Category Archives: Språk

Namn i Fron: Kvikne

 Fare for jordras

BRIT NILSEN: Namnet på bygda Kvikne i Vinstradalen er eit gammalt namn, og det finst skriftleg belagt i 1432, a Kviknom. Namnet er elles berre kjent som bygde- og gardsnamn frå Sør-Trøndelag. Kvikne i Nord-Fron har nok opphavleg vore eit gardsnamn, og det kjem truleg av gamalnorsk kviknar, som heng i hop med det gamalnorske adjektivet kvikr, med tydinga «levande». Namnet kan sikte til grunnforholda på staden, til kvikkleire og fare for til dømes jordras. Slik bygda ligg til i bratta, høver dette godt.

Éin kommentar

Filed under Språk

Namn i Fron: Skurdal

Ei elv som grev seg djupt ned

BRIT NILSEN: Gardane og grenda Skurdal ligg på vestsida av Laugen ved Harpefoss. Det eldste skriftlege belegget vi har for namnet er Skorildall frå 1520. Det er denne skrivemåten forskarane byggjer på når dei forklarer førsteleddet i namnet som eit mest bortkome elvenamn Skora, avleidd med endinga -il (skoril), med tydinga «ei elv som grev seg djupt ned.» I Fron er uttalen av dette namnet «skodal», som er ei svært «nedsliten» uttaleform i forhold til det opphavlege namnet.

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Ola og Mari

Ute etter gode, men lite brukte namn?

Rønnaug

Rønnaug Sagboden – ei flott dame, men namnet gjekk aldri heilt til topps.

«Det er ein Ola og ei Mari og brone merra på kvar ein gard», heitte det frå gammalt. I Kvikne frå 1801 til 1920 var Marit/Mari det klart mest brukte kvinnenamnet, dernest Anne og Rønnaug. mens Ole/Ola var utan konkurranse som mannsnamn. Iver ein god nummer to, deretter Pål og Johan. Namn som etterkvart gjekk ut av bruk, var Embjør og Torger, Ingeleiv og Hogne. Dei to siste hekk lenge att som namn på heimane Ingeleivstugu og Hognehaugen. Og så hadde dei Hallaugplassen, Lagestugu, Ottaslykkja, Sjurstugu, Imbertsonheimen, Martinåsen, Mortenstugu, Nilshimen, Larson og Olsonhaugen, som alle var knytt til folk som budde der. Mange av desse heimane er borte nå, eller namnet kan vera eit anna. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Dei frodige fjellområda

Mykje næringsdrift i fjellet i gamal tid

solskjerv

Sol over skjer-vatnet og lykkja med hus til Sveipe

TORMOD STAURI: Namn på vatn og elvar i Fronsfjellet er frå norrøn og urnordisk tid. Når ein veit kor frodige dei nære fjellområda til Fronsbygda er, med ein vokstersesong frå mai til ut september, er det berre å vente at desse områda tidleg vart tekne i bruk, sikkert òg i tider da jordbruket i dalen berre var i emning, og fangstkulturen stod mye sterkare enn jordbrukskulturen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk, Setring, Språk

Namn i Fron: Husmannsplassane

Mange har nedsettande eller ironiske namn

grindbakken

Grindhaugen. Bilde henta frå skriubakken.com

RAGNAR ØVRELID: Kvar fekk husmennene rydde? Namna på plassane kan seie oss litt om det: Lykkja tyder inngjerda jordstykke, slåtteland i nærleiken av garden, som Forrløkken, Sandbuløkken, Engumslykkja. Det same tyder namn med eng, voll, træ. Haugen ligg lenger unna garden, som Graupshaugen, Grossberghaugen. Lia er rydda i utmark: Rolstadlia, Klefstadlia. Bakken ligg også i utmark: Myrumsbakken, Jensbakken. Dalen ligg i utmark: Øldalen, Djupdalen. Les meir

Éin kommentar

Filed under Språk

Namn i Fron: Skåbu

Frå eit ukjend mannsnamn Skadi?

Skåbu sett frå Ruten

BRIT NILSEN: Namnet på garden og fjellbygda Skåbu er skriftleg belagt frå 1508, då skrive Skadebw. På gamalnorsk var namnet Skadabu. Førsteleddet i namnet er gamalnorsk skadi. Skada– er elles førsteleddet i fleire gardsnamn i Norge. Kanskje kan det tyde «skade» eller «garden som har vorte skadd». Meir truleg er det likevel at det første leddet i namnet kjem frå eit ukjent mannsnamn Skadi eller av det meir brukte mannsnamnet Skagi. Endringar i uttalen har gitt forma skå-. Siste leddet i namnet fortel at garden er frå før-kristen tid. Dette er altså eit svært gamalt namn, og mest truleg fortel det at dette var garden til Skadi.

Frå Fronsbygdin 2003

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Sorperoa

Skulle hatt eit penare namn?

img004 bad3

Dagningen 11.4.1995. Tekst og foto: Håkon Sveen. Klipp frå Per Ottesen/Vegar Skar

-Eg veit at Kvammen skreiv i skulesoga at det skulle koma av ei ro der sorpet vart samla. Seier Lodvar Larsen. Han fortel at ei slik ro oftast var bak hoggestabben. Der vart flis og smårask sopt saman. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Språk

Namn i Fron: Rysland

Eldgammalt, men tydinga og opphav kjenner vi ikkje

Rysland. Bilde: Google Maps

Rysland. Bilde: Google Maps

BRIT NILSEN: Rysland er namnet på grenda som ligg mellom elva Augla og grensa til Sødorp, og mange store gardar som Kjorstad, Grytting, Rolstad og Tåkåstad høyrer til denne grenda. Ingen av dei store namneforskaranehar behandla dette namnet, og det finst ikkje verkeleg gamle skriftlege belegg for det heller. Men Gerhard Schøning nemner «den lille bygd Rydtzland» i 1775. Frå 1700-talet har vi namnet i skrift fleire gonger, men skrive på ulike måtar. Sisteleddet i namnet, land, høyrer til ei gardsnamngruppe som det ikkje er så mange av i Gudbrandsdalen. Ein reknar med at land-gardane går tilbake til vikingtida eller enda litt tidlegare. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Namn i Fron: Hundorp

Har det med «godt fiske» å gjere?

Hundorp. Bilde frå Google Maps.

Hundorp. Bilde frå Google Maps.

BRIT NILSEN: Gardsnamnet Hundorp er eit svært sjeldan namn som har opphavet sitt langt tilbake i førhistorisk tid. På 1900-talet fekk gardsnamnet ei utvida tydning som er uhistorisk. Hundorp er nemnt alt i Soga om Olav den heilage. Det var nok både eit verdsleg og eit hedensk kultursentrum på Hundorp, knytt til ei mektig herseætt, som hadde høvdingsæte der. I sagaen finn vi historia om Olav den heilga som øydela Tors-hovet og tvangskristna Dale-Gudbrand og dølane i 1021. Les meir

Éin kommentar

Filed under Språk

Namn i Fron: Sødorp

Langt eldre enn vikingetida

GE-FB-bildemal2

Morgontåke over Sødorp: Foto: GE, Jan Jansrud

BRIT NILSEN:  Sødorpbygda ligg på austsida av Laugen og går frå grensa til Sør-Fron og nordover til stasjonsbyen Vinstra, som ligg på mykje av den gamle jorda til Sødorp-gardane. Truleg var namnet brukt også om Byregardane før stasjonsbyen vaks fram. Sisteleddet i namnet, -torp, (-dorp) finst berre i to namn i heile Gudbrandsdalen, nemleg i Hundorp og Sødorp. Namna kan tyde på ei samtidig innvandring eller busetjing langt attende i tid. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Språk