Category Archives: Setring

Bjørkesetra er i drift!

Ei lita retting til Trond Halle

InnskanningTEA JOHANNE MYRSTAD: Les med glede Fronsbygdin. Reagerte på artikkelen til Trond Halle: «Sør- Fron på tvers». Gjer merksam på at Bjørkesetra inni Eldåa har vore og er i full drift kvar sommar. Finaste setra i verda – for alle oss frå Bjørke. All ære til Bersvein og Tor som held fast ved setringstradisjonen!

Svar frå Trond Halle: Da må eg be om årsaking for at eg har teke feil. Eg skreiv at det her var setring i allefall til for nokre få år sidan, men at det da eg gjekk forbi Eldåsetra var stilt der. Eg gjekk forbi den 23. juni, da såg det ikkje ut til å vera folk der. Kanskje det var før dei reiste til seters? Er ellers heilt enig i at det er bra at det forstatt er setring både i Eldåa og på andre seterstular

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk, Setring

Bli kjent med Nysetra i Ruste!

Nysetra. Bilete: Anders Haugen

Tysdag 1. august kl. 18.00. Frammøte ved krysset Voll-Sand. Ta med kaffi og litt å bite i. Det blir kaffirast på setra. Turleiarar: Johannes Lunde og Anders Haugen.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jakt og fiske, Jordbruk, Setring

Amundsteinen

Ho tør ikkje rope på sonen sin i frykt for at han kan dette i elva

stein

Toftelva rett under Amundsteinen mot Toftsetra. Foto: Rasmus Stauri

ARILD MAGNE LARSHAUGEN: Når ein går Sørensenvegen i Nordre-Lia, ligg det ein stor stein utpå bergkanten ved øvre Haustsetergrinda med Toftelva 80-90 meter loddrett under. Denne steinen fekk namnet sitt frå ein liten gut som var med mor si på Hovlistugusetra på seterstulen Hovdlisetra på andre sida av elva. Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Setring

Markvandring Sandstjønn-Sand 15. juni

Eigedomen til Johan Bojer. Foto: Anna Bryhn

Torsdag 15. juni kl. 18.00 blir det markvandring i området Sandstjønn-Sand.

Vi parkerer bilane ved avkøyring til Auretjønna. Frå der går vi til Sandstjønn og vidare til Sand. Gode sko er ein fordel. Dei som vil ha ein lengre tur parkerer på Voll og går frå der. Da bør ein gå 30 min før oppmøte.

Ta med kaffi eller anna drikke og litt å bite i.

Emne: Sandsetrene, forfattaren Johan Bojer på Sand og Gålåvatnet.

Turleiarar: Lodver Bryhn og Anders Haugen

Éin kommentar

Filed under Informasjon, Setring

Ein nybarbert friar til ei halvblug budeie

Nokre tankar og minne ved ei gammal mjølkerampe

mjc3b8lkeruta

Ved rampene fekk budeiene kontakt med heile bygda. Mjølkebilen ved Nordgard Tokse si seter i Fiskdalen. Frå venstre: Astrid Byrløkken, Rønnaug Furuli, Karen Kluften, Ivar Kluften, Marit P. Brandvold og sjåføren, Torvald Slåstuen. Foto: Pål Kluften

MARGIT LYKKJOM:  Ja, slik halvt itåvelt ligg ho her nå, denne mjølkerampa ved setervegen på Sødorpfjellet. Ho har truleg hatt litt hjelp til sitt forfall, det har vorte for mykje for henne. Det er elles ikkje bruk for rampene våre. Eg står litt på ved dei når eg fer forbi og får dei ikkje ut or tankane før det blir ord og bilete. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Den minste ungen i margarinkassa

letrud1OSKAR LETRUD: I den heimen eg voks opp, var vi ein syskenflokk på heile ti ungar. Når eg skal fortelja litt om oppveksten til denne flokken, tenkjer eg mest på dei som er barn og ungdommar i dag. Eg vil tru at for dei vil mykje av det eg fortel, stå fram som eit eventyr. Vinteren 1937-38 budde vi i ei stove nord om Rustberget i Nord-Fron, «Taugstuggu». Her budde mor og far og fem born på to små rom. Far hadde mura opp eit lite fjøs av gråstein, der det var plass til to kyr og ein kvigekalv. Attåt hadde dei 4-5- sauer i fjøset sør på Rustberget. Mor hadde fylt 35 år den hausten og gjekk med sitt sjette barn, ein gut som vart fødd 13 månader etter den førre ungen.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn, Setring

Underbudeia fortel om livet i 1888

PAUL HENRIK HAGE: Maria Lykkjom var bestemor mi. Ho vart født på Skinnehaugen i Ruste 1. mai 1874. Ho døydde på Lykkjom i Sødorp 2. juni 1969, 95 år gammal. I 1954 var ho 80 år, og da gjorde Johannes Kolås, lærar på Sødorp folkeskule 1931-1961, eit opptak med ho, der ho fortalde om korleis det var å koma ut i arbeid som underbudeie 14-15 år gammal.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Setring

-Det ble prat imot dette overalt i bygden

Et par ord med den 80-årige Anne Haav

skjermbilde-2016-09-10-kl-14-21-32PÅL KLUFTEN: Oppe i Nord-Fron på gården Rusthågå, sitter en hyggelig og lugum gammel kone, Anne Haav. Hennes mann, Thor Haav, døde for et par år siden. Begge var overmåte interessert og dyktig i gårdsbruk og havebruk, og intelligente og oppvakte folk var de, som fulgte med sin tid. Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Setring

Mangt og mykje anna enn mjølk

Eit under kva mjølkebilen fekk med seg

mjølkebil

Paul Henrik Hage: Mjølkebilen ved Kjørkjesletta, Sødorp 1953. Petter Brandvold/Nordgard nærmast, Oliver Beitmyren med grå hatt og pipe, Jon Steinhaugen ved sida av med ljos hatt, Ella Solbrå til høgre for Jon, Vegard Hage ved muren, Ragnvald Nygård er sjåføren som klatrar opp, Paul Lillegård/Skoghyttun og Ivar Løkken/Lykkjom med ryggen til bak bilen, Jon Bergset høgst på lasset, Astrid Korsgarden på sletta, Odd Iversen bak Jon Steinhaugen, Synnøve Solli lengst til høgre på planet, Anna Tokse til venstre for Maria.

Mjølkebilen var litt av eit fenomen og noko for seg sjølv. Dette bildet frå Paul Henrik Hage seier meir enn mange ord.  Mangt og mykje anna enn mjølk frakta bilen på gjennom mange år, fortel Margit Lykkjom. Det var fullt av folk oppå lasteplanet, dei sat på spann og over alt, stod på stigbretta, unge som gamle. Vil du vera med, så heng på. Det var trauste og uredde sjåførar ved rattet. Vi får håpe det ikkje gjekk fortare enn 30 km/t. I dag hadde nok sjåføren mista førarkortet med eit slikt lass. Ole Petter Øyen har eit anbod frå 1947 på mjølkekøyringa. Herrane Øien og Skåden ville ha kr 3.50 for ein person frå Vinstra til Fryvoll: Les meir

2 kommentarar

Filed under Kommunikasjon, Setring

Meir om markdagen

Lodver Bryhn (i raud jakke) og Anders Haugen (til høgre) var kjentmenn under turen.

Lodver Bryhn (i raud jakke) og Anders Haugen (til høgre) var kjentmenn under turen.

Ole Chr. Risdal: I juni vart det arrangert ei markvandring frå Feforosen til Voll. Viss du vil vite meir om det dei fortalde om på turen, kan du lese artikkelen «Golo – ei elv i Ruste» av Anders Haugen. Den er å finne i Fronsbygdin 2014. PS! Lodver og Anders er i ferd med å planleggje nye turar!

Éin kommentar

Filed under Informasjon, Jakt og fiske, Setring, Verksemder