Category Archives: Setring

«1889 Huttetu for vaar og veir!

Litt av kvart frå Vendalen

Vendalen

Først i august var det slåttetid på setrane. Folk reiste til kvea, og da kunne det bli mykje liv og røre før dei fekk høyet i hus. I låvane vart høyet liggjande for å bli køyrt heim på vinterføre. Høyet frå setra gjorde at dei kunne nytta meir av jordvegen heime til korndyrking.

BJARNE JETLUND: Vendalen er ei setergrend ca. 15 km frå Hundorp langs vegen mot Fagerhøi. Desse spreidde tankane frå Vendalen viser ein seterstul full av kulturminne. Desse er det viktig å ta vare på i den omforminga som nå breier seg innover fjellviddene. Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Setring

Dei kvidde seg for kalde sengeklede

Til fjells midtvinters for å hente fôr

rondanedrone
Tidene har endra seg på Haugsetra! Foto: Fredrik Weikle

FREDRIK MOEN: Fjellet ga vinterføde til buskapen ved at ein hausta seterkveene med handreiskap som ljå og trerive. Det vart henta til bygda med hest og slede. Desse turane i fjellet midtvinters vil aldri gå i gløymeboka for dei som tok del. Global oppvarming var den gongen eit ukjent omkved, temperaturen låg ofte ned mot minus 30, og snødjupna var sjeldan under ein meter, helst bortimot to. Frå heime på Kolon starta dei i 6-7 tida på morgonen og trong minst fire timar på å koma fram til Haugsetra. På vegen til Kvam sat dei som oftast på sledane, men termosko og dyneklede som pustar, var ukjent, kulda dreiv dei til fots resten av turen opp Veikeldalen og vidare innover.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Setring

Historier frå mjølkerampa

Grisjin, Mora-Nisse og Hallgeir Brenden var samtaleemne

mjølkerampeFRODE ERSTAD:  Ein høyrer ofte: «Eg saknar mjølkerampa.» Kring midten av 1970-talet var det fleire og fleire som fekk mjølketank, og utpå 1980-talet tok livet ved mjølkerampa slutt.  No tenkte eg å fortelja korleis eg har opplevd rampa og livet som fylgde med. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Bli med til seters i 1937

Eineståande film frå Isum 

DSC_0156

Anne Marie Tron som 95-åring. Finaste barndomsminna: livet på setra.

OLE CHR. RISDAL: Anne Marie Tron blei fødd på Isum i 1918. Som vanleg var på den tida, måtte ho tidleg lære seg til å arbeide. Nokre av dei finaste barndomsminna ho har, er livet på setra. I 1937/38 skulle også seterlivet bli foreviga. Det var den kjende filmfotografen Paul Berge frå Fåvang som sytte for det. Han laga fleire opplysningsfilmar for å dokumentere jordbruket i Noreg. Du kan lese meir om han i Årbok for Gudbrandsdalen 1999. For mange år sidan blei det også laga eit NRK-program frå Isum, der Anne Marie og dei fire syskena hennar, Iver, Ragnhild, Pauline og  Tor, deltok. I det programmet blei det også vist klipp frå denne gamle filmen, der Ragnhild, Pauline og Tor var med. Historielaget har hatt originalen i mange år, men no er den endeleg digitalisert. Her kommenterer ho sjølv det ho var med på for 75 år sidan. 

Publisert her første gong 29.11.2013

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Setring, Verksemder

Givande markvandring på Lomsetra

Vel 50 personar møtte opp til markvandringa på Lomsetra førre sundag. Det blei ein svært triveleg og innhaldsrik dag. Det var som vanleg Anders Haugen og Lodver Bryhn som stod bak dette. Dei hadde alliert seg med Jan Karenstuen, Ragnar Thor Mariasson og Olaf Nøkleby for å få arrangert dagen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Setring

– Det mest imponerende dyrkingsfeltet!

Bli med til Lomsetrene på markavandring

Slåttekarar på Lomsetrene sommaren 1968: Engebret Klypen, Ottar Flatmoen, Ragnvald Frøyse, Pål Kristiansen, Ole Skogen, Sverre Båtberget, Ottar Randen, Hans Karenstuen, Odd Tarud, Ottar Karenstuen, Nils Slåen, Thor Slåen, Arne Marstein, Johan Brånå, Ole Jordalsløkken, Sigurd Skogen, Paul Brenna, Harald Kvernstuen, Olaf Rudlandsløkken, Ottar Maurstad, Knut Flatmoen, Bjarne Kvernstuen og Ola Åsen. FOTO: DAGNINGEN

Køyrer du Peer Gynt vegen forbi Lomsetra, blir du trulig imponert over det store dyrkingsfeltet der. Ein gong var det ei stor myr. I 1955 starta arbeidet med å gjere myra til dyrka mark. «Det mest imponerende dyrkingsfelt på fjellet i hele Norge». Sa ein professor på midten av 1950-talet. Du kan lese meir om historia til Lomsetrene i DØLEN. Bli med på ei markvandring her søndag 21. august kl 11. Ragnar-Tor Mariason og Lodver Bryhn fortel historia. Frammøte og parkering ved kontaineren i vegkrysset på Lomsetrene. Servering av kål og kaffe. Bomveg.

Tove Østby laga ein video om seterlivet med utgangspunkt i si eiga historie på Lomsetra:

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jordbruk, Setring

Namn i Fron: Dei frodige fjellområda

Mykje næringsdrift i fjellet i gamal tid

solskjerv

Sol over skjer-vatnet og lykkja med hus til Sveipe

TORMOD STAURI: Namn på vatn og elvar i Fronsfjellet er frå norrøn og urnordisk tid. Når ein veit kor frodige dei nære fjellområda til Fronsbygda er, med ein vokstersesong frå mai til ut september, er det berre å vente at desse områda tidleg vart tekne i bruk, sikkert òg i tider da jordbruket i dalen berre var i emning, og fangstkulturen stod mye sterkare enn jordbrukskulturen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk, Setring, Språk

– Heller heimebrenning enn tjærebrenning

Anders Lange delte ut Peer Gynt-prisen til Erik Bye

«Avisutklypp som hæng ti selet vårt på Tjyruvasetern.»  Bilde lagt ut av Hans Magnus Ødegården på FB-sida Du væt du e frå Vinstra når…

I 1974 ble Peer Gynt-prisen utdelt for fjerde gang. Til Erik Bye (1926-2004). Året før ble det bestemt at stortingsrepresentantene skulle stemme fram årets vinner, og at en av dem som stemte på vinneren, trekkes ut for å overrekke prisen. Anders Lange (1904-1974) ble trukket ut, en meget fargerik mann, som i 1973 stiftet Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep, senere Fremskrittspartiet. I stortingsvalget noen måneder senere fikk partiet 5% av stemmene og fire mandater. Anders Lange en av dem. Han døde året etter og rakk altså å delta på Peer Gynt-stemnet. Som avisutklippet viser, gjorde han seg sterkt gjeldende på Fryvollen.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Setring

Gammel-Erik på Tagestad-setra?

En stein falt og fela låt

TOBBEN I GUDBRANDSDØLEN 4.11. 1974: En vakker dag i slutten av mai 1921 arbeidet Ola Guttormsen og Adolf Tagestad på Tagestad-setra på Gålå. De er nøkterne karer, nå 83 og 75 år gamle, men begge husker denne merkelige hendelsen tydelig. De kjørte stein fra nybrott. – Ved 20-tiden om kvelden ga vi oss med arbeidet og kom opp med hestene, som hadde plass i nordre enden av fjøset på setra. Vi hadde to hester, og idet vi var i ferd med å ta seletøyet av hver vår hest, falt plutselig en stor stein ned fra en liten glugge i bua til selet. Det var en brynestein, omkring 10 tommer lang, grov og tung. Vi ble begge stående som fjetret over at steinen plutselig fikk liv. Ikke noen rystelser eller andre ting kunne forklare dette. Adolf sa i spøk at nå var visst Gammel-Erik løs. Ikke før hadde han sagt det, før ei fele i nærheten spilte opp en feiende halling.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jordbruk, Musikk, Setring

Amundsteinen

Ho tør ikkje rope på sonen sin i frykt for at han kan dette i elva

stein

Toftelva rett under Amundsteinen mot Toftsetra. Foto: Rasmus Stauri

ARILD MAGNE LARSHAUGEN: Når ein går Sørensenvegen i Nordre-Lia, ligg det ein stor stein utpå bergkanten ved øvre Haustsetergrinda med Toftelva 80-90 meter loddrett under. Denne steinen fekk namnet sitt frå ein liten gut som var med mor si på Hovlistugusetra på seterstulen Hovdlisetra på andre sida av elva. Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Setring