
Dette er Hanna Sande (1875-1956) som i 1937 fekk diplom av Dyrebeskyttelsen for «Omhyggelig behandling av dyr». Ho og systera Marit (1884-1960) dreiv Sikkilsdalsseter i mange år. I 1930 var besetninga på 16 storfe på bås, 30 geiter, ein hest og nokre
grisar. Dei rydda også bruket Sande i Skåbu i 1938. Der dreiv dei pensjonat (1947-1954) etter at dei hadde gitt seg i Sikkilsdalen. Det har støtt vore god kontakt mellom dei kongelege og Sande-familien. På sine eldre dagar vart systrene invitert til Slottet. Etterpå køyrde Kronprins Olav dei til Skaugum der damene fekk servert lunch. Da dei to systrene døydde, heldt Olav minnetale over dei i samband med påskeandakta i Sikkilsdalen.

Johannes Rønningen (Løvli) 1872-1957 gm Berte Reiret f. 1878. Han spelte mykje til dans med torararen sin. Blant anna var han fast spelemann i samband med danseopplæring av ungar. Jehans og Berthe bygde og slo seg til på Løvli (like ved Bygdahuset) i Skåbu. Dette var like før 1920. Der hadde dei ei ku eller to. Johannes kom frå Ringebu og jobba både som skogsarbeidar og tømmarfløytar i Skåbu. På bildet er han 80 år gamal.

Konfirmantane i Skåbu 1938. Fremst frå venstre: Jens Sæther, Arne Risdal, Trygve Veslum, Håkon Hage med Kari Hernæs på fanget, Ola Grosberghaugen. I midten: Ivar Berget og Ivar Kappelslåen. Bak frå venstre: Olga Syverhuset (Smikop), Kristine Været (Smikop), Bertha Kampeseter (Kristiansen), Maria Blekastad (Slåen), Astrid Sande (Steine), Camilla Andresen, Gudrun Askheim, Kristine Heide (Risdal) og Signe Øvre Fosse (Tårud). Bildet er tatt nord for skulehuset i Skåbu.

Vinsterlia: Johannes Søre Risdal f. 1865, gm Karen Erlandsdotter Skabo f. 1863, arva gammelstugua som stod att der den samla Risdalsgarden stod. Han sette opp att denne ved bygdevegen og opna brevhus i 1889 og starta opp med landhandleri fyrst på 1890-talet. Han kalla staden Midtre Risdal, men etter kvart vart det vanlegare å kalle staden for Vinsterlia. I 1895 annonserer han med bjørnehud. Seinare omgjorde han stova til toetasjes bygning og begynte med pensjonatdrift. I ein avisnotis går det fram at han fekk skjenkeløyve i 1912. Det har vore fleire eigarar her opp gjennom åra. Johannes selde staden i 1918 til I. A. Jensen og Dahl, eigarane av Myrens Mekaniske Verkstad i Oslo. Før 2. verdskrigen var eigedomen på forskjellige hender. Ein A. Skedsmo (skøyte 1929) hadde det som feriestad i ein periode. Karin Hoel, mor til skodespelaren Willy Hoel, kjøpte staden under 2. verdskrigen og dreiv med pensjonatdrift ein del år. Ho selde staden til Filadelfiaforlaget i 1945, som da dreiv med verksemda si her i fleire år. Ein av pinsevennane, Johansen, sette også i gang heimebakeri på Vinsterlia. Dei selde til Knut og Kari Skogstad i 1952, og dei dreiv pensjonatet til 1967. Da kom det ein engelsk familie dit ved namn Franklin. Dei var profesjonelle musikarar og dreiv både med musikkopplæring og pensjonatdrift. Ronald var ein svært god pianist og hadde elevar rundt omkring i Gudbrandsdalen. Liz var songarinne og hadde hatt sin debut i London. I 1977 flytta dei til Telemark. Verktykonsernet Luna AB frå Sverige blei nye eigarar frå 1978. Dei skulle ha plassen som feriestad til arbeidarane sine. Dei bordkledde den gamle bygningen. Luna selde Vinsterlia til Sverre Walter Rostoft i 1988. Denne familien, som også bruker staden som feriestad, har restaurert og kosta på eigedomen betydelege summar. Det har vore ein del kjendisar der. Willy Hoel er ikkje den einaste skodespelaren som har budd på Vinsterlia. Både Martin Gesti og musikarane Barratt Due og Liv Glaser har feriert på staden. Huset til høgre var gardsmeieri. Det var fleire gardbrukarar i Skåbu som slo seg saman og starta opp med produksjon. Drifta vart truleg lagt ned før 1920. Huset vart selt til Anton Brenden og står enda på bureisingsbruket Solheim.

«Bakkerud høifjellspensjonat», som det heitte i reisehandbøkene den gongen. Eit av dei mange pensjonata i bygda i gamle dagar. Ved vegen ser vi den legendariske Heide-butikken. (Foto Normann)

Bryllupet til Anton og Karen Fosse på Kampeseter juni 1926. Vi kjenner att nokon av gjestene. Den lille guten til venstre på benken er truleg Olaf Granslåen. Av dei som dansar ser vi Johan og Mari Risdal, fremst innved gjerdet til venstre. I midten eit ukjent par, og til høgre for dei Karen og Ola Brenden. Til høgre (nærast benken) ser vi fru Nyvold i kvit kjole. Er ikkje sikker på kven ho dansar med. Olaug Askheim Aas: Johan Risdal dansar med ei dame i kvit bluse (kanskje kona,Mari?). Men nærast fotografen, dansar Ola Askheim med ei dame i mørk kjole. Dama liknar på Karen ((brura).

Olstappen. Buom mot almenningssaga. Dette er neddemt i dag.
Olaug Askheim Aas:. Meiner vi sitt ved restane etter fjøset til Mari og Hans Buom, dei siste fastbuande der. Bildet viser Sigrun, f. Elstad frå Eidsvoll, på fanget sit Olaug Askheim og til høgre Gudrun Askheim. Almenningssaga i bakgrunnen vart fløtt til Nørdre Hølmyren i 1950-åra. Idyllen Elvenes ligg nå under fleire meter vatn ved oppdemd vasstand.

Olstappen 1933. Kua vassar den gamle ruta i staden for å bruke brua. t.h: Olaug Askheim. Olstappen 1933..
Olaug Askheim Aas: Bildet er teki av Ola Askheim utafor gjerdet ved Elvenes. Kua vassa ofte over elva for å koma over til rikt beite utpå Håggåøya (i dagligtale kalt berre Øya). Jentene på bildet er Gudrun og Aase Askheim.
(Olaug er ikkje med!)
Hei! Morosamt å sjå att gamle bilder frå Skåbu. Nokre av dei er frå den gamle albumen til mor og far.Det har sniki seg inn nokre feil som eg gjerne vil gjera merksam på og samstundes gi tilleggskommentarar, om eg får lov?
Frå bryllupet til Karen og A.M. Fosse, haldi på Kampesæter:
Johan Risdal dansar med ei dame i kvit bluse (kanskje kona,Mari?). Men nærast fotografen, dansar Ola Askheim med ei dame i mørk kjøle. Dama liknar på Karen ((brura).
Olstappen 1933.. Bildet er teki av Ola Askheim utafor gjerdet ved Elvenes. Kua vassa ofte over elva for å koma over til rikt beite utpå Håggåøya (i dagligtale kalt berre Øya). Gjentene på bildet er Gudrun og Aase Askheim.
(Olaug er ikkje med!)
Buom. Meiner vi sitt ved restane etter fjøset til Mari og Hans Buom, dei siste fastbuande der. Bildet viser Sigrun, f. Elstad frå Eidsvoll, på fanget sit Olaug Askheim og til høgre Gudrun Askheim. Almenningssaga i bakgrunnen vart fløtt til Nørdre Hølmyren i 1950-åra. Idyllen Elvenes ligg nå under fleire meter vatn ved oppdemd vasstand.
Eg har tipsa ein kar frå Skåbu om han kan hjelpa med namn på dama som har fått ei utmerking. Eg kjenner ho ikkje, og er i tvil om ho i det heile teki er frå Skåbu..
Helsing Olaug Askheim Aas
LikarLikar
vedr. gammel dame med utmerkelse.
Dette er nok Hanna Sande som dreiv Sikkilsdalen sammen med Marit Sande. Utmerkelsen har sikkert å gjøre med dette eller prinsehytta.
Hanna og Marit levdesine siste år i Skåbu
LikarLikar
Tilbakeping: Skåbu i utvida Norske Gardsbruk | Fron historielag