Category Archives: Informasjon

Skulstuguførkja og Dale-Gudbrand

Mykje lesverdig frå Fron i Årbok for Gudbrandsdalen 2020

CARL HENRIK GRØNDAHL: Mykje godt og interessant stoff frå Fron i Årbok for Gudbrandsdalen 2020, som nå er i butikkane. Redaktøren, Geir Beitrusten har gått vidare på Ivar Kleiven si forteljing om Skulstuguførkja, Ragnild Skulstugun frå Sødorp, drikkfeldig, bråsint og noko så sjeldan som ei kvinneleg slåstbikkje med frykteleg slagkraft. Han går bak bygdesladder og mytar og set ho inn i ein større samanhang:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Flott tur til Hillingen

Ole Chr. Risdal: Praktfullt haustvér, triveleg sosialt samvær og verdigheit danna ramma rundt den flotte turen til Hillingen i går. Trass dette var vi berre 12-13 markvandrarar som fekk oppleve dette. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig

Sterke historier på årsmøtet!

I underkant av 30 personar møtte opp på årsmøtet torsdag kveld. Etter gjennomgang av årsmeldinga og rekneskapen, der ein kunne konstatere at laget er aktivt og har god  økonomi, kom Arild Teigen og heldt eit sterkt og solid foredrag om falne dølar under den 2. verdskrigen. Vi kjem attende med meir info frå årsmøtet.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Tur til Hillingen sundag 13. september kl. 11.00

Tyske soldatar ved Hillingen etter kampane. Bildet er frå Bundesarchiv i Koblenz og tilhøyrer arkivet til Kristian Hosar. Foto: Ukjend

I år er det 80 år sidan landet vårt vart okkupert av ei brutal krigsmakt. Det er derfor naturleg å markere dette med ei vandring til eit krigsminnesmerke. Under føresetnad om opphaldsvêr arrangerer Fron historielag i samband med dette tur til Hillingen ovanfor Kvam sundag den 13. september. Her kom det til hektisk strid mellom norske soldatar og ei tysk kampgruppe den 26. april 1940. Mikal O. Mølmen frå Lesja, Torolv Weibye Bjørnsgaard frå Lillehammer og Harry Gether Rønning frå Oslo, gav liva sine her i kamp for fedrelandet. Vi møtast ved «Gammelbua» (kaféen) i Kvam kl. 11.00 og køyrer i følgje frå der. Vi oppfordrar folk til å samkøyre da det er begrensa med parkering der vi skal gå ifrå. Deretter køyrer vi oppover Veikledalen og svingar av mot Lauvåsfeltet, og køyrer så eit stykke innover. Frå parkeringsplassen tek det ca. ein time å gå til Hillingen. Der vil Halfdan Haanshus og Eivind Holen fortelje om kva som skjedde der i april 1940. Dei var aktive i Gudbrandsdal Forsvarsforening i mange år. Ta med mat, drikke og sitjeunderlag. Hugs gode sko! Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig

Spenning på årsmøtet?

Her har det skjedd mykje gjennom åra

Leiaren Anders Hage legg fram årsmeldinga for 2013 på årsmøtet på Sygard Grytting. Foto: Carl Henrik Grøndahl

9. september kl 19 invirerer historielaget til årsmøte på Sødorp Gjestgivergard. Korleis artar det seg, eit årsmøte? Her er det skjedd så mangt og mykje interessant. Det fyrste årsmøtet etter krigen vart halde på Vinstra 31. mars 1946, og der tala Einar Hovdhgen om korleis arbeidet i laget burde leggjast opp. Kva han sa, veit vi ikkje, men styret kan ikkje høyrt så mykje på han, for det neste årsmøtet vart ikkje før 3. juni 1951. Der vart Ivar Brandvol vald til leiar, og han ba om avløysing først i 1974, altså etter 23 år!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Får Snøfrid lov?

«Å vera dotter til presten» mest lest i juli

Skjermbilde 2020-08-07 kl. 17.53.30

«Å vera  dotter til presten kunne vera litt spesielt. Når det var snakk om å få lov til noko, var det ikkje reint sjeldan at venninnene mine fekk spørsmålet: Får Snøfrid lov? Dersom svaret var ja, så fekk dei også lov. Det må i ettertid vedgåast at svara mine ikkje støtt var heilt 100% i samsvar med det foreldra mine hadde sagt.» Det fortel Liv Snøfrid Skaare i si forteljing, som 544 las i juli. Ho døydde 18. juli 2020, og denne artikkelen frå Fronsbygdin låg på minnesida. Referatet frå markvandringa i Ruste nådde 303. I alt var det 8 341 klikk på denne heimesida i juli, 400 færre enn i juni.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Dei fleste ville bli kjent i Ruste

Mest lest i juni

Skjermbilde 2020-07-03 kl. 20.51.20I juni var flest lesarar opptekne av å bli kjent i Ruste. 517 klikka seg inn på invitasjonen, bortimot 40 møtte fram, og referatet fra turen kan du lese her.  Fire artiklar fekk fleire enn 400 lesarar. Ei lita historie om Kvam nådde 445, medan ho Petra som slo seg til i USA og stunda heim til Sødorp, møtte 429 klikk. Peder Nilsen fortel om si tid som gjetar kring 1820 for ei forsamling på 416 lesarar.  Kven er desse lesarane? Det er jo dykk som les dette, og i juni budde 280 av dykk i USA, 49 i Sverige, 41 i Irland, 38 i Danmark, 21 i Tyskland og 16 i Italia.

Skjermbilde 2020-07-03 kl. 20.52.37

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Interessant markvandring i Ruste

Lodver Bryhn (til venstre) og Anders Haugen har i fleire år arrangert Bli kjent i Ruste. Her står dei midt på «Kjørkjelésletta» og orienterer om sundstaden nedanfor Båtberget. Foto: Birgit Haugen.

Ole Chr. Risdal: Det blei ei triveleg og interessant vandring i Ruste førre torsdag. Bortimot 40 personar møtte opp i finvéret da Lodver Bryhn og Anders Haugen nok ein gong arrangerte Bli kjent i Ruste. Denne gongen tok dei for seg Skinne, Skinnehaugen, Tarud, Flata, Båtberget og Piparstugu. Les meir

2 kommentarar

Filed under Informasjon

Bli kjent i Ruste!

Garden Skinne i Ruste. Foto: Anders Haugen

Torsdag 25. juni kl. 18.00 er det endeleg klart for årets fyrste Bli kjent i Ruste. Tema: Skinne med utskilde bruk, Skinnehaugen, Flata og Båtberget. Vi tek med Tarud og Piparstugu med det same.

Oppmøte ved Haugamo. Frå der går vi ned gamle kyrkjevegen og over til Båtberget, vidare forbi Tarud til Skinnehaugen. Der vi tek ei kaffirast med oppsummering.

Ta med kaffi eller anna drikke og litt å bite i.

Turleiarar: Lodver Bryhn og Anders Haugen

Vel møtt!

4 kommentarar

Filed under Informasjon

De vanartede piker fikk flest besøk

Skjermbilde 2020-06-05 kl. 22.20.34Under krigen gjorde nazistane folkehøgskulen på Hundorp til ein anstalt for «uskikkelige og usedelige» jenter. Rasmus Stauri har dykka i den historia, og i mai var det 743 som las om dei ulykkelege. Petter Borolien i Flåtå-grenda i Nordre Lia hadde tre kuer på båsen, Dei drakk minst 120 liter om dagen, og han henta 100 liter på kvar kjelketur. 612 las om denne slitaren. Så var 601 som ville ha med seg slagsmåla om fiske i Gålåvatnet. 
I mai var det folk innom heimesida både frå New Zealand og frå Island. Vi når langt ut.

Skjermbilde 2020-06-05 kl. 22.20.48

Også frå Kina er det lesarar inne på denne sida. Undrast du på korleis sida ser ut på kinesisk? Slik:

Skjermbilde 2020-06-05 kl. 22.38.43

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon