Category Archives: Informasjon

Blir meldt til politiet

Hærverk på Bygdatunet

Leiar Tormod Bråten fann dette på Bygdatunet. Foto: Kristin Veskje GD

Nokon har gjort hærverk på Bygdatunet på Vinstra. Knust glasruter og rive ned steinmur. GD skriv om saka. Tormod Bråten, leiar i Fron historielag, seier dette:

«Det er kanskje ikkje alle som veit at Fron Bygdatun er eigd av Fron historielag. Historielaget er ein organisasjon basert på frivilligheit og dugnadsarbeid. Vi har som målsetting å ta vare på historia vår i Fronsbygdene gjennom bygningar, gjenstandar, kulturminne, filmar, bilde og forteljingar. Det er derfor vi mellom anna gjev ut Fronsbygdin kvart år, for å samle forteljingane, som så fort kan gå tapt.

Dei synlege historiske minna, slik som bygningane, er lettare å sjå, men og så lette å øydeleggje. I det seinare har det vore gjort hærverk på Bygdatunet, med knusing av glasruter og noko nedriving av steinmurar. Vi set stor pris på at Bygdatunet blir brukt, men da på ein måte som ikkje øydelegg det for framtidas frønigar. Bli heller med oss og ta vare på framtidas historie.»

Nokre øydelegg, andre er til stor hjelp. Føretaket Weikle på Vinstra tok torsdag kontakt med Bråten med melding om at Bygdatunet skulle få nytt vindusglas frå dei.

– Det sett vi veldig stor pris på, seier Bråten.

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Ope dag på Bygdatunet 10. juni kl 11

Kom og sjå steinen som var betaling for dokterbesøk

Eit stabbur frå Klukkargarden i Sør-Fron vart sett opp ved inngangen litt nord for dei andre husa.

Da Fron historielag tok til å sjå seg om etter ein høveleg plass til bygdatun, hadde Milsteinlykkja god byggegrunn, låg nær saga og kverna ved Sula. Dette var store fordelar. I 1975 kom arbeidet i gang. Målet var å byggje opp eit husmannsbruk i det øvste skiktet med dei husa og det utstyret som naturleg høyrde til. Her er fjos til 4-5 kyr, stall, stabbur, låve og smiu. Kom og sjå lørdag 10. juni kl. 11. Vi får besøk av smed frå Pål Liens smie, som vil syne fram smedarbeid. Husflidslaget demonstrerer brikkevev og nålebinding. Historielaget spanderer kaffe og «bite-ti». Saga og kverna blir ikkje køyrt denne denne dagen, så all aktivitet blir samla på Bygdatunet.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Bli med på eit triveleg bygdatun

Vel møtt til dugnad onsdag 10. mai

Godt lag på bygdatunet. Her frå ein open dag.

Onsdag 10 mai kl. 18.00 inviterer historielaget til dugnad på bygdatunet på Vinstra. Så blir det vent og grønt til brurepara kjem og skal fotograferast, til smårolligane kjem og får litt historie, og folk som køyrer forbi, ser at det er frodig og godt stell. Det kan bli ei triveleg stund med litt raking og bygdaprat og anna godt. Ta med rive og kopp, så kjem historielaget med kringle og kaffi. Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Kva skjer med kvernkallen?

Innhaldsrik årsmelding med både matklokker og seterbok

Eit godt og populært arrangement i året som gjekk: Markvandring på Lomsetra. Midt på biletet: Lokalhistorikar Anders Haugen (nå æresmedlem i laget). Til venstre for han ser vi Jan Karenstuen, som også bidrog med historikk.

Fron historielag er i medvind. Stor aktivitet, god økonomi og mykje på gang. Berre kvernkallen har slått seg vrang. Laget hadde 220 betalande medlem i 2022. Årsmøtet 2022 var 6. april på Hundorp Dale-Gudbrands gard. Det møtte 48 deltakarar. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vart det vedteken å: 1) arrangere slektsgranskningskurs 2) beskrive alle matklokkene i Fron. Desse aktivitetane er igangsett. Les meir om eit rikt lokalhistorisk år:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

To nye æresmedlem

Både flintbørse og vegvandring på godt årsmøte

Ei stor og uventa ære, sa Anders Haugen – nå æresmedlem i historielaget. Han fekk også med seg heider til Lodver Bryhn, som ikkje var til stades.

Eit godt besøkt og triveleg årsmøte med 44 til stades fekk siste nytt: Anders Haugen og Lodver Bryhn er nye æresmedlem i Fron historielag. Eivind Holen går ut av styret etter åtte år som sekretær, og inn kjem Pål Skoe Kjorstad. Øystein Hagen sluttar som leiar i styret for Bygdatunet, Ola Skoe kjem inn. Driftsresultatet for laget i 2022 er eit overskot på vel 73 000 kr., og laget har vel 760 000 kr på bok.

Det låg ei pakke til historielaget i banken. Kor lenge ho har vore der, veit visst ingen. Leiaren, Tormod Bråten, henta ho, pakka opp og synte fram innhaldet på årsmøtet: Ei flintbørse, truleg frå 1700-talet. Mange spekulasjonar om kor ho kjem frå..
Brua ved Harpefoss var truleg den første brua over Laugen, og ein gong var Harpefoss eit viktig knutepunkt – midt mellom Oslo, Bergen og Trondheim. Kunne den særs vegkundige Geir Paulsrud fortelje i ei spennande vegvandring som avslutta årsmøtet.

Dette er det nye styret i Fon historielag:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Bli med på ein rik tradisjon

Årsmøta i laget fortel om  tiltaksføre frøningar

I dag, onsdag 29. mars kl 19, er det årsmøte i Fron historielag på Dale-Gudbrands gard. Når vi møtast der, er vi i godt lag med mange generasjonar som har skapt mykje. Ved lagets 75-årsjubileum i 2003 skreiv Ola O. Røssum litt om historia til laget og fortel om mange interessante og tankevekkande hendingar. Her kjem nokre godbitar:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Det blir eit triveleg årsmøte!

Velkomé åt Dale-Gudbrands gard onsdag 29. mars kl 19! 

Seniorrådgjevar Geir Paulsrud i Norsk vegmuseum er museets fremste kompetanse på eldre vegar og vegbygging. Han deler litt av det han veit på årsmøtet i historielaget. Foto: Norsk vegmuseun

Bli medlem i Fron historielag og få deg ein triveleg kveld på årsmøtet onsdag 29. mars kl 19 på Dale-Gudbrands gard! Der kan du få høyre at det trongst vaksne karar med både vet og handlag til å gjera ferda gjennom Gudbrandsdalen i dei gamle tidene. Nå drar nye E6 seg, brei og rask, gjennom Fron. For nokre hundreår sidan var Kongevegen, almannavegen frå Oslo  til Nidaros, berre eit råk, ein skarve rideveg, som ikkje vart farande med hjulkopp før 1700. Men denne kleine, bakkete, tungvinte vegen vart ein kulturberar, ein umissande ljoskastar for desse avstengde fjellbygdene og gagna dalen meir enn nokon kan tenkje seg, skriv Ivar Kleiven. Bak det gode skjegget veit Geir Paulsrud, påtroppande redaktør i Fronsbygdin, mykje om vegar og fortel litt om historia på årsmøtet: «Kongevegen gjennom Fron».

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Hvor kommer du fra?

Bli med historielaget og slektsgranskerne på onsdag!

25 ivrige slektsgranskere møttes på biblioteket Vinstra forrige onsdag. De møtes igjen onsdag 1. februar fra kl 17 til 19 og skal komme i gang med egen granskning. Det er plass til deg også! Hvis du vil lete etter slektninger. Alle interesserte er velkomne. Ta med bærbar PC eller nettbrett.

Altså: Nord-Fron bibliotek, onsdag 1. februar, kl.17-19.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Kjenner du slekta di?

Jo mer du veit, desto bedre kjenner du deg sjøl

Kjenner du oldeforeldra dine? Her er oldeforeldra til leiaren i laget.

SLEKTSGRANSKINGSKVELDER I BIBLIOTEKET VINSTRA

Fron historielag inviterer sine medlemmer til slektsgranskingskveld på Nord-Fron bibliotek, onsdag 18.01.23. kl. 17.00-19.00

Vi tar sikte på å avholde slektsgranskingskvelder, annenhver onsdag framover. Arrangementet blir lagt opp som en innføring i slektsgransking, for hjelpe deg i gang med å finne dine aner.

Instruktører vil være: Anders Haugen og Anton Syverhuset.

Hvis du har egen bærbar PC med lader eller ett nettbrett, er det fint om du tar med dette, da tilgang til maskiner er begrenset på biblioteket. 

Er du ikke allerede medlem? Ingen problem. Meld deg inn i Fron Historielag for kun kr. 200,- i årskontingent. Kr 200 til konto 2095 32 92735 Fron historielag 2640 Vinstra. Oppgi epostadresse.

Velkommen!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Gardsbruk i Skåbu er framleis populære

Denne sida syner at det er frøningar over heile verda

Som i 2021 fekk Ole Christian Risdals stadige oppdatering av Skåbu i utvida norske Gardsbruk flest klikk på denne heimesida i 2022. Der han har gjort eit omfattande og viktig arbeid med å oppdatere, finne historikk, eigarforhold, opplysningar om samla areal og dyrehald. Det er faktisk ei lita bok som ligg her på heimesida. Artikkelen vart først publisert her 3. april 2020, blir stadig oppdatert og har besøk kvar dag. I 2020 var det 1626 som las artikkelen. I 2021 2187, i 2022 1966. Til saman 5779. Eit godt opplag for ei bok!

Denne sida mangler lesarar på Grønland, Svalbard og har dårleg oppslutning i Afrika. Men oversikta under tyder på at det er frøningar stort sett over alt, og at dei finn fram til denne heimesida.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon