Category Archives: Biografiar

Har den pjusken råd til å kjøpe hytte?

Historia om Erling Rolstad og Jacob Weidemann

JW

Den pjuskete hyttekjøparen i 1970. Foto: NRK

HANS ODENRUD: Midt i dei travle åra på 50-talet fekk maskinoperatøren Erling Rolstad også tid til annan aktivitet. I 1953 skulle det gamle Furuheim hotell og sanatorium rivast for å gje plass til det nye landsgymnaset. Erling kjøpte den gamle bygningen i drakestil og brukte ein del av materialane til å setje opp fem hytter på Vallen (Valseter). Da desse var ferdige og klare for sal, kom det innom ein kar på verkstaden på Harpefoss ein dag og sa han var interessert i å kjøpe. Erling hadde det travelt og syntest dessutan at kjøparen såg så pjuskete ut at han neppe hadde råd til  å kjøpe seg hytte. I staden for å bli med mannen til fjells ringte han til Trygve Wadahl og spurte om han kunne vere snill og vise fram hytta. Det gjorde Trygve. Mannen kjøpte hytta der og da og betalte kontant. Det viste seg seinare at den pjuskete mannen var kunstmålaren Jacob Weidemann.

Utdrag frå artikkelen «Bulldozarmannen»i Fronsbygdin 2012

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Språkgeniet frå Storsteinurda

Rolf Uhlen voks opp hos bestemora og vart konduktør i NSB

Her, i Storsteinurda ved riksvegen sør for Brekka voks språkgeniet Rolf Alfred Uhlen opp hos bestemora. Foto: Paul Henrik Hage.

Om vinteren på Laugen gjekk det hesterekkjer på isen. Dei skulle til Loholkvenna med korn. Når dei kom heim att, høyrdes det av og til ut som om ikkje alt brennevinet hadde gått åt møllaren, fortel Helge Stormorken i ein artikkel i Fronsbygdin 2007. Og så kjem det ei lita setning: «Det var noko brennevinsindustri langs vegen, og ein «kafeteria», der ein av Norges største språkgeni kom frå, Rolf Uhlen. Kanskje skriv eg meir om han seinare.» Men det gjorde han ikkje. Helge Stormorken døydde i 2019, 96 år gammal. Og dette språkgeniet som voks opp hos bestemora i Storsteinurda ved riksvegen sør for Brekka, Rolf Uhlen, kven var han? Det vi veit, er at han vart fødd i 1910 og døydde i 1970. Paul Henrik Hage skriv litt om han på FB-sida si og har funne eit intervju med han i Dagbladet 22. mars 1947, og det seier mykje. Språkgeniet Rolf Uhlen vart konduktør i NSB!

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Språk

Dei kom aldri til Sydpolen

Robert Scott testa motorsleder på Feforvatnet i 1910

sydpolslederscottslede Litt av eit bilde. Engelskmannen Sir Robert Scott fraus ihel på veg tilbake frå Sydpolen, som han nådde 17. januar 1912, 34 dagar etter Roald Amundsen. Scott ville prøve å kjøyre til Sydpolen på motorsleder. Vinteren 1910 testa han dei ut på Feforvatnet.

Nansen anbefalte at han skulle trene på Finse, da han ville finne store breer som var nær de samme som på innlandsisen. Men Scott hadde ikke lett for å ta råd fra andre. Scott testet sine motorsleder i langt enklere terreng, på Fefor i Gudbrandsdalen.

Sledene synte seg å vera heilt ubrukelege i Antarktis. Men kommunestyret i Nord-Fron hadde tydelegvis glede av dei. (Utklipp frå Albert Wadahl/Vegar Skar)

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Blodflekkar ved Ruste ungdomshus

Slåssing med kniv og avslegne flaskehalsar

Nr. 85 Det gamle Ruste bygdahus.

Ungdomshuset i Ruste vart ein viktig samlingsstad i bygdesamfunnet i mange år. Bilde frå Arne Lunde/Vegar Skar.

ODDMAR MYRUM: Ein morgon i 1935 var eg på veg til skulen og gjekk forbi Ruste ungdomshus. Eit skremmande syn møtte meg utanfor inngangen. Det var tett med blodflekkar over alt. Kvelden før hadde det vore dansefest, og somme hadde nok fått for mykje innabords. Dermed vart det krangel og slåssing med kniv og avslegne flaskehalsar som våpen. Lensmannen hadde vore tilkalla for å roe ned gemytta. Men det var sjeldan det gjekk så hardt føre seg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Musikk

Dei kunne mest ta borti dei tyske bombeflya

Glytt frå ein barndom i krig i Nedre Skar

aNr. 105 Nedre Skar ca. 1933

Nedre Skar ca. 1933. Bilde frå Vegar Skar

KNUT STENSRUD KJORSTAD:  Året er 1939. Ein familie er på veg oppover Solbråsmorka. Tankar krinsar rundt i hovuda deira. Dei har slite seg laus frå det kjende, men er etter kvart usikre og på veg oppover den bratte stigen til det som skal bli den nye heimen deira. Frå jordlause Furumo nede på Hundorp flytta dei opp i veglause Skar på Harpefoss. Dette skulle bli heimen deira i åtte åra framover inkludert krigsåra. Kva vil framtida gje? Endeleg er dei ved målet, Nedre Skar. Otto og Inger med ungane Ragnhild og Arvid pustar ut. Hausten og vinteren går fort på den nye plassen. Den som skal livberge seg i Nedre Skar, kan ikkje ligge på latsida. Mat til folk og fe må planleggjast og konserverast for at det skal vera noko til alle til kvar tid. Stigen opp her gjer det naudsynt å bera mykje opp frå Solbrå på ryggen. Vinteren er på hell. Arvid og far hans er nede ved Solbrå den 10. april 1940. Dei høyrer at tyskarane har angripi Norge dagen før. På Solbrå når nyheitene fort fram – gjennom radioen. I Skar har dei korkje strøm, radio eller telefon. Krig, kva er det?

Les meir

7 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

Hva gjør et høyfjellshotell når det er krig?

Forrige gang ble kjøtt og flesk grav ned i snøen

untitled
Gålåseter i 1933. Først etter krigen kom navnet Wadahl Høyfjellshotell.

Wadahl Høgfjellshotell er nå akuttmottak for rundt 200 flyktninger fra krigen i Ukraina. De venter på utplassering i kommuner. Roar Myhre Walmann har satt igang innsamling av julegaver til ukrainerne på Wadahl:

Tusen takk til alle dere som bidrar til å gjøre julen 2022 til årets høydepunkt for Ukrainerne som bor på Wadahl denne julen. Dette er så viktig – tenk dere selv å ha måttet reise fra landet sitt, familie og venner og julen nærmer seg. De kjenner på usikkerhet, frykt og redsel hver dag, men nå skal vi gi dem en flott og god julefeiring her oppe og alle skal få gaver, det blir juletre og god julemat

Tore Anders Solbraa Grytting har tatt initiativet til en spleis. 13. desember har 406 giver gitt over 118 000 kroner, som blir til julepakker fra Gålå Handel. 

For dem som har flyktet fra en angriper som begår krigsforbrytelser, betyr Wadahl-historien neppe så mye. Men den historien er rik og sammensatt, og hotellet har opplevd krig før. Å skaffe gjestene mat var et strev.  Hotelleieren måtte ut på det svarte markedet. Her er historien.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Verksemder

I 36 år vandra Anne Heimlaus rundt

Fattigkommisjonen i Fron henta ho heim til Kvikne i 1868

Først etter 1900 ble det forbudt ved lov å bortauksjonere fattige. I 1903 ble det bestemt at all fattighjelp i Sør-Fron skulle ytes i penger. Det kostet kommunen kr 13.000, en tredjedel av hele kommunebudsjettet. Snart opprettet kommunen fattighjem, det som seinere ble gamlehjem. Sør-Fron kjøpte Grov til fattiggard i 1903.

Kvifor er vi så heldige at vi ikkje vart sette inn i verda for 200 år sidan? I 1867 skriv fattigkommisjonen i Oppdal til Fron at Anne Pedersdatter Olstad Skjefteskogen frå Kvikne nå er komen «i aldeles hjelpeløs tilstand til Opdal og bønfalder mot den hårde vinter om hjelp og forsorg.» Ho var da 76 år. Ho hadde dratt nordover med «sin uægte søn» i 1831, 40 år gammal. Dei to var eit par år i Romsdalen, dei var i Trondheim, kom så til Melhus, Oppdal og deromkring. Anne var aldri lenger enn to år på kvar stad. Ho ville ikkje misse heimstadretten sin i Fron og vandra rundt på denne måten i 36 år under namnet Anne Heimlaus. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner

Noko jentemat var ikkje han Ellev Moen

Ivar Kleiven kunne teikne portrett! Her av ein stygg kar

R.Fot_.36793w

Ellev Moen var berre ein litenvorin kar, men nauende god og kraftig, ein vågal hardkavel. Noko bilde av hans finst sjølvsagt ikkje. Vi får ta til takke med denne bjørneveidaren frå Hoem bygdalag og sjå for oss ein grovsleg kar som vart rekna for stygg.

IVAR KLEIVEN: Ellev Moen var ein av dei beste jegarane som har vore ala i Skåbu, bjønnskyttar og fuglskyttar. Han var en grovslig kar og rekna for stygg. Attåt var han både kleis og leisp. Noko jentemat var ikkje han Ellev Moen. Far til ho som var kjerringa hans, tykte det tok overhand at ho Kjersti ville ha så stygg ein kropp. Ja, ho Kjersti kunne ikkje nekte for at han Ellev såg ut som ein bjønn. Bjønn? sa faren. Bjønn er vakker, han, imot han Ellev. Men ho Kjersti ville nå ha han Ellev likevel, og ho fekk viljen sin. «Nå har du vunne seier, Ellev!» sa ho Kjersti da dei kom ut av kyrkja og var vigde. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Jordbruk, Menn

Han introduserte Tesla

Eit møte med Per Ottesen (1945-2016)

skjermbilde-2016-04-19-kl-08-45-51

Per Ottesen 1945-2016

KJARTAN RUSET i Kyrkjeblad for Nord-Fron 2015 : Vi ser at Per har vore gjennom sjukdom. Han ruvar ikkje som før. Sjukdom og behandlingar har teke på. Det er litt rart å møte ein tunn Per Ottesen. Men mannen er elles den same. Vi kjenner att smilet, låtten, humøret. – Å, det er ikkje alltid på topp, vedgår han. – Det er dagar då eg ikkje orkar stort, ikkje ein gong å lese e-postane som kjem heile tida. Men så får eg ein god dag, og føler meg nesten som før. – Det var tøft å få diagnosen for vel eit år sidan. Men eg har fått god hjelp, har hatt mange flinke legar. Og så vert ein så veldig glad når behandlinga lukkast og det går betre for ei tid.

Per har vore alvorleg sjuk også før kreften meldte seg.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Folketru, Kommunikasjon, Kunst og handverk, Menn

Den vesle klokka i Sødorp-kyrkja

Historia om Ola Skeddarstugun som vart Klukkstøyparn

8290930460_3564e37cb5

Sørdorp-kyrkja. Kyrkjeklokkene er frå 1770-åra. Dei var for tunge for kyrkjebygget, og i 1991 var det reist ein støpul til dei på kyrkjebakken, fortel Norske kirkebygg

IVAR KLEIVEN: Det var Ola Skreddarstugun som støypte vetlklokka i Sødorpkyrkja. Han var smed, og fór mykje og smidde, og da Folldalskyrkja vart bygt, var Ola ved verket der og dreiv med smedarbeid. Det kom ein klokkestøypar frå Sverige og skulle støype klokkene til den nye kyrkja, og Ola ga seg med som handlangar. Denne svensken var så fæl på det sterke, og Ola hadde nok å gjera med å bera brennevin til han. Med støypinga gjekk det på skeivt, han laut støype opp att flere vendingar og gjorde seg mýkje forr med å reinske malmen, men det gjekk gale kvar gong, takom var det krona og så var det bar´a som ikkje var fullhavne.
Sist gjekk svensken skamfull frå heile støypinga. Da bad Skreddestugun om å få prøve – hja, dei drog på det, det var vel på vona om smeden kunne vera kyrkjeklokkestøypar. Men til sist vart det så han skulle få freiste.  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk