bokhandelen på Vinstra, om nokon spør etter ho! Ho kan òg leggjst ut til sal utanom bygda, der styret meiner det kan ha noko for seg. Avtala vart underteikna av formannen Olaf J. Brandstad og Arne Ringen.

Alt i september 1987 kom det tilbod frå Ragnar Øvrelid om ein del II til Historia om Fron, og styret sette ned ei  boknemnd til å gi ei tilråding for styret. Boknemnda vart den same som for band I,  John Tofte, Ola O. Røssum, Anton Tagestad og Olaf J. Brandstad.  istoria om Fron, og historleiHhHih

Vern av Skiplum

Skiplum på Sør-Fron har vore avertert til riving. Fron Historielag meiner huset burde takast vare på for framtida. Det var det fyrste kommunehuset i bygda, og styret i historielaget vil beda Sør-Fron kommune gjera sitt til at huset blir teke vare på for ettertida slik det nå står. (september 1987)

Del II, eit nybrotsarbeid

Bygdaboknemnda la for styremøtet i september 1987 fram kostnadsoverslag for band II av Fronshistoria. Samla kostnader kjem etter overslaget på kr. 400.000, og var sett opp på grunnlag av tidsplanen som Ragnar Øvrelid har lagt fram, for tida august 1988 til juli 1989

Ragnar Øvrelid fortalde om opplegget for band II av bygdeboka, som han er i arbeid med. Viktige emne for boka blir korleis kvardagslivet og kulturlandskapet har endra seg i nyare tid. Det blir fyrste bygdaboka som er skrivi om tida etter 1940, og blir såleis noko av eit nybrotsarbeid. Ragnhild Kjorstad vart vald med i boknemnda etter formannen Olaf J. Brandstad. Som ny formann i nemnda vart vald Anton Tagestad.

Årsmøte med gamle soknegrenser

Årsmøtet 1989 var på Kyrkjeteigen i Kvam 7. april. Medlemskontingenten vart drøfta, og det vart vedteke å gå over til årleg kontingent på kr. 50,00. Dei som har teikna livsvarig medlemskap kan halde fram som livstidsmedlemer, nye medlemer lyt betale årskontingent.|

Ola O. Røssum fortalde om Kvam, om namnet og om soknegrensene, og om busetnaden i gamal tid. Føre reformasjonen ser det mest ut til at Breidbygda må ha vore eit eige sokn, medan det sto kyrkje på Hov ved Bræe. Milsteinen ved Milsteinhaugen står etter alt å døme i den gamle soknegrensa mellom Kvam og Breidbygda. Grensesteinen er nemnt i ei sak frå 1705, i ein grensestrid som tok til med krangel om retten til måsåtak i fjellet mellom bygdelaga. Seinare vart det strid mellom fauten p.v.a. staten og gardane i Kvam om Kolo, og som galdt strekningen nordover frå Kjørem til Milsteinhaugen. Fauten hadde sett ned leiglendingar der, på grunn som Kvamverene meinte høyrde under gardane i Kvam. Staten tapte saka, og dei nye bruka på Kolo vart leiglendingsbruk under Kvam, Koloplassane som dei vart kalla. Brukarane svara leige i kontantar til gardane i Kvam. Noko liknande var det med jorda sørmed Strand,  mellom Kvam og Sødorpgrensa ved Rustberget. Den låg òg lenge under gardane i Kvam. Namna på bruka sørmed Strand fortel om det, som Veikleenget, Klevstadbakken, Klomstadhaugen og Forbrigdsenget.

Minnedag for Storofsen

23. juli 1989 fekk Fron Historielag i samarbeid med bondekvinnelaga i Sør-Fron og Ruste i stand ein minnedag for å markere  Storofsen i 1789. Historielaget hadde sett ned ei heil nemnd til å styre med det, med Dagny Stauri, Anton Bjerke, Aud Hagen og Ola O.Røssum som medlemer. Minnedagen tok til med gudstenest i Sør-Fron kyrkje og kyrkjekaffe i kommunehuset. i lag med ungdomelege musikantar frå Sør-Fron, og med visesang i gamal stil av Per Åsmundstad. Einar Hovdhaugen fortalde om all skaden som flaum og skriu gjorde i Fronsbygdene,  som var mellom dei hardast skadde i heile dalen.  Lokalmeteorologen Sigmund Høgåsen fortalde om det heilt spesielle veret som bygde opp til unormalt store nedbørsmengder. På ein rundtur med buss fekk deltakarane sjå sume av dei skriufara som ennå syner. Hallgrim Sveipe og andre lokalkjende var med og fortalde om historier som ennå går i bygda om naturkatastrofen i 1789.

bunadbordInn i dataalderen

I november 1991 gjorde styret vedtak om at Fron Historielag skal samarbeide med Geneologisk Datasentral Oppland om å få kyrkjebøkene over på data. Historielaget skal betale kr. 1000,00.

Styret gjorde framlegg om at Martha Bjerke tek ansvaret for data-arbeidet med kyrkjebøkene for Sør-Fron og Ola Rolstad for Nord-Fron. I oktober 1992 var det kome tilbod frå arbeidskontoret på Vinstra om hjelp til data-arbeid med kyrkjebøkene. Det skal bli ordna med kontorplass i kommunehuset i Sør-Fron og på Vinstra. Styret tok med takk imot tilbodet om hjelp. Fron Historielag gjekk for ålvor inn i dataalderen 28. januar 1993, da sjølveigande datamaskin vart installert i leigt kontorrom på Messa. Anne Marie Bjerke har starta opp dataarbeidet, med løn frå Nord-Fron kommune under ordninga arbeid for trygd. Liknande opplegg er i gang i Sør-Fron kommune, der Unni Korssletten skal arbeide i halv stilling , arbeid for trygd. Martha Bjerke driv med dataarbeid med kyrkjebøkene heime, der det òg er plassert ein datamaskin. Det er kjøpt eit leseapparat med filmkort, eitt er leigt av Sør-Fron kommune, og eitt er gåve frå Sør-Fron trygdekontor. Anna kontorutstyr er skaffa tilveges, og  arkivet som kasseraren har skal plasserast i kontoret på Messa.

Band II er på bordet

9. desember 1991 var det styremøte på Gudbrandsdal Folkehøgskule på Hundorp. Formannen ville kalle møtet historisk, fordi Fron Historielag  kunne leggje fram siste bandet av Historia om Fron av Ragnar Øvrelid, og med det avslutte mange års bokarbeid. Han retta stor takk til bokskrivaren, som signerte bøker til styremedlemer og medlemer i boknemnda. Stor takk vart òg boknemnda til del, for godt samarbeid med styre og bokskrivar. Ragnar Øvrelid. Han på si side takka for hjelp frå styre og boknemnd, og sa at han hadde hatt ei interessant tid med bokskrivinga. 6. februar 1992 fekk styret dei fyrste meldingne om korleis boksalet går.  Pensjonistlaga hadde selt for kr. 56.000, Bokhandelen for kr. 50.000 og Ola Rolstad for kr. 10.000, sum kr. 116.000 på 2 månader. 1000-kr.spørsmålet var kor lenge vil salet vara ved.

Gamal gravfjøl over Georg Sinclair

De Sandvigske Samlinger på Maihaugen har på nytt reist spørsmålet om eigedomsretten til den gamle tretavla som sto over grava til Georg Sinclair på den gamle Kvamskyrkjegarden ved Vik. Fron Historielag kan ikkje finne noko om kven som eig tavla, som ei tid har stått i Vertshuset Sinclair. Styret er samd i at det blir laga ein kopi som Vertshuset Sinclair tek kostnaden med, og at originalen blir magasinert slik Maihaugen gjer framlegg om. Før låg gravfjøla trygt forvara i kvelven til Nord-Fron Sparebank. Nå er det gjort rom for det gamle gravminnet etter Sinclair i krigsminnesamlinga i Kvam. Det er noko uklårt om dette er ei magasinering som den Maihaugen gjorde framlegg om, men gravfjøla skulle vel vera etter måten trygt forvara. Skulle det vera nokon tvil om det, burde det vel liggje til rettes for å laga enda ein kopi. Fron Historielag var med på skiping av krigsminnesamlinga, og gjekk inn med ein andel på kr. 1.000,00.

Inngang Gammelbanken

Freding av Gamlebanken

Siri Teige tok opp spørsmålet om freding av Gamlebanken. Fylkeskonservatoren har sagt at huset ha stor antikvarisk verdi, og styret vil ta opp saka på fyrste møte. Eit anna spørsmål som opptok forsamlinga, var om bygdatunet skal vera ope for kaffesal den 17. mai. Det var god semje om  arbeide vidare med saka.

Samarbeid med andre lag

Historielaget har alltid vore ein velsett samarbeidspartnar for andre organisasjonar, og det kjem ofte tilbod om å vera med på ymse tilstellingar. Sommaren 1993 sa styret ja takk til å ta del med ei eige utstilling på Landbrukets dag,  og sette ned eit eige utval til å greie med det. Johannes Lunde, Ivar F. Fosse og Ola O. Røssum fekk den oppgåva, med vid fullmakt til å skrive ut hjelpemannskap.

Vatn i sagrenna

Sommaren 1993 var det avgjort at oppgangssaga og kvernhuset skulle setjast i drivverdig stand. Ansvaret vart lagt på Knut Tvete, Eldrid Brandvol, Johannes Brandvol og Petter Skar, som veit kva dei har å gjera! Det blir verst å få vatn i sagrenna, meiner Odd Magne Sletten i teknisk etat i kommunen, som vart teken med på råd. Han hadde vore i Hardanger og sett på slike sager der. Han meinte at både NVE og fylkeskonservatoren  bør få høve til å vera med på å bera kostnadane.

Styret har òg eit anna ærend til den gode fylkeskonservatoren, med å få hjelp til å verne Gammelbanken som kulturminne. Men på det kom det svar at det hadde vore søkt før, og at det nå skulle sterke grunnar til for å koma vidare med den saka.

Golå eller Gålå?

Her heime vantar det elles 80 meter skigard i bygdatunet, og midt oppe i alt dette tek styret seg tid til å ha ei meining om skrivemåten på ei ikkje ukjend fjellgrend, skal det stå Golå eller Gålå på skilta? Eit fleirtal i styret ønskte det talemålsnære Gålå, eit mindretal på to ville hatt Golå. Såleis vart meininga i Fron Historielag om den saka..

Meldingsblad

Ei ny sak byggjer seg opp, om tanken var gamal: Styret vil som ei prøveordning gi ut eit meldingsblad til medlemene, med fyrste nummer av 1. årgang ikring 15. september. Arvid Ødegaard blir konstituert redaktør. Han kasta med aldri så lite sagasus over det heile fram prøvenummeret av bladet under namnet A Froni, som er utlagt på Fron i gamalnorsk form.  Namnet var det ymse meiningar om. Redaktøren la mest vekt på dei kritiske, og ga ut neste nummer som Fron, meldingsblad.

bunadbordVann tevlinga Manns minne 1994

NRK radio fekk i 1994 i stand ei kunnskapstevling for mimreglade, der historielag og andre samanslutningar av landsmenn med meiningar om kva som hende i tida 1900-1990 kunne delta. Fron Historielag kasta seg på med slik lagopstilling: Ellen Larsen, Ola O. Røssum og Arvid Ødegaard, og på reservebenken Mildrid Tagestad og Hans Grytting.

Tevlinga var lagt opp slik at det fyrst skulle kårast ein Opplandsvinnar. 8 lag frå Oppland skulle møtast i sju runder, som i ein cup. Eitt lag gjekk vidare frå kvar runde, og tevlinga i NRK Oppland vart avslutta med ein fylkesfinale. Vinnaren av denne, som vart Fron Historielag, gjekk så vidare til landstevlinga. Og det gjekk ikkje betre enn at laget frå Fron gjekk til finalen der òg, for så å møte vinnarane frå NRK Hordaland,  Journalistenes pensjonistlag i Bergen, til den endelege sluttkampen.  Finalen gjekk 19. august, med opptak i NRK Hordaland og NRK Oppland, og vinnaren vart Fron Historielag. Premiane var ei valfri reise for kr. 8.000 til kvar deltakar, og vinnarane feira triumfen med ein Wien-tur med ektemakar i fem-seks dagar til ende.

Bumark for Fron Historielag

Ola Rolstad bar fram ønskje om at Fron Historielag måtte få seg ein logo, og styret lova å ta seg av saka. Ola O. Røssum nemnde motivet i dørringen frå Steig, ein drake som bit seg sjølv i sporden. Dersom det motivet ikkje er brukt av noko anna lag, kunne han tenkje seg den ringen som logo eller bumark for Fron Historielag. Det vart vedteke å lyse ut ein idekonkurranse om logo for historielaget, med utgangspunkt i dørringen frå Steig eller andre motiv.

Til logo for historielaget var det kome inn to framlegg, praktringen frå Kjorstad og dørringen frå Steig. Ragnar Øvrelid skal spørjast om han vil teikne utkast.

Anton Tagestad

Anton Tagestad som slutta i styret takka for at han hadde fått vore med på arbeidet i Fron Historielag i 23 interessante år. Nestformannen Ola O. Røssum takka Anton Tagestad for det store arbeidet han hadde gjort for laget i denne lange tida. På fyrste møte etter årsmøtet overrekte den nye formannen Knut Tvete ein kniv med innskrift til den avtroppande formnnen Anton Tagestad, med takk for det store arbeidet hans for laget, og for den trivelege måten han alltid hadde leidd laget på. Anton Tagestad takka for gåva og for samarbeidet, og til slutt, han orienterte om arbeidet med å få kyrkjebøkene på data.

Pilegrimsleia

6. juli 1994 dukkar Prosjekt Pilegrimsleia opp for fyrste gong blant referatsakene.  Styret gjer vedtak om å dekkje 35 % av løna til Lillian Kristiansen i 6 månader for data-arbeid, og til å lesa korrektur blir vald Johannes Bjørke, Anton Tagestad, Ola O. Røssum og Ragnhild Kjorstad. Tilleggsordliste til Fronsmålet av Gunnar Jenshus skal gjevast ut som eit vedleggshefte. Eldrid Brandvol, Arve Skurdal og Oddmar Myrum tek seg av prentinga. Styremedlemene tok på seg å registrere matklokkene kvar i sin del av bygda. Registreringane skal nyttast i eit større prosjekt om matklokkene eller stabbursklokkene

.Ein markdag vil bli for stutt, veit du

Den lenge påtenkte markdagen i Kvam vart sundag den 25. august 1996. Vandringa (buss for det meste) gjekk frå Vik, den gamle midtbygdsgarden i Kvam, der Nils Skurdal ønskte velkomen og fortalde frå den utlange gardshistoria, før ferda rusla vidare. Gardvegen ga godt utsyn frå bussen til ei grov synfaring av Kvam, og innlagde gang-etappar skulle gi høve til nærare fingransking av gamalt kulturlandskap. Følgjet ga seg god tid langsmed gamle vatningsveiter mellom Klomstadbakken og det nedlagte husmannsbruket Klevstad-øverjordet, og vidare på gamal sæterveg med tilhøyrande reksle-geile mellom Åkerlykkja og Bergelykkja, forbi gamal tørrstugu og gamal smiu ned til Jostugu, lengst nord i Gardvegen. Der skjenkte vertshuset Sinclair kaffe på dei gamle husmannstuftene i øvre enden av Jogeilen, før bussen tok føringa att, og det barst opp dei drjuge «Nybakkane» til Krok og Leine. Både Rønnaug og Erling Krok og Gunvor og Sverre Bjørnstad i Leine heldt ope stugu. Båe gardane er som mønsterbruk å rekne når det gjeld å setja i stand gamle hus til bruk som nåtida er tent med, og det på ein slik måte at serpreget til dei gamle husa kan førast vidare, til både nytte og glede for framtidtidige slekter.

Den gamle bekkjekverna ved Børju, åa mellom Leine og Krok, var det mange som ville sjå. Det var ei god stund sidan steinane mol her, kvernkallen orka ikkje meir i den stand han var, men den søte mjøllukta sat ennå i veggene. Og Børju, jau ho syng si vise som ho alltid har gjort, og vil nok meir enn gjerne leike med ein sprekare kall.

Foto av den 200 år gamle stugu i Krok, Erling fortel om husa på garden. «Garden står i same standet, bygd og bøtt som bonden vil».

Frå markvandring til pilegrimsleid

Som representant for Fron Historielag i komiteen for pilegrimsvandringa 1997 vart vald Ola O. Røssum. Markvandringa blir i Lia, med Asbjørn Fevolden, John Tofte og Christin Wadahl som fyrygangarar.

Arbeidet med kyrkjebøkene held fram. Fron Historielag har teke på seg å vera vert for årsmøtet i samarbeidsrådet for historielaga i Oppland. Mange bilete i samlinga av foto etter H. H. Lie er ennå utan namn. Eldrid Brandvol og Bjarne Jetlund skal prøve å få hjelp av eldre folk til namnsetting. Formannen avtalar tid på Maihaugen for styret som vil reise dit for å sjå på biletsamlinga. Formannen tek kontakt med Ragnvald Frøysadal for å få laga utkast til logo for laget, og han er viljug til å prøve. Det er 300 år sidan Ludvig Holberg reiste frå prestgarden på Fron. Det skulle kanskje vore påminna om det. Styret vedtok å få to personar til å kle seg ut i tidsrette klede under Holberg-jubileet i Sør-Fron prestegard .

Stordelen av medlemane gløymer å betale medlemspengane. Av 378 er det berre 75 som har betalt siste året, og av dei er 30 nye. Innbetalingskort skal sendast ut saman med meldingsbladet.

Styret kan nå presentere den ferdige logoen, teikna av Ragnvald Frøysadal, etter den gamle dørringen frå Steig.

Dei neste 25 år, visjonar?

Det er berre 25 år att til det store, runde jubileumsåret i 2028. Dei som tykkjer at det kan bli i lengste laget å vente, kan alt nå kike neste jubileumsmelding  i korta, med å lesa om årsmøtet 2003 i meldingsbladet Fron nr. 1,  11. årgang som kom i juni 2003.

Vil vi sjå lengre inn i det kvarthundre året som ventar, lyt vi ta dei visjonelle evnene i bruk. Sikrast er vel da å byggje på det vi har sett av 75-åringen i det siste.

Som det er med så mange i den alderen, Fron Historielag slit med datamaskineriet, og har lenge visst med seg sjølv at dette er ein kneik det lyt vinne over.

bunadbordStyrefolk gjennom 75 år

Jon Harildstad, formann 1928-1942, æresmedlem

Even Sveipe, nestformann 1928-1943

Thor Aasmundstad, kasserar 1928-1946

Nils Bjerke 1928-1946

Ole P. Brandvold 1928-1931

Halfdan Haanshus 1928-1957, æresmedlem

Rasmus Stauri 1928-1931

Albert Wadahl 1928-1946, æresmedlem

Ola E. Klomstad 1931-1939

Gunda Jørstad 1931-1951

Ivar J. Brandvol 1939-1976, formann 1951-1974, æresmedlem

Jon Sætre 1939-1951

Redvald Melgaard 1939-1961, nestformann 1946-51

Thorvald Slåen 1946-1951

Pål Åsmundstad 1946, kasserar 1951-1953

Albert Fosse 1946-1951

Peter Sveipe, formann 1946-1951, nestformann 1951-1953, æresmedlem

Torgeir Risdal 1951-1988

Anton Rudi 1951-1961

Målfrid Skurdal 1951-1965

Ola O. Røssum 1951-57, 1970-1977, 1988-1992, nestformann 1992-1998, æresmedlem

Olaf Kjørum, kasserar og sekretær 1953-1965

Petter S. Skurdal, 1953-1976, nestformann 1953-1974, æresmedlem

Olaf Brandstad 1957-1988, formann 1974-1988

Olaf O. Klomstad 1957-1970

Kåre Rudi 1961-1971

Hallgrim Sveipe 1961-1990, æresmedlem

Olaf Storløkken 1965-1972

Ola Rolstad, kasserar og sekretær 1965-1983, styremedl.og kasserar 1983- nestformann 1988-1992, kasserar 1992-1993, æresmedlem

Anton Tagestad 1971-  nestformann 1974- formann 1988-1994

Asbjørn Fevolden 1972-1989, æresmedlem

Ragnhild Kjorstad 1976-1991, æresmedlem

Arve Skurdal 1976-2003

Olaf Stormorken 1977-1981

Mariann Stormorken Jacobsen 1981-1983

Oddmar Myrum, sekretær og møtande varamann 1985-, styremedlem og sekretær 1988-2001

Martha Bjerke 1989-2001

Knut Tvete 1990- formann 1994

Ivar Fosse, kasserar 1993-1995

Eldri Brandvol 1992-2000, nestleiar 1999-

Arne Uhlen, kasserar 1995-1999

Bjarne Jetlund 1995-2002, nestformann 1998-1999, leiar1999-2002

Anders Haugen 1998- kasserar 2000-2002, leiar 2002-

Per Fredriksen 1999-2203

Gudbjørg Kvaalen, nestleiar 2000-2003, skrivar 2003-

Knut Silli, skrivar 2001-

Gerd Isum, nestleiar 2001-

Sigrun Midtlien 2002-

Jon Wistad 2002- kasserar 2003-

Pål Kjorstad 2003-

Kjell Brustuen 2003-

Edgar Hagen, formann for Bygdatunet m.m.m. Æresmedlem

Lise Jeanette Wistad, mangeårig varamann til styret m.m.m.  Æresmedlem

Sigmund Hernæs. Ga Historielaget ei samling skrifter om utvandringa til Amerika.  Æresmedlem

Einar Hovdhaugen, bygdabokskrivar.

One response to “Fron historielag blir til

  1. Petter Kongsli

    Takk for artig lesing! Mvh Petter Kongsli (tidl. Oslo nå Bærum)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s