Category Archives: Uncategorized

Litt av ein kveld!

klengjenamnEr du kvamvær og har fått deg eit klengjenamn, trivst du med det. Truleg. Det skriv Håkon Sveen om i årets utgåve av Fronsbygdin. Ta deg ein tur til Rudi gard torsdag 29. oktober kl 1830 – og du får med deg litt av ein kveld! Først lansering av boka med mykje gildt lesestoff. Så servering av kål. Og så – medlemmane i Fron historielag får spesialpris – kr 200 – til konserten som tar til kl 2030. Og det er litt av ein konsert! Med trykket og drivet frå rock & pop, men ôg finstemt og delikat musikk som går rett til hjartet.  Vel møtt!
STINNERBOM, kVITNES &VÄSTANÅ ORCHESTRA

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Sladrebok og kjærleiksbok på same tid

fbbyfest152

Eivind Holen sel Fronsbygdin på byfesten på Vinstra i august. Berre vel ein månad til du har Fronsbygdin 2015 i handa.

Fronsbygdin 2015 blir lansert torsdag 29. oktober. Interessa for lokalhistorie og slektsgransking aukar, skriv redaktøren i Syn og Segn, Knut Åstad Bråten, i ein Ytring på nrk.no. Bygdebøkene, og den nære slektningen Gardsboka, er sladrebok og kjærleiksbok på same tid. Litt leksikon. Litt Se og Hør. Eit titteskåp inn i vår nære og fjerne fortid. Kvart år blir det skrive nye bygdebøker for titals millionar kroner.  Kanskje er dei ikkje store litterære meisterverk, men bøkene er underhaldande, gjev innsikt – og er med på å gje innhald til vår identitet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Otrevnad dersom ikkje kjerringa breidde trevnad

«Ugjort arbeid i eit hus hemnde seg sjølv.» Hanna Moen på Haugsetra. Bilde frå Alice Tungen, Kvam Historiske Forening

IVAR KLEIVEN: Ei kjerring og husmor på ein medels gard hadde nok å gjere til alle tider og var gjerne den fyrste som var oppe om morgonen og den siste som roa seg om kvelden. Og kravdest det omtanke av mannen på ein gard, så kravdest det kanskje enda meir av ei husmor, som gjorde alvor av å ha den beste gjerd´a på alt kvinnfolkstellet på garden. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Bruer i Fron: Sundbrua

Sundbrua

RAGNAR ØVRELID:  Sundbrua ved Vinstra er den andre gamlebrua i Fron – saman med Harpebrua.

Ved sundet er anlagt en bro over Laugen-elv på almen bekostning, Sundbroen kallet, betår av 11 stenkar

skreiv presten Hiorthøy i 1781. Få år etter, i 1789, strauk Sundbrua med i Stor-Ofsen. Det skulle gå mest 80 år til det kom ei ny. Kommunen ville greie seg med sundinga så lenge som råd. Sundstaden i åra 1789-1867 låg litt lenger oppe i elva, der Bøygen camping er nå. Brua vart oppsett at 1865-67 under kyndig leiing av militære. I 1934 vart Sundbrua ombygd, slik ho står i dag og har blitt gangbru.

Arbeidet med den nye brua, litt lenger sør, starta sommaren 1985 og vart ferdig 1. oktober 1986.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Uncategorized

Seterlivet – en verdifull skatt

toveostbyTove Østby delte andreprisen i historielagets konkurranse om beste lokalhistoriske video. Gratulerer! Juryen meiner: Videoen fortel om ein viktig og rik tradisjon – seterdrifta gjennom århundra. Med konkret utgangspunkt i filmskaparens eiga historie frå Lomsetra. Ho intervjuer mor si. Her kjem det fram mange interessante opplysningar og historier. Men det er nokre utfordringar her. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Namn i Fron: Ruste

barndstadfeltet_2

Brandstadfeltet sør i Ruste. Bilde frå Nord-Fron kommune.

BRIT NILSEN: Bygda Ruste ligg på vestsida av Laugen og strekkjer seg frå grensa til Sør-Fron og nordover til elva Vinstra. Dette namnet er truleg eit opphavleg bygdenamn. Ordet ei rust er kjent i fleire dialektar med tydinga «ein liten skog eller eit skogholt». Somme stader finst også tydinga «skogvaksen jord eller bergrygg.» Namn med rust- i seg er ganske vanlege på Austlandet og fortel om stader med mykje skog.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Tor Øyen og svartboka

 

oyen2

FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 1934?: Det er ikkje lenge sidan han levde, han var nokre og nitti år den vinteren då bestemor tente der. Han hadde fått tak i svartboka, og henne var det berre så vidt han vart kvitt. Ein gong brende han henne, men ho kom att likevel. Men så gjekk han åt kyrkja og hadde på ho støv av alteret og brende ho att. Men ho kom ikkje att så den natta gjekk han i skorne, skjorta og ei geitskinnstrøye. Da heldt han på og såg innpå glasa åt folk. Og seinare fann han i hop mange krakkar. Summe døypte han, andre konfirmerte han. Sumtid heldt han gjestebud og sumtid gravøl. Så hadde han ei jente som gjekk i skulen. Så ein morgon ho skulle uti der han låg og gjera opp varme, då tala ho åt ‘ om, men han svara ikkje. Da gjekk ho innatt og sa: «Han Tor er visst daud i dag, han svara meg ikkje». Dei uti, alle saman. Men fekk ikkje svar. Så var det ein mann som kom på at han skulle pirka under fotblada hans. Da rykte han i foten. Han døydde i 1888.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Kan noen hjelpe?

Her dreier det seg om en kaptein?

RUTH GAUSTAD: Henvender meg til Fron historielag med et spørsmål som har tilknytning til Fron. Løytnant Johan Høyer, f. 1827 var i Det Fronske kompanie. Han får 03.12.1860 en sønn med Berte Hansdatter Stenbakken fra Svatsum. Gutten får navnet Peter, og i folketelling 1865 er han fosterbarn på mor Bertes hjemsted. Johan hadde også brødre. Så langt har jeg funnet Gotfred f. 1830 og Hans Anton f.1833. I folketelling 1875 har jeg funnet at de to sønner reiste fra Fron sammen med sin far, kaptein Høyer.

Jeg undres om det er noe som vet noe om disse karene. Hva var fornavnet til kapteinen, hvor og når var han født, og hans kone, hva hette hun? Og når reiste han fra Fron og til hvilket sted? Finnes det opplysninger som noen kan dele med meg? Er takknemlig for alle tips.
Redaksjonen: Prøv denne lenken.

Opplysninger fra Per Fredriksen og Ola Morken under bretten. Les meir

8 kommentarar

Filed under Biografiar, Uncategorized

Ord for dagen

Nå vart det stilt, sa Skrukken, han baud fram kjerringa si på auksjon.

Ingen veit kva ein har før ein skal til å flytta, sa kjerringa, ho stappa det ho hadde i ei hosolegg.

Ein skulle ha tri kjærestar, sa jenta, for om ein sturter og ein furter, har ein enda att ein.

Nå er eg over det verste, sa kjerringa, ho låg midt i bekken.

E» like itte maur, men e» et det leill, sa guten – og så tok’n se ein maur att.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Ei innestengd bok?

ivarkleiven

Ivar Kleiven (1854-1934)

CARL HENRIK GRØNDAHL: Dei fleste har hørt om Ivar Kleiven og det nybrottsarbeidet han gjorde, da han skreiv det grundige lokalhistoriske verket Fronsbygdin, som kom i 1930. Men kor mange har lese boka? Han skriv godt og levande, Ivar Kleiven, men han skriv med ”ånda og dåmen i di ekte Kviknemåle med or´leggjing og målbruk.” Fronsbygdin er altså skrive på eit målføre slik ”dæ vart tålå” i siste halvdel av 1800-talet. Interessant for nokre få norskfilologar og dei meir enn vanleg språkinteresserte, men eit problem for mange andre. Målforma i boka kan ekskludere lesarar. Denne heimesida vil gjere boka meir tilgjengeleg ved å publisere utdrag på meir normalisert nynorsk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized