Ei lokalhistorisk avis på nettet

23376493_10155045482895544_9051070025179736543_n

Carl Henrik Grøndahl

Dette er  noko nytt på nettet: Ei digital historisk lokalavis som er heimesida til Fron historielag i samspel med facebooksida.  Kanskje vil det syne seg at innspel frå det som har vore – artiklar frå Fronsbygdin og mange andre slike kjelder – kan vere gode kommentarar til det som hender nå.

Eg som har utvikla og driv denne avisa, er carlgron at online.no. Skal ho leve vidare slik ho framstår nå, må det fleire inn i ein redaksjon. Har du interesse og lyst til å engasjere deg på nettet og få gode erfaringar, gode tilbakemeldingar, lære mykje og dele stoff med frøningar og andre over heile verda, er du velkomen til ein uforpliktande prat. Både som skrivande og med videokamera.

Her er tankane mine om kva for funksjon eg trur ei slik digital historisk lokalavis kan ha:

Fron historielag gjer ein viktig frivillig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og ufødde generasjonar. Med å ta vare på det som har vore: bygningar og reiskap som tidlegare generasjonar nytta, spor dei sette i naturen, lagnader dei levde, draumar dei drøymde, tankar dei tenkte og ikkje minst: dei minna som berre finst i hovudet på folk, og som må ned i skrift eller inn på harddisk. Slik medverkar historielaget til at nye generasjonar kan vere i ein naudsynt og skapande dialog med fortida.

For å gjere dette arbeidet så godt som råd er, treng historielaget oppslutning, støtte og merksemd. Til sjuande og sist: arbeidskraft og pengar.

Fron historielag har kontor i eit av husa på bygdetunet på Sørdorp. Der er det folk frå laget heile døgnet, året rundt, kvardag som helg. Hit kan folk komme og få vite meir om laget, kva det driv med, dei kan melde seg inn, dei kan lese litt i skrift og årbøker, dei kan kjøpe.

Slikt er sjølvsagt umogeleg. Slik bruk av ressursar ville vere galskap. Ein dag ville det komme 20, ein dag ein og dei fleste dagar ingen. På natta kom dei som søkte noko anna.

Men på nettet kan historielaget ha eit slikt kontor. Ope heile året, tilgjengeleg frå heile verda. Folk kan spørje og få svar. Dei kan sjå og lese og lytte. Det er den digitale lokalhistoriske avisa.

Og til skilnad frå dei fleste andre frivillige organisasjonar har Fron historielag noko som nettet skrik etter: Innhald. Årbøkene sidan 2003 er ei skattkiste. Ikkje berre for historielaget, som får gode inntekter, ikkje berre for dei som lever i Fron, men ôg for ein slektsgranskar i Minnesota, ein elev i Meråker, ein lokalhistorikar på Møre, ein forfattar i Oslo og ein journalist i Kirkenes.

Skjermbilde 2018-11-30 kl. 08.28.17

Med å leggje ut eit utval av artiklar frå slike kjelder som Fronsbygdin, lokalhistoria i to bind av Ragnar Øvrelid og mykje anna  på nettet kan historielaget få den oppslutninga ein treng. Og kanskje stimulere enda fleire til å skrive ned eller filme dei minna som berre finst i hovudet på eldre folk.

Derfor bør heimesida til Fron historielag vere ein spennande møteplass, der det kjem til noko nytt kvar veke. Ei adresse mange legg til blant favorittane på maskina si eller på iPad´en eller smarttelefonen. Da aukar interessa for historielaget – ei interesse som gjer at salet kvart år av papirboka Fronsbygdin vert frodig.

For det er slik ein no tek best vare på det som fortida skreiv: nettet. Skrift på papir treng vi framleis, men det er ei årsak til ein digitaliserer gamle kyrkjebøker. Dei blir lettare å finne fram i for mange. Over heile verda. Om 20 år er det få som les bøker på papir. Da kunne det ha vore ein svær jobb å digitalisere Fronsbygdin.

Det er eit håp at ei aktiv heimeside som dette kan vere ein møteplass i Fron.

Carl Henrik Grøndahl

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s