
Countryfestival 2012. Foto: Stig Haugen

Hasse Himas Rockeband:
Ole Petter Øyen: På vokal og rocke-fot Hasse Himas- Ole Martinsheimen, Sax Ole P Øyen, Bass Jan Olav Solstad, Trommer Ståle Fjestad, Gitar Eldar Nilsen, Solo gitar Kåre Vennevik
Ivar Myren: Køm tå dessa vart med ti Vinstra Salongorkester?
Ole Petter Øyen: Per Åsmundstad t venstre for Himin og Ole Ludvik Tøsse bak Fjæstan
Ivar Myren: Døkk hadde et band som hætte MJØD au?
Ole Petter Øyen: Ja, Mjødr
Torbjørn Olsen: Så artig bilde . Kjem ihaug Himin hadde med se Tempo’n på scenen, også fekk en så vondt i rockebeinet.
Eldar Nilsen: At det eksisterte bilde av dette var flott! Godt det ikke er lydfil til ……….

Til å byrje med stod huset i Bakkerud i Skåbu. Frå 1877 tente det som setermeieri på Breistulen. Skreddar Matias Olstad (Skjeftskogen) frå Kvikne kjøpte huset i 1897 og sette det opp att der det står i dag, eigedomen Solheim. Urmakar Jon Skaaden kjøpte det i 1900. Her var det også kafé, «Skoekaféen». Her overnatta det m.a. fleire skåbyggingar når dei skulle ta toget. I dag er det barnebarnet til Jon, Geir Skaaden, som er eigar og bur i huset.

Vinstra sør, truleg i 1960-åra. Nederst i høgre hjørne ser vi Peer Gynt-stugu. Den blei seinare flytta dit den står i dag, mellom Sødorp Gjestgivergård og Sødorp skole. Rett over E-6 i høgre bildekant skimtar vi ungdomsskolen. Heilt til venstre langs Øvregata ser vi litt av Texaco, dagens Hydro Texaco. Bildet er frå dødsbuet til Audun Bøe (1923-2012). Han hadde det synste huset mellom Øvregate og Nedregate. Det var Iver Olstad frå Kvikne som bygde dette huset på 1940-talet. Eigar i dag er Arne Helge Stø.

Nedregate Vinstra. Heilt bak skimtar vi Elvestad-huset, i midten manufakturforretninga til Ivar Jevne. Der var det også kafé. Til høgre Peer Gynt-stugu, som da fungerte som bokhandel. Står no ved gjestgivargarden.

Ivar Wistad f. 1902 frå Kvikne ved Vinstra stasjon. Sykkelen er en Harley Davidson 1920-modell. Far til Ivar, Thorvald f. 1871, kjøpte den i 1920. Det er brørne til Ivar som sit i sidevogna, Johannes f. 1906 og Olaf 1911. Det var Arvid Ødeggård som fann dette bildet, og ved hjelp av skiltnummret klarte han og Magnar Wistad å kome fram til opplysningane. Bildet var også på trykk i GD på slutten av 1990-talet.

Songarstemne 1915. Vinstra stasjon.

Statsminister Einar Gerhardsen med ordførar og stasjonsmeistar Egil Hernæs. (foto: Arne Hernæs´ heimeside)

17. mai på Vinstra 1954. (Foto: Vinstra auto). Heilt til venstre: Johan Dalseg. Mannen med hatt lenger bak er samvirkelagsbestyrar Otto Brovold.

Vinstra Øvregate på 60-talet (foto: Vinstra auto). Det mørke huset bakerst er Johansen-huset. Johansen var ein svenske som kom hit da dei dreiv med jernbanen. Dotter hans, Iverine, vart gift med Palmer Thorsheim. Huset vart rive på 1970-talet. Deretter har vi huset til Kirsti og Magnus Pettersen, huset til Peder Jøndal (prestekontoret i dag), og huset til Arne Solberg.
Hei! Svært mange artige bilder fra Vinstra. Jeg vet om en lastebil som har blitt brukt på Vinstra Samvirkelag tidligere, helt fram til på starten av 80f-tallet. Det var en Chevrolet 1958. Ingen som vet om det finnes noen bilder av denne utenfor butikken for eksempel?
LikarLikar