Category Archives: Kunst og handverk

Hundorpguten spelte seg frå spissrot

Han laga «Hundorpen», ein vakker, ekte dølamars

Dette var det som venta Hundorpguten. Spissrotgang, ein militær straff som Norge avskaffa i 1814 og Danmark i 1846

IVAR KLEIVEN: Mannstukta i militærtenesta var hard og rå før i tida, og spissrotstraffa, som jamnt vart brukt til omlag 1750, var så stygg og umenneskjeleg at ho kunne gjera folk mørkredde vidt omkring. Mang ein stakkar har sprongje spissrot på Breivegen dei halvtanna hundråret det var eksisplass der. Det har like til i seinarer tid gått eit sagn om ein frøning som hadde gjort noko gale i eksisen, så han vart dømt til å springe spissrot på Breivegen. Guten var nok god spelmann og var kanskje vellikt av offiserane ôg, men mannstukta lyt gå sin gang.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Folk og spel på Kampesæter for 38 år sidan

kampeseter2Ole Chr. Risdal: På Kampesæter i Skåbu har det vore mykje aktivitet gjennom åra. Alt frå barnedåpar, konfirmasjonar, bryllaup, gravferder, bridgeturneringar og festlege lag m.m. I 1985 vart det arrangert ein større toradar – og trekkspeltreff på Kampesæter og på Skåbu bygdahus. Sjå denne her: https://youtu.be/SiQhvK5a6IU Les meir

Éin kommentar

Filed under Musikk, Verksemder

Språkgeniet frå Storsteinurda

Rolf Uhlen voks opp hos bestemora og vart konduktør i NSB

Her, i Storsteinurda ved riksvegen sør for Brekka voks språkgeniet Rolf Alfred Uhlen opp hos bestemora. Foto: Paul Henrik Hage.

Om vinteren på Laugen gjekk det hesterekkjer på isen. Dei skulle til Loholkvenna med korn. Når dei kom heim att, høyrdes det av og til ut som om ikkje alt brennevinet hadde gått åt møllaren, fortel Helge Stormorken i ein artikkel i Fronsbygdin 2007. Og så kjem det ei lita setning: «Det var noko brennevinsindustri langs vegen, og ein «kafeteria», der ein av Norges største språkgeni kom frå, Rolf Uhlen. Kanskje skriv eg meir om han seinare.» Men det gjorde han ikkje. Helge Stormorken døydde i 2019, 96 år gammal. Og dette språkgeniet som voks opp hos bestemora i Storsteinurda ved riksvegen sør for Brekka, Rolf Uhlen, kven var han? Det vi veit, er at han vart fødd i 1910 og døydde i 1970. Paul Henrik Hage skriv litt om han på FB-sida si og har funne eit intervju med han i Dagbladet 22. mars 1947, og det seier mykje. Språkgeniet Rolf Uhlen vart konduktør i NSB!

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Språk

God gammal jul på Gålå

Julekort fra Ragnhild Karen Wadahl

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk

Med ønske om tradisjonsrike dagar

Dei som er gamle nok og vel så det, kan berre sleppe seg ned i julestemning –  slik ho ein gang var. Det er som om desse julekorta kunne ha henta motiva sine frå Fron.

julek13

Les meir

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk

Blodflekkar ved Ruste ungdomshus

Slåssing med kniv og avslegne flaskehalsar

Nr. 85 Det gamle Ruste bygdahus.

Ungdomshuset i Ruste vart ein viktig samlingsstad i bygdesamfunnet i mange år. Bilde frå Arne Lunde/Vegar Skar.

ODDMAR MYRUM: Ein morgon i 1935 var eg på veg til skulen og gjekk forbi Ruste ungdomshus. Eit skremmande syn møtte meg utanfor inngangen. Det var tett med blodflekkar over alt. Kvelden før hadde det vore dansefest, og somme hadde nok fått for mykje innabords. Dermed vart det krangel og slåssing med kniv og avslegne flaskehalsar som våpen. Lensmannen hadde vore tilkalla for å roe ned gemytta. Men det var sjeldan det gjekk så hardt føre seg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Musikk

Stribukk!

Det blir ikkje jul utan Per Tofte

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kunst og handverk

Fått med deg at Peer er dødsdømt?

Og at brudens far gir blaffen?

Han blir snart dømt til døden. Mads Ousdal som Peer.

CARL HENRIK GRØNDAHL: Når Henrik Ibsen forteller så uoverkommelig mye i Peer Gynt, er det også noe han underforteller. Viktige hendelser, skjebner, innsikter vi virkelig må lete etter i dialogene, replikkene. Stoppe opp og tenke etter hva ordene faktisk innebærer. Hvor mange får med seg at den unge Peer Gynt blir dømt til døden? Og at Ibsen jukser fælt med bryllupet på Hegstad for å få historien sin på plass? Og at Peer er sjeldent dyktig til å bygge seg opp fra ingenting?

La oss lete i det underfortalte.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Litteratur

Nord-Fron må kvesse pennen

Oppfordring fra Tor Larsen i Dølen

Å være til stede under det årlige boksleppet av Fronsbygdin, er en opplevelse i seg sjøl, skriver Tor Larsen i Dølen. Redaksjonssekretæren og redaktøren har opp igjennom åra skapt en ramme rundt dette boksleppet som gir et godt innsyn i hva som skjuler seg mellom permene, og artikkelforfatterne blir godt presentert. Enhver bokanmeldelse når denne presentasjonen knapt opp til anklene, og vi får håpe de to nyredaktørene av Fronsbygdin vil kjøre et bokslepp under samme lest.

Og dette mener han om årets utgave:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Han introduserte Tesla

Eit møte med Per Ottesen (1945-2016)

skjermbilde-2016-04-19-kl-08-45-51

Per Ottesen 1945-2016

KJARTAN RUSET i Kyrkjeblad for Nord-Fron 2015 : Vi ser at Per har vore gjennom sjukdom. Han ruvar ikkje som før. Sjukdom og behandlingar har teke på. Det er litt rart å møte ein tunn Per Ottesen. Men mannen er elles den same. Vi kjenner att smilet, låtten, humøret. – Å, det er ikkje alltid på topp, vedgår han. – Det er dagar då eg ikkje orkar stort, ikkje ein gong å lese e-postane som kjem heile tida. Men så får eg ein god dag, og føler meg nesten som før. – Det var tøft å få diagnosen for vel eit år sidan. Men eg har fått god hjelp, har hatt mange flinke legar. Og så vert ein så veldig glad når behandlinga lukkast og det går betre for ei tid.

Per har vore alvorleg sjuk også før kreften meldte seg.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Folketru, Kommunikasjon, Kunst og handverk, Menn