Category Archives: Jordbruk

Det er vondt å bli gammal

Heilt fram til 1930-åra kunne du bli auksjonert bort

Først etter 1900 vart det forbode ved lov å bortauksjonere fattige. Men systemet var seigliva, og fekk ein ny oppsving i mellomkrigstida. I 1930-åra kan vi finne annonsar i avisene om slike auksjonar. Sør-Fron kjøpte Grov til fattiggard i 1903.

RAGNAR ØVRELID: Anders Jensen, nå på Rudi, er gammal og ikkje i stand til å hjelpe seg sjølv. Ingen av folket hans vil ta han til seg, og han har ingen livsarvingar. Han har gitt seg under Anders Jonsen Rudi, som har lova han underhald livet ut, og ei ærleg gravferd. Anders Rudi skal ha det vesle som blir att etter han.  Les vi i 1736. Dei gamle greidde seg tydelegvis bra på dei vanlege gardane. Verre var det på husmannsplassane. Dei fleste husmennene fekk stå på så lenge det var helse og liv i dei, gjerne med litt hjelp frå gardsfolket. Det kunne også vere tungt for den som overtok ein husmannsplass å greie krava til føderådsfolket. Ein husmann i Kvam svarte i 1800 til foreldra: 4 tønner korn, 2 mæler rug, 2 ku- og 8 sauefôr, 1 pund salt, 1 pund flesk, 2 par sko, ei skjorte til faren, det eine året av strie, det andre året av lerret, hamp til mora. Varmt hus, oppvartning, sømmeleg gravferd. Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk

Nitimen frå Skåbu

heide1

Heide-butikken; Eit kjent landemerke i Skåbu som dessverrre høyrer til svunne tider. Bua, som var oppført rundt 1860 og påbygt i 1933, vart totalskadd i brann i september 1975 og bygt opp att. Butikken, som også vart vidkjent for rakefisken sin, vart nedlagt i 1978. Her var det også kafé og staden vart ein viktig møteplass for både fastbuande og turistar. Til høgre Timann Heide, på benken sit sonen Kristian og på sleden ser vi Ola Dalen. Det var far til Timann, Johan Kristian, som heldt fram med butikkdrift her på 1890-talet, etter at han kjøpte garden Bakkerud. Johan Kristian hadde allereie i 1870, saman med mora Rønnaug, starta opp med handelsverksemd på plassen Åbakken og seinare på Hågålykkja. Bilete frå Marie Heide.

Ole Chr. Risdal: Våren 1972 var Nitimen og Kjell Thue i Skåbu og sende direkte frå den legendariske Heide-butikken («Timannbua»). Her var det samla både innfødde og innflyttarar for å fortelje historier og gje eit bilete av fjellbygda ved foten av Jotunheimen. Tusen takk til Hans Sletten i Skåbu for lån av opptak! Han er barnebarnet til ein av aktørane, Emil Hølmyren. Kos deg med programmet her: 

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk, Kommunikasjon, Musikk, Verksemder

Moskusen på Sødorpfjellet

På Fjesboksida kjem dei gode historiene

moskus

Moksus i Fron gjorde ikkje skade. I Oppdal gjekk det verre. Denne oksen drap ein eldre mann i 1964. Foto: Byarkivet i Trondheim

Fjesboksida til historielaget er ei god lokalhistorisk kjelde, som henter fram kunnskap frå frøningane på dei fleste spørsmål.  Jan Hage skreiv: «Jeg mener å ha hørt at på -70 tallet engang hadde en moskusokse forvillet seg oppå Sødorpfjellet. Er det noen som vet om det er sant? Mener også jeg så et bilde for mange år siden.» Han fekk godt med svar: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske

Interessant markvandring

Markvandringa langs Golo i Ruste den 29. august vart både interessant og triveleg. Rundt 20 personar møtte opp og fekk vete mykje om verksemda i og rundt Golo. Det var Anders Haugen, Arne Lunde og Anton Syverhuset som var arrangørar og guidar på turen. Det er Anders som fortel på videoen. Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Verksemder

Jøde, bonde og etterretningsagent

Israel Krupp portrettert i bladet Vi Menn i 1984

vimennforside

Ikkje sjå på dama. Sjå på karen ned til høgre

TOVE CARLSEN I VI MENN nr 27 1984: Israel Krupps liv er eventyret om den lille jødegutten fra Christiania som ble nybrottsmann og storbonde på Hundorp. Om stigeren og gruveeieren som spilte på det norske fotballandslaget. Om motstandsmannen og kureren, dekortert for sin krigsinnsats av dronning Elisabeth II og livsvarig æresmedlem av Royal Airforce Escaping Society. Om hønseri- og fabrikkeieren. Om hesteoppretteren. Han har vært med på det meste. Store deler av hans liv er hemmeligstemplet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Krig, Menn

Bli med NRK til Nørstegard

1970 var NRK på Nørstegard og laga denne filmen. Her kan du sjå alt det han skreiv om i reportasjen i Gudbrandsdølen i 1970, Asbjørn Ringen. Den gong historielaget slo frampå om Nørstegard skulle bli bygdatun. Representantane vi ser frå historielaget, er Ola Rolstad og Ivar Brandvol.

Skjermbilde 2018-08-26 kl. 09.41.17

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kunst og handverk

Sveits i Fron

Sørensenvegen – ein godt bortgøymd attraksjon?

vegkart

Johan Sørensen bygde vegen sin i det mest krevjande terrenget han kunne finne.

CARL HENRIK GRØNDAHL: Johan Sørensen hadde vore i Alpane. Der må han ha fått den ville og gale idéen om å byggje veg langsmed stup og gjel. Vegen som i dag heiter Sørensenvegen, og litt for få veit om. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kommunikasjon, Menn